21. november 2014

Curb Your Enthusiasm, sesong 5 (2005)

Dette var ein rar sesong. Dei fyrste tre fjerdedelane var glimrande, men så gjekk det bratt nedover mot slutten. Dei to siste episodane var ikkje noko å skryta av i det heile. Rart, kanskje serien er over toppen, og alt herfrå er berre ein nedtur?

Ein grunn kan vera at det vert litt for likt. Me kjenner mønsteret, me veit at Larry David kjem til å koma inn i ein situasjon der han kjem til å fornærma nokon, der den til tider motbydelege veremåten hans kjem til å føra han inn i situasjonar han ikkje såg at han var på veg inn i. Me veit at kona hans kjem til å verta irritert, me veit at David bed om orsaking, me veit at manageren hans er den som har størst tolmod med han.

Ein annan grunn kan vera at den gjennomgåande historien vert litt uforløyst i denne sesongen. Eller - der er vel to. Den eine, den om at David hyrar ein privatdetektiv for å finna ut om han er adoptert, får dei ikkje gjort nok ut av. Den andre, den om at venen Richard Lewis treng ei nyre, fungerer betre.

Likevel - trass i desse innvendingane er det mykje å le av. Ei av scenene er kanskje den beste så langt, i alle fall ei eg lo ekstremt mykje av: David er med på ein pokerkveld, då verten får beskjed om at svogeren ligg på sjukehus. Vertskapet reiser med ein gong, men dei som sit att veit ikkje heilt kva dei skal gjera. Minuttet der dei går frå djup sorg til å overtyda kvarandre om at det rette er å spela vidare, og til dei kjem i kjempehumør er stort. Også andre scener eller replikkar er framifrå, så alt i alt får sesongen godkjent. Men eg er usikker på vegen vidare.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar