22. februar 2012

Stephen J. Walton: Roadmovie. Manuset (2012)

Dette var ikkje rare greiene. Det er den fyrste romanen til Walton. Eg har lese mykje av det han skrive tidlegare, og har fått mykje ut av det. Denne boka var det derimot vanskeleg å få noko ut av.

Bodvin Rovde har hatt eit variert liv, frå oppvekst i Vanylven, studiar, jobb ved det fiktive Universitetet i Haugesund, sendelektor i Stoughton, Wisconsin, og pianist i Las Vegas, før han kjøper seg eit småbruk i Hedmark, eit steinkast frå svenskegrensa. Der prøver han å livnæra seg som omsetjar, men køyrer seg fast i eit manus om ein biltur i USA. Fleire prøver å hjelpa han, ein av naboane stikk innom, forfattaren av manuset stikk innom, og forfattaren av boka, altså Walton, stikk òg innom. Det hjelper ikkje Bodvin stort, han gjev opp omsetjinga, og tek livet av seg. Det hjelper ikkje boka stort, heller, sjølv om denne delen av boka er langt betre enn resten.

Det er mykje som er gale i romanen, men det verste er at han er kjedeleg. Eg ser at mykje er meint å få lesaren til å le, men for meg vert det meir latterleg enn morosamt. Av og til vert det òg pinleg, som når ulike universitetsinstitutt får namn som vert forkorta PISS og CRAP. Dette, saman med den store viljen til å bruka ord som "kuk" og "fitte" og mange bannord, utan at det eigentleg trengst, gjer at språket i boka tidvis kan minna om ei russeavis. Mange vitsar fell på steingrunn, dei er ikkje morosame nok, og når dei i tillegg kjem i eit altfor ordrikt språk, vert det vanskeleg å halda entusiasmen oppe.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar