10. november 2010

To Kill A Mockingbird (1962)

I prologen til The Secret History, debutboka til den amerikanske forfattaren Donna Tartt, fortel eg-personen det som skjer i fyrste halvdel av boka. Prologen sluttar med avsnittet "I suppose at one time in my life I might have had any number of stories, but now there is no other. This is the only story I will ever be able to tell".

"Den einaste forteljinga eg får fortalt". Slik var det òg med Harper Lee, som gav ut To Kill A Mockingbird i 1960, og det er (så langt) den einaste boka hennar. For min del kunne ho gjerne skrive meir, det er ei flott bok. Og det er òg ein flott film. Eg las boka for rundt femten år sidan, så det er store sjansar for at minnet skrantar, men dette er ei filmatisering som legg seg fint inntil boka.

For nokre månader sidan las eg Philip Dray si grundige bok om lynsjing i Amerika. Ein av dei viktigaste hypotesane hans var at svært mange negrar vart lynsja av di dei hadde eit seksuelt forhold til kvite damer. Det er ein slik episode som ligg bak ei av dei to grunnhandlingane i filmen. Advokaten Atticus Finch (spelt av Gregory Peck) prøver å få frikjent Tom Robinson, ein neger som er dømt for å ha valdteke ei kvit dame. Han greier å stoppa ei lynsjing, og han greier å få fram poenga sine i rettsaka, men juryen meiner likevel at Robinson er skuldig. Robinson vert drepen av ein politibetjent same kvelden, etter at han prøvde å stikka av.

Den andre handlinga i filmen er den dominerande. Dei to ungane til Finch, Jem og Scout, utforskar nabolaget, og er spesielt fascinerte av det mystiske huset der Boo Radley held til. I fantasiverda deira er Radley eit monster, og sjølv om dei ein gong vågar seg heilt inn til Radley-huset, er dei livredde for denne personen dei aldri har sett.

Dei to handlinga møter kvarandre heilt til slutt. Bob Ewell, far til jenta som vart valdteken, fylgjer etter Jem og Scott ein myrk kveld, bankar opp Jem. Før han får gjort noko med Scout, dukkar Boo Radley opp, og tek livet av Ewell. Den lokale sheriffen, som heile tida har vore overtydd om at Robinson var uskuldig, veit kva som har skjedd, men konkluderer likevel med at Ewell tok sitt eige liv, ved eit uhell.

Det er ein fin film. Sekvensane der det berre er ungar med, og der dei leikar i sitt eige nabolag, er veldig gode, og får godt fram kva ungar med god fantasi kan fundera seg fram til. Filmen går i eit godt og roleg tempo, scenene i rettsalen går akkurat fort nok, og også når det er meir dramatiske scener, som når fem-seks bilar køyrer fram til fengselet der Robinson sit, og der det ligg ei lynsjing i lufta, skjer det heile i eit passeleg tempo.

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
Go Set a Watchman (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar