1. april 2013

Leif Enger: So Brave, Young, and Handsome (2008)

Ah, Amazon. Når eg loggar meg på, vert eg tilrådd ei rekkje bøker, mellom anna denne. Omtalen såg grei nok ut, så eg kjøpte boka, og ho var ei av tre eg tok med meg på påskeferie. Hadde eg vore heime hadde eg truleg lagt ho vekk; mangelen på anna lesestoff gjorde at eg las ho ut. Til tider var det meir plikt enn glede; det er ikkje rare boka.

Monte Becket bur i Northfield, Minnesota. Han har skrive ei bok som vart ein uventa storseljar, men får ikkje til å skriva meir, og då han møter den litt mystiske Glendon Hale, som er på veg til Mexico for å be om orsaking til ei kone han reiste frå for mange tiår sidan, får han lyst til å slå følgje. Kona gjev han lov, og dei legg ut på noko som bakpå boka vert kalla "a road trip to end all road trips".

Skal reisa deira enda alle andre reiser, må det vera av di ho er fortalt så ekstremt kjedeleg. Dei reiser sørover, får med seg ein ung gut, vert oppspora av ein gamal politimann som har ei høne å plukka med Hale, dei svingar vestover, dei skil lag, dei kjem saman att, ein av dei vert skoten, og så bortetter. Ei lang rekkje korte kapittel som fortel om ei rekkje hendingar, utan at det engasjerer noko større.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar