29. juli 2021

Espen Søbye: Hva vet historikerne? (2021)

 

Bok tre av fire (så langt). Det opna med Hva visste hjemmefronten? av Marte Michelet, som kom i 2018. I 2020 kom Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?, av Elise Berggren, Bjarte Bruland og Mads Tangestuen. Michelet skreiv at heimefronten kunne gjort langt meir for å hjelpa til med å få dei norske jødane til Sverige hausten 1942. Berggren, Bruland og Tangestuen plukka det heile frå kvarandre, og meinte at Michelet hadde plukka sitat og kjelder som passa inn i ein konklusjon ho hadde på førehand, i staden for å la kjeldene visa vegen.

Espen Søbye går ikkje heilt uhilda inn i denne debatten. Han har vore med på å gje Michelet to prisar for boka som starta det heile, og han skreiv òg føreordet til andreutgåva av Hva visste hjemmefronten?. Dette er han heilt open om, noko som er ryddig og greitt. 

Denne boka er litt rart bygd opp, og det verkar nesten som om det er skrive etter innfallsmetoden. Alt er relevant, men det er ikkje like lett å fylgja han heile tida. Mellom anna av den grunn burde boka sjølvsagt hatt eit namneregister til slutt. Men hovudinntrykket etter denne boka er at Michelet har ei rekkje gode poeng, og at Berggren, Bruland og Tangestuen ikkje har vore så ryddige som dei gjev inntrykk av. Søbye skriv fleire stader om spørsmål dei burde ha stilt, og han nemner kjelder dei burde brukt eller brukt betre (slik dei altså skreiv om Michelet). Mot slutten av boka skriv han "Finnes det noen annen forklaring på at Berggren, Bruland og Tangestuen roter seg inn i så mange selvmotsigende resonnementer enn at de er besatt av å markere mest mulig uenighet med Marte Michelets Hva visste hjemmefronten?" Og det er det inntrykket som sit att etter denne boka: Konklusjonane til Michelet står.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)
Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten? (2018)
Den største forbrytelsen (2020)
Berggren, Bruland og Tangestuen: Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020)
Marte Michelet: Tilsvar (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar