15. oktober 2009

Mojo (1993 - )

Eg trur det var Nye Takter som kom fyrst, til og med før Tidsskriftet Musikkavisa. Etter kvart vart det ei grei todeling - bror min kjøpte Nye Takter, medan eg kjøpte Puls. Me heldt begge ein knapp på Nye Takter, men det dukka jo opp interessante ting i Puls òg. Parallelt med dei norske blada kjøpte me òg engelske musikkblad.

I 80-åra dukka det opp det me vel kan kalla musikkmagasin, oftast med eit anna format, og alltid med fargetrykk. Q var lenge eit godt blad, glansperioden var fyrste halvdel av 90-åra, då dei hadde svært godt artiklar og intervju om all slags musikantar.

Q vart gradvis dårlegare, og kan i dag sjeldan by på interessant lesnad. Dei er vorte uventa opptekne av å skriva om dei mest populære banda, og det har aldri vore eit godt utgangspunkt for eit blad.

I 1993 dukka Mojo opp. Om det er ein slektning av Q, eller om det berre verkar sånn, er mindre viktig. Eg kjøpte eit nummer av og til, viss bladet hadde ei interessant framside - eg kan enno hugsa kvelden eg gjekk innom Narvesen på Torgalmenningen i Bergen og såg at Mojo hadde Nick Drake på framsida. Gradvis kjøpte eg det oftare, og rundt nummer 100, som kom i 2002, tok eg ut eit abonnement.

Det har eg aldri angra på. Tvert imot - å få Mojo i posten ein gong kvar månad førte berre til at eg vart meir og meir imponert, og etter nokre rundar på brukthandlar, både i Oslo og London, og etter nokre fleire rundar innom ebay, hadde eg Mojo komplett. Medrekna spesialutgåver er det godt og vel 200 nummer, og dei aller, aller fleste av desse har artiklar som godt kan lesast fleire gonger. Akkurat no ligg dei nedpakka, men det vert stas den dagen dei kan hentast fram att. Eg veit at eg kan gå til ein tilfeldig årgang, plukka ut eit tilfeldig nummer, og finna artiklar eg har gløymt at eg har lese.

Kvifor er Mojo så glimrande? Journalistane deira er kunnskapsrike, dei skriv godt, dei skriv gjerne lange artiklar, slik at dei som vert intervjua får koma til orde i rikt monn, bladet kan godt ha lange temaartiklar om ei einaste plate, dei har gode meldingar - bladet gjer at du får lyst til å høyra musikk. Bladet gjer deg lyst til å spela musikk høgt. Heile tida.

Guffen tilrår. Sterkt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar