2. januar 2021

James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)

 

Endå ei bok om Citizen Kane. Eg såg Mank for ein månad sidan, eg såg Kane like før jol, og då passa det godt å henta fram denne. Det er den siste ulesne boka eg har om Citizen Kane, og det kan henda det vert den siste eg les. I alle fall på ei stund - filmen er framleis fabelaktig, eg ser han om lag ein gong i året, og det er like stas kvar gong.

Eller: Etter å ha lese slike bøker vert det nesten meir stas. Denne boka, som er ei samling på ni artiklar, var innsiktsfull og god, og spesielt to av artiklane peika seg ut. Peter Bogdanovich har gjort eit langt intervju med Welles. Han vil eigentleg ikkje snakka om Kane, seier han, men det er likevel så godt som det einaste han gjer. Robert Carringer har gått detaljert gjennom alle manus-versjonane fram til den endelege, og parkerer dermed debatten om kven som skreiv det. Kortversjonen er at Pauline Kael, i eit langt essay, meinte at Herman Mankiewicz hadde skrive manus åleine, sjølv om rulletekstane nemner både Welles og Mankiewicz. Carringer viser at Mankiewicz skreiv fyrsteutkastet, men at for kvar av dei seks neste versjonane kjem inn fleire og fleire detaljar frå Welles.

Her er artiklar om lydsporet, artiklar om filminga, filmen vert vurdert frå ein feministisk sjåstad, osb. Alt er sjølvsagt ikkje like bra, minst ein av forfattarane vert altfor, altfor oppteken av å visa at ho kan skriva akademisk, men boka var vel verdt å lesa. I alle fall for oss som har sett filmen femten-tjue gonger.

Guffen tilrår.  

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar