20. februar 2017

Jon Krakauer: Missoula (2015)

Det er ikkje den beste boka til Krakauer, dette, men det kan godt vera den viktigaste. Temaet er valdtekt, og korleis valdtekt er altfor vanleg over heile USA.

Utgangspunktet er at han får høyra at ein nær ven av familien hans vart valdteken då ho var yngre. Han les meir om emnet, og vert uroa og fascinert av hendingane i Missoula, ein by i Montana. Fleire spelarar på football-laget til det lokale universitetet var anmeldt for å ha valdteke kvinnelege studentar, og Krakauer bruker dette som eit døme på kor skremmande vanleg valdtekt er, og kor lite som vert gjort for å stoppa det, eller for å straffa dei skuldige. Det er greitt at det av og til vil vera ord mot ord, men det er òg greitt at det ofte verkar greitt kven som er den skuldige.

Han refererer to saker - ei som vart verande ei intern sak på universitetet, og ei som gjekk i retten. Han eine valdtektsmannen vert kjent skuldig, han andre går fri. Slik Krakauer legg det fram, er frikjenninga heilt absurd. Måten han legg det fram på er noko av det som gjer at boka manglar den framdrifta dei andre bøkene hans har - han siterer mykje frå rettsavhøyr og frå rettslege dokument. Han har truleg valt å gjera det slik for å vera sikker på at han formulerer seg på ein måte som ikkje fører han sjølv inn i noko rettssak.

I begge desse sakene, og i dei andre han fortel om frå Missoula, kjende offeret valdtektsmannen, i ei av sakene kjende dei kvarandre ekstremt godt. Alle hadde òg drukke litt for mykje. Dette er det vanlege, fortel Krakauer. Noko av det mest urovekkande i boka er kor lite som vert gjort for å hindra slike saker. Politiet la vekk dei aller fleste valdtektssakene dei fekk. Noko anna som er urovekkande er at Missoula fekk eit stempel som ein valdtektshovudstad i USA. Krakauer viser at talet på valdtekter i Missoula faktisk ligg under landsgjennomsnittet.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)

19. februar 2017

The Commitments (1991)

Ein heilt grei film, sånn seint ein laurdagskveld. Det heile minner litt om Blues Brothers, med ein vesentleg skilnad. I denne filmen er det ikkje snakk om å samla saman eit gamalt band, det er snakk om å skapa eit band.

Jimmy Rabbitte er ikkje musikar sjølv, men han tenkjer på musikk dagen lang. Han får med seg ei rekkje folk, meir eller mindre tilfeldig, for å skapa eit band som spelar Soul. Dublin-soul. Dei er unge og ferske, bortsett frå han femtiåringen på trompet, men dei har ein stor entusiasme, ein stor vokalist, og spelar fengande musikk, gjer dei det rimeleg bra. I alle fall heilt til det vert for mykje krangling, for mykje slåsting, for lite pengar, og for mykje surmuling om at han femtiåringen er den einaste som kjem nokon veg med dei tre kordamene. Ei etter ei.

Det er mykje å le av, ikkje minst språket, som er lystig og lett. Også musikken er bra, og det er ei god framdrift i filmen. Det vert kanskje litt mange scener som skal visa at det er ein enorm fattigdom i bydelen dei bur i, men likevel.

Guffen tilrår.

Vestavind (1994)

Dette er jo ein god idé. Serien opnar i fredsdagane i 1945, og fortel om tida fram til 1972. Det er ei tid der det norske samfunnet (og verdssamfunnet) endra seg stort.

Det handlar om to familiar, som vert bundne saman gjennom ei hending i opningsepisoden. Ein krigssiglar frå den velståande Frogner-familien Ahlsen gjer ei kvinne frå den trauste bondefamilien Nedrebø frå den oppdikta bygde Lovranger gravid. Gradvis vert fleire familiar og personar dregne inn i historia, sjølvsagt, men det er heile tida desse to familiane handlinga krinsar rundt. Det er òg eit godt grep, som gjer at ein lett kan få fram kor variert dette landet er. Ho som vert gravid flyttar til dømes til Oslo, og må tilpassa seg den framande kulturen der for å greia seg.

Så alt kunne vore bra, men det er det likevel ikkje. Det er nesten skremmande kor dårleg serien er. Svært mange av dei sentrale figurane er karikerte. Svært få av dei endrar seg gjennom serien. Me kjenner dei lett att - her på bygda er det til dømes lett å finna folk som minner om det endringsskeptiske ekteparet på Nedrebø. Skodespelet er teatralsk - det minner meir om fjernsynsteater enn ein fjernsynsserie. Svært mykje av serien, i alle fall det som er filma i Oslo, går føre seg innandørs - ein har altså ikkje brukt mykje tid på å laga kulissar utandørs. Me kom oss gjennom heile serien, men det var kanskje mest av di me omtrent midtveges skjøna at serien vart lettare å sjå om me såg det som ein komedie.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. februar 2017

John Steinbeck: In Dubious Battle (1936)

Denne boka viser rimeleg tydeleg kvar Steinbeck stod politisk. Handlinga er (som vanleg) lagt til California. To personar frå "partiet", ein røynd og ein fersk, reiser til ein fruktdal, der arbeidarane har gått ned i løn. Dei får med seg dei andre arbeidarane på å streika. Streiken går ikkje heilt etter planen, i alle fall ser det slik ut - boka har ein vidopen slutt.

Steinbeck sympatiserer med arbeidarane, som opplagt vert utnytta av fruktbøndene. Han har òg sans for dei to frå partiet utan namn, men her er han òg kritisk til korleis dei dyttar andre framfor seg. Dei snakkar ofte om at alle må ofra noko for at arbeidarar skal få betre kår, men dei held seg mest i bakgrunnen, der dei snakkar og argumenterer for at alle må kjempa. Og han, altså Steinbeck, har lite til overs for korleis bønder og politi og styresmakter rottar seg saman, og tøyer det som finst av grenser.

Det er ei bra bok, sjølv om det vert litt ujamnt. Det er veldig mange samtalar, og her let Steinbeck alle koma til orde. I desse samtalane får alle syn koma fram, og det er ikkje alltid at det er heltane våre som får det siste ordet.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
Of Mice and Men (1937)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
East of Eden (1955, film)
Travels With Charley (1962)
Of  Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

15. februar 2017

Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)

Midt i 1990-åra gav Olav Vesaas ut ein fin biografi om faren Tarjei. I eitt av lanseringsintervjua, truleg i Dag og Tid, sa han noko slikt som at faren var svært glad i teater, og at det hadde vore ei sorg for han at han aldri greidde å skriva eit verkeleg godt skodespel. Guds bustader - var den tredje utgjevinga til Vesaas, og det fyrste skodespelet, og skal ein bruka dette som døme, er det ikkje noko rart at Vesaas er langt meir kjend for novellene og romanane sine.

Augund kjem heim til mora og broren Ketil etter fire år langt vekke. Han vil verta musikar, men har ikkje heilt fått det til. Ketil giftar seg med Tuve. Kort tid etter tek Augund livet sitt. Tuve får ein son, og det viser seg at Augund er faren.

Det kunne ha vorte eit fint stykke av dette, men då måtte Vesaas disponert heilt annleis. Augund er på mange måtar den mest spanande karakteren i stykket, men han vert for lite synleg. Det verkar som om Augund er med for å visa korleis bygdefolk kan verta dregne mot kunsten, men det kunne det vore gjort langt meir ut av. I samtalane mellom nokre av dei andre er det altfor mykje lausprat, der det heile tidvis går på tomgang. Med meir om Augund og mindre tomprat kunne det altså vorte langt betre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
21 år (1953)
Fuglane (film, 1968)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

14. februar 2017

The Incredible Jewel Robbery (1959)

Dette var ein episode i fjernsynsserien General Electric Theater, som gjekk på den amerikanske kanalen CBS 1953-62, og som hadde Ronald Reagan som programleiar det meste av tida. Denne episoden er vidgjeten for oss marxistar; det er siste gongen dei tre viktigaste Marx-brørne vert filma saman - Chico døydde to år seinare. Eg har berre sett delar av filmen før, men kom på at eg kunne leita på YouTube. Der låg, ikkje overraskande, heile den halvtimes episoden.

Det er ei enkel historie. Chico og Harpo spelar to bandittar som har laga ein fin plan: Harpo skal rana ein gullsmed. Dei reknar med at eigaren tilkallar politiet, og Chico skal koma etter kort tid, i ein politibil, utkledd som politi, og ta med seg Harpo og alt han har stappa i lommene sine. Det går etter planen, bortsett frå at dei har bomma litt då dei prøvde å måla bilen som ein politibil. Gullsmeden kjem til politistasjonen for å identifisera dei, men dreg ikkje kjensel på nokon av dei fire-fem som er stilte opp - ikkje før Groucho kjem gåande inn.

Groucho er berre med i ti-femten sekund, og har òg den einaste replikken i filmen - eit eller anna med at dei ikkje seier noko meir før dei har snakka med advokatane sine. Deretter smiler dei tre til kvarandre, to av dei gjev foten sin til ein annan (eit gamalt Harpo-triks), anda frå You Bet Your Life kjem ned frå taket, og berre denne sekvensen gjer at filmen er verdt å sjå. Resten av filmen - det er få scener som gjer at ein ler, men det er ei god stemning i filmen, og det er ikkje vanskeleg å sjå at dette er komikarar som kan faget sitt.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)

Dette har eg nemnt før: Eg kjøper alt eg kjem over av Marx Brothers-bøker. Det har sjølvsagt ført til at eg har mange bøker om dei, og det har igjen ført til at det vert litt repetisjonar. I leitinga etter nye vinklingar er det lett å bomma. Denne boka har, gledeleg nok, funne ei god vinkling.

Det Coniam seier han skal gjera, er å forklara vitsar som kan vera prega av tida dei var laga i. Det er for så vidt prisverdig, men det er langt mellom døma som gjer akkurat den vitsen meir morosam. Det som gjer boka så bra er alt det andre han tek med. Han går gjennom karriera deira, film for film, og kvart kapittel har ei lang og uventa god innleiing, der han fortel om korleis filmen vart skapt. Nokre mytar vert tekne livet av, medan han går langt inn i samtidige kjelder for å finna meir og ny informasjon.

I tillegg kjem han med eigne vurderingar av filmar og scener. Her er han litt for oppteken av å vera kontrær. At han likar dei tidlegaste filmane best er greitt, det gjer jo alle, men han verkar oppteken av å gje dei siste (og dårlegare) filmane ei oppreising. Smak og behag og alt det der, og han argumenterer for synet sitt, men han greier likevel ikkje å overtyda meg,

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

12. februar 2017

Kjell Herheim og Nils Kvamsdal: Voss (2008)

Dei siste åra har det kome ut fleire fotobøker med bilete frå den nære vossahistoria. Dette er truleg den beste av dei. Bileta er henta frå arkivet til Herheim foto. Herheim og Kvamsdal gav seinare ut Skibygda Voss, der bileta òg er henta frå det same arkivet, men i den boka er det langt mindre variasjon enn her. Det har òg kome ut ei bok med fotografi tekne av Ole Skredegård. Sjølve bileta er like interessante der, men både formgjeving og tekstar er betre i denne boka.

Christian Herheim grunnla Herheim foto i 1956. Sonen Kjell tok seinare over verksemda, og det er dei to som har teke alle bileta i boka. Boka har ei grei inndeling, og fortel mykje. Svært mykje. Ein ting er det bileta fortel om - ei bygd og eit bygdesentrum i utvikling, daglegdagse hendingar, ulukker osb - ein annan ting er det boka fortel om fotografar og fotografering. Langt frå alle hadde kamera, og det å fotografera seg kunne det framleis vera noko høgtid over. Fiskarar som fekk ein svær laks kunne ta han med til fotografen. Så godt som heile russekullet møtte på gymnaset om morgonen 17. mai for å verta fotografert. Husmorlag tok turen til fotografen i samla tropp. Riksaviser brukte lokale fotografar meir enn no.

Sjølvsagt har både klede og frisyrar endra seg i desse åra. Likevel er det endringane på Vossavangen som gjer mest inntrykk. Det var eit langt meir stilreint sentrum, der det var ein heilskap i fasadar ein ikkje finn i dag, og der serveringsstadene hadde stil. Og, trass i at gatene var enormt breie, det var langt færre bilar. Biletet av Vangsgata ein snørik desemberkveld er nesten ikkje til å tru - det verkar som om gatene er langt smalare no.

Guffen tilrår.

9. februar 2017

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Monstermenneske (2012)

Hovudpersonen i denne romanen er ei ung kvinne. Ho heiter Kjersti Annesdatter Skomsvold, og har meir enn namnet til felles med forfattaren: Boka handlar om den lange og tidvis tunge vegen fram mot at Skomsvold får gjeve ut debutboka si, og litt om tida etterpå. Boka handlar altså om det å verta forfattar, men slik det stod i ei melding då boka kom ut (var det i Dag og tid?): Det handlar langt meir om å verta menneske.

Hovudperson er langt nede då boka tek til. Ho slit med sjølvbiletet sitt, og slit med ME. Ho kan skriva, men har ikkje krefter til å gjera det godt nok. Men gradvis vert det betre, i alle fall på dei fleste områda. Sjølvbiletet hennar ser ut til å vera dårleg gjennom det meste av boka.

Tidvis er det aldeles glimrande. Boka får ein knekk ein stad i midtpartiet, men tek seg fint opp att mot slutten. Her er eit godt språk, med mykje humor (og mykje sjølvironisk humor).

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
33 (2014)

5. februar 2017

Beasts of the Southern Wild (2012)

Me er ein stad i framtida, då klimaendringane er kome litt lengre enn i dag. I eit lite og lite velståande samfunn kalla The Bathtub bur ei fargerik samling menneske, men samfunnet deira er truga av det stigande vatnet og dei hyppige stormane. Dei har utsikt til eit svært fabrikkområde, som er verna mot vatnet av høge murar.

Hovudpersonen er ei lita jente (seks-sju år?), som bur saman med faren. Han gjer det han kan for at ho skal vera trygg, sjølv om han slit med helsa. Og, for så vidt, med alkoholen, men det gjer jo alle dei vaksne i The Bathtub.

Det er altså ikkje nokon lystig film, det er litt dommedagsstemning over det heile. Det som er verre er at det heller ikkje er nokon spesielt god film. Det engasjerer lite, poenget med at dei som styrer heller vil verna fabrikkar enn folk er svært billeg, og det er ein film som ikkje kjem til å verta hugsa for anna enn innsatsen til Quvenshané Wallis, som spelar den vesle jenta.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. februar 2017

Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)

Mike Love er den einaste som har vore (aktivt) med i Beach Boys heile tida. Brian Wilson er ofte òg oppført som medlem, men det er Love som turnerer under namnet Beach Boys. Dei to er slettes ikkje gode vener, og det er noko av det som gjer denne boka så fascinerande: Love skriv nesten meir om Wilson enn om seg sjølv.

Ein grunn til det ser ut til å vera rein misunning. Wilson var geniet i bandet, det var han som prøvde å dra musikken deira i stadig nye retningar. Love på si side var godt nøgd med det dei hadde, og meiner at han bør få skryt for at han har spreidd mykje glede på sin veg. Han er med rette bitter på Wilson av di han ikkje førte opp Love som tekstforfattar på mange av songane, og gjekk i 1990-åra til retten for å få dette på plass. Han gjorde dette for at folk skulle skjøna at han òg var med på å skapa hitane deira, han gjorde det ikkje for pengane si skuld, seier han. Og legg til, heilt utan ironi, at dei inngjekk forlik, og Wilson betalte Love fem millionar dollar.

For Brian Wilson stoppa det heile opp då den ambisiøse plata Smile vart lagt vekk i 1967. Wilson turnerte ikkje med bandet, han budde i staden i studio, og då dei andre kom tilbake frå ein turné likte dei svært dårleg det han hadde laga. Eit sentralt element i historia om Beach Boys er at det var Mike Love som sette foten ned. Han tek, ikkje uventa, eit oppgjer med dette, og meiner at det slettes ikkje var slik. Han likte musikken veldig godt, det var tekstane han mislikte. Jamført med dei svært enkle tekstane Love skreiv, er det ikkje rart at han reagerte på poesien til Van Dyke Parks. Og det høyrer vel òg med at Wilson sjølv stadfestar at det var Love som var problemet, i dokumentarfilmen om Smile seier Wilson "Mike hated it. He HATED it!"

Love framstår eigentleg som ein deig. Han er lite sympatisk, han har vassa i pengar heile livet (foreldra hans var svært velståande), og det ser absolutt ut som om det viktige for han er å tena pengar og å verta kjend. Han ser på Beach Boys som noko ur-amerikansk, og snakkar ofte om at bandet er familie for han, at han var nært knytt til familien han vaks opp i, og at folk kan seia kva dei til om han, men når dei seier noko om familien hans, må han reagera. Og det er jo eit artig poeng at ein så familiekjær mann no er gift for femte gong.

Den siste månaden har eg lese to versjonar av denne historien, skrive av Love og Wilson, som altså stod på kvar si side av gjerdet. Eg har ståande ein Beach Boys-biografi eg ikkje har lese, men det er fare for at eg må finna den fram for å sjå korleis ein (presumptivt) nøytral forfattar presenterer det heile.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)