12. mai 2021

John Steinbeck: East of Eden (1952)

Mot slutten av denne boka samlar Trask-familien seg til Thanksgiving. Det er 1917, og dei har hatt sitt å stri med gjennom boka, men no ligg det an til at harmonien skal senka seg over familien igjen. Slik går det ikkje, det er vel rettare å seia at vondt går til verre her. Caleb, den eine sonen, har tent 15 000 dollar som han ynskjer at faren skal få, som eit plaster på såret etter at faren tapte mykje pengar på eit mislukka prosjekt. Faren takkar nei, og Caleb spring på dør. Tvillingbroren hans, Aron, går etter han, og Caleb finn ut at dette er kvelden då Aron skal få vita det alle andre veit: Mora er ikkje død; ho driv eit horehus på ein annan kant av byen. Det vert for mykje for Aron, som vervar seg til teneste i militæret. Nokre månader seinare får familien beskjed om at han er død.

Romanen handar i hovudsak om tre generasjonar i Trask-familien (og litt om Hamilton-familien, som er meir jordnære). Cyrus får to søner, Adam og Charles. Dei arvar mykje pengar, og Charles tek over garden i Connecticut. Adam flyttar til California, og kjøper seg ein gard Salinas-dalen. Han har gifta seg med Cathy/Kate, ei kvinne som har eit frynsete rykte. Ho vert gravid, får tvillingar, og rett etter at dei er fødde reiser ho frå familien. Dei to sønene, Caleb og Aron, er ulike, Caleb er impulsiv og eventyrlysten; Aron søkjer det trygge. Romanen vart filma i 1955, men den filmen handlar mest om den siste fjerdedelen av boka.

Det er ei omfangsrik og innhaldsrik bok, der det sentrale temaet er tilhøvet mellom fedre og søner. Midt i boka les Adam opp forteljinga om Kain og Abel, og det er opplagt at den inspirerte Steinbeck. På engelsk heiter dei Cain og Abel; dei to para med brør har altså fått namn som tek til med C og A. 

Dei siste åra har eg lese meg gjennom heile den skjønnlitterære forfattarskapen til Steinbeck. Det gjorde eg kronologisk, men eg hoppa over dei bøkene eg hadde lese frå før. Dermed vart dette den siste boka i rekkja, og det er ei bok det var verdt å venta på. Boka er glimrande. Han fortel godt, han skriv godt, dialogane er finfine og truverdige, og han leikar òg litt med romanforman. Romanen har ein eg-person, men han dukkar berre opp nokre få gonger. Og sjølv om handlina er lagt til Salinas-dalen, dalen der Steinbeck vaks opp, er det ikkje han som er eg-personen: Mot slutten av boka dukkar det opp ein liten gut som heiter John Steinbeck.

Guffen tilrår. 

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar