27. september 2022

Cowboyen og kongen (2022)

Dette var ein rimeleg underhaldande serie. Hovudpersonen, jærbuen Arvid Mæland, har mange planar og lite tolmod. Han set i gang ei endelaus rekkje med prosjekt - nokre realistiske, andre svært sympatiske. Felles for dei fleste av desse prosjekta er ei haldning om at alt går an.

Dei udelt sympatiske sidene hans er at han lagar til sommarleir for ungdommar, og at han samlar inn pengar til ein barneheim i Afrika. Dei litt mindre sympatiske sidene er at han gjev ein god ein i alt av lover og reglar, slik at han gjerne kontaktar kommunen etter at noko er gjennomført, eller ikkje i det heile. 

To prosjekt er gjennomgåande: I den fyrste episoden får me høyra at han skal hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden hans. Det prosjektet skjer det ikkje så mykje med. I den same episoden får me òg høyra at han har invitert 250 gjester til bryllaupsfest neste sommar - det einaste han manglar er ei kvinne som kan gifta seg med han. Det prosjektet skjer det litt med, men heldigvis er ho som vert kjærasten hans sterk nok til å forklara han at det er for tidleg å gifta seg. 

Undervegs møter me mange fargerike påfunn og personar. Ein favoritt i den siste kategorien er ein kunstnar som sel mykje kunst (der handverket er langt betre enn alt det andre) - han vert presentert som "min faste forlovar" (eller noko slikt). Nokre arkivklipp viser òg at han har hatt halvgode påfunn gjennom heile livet, og det er noko å smila av i kvar einaste episode.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar