26. november 2022

Better Call Saul, sesong 4 (2018)

Det har vore mumla om at denne serien tek seg opp etter kvart, og så langt ser det korrekt ut. Denne sesongen er den klart beste så langt, og eg trur grunnen er opplagt: Den førre slutta med at Chuck McGill, bror til hovudrolle-karakteren Jimmy McGill, tok livet sitt i ein husbrann, og då er den historielina vekke. Det kan sikkert argumenterast for at det noko problematiske forholdet mellom dei to brørne var viktig for utviklinga av Jimmy, men likevel: Dei scenene drog ofte (men slettes ikkje alltid) nivået ned.

Denne sesongen sonar Jimmy karantene som advokat. Han må likevel ha ei inntekt, og får seg jobb i ein mobil-butikk. I butikken er det ingen kundar, men han finn ei grei ordning likevel: Han oppsøkjer eit lugubert miljø og tilbyr telefonar der samtalane ikkje kan sporast, og får ein stor kundekrins. Sambuaren hans, Kim Wexler, vil ha ein meir spanande jobb, og glir gradvis vekk frå einmannsføretaket som berre jobbar for banken Mesa Verde. 

Det som likevel hevar serien er dei andre karakterane. Mike Ehrmantraut er glimrande, Gus Fring får ei større og større rolle, og dei ulike Salamanca-figurane er fengande. Dette lovar verkeleg bra før dei to siste sesongane.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar