27. september 2016

David Hepworth: 1971. Never a dull Moment (2016)

Det har vore mange viktige år i rockehistoria. Hepworth argumenterer overtydande for at 1971 er det viktigaste. Det er ikkje slik at den beste plata eller den beste songen i historia vart gjeven ut det året, meiner Hepworth, men det var eit år der ein braut med det som kom før, og der grunnlaget vart lagt for det som framleis kjem.

Han går kronologisk til verks, månad for månad gjennom året, og kikar sjølvsagt både framover og bakover. Kva kom for alvor av nye ting? Kvinnelege singer-songwriterar. Rockestjerner i skatteeksil. LP-ar tok over for singlar. Plateselskapa sikta seg inn mot eldre kundegrupper, mellom anna med fleire samleplater. Den fyrste støttekonserten for trengande i andre land. Den fyrste mega-platebutikken. Den fyrste (verkeleg) store festivalen i England. I tillegg var 1971 eit merkeår for mange artistar som prega musikken i dei seinare tiåra, som Neil Young eller David Bowie. Dei gamle gudane, som Elvis eller dei nyleg oppløyste The Beatles, var framleis aktive, men gav ut plater som var langt unna toppnivået deira.

Hepworth sjonglerer desse artistane og hundrevis av andre på ein svært elegant måte. Dei underhaldande anekdotane står i kø, og det vert fort tydeleg at boka er skriven av ein som a) kjenner historia godt, og b) skriv svært godt. For min del kunne han skrive liknande bøker om andre år òg - å skriva ei komplett rockehistorie på dette viset ville vore for omfattande, men kan kunne valt ut nokre andre år, og sikkert gjort det like underhaldande.

Guffen tilrår.

25. september 2016

Odd W. Surén: Taushetens fortrolige (1993)

For tida les eg meg gjennom dei tidlege bøkene til Surén. Det har vore litt opp og ned, slik det gjerne er tidleg i ein forfattarskap. Her var det mest ned, klart mest ned.

Boka inneheld sju noveller, seks av dei er heller korte. Det er lite her som minner om det som fengar i bøkene til Surén. Historiene vert fortalde på ein måte som er heilt ulik han, det er mykje symbolikk, og mest overraskande er det at med eit unntak er novellene så godt som heilt frie for humor. Det var den novella som fenga mest. Andre noveller, som den om han som går rundt heilt åleine om natta på ein stor cruisebåt, oppdagar ein brann og unngår å melda frå, eller den om han som vert henta ut frå jobben og frakta til eit hovudkvarter for å få ein beskjed han ikkje høyrer, og som han difor heller ikkje forstår noko av, hadde eg lite igjen for å lesa.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Close Encounters of the Third Kind (1977)

I 1988 var eg på langtur i USA. Eg la mellom anna vegen innom Devil's Tower, ein bergformasjon som reiser seg rett opp frå prærien i Wyoming. På informasjonsskilta der stod det at sluttscena i Close Encounters ... var lagt til Devil's Tower. Det var nytt for meg då, og seier truleg noko om kor stort inntrykk filmen gjorde på meg då eg såg han om lag ti år tidlegare.

Inntrykket vart ikkje spesielt sterkare no, då eg såg filmen igjen. Historia er relativt enkel. Det kjem hyppige meldingar om at folk har sett UFO-ar over den amerikanske midtvesten, og ein liten gut er blant dei menneska som vert kidnappa av UFO-ar. Ein luring finn ut at UFO-ane samlar seg kring Devil's Tower. Der greier jordbuarane å etablera musikalsk kontakt med romvesena, som slepper fri ei enorm folkemengd, mellom anna han guten, og nokre flygarar alle rekna med at forsvann i andre verdskrigen. Hovudpersonen vil finna ut kva som skjer inne i UFO-en, og går friviljug inn i fartøyet deira for å verta med på ei rundreise i verdsrommet.

Det er enkelt, det er utan humor, det er snilt og ufarleg, og det er heller kjedeleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

24. september 2016

Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)

Eg var på Midtbø i sommar, og vel heime att fekk eg lyst til å lesa denne om att. Olav Vesaas, son til Tarjei og Halldis, var omvisar på Midtbø, og det er òg han som har skrive denne biografien. Det gjev han sjølvsagt tilgang til det som måtte vera av kjelder, og gjer at han kan fortelja om scener og hendingar frå dagleglivet. Me kjem tett innpå den biograferte, men veit sjølvsagt ikkje om det som sonen kan ha halde tilbake. Eller, me veit litt - i biografien om mora, som kom eit romsleg tiår seinare, skriv han om ting i forholdet mellom foreldra som han ikkje ville skriva om medan ho var i live.

Med det eine atterhaldet: Dette er ei god bok. Boka er skriven i kjærleik til faren, men òg i djup respekt for det verket han skapte. Han sparar dei mest personlege minna til epilogen, der han skriv om tilhøvet mellom far og son. I resten av boka er det (stort sett) andre som kjem med sine vurderingar av skriftene til faren - han siterer frå bokmeldingar, frå konsulentfråsegner, og frå personleg korrespondanse.

Boka er lagt opp strengt kronologisk. Me møter ein forsiktig og sjenert gut og ung mann, som trivst best åleine, gjerne ute i naturen. Skrivinga vert ein utveg og ein livsveg, og gradvis vert han den store i norsk litteratur i tiåra etter andre verdskrigen. Sekstiåra, det siste tiåret han levde, vart ei einaste lang triumfferd, der han gav ut nokre av dei finaste bøkene sine, og der han vart heidra med prisar og utmerkingar, mellom anna to festskrift.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Dave Dictor: MDC: Memoirs from a Damaged Civilization (2016)

MDC var eitt av desse punkebanda som ofte dukka opp på nokre samleplater, som det stod mykje om i fanziner (kanskje mest i Maximum Rock'n'roll), men som eg aldri kjøpte plater av. Dei står på framleis, etter om lag 45 år, med vokalist Dave Dictor som den einaste permanente medlemmen.

Denne boka vart hausa opp då ho kom tidlegare i år. Bøker om pionerar er ofte verdt å lesa, anten det handlar om musikksjangrar eller noko heilt anna, så eg slo til. Det var ikkje nokon genistrek, boka er ikkje spesielt bra. Det kan henda at ho er skriven mest for dei som verkeleg kjenner bandet, men det vert svært overflatisk. Dictor skriv om konsertar, om turnear og plater, han skriv om andre folk og band han møter, men han går aldri i djupna. Han kan skriva at det kjem nye folk inn i bandet, men skriv ikkje kva instrument dei spelar. Dei halvgode anekdotane står i kø.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)

I 2008 døydde elleve klatrarar på veg ned frå K2, det nest høgaste fjellet i verda. Grunnane var fleire. Han som skulle organisera tilrettelegginga av toppturen frå den siste leiren vart sjuk og måtte snu, slik at hjelparane som skulle setja ut tau ikkje hadde nokon tolk som kunne sikra at alle visste kva som skulle skje. Dei tok med seg for lite tau, og tok i tillegg til med å festa tau tidlegare enn det farlegaste partiet. Det gjorde at alle vart forseinka, slik at turen ned vart gjennomført om natta. I det farlegaste partiet gjekk det eit ras som gjorde at det faste tauet slitna, slik at den einaste trygge vegen ned att til leiren ikkje var så trygg lengre.

Nokre av dei som var der oppe greidde seg utan varige fysiske mein, andre vart skada, nokre greidde seg ikkje i det heile. Det er ei fantastisk historie, som viser korleis ein ikkje tenkjer klart i så stor høgde, og der nokre likevel greier å ta omsyn til andre, og ikkje berre tenkja på seg sjølv.

Hovudpersonane i boka er sherpaene. Det er, så vidt eg kan minnast, det einaste som skil boka frå den langt betre No Way Down, som handlar om den same hendinga. Det er ei prisverdig vinkling, men pregar mest opninga og slutten av boka. Kapitla om turen til topps må nødvendigvis vera relativt like. For meg vart det altså mykje repetisjon.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

18. september 2016

Dag Helleve: Vegen til Molde (1986)

Eg-personen får haik frå Røldal til heimstaden i Hardanger. Han vert overtalt av sjåføren til å verta med på Miles Davis-konsert på Moldejazz; sjåføren har ein billett til overs. Dei køyrer nordover Vestlandet, tek på nokre haikarar, vert litt forseinka, snakkar mykje om jazz, snakkar mykje om Davis, og innimellom kjem det nokre korte noveller eg-personen les i ei bok.

Det er ei bok der det ikkje skjer så mykje, og der teksten heller ikkje engasjerer så mykje. Det verkar heile tida som om forfattaren ikkje når heilt fram, personane er ikkje heilt spanande nok, dialogane er ikkje heilt gode nok, historia i seg sjølv er ikkje heilt god nok. Det vert ei av bøkene som er fort lesne og fort gløymde.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Helleve på kulturguffebloggen
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)

Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)

For nokre månader sidan såg eg filmen Dear Mr. Watterson. Eg var klar over at denne boka ikkje hadde noko med filmen å gjera, men halvvegs i lesinga måtte eg likevel sjekka. Det var så mykje som var likt.

I filmen er det Joel Allen Schroeder som leitar etter Watterson, i boka er det Nevin Martell. Martell går grundigare til verks enn Schroeder, men også han endar opp med å reisa til den vesle byen i Ohio der Watterson prøver å leva i fred. Martell skal ha for å ha spora opp det som finst av intervju, og for å kjenna til dei foredraga eller innlegga Watterson heldt før han trekte seg tilbake. Bortsett frå det, er det lite han skal ha for.

Han bruker mykje tid på det me kjenner frå før. Ja, me veit at Watterson ikkje vil at det skal produserast Calvin and Hobbes-merchandise. Ja, me veit at han ikkje har laga nye seriar etter at han pensjonerte Calvin and Hobbes i 1995. Ja, me veit at han ikkje snakkar med journalistar. Så kvifor er det så viktig for Martell å snakka med Watterson direkte? Han har jo boka si likevel, han har intervjua andre, og han har lese det som finst.

Martell svarar indirekte på det ein stad i boka. Sjølvsagt er det fleire spørsmål han ville ha stilt Watterson, men ein stad skriv han at han kunne tenkja seg å vita kva "The Noodle Incident", som det vert referert til fleire gonger i serien, var for noko. Ein ting er at det ville Watterson, sjølv om han skulle ha late seg intervjua, aldri ha svara på; ein annan ting er at det som gjer "The Noodle Incident" til ein artig referanse i serien er at ingen veit heilt kva det er for noko.

Guffen er lunken.
Relatert på kulturguffebloggen
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Dear Mr. Watterson (2013)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)

16. september 2016

Olaus Arvesen: Oplevelser og erindringer fra 1830-aarene og utover (1912)

Saman med Herman Anker grunnla Olaus Arvesen den fyrste norske folkehøgskulen, Sagatun på Hamar, i 1864. Det gjorde han til ein omtykt og respektert person i fleire av rørslene som vaks seg sterkare utover mot århundreskiftet. Han var styrar for Sagatun og andre folkehøgskular i 27 år. Han var redaktør for Hamar Stiftstidende i 6 år, for Kirkeligt Folkeblad i 7 år, og for Oplandenes Avis i 34 år. Han sat på Stortinget i éin periode, og var varamann i to. Han var mykje brukt som folketalar, og hadde eit enormt nettverk.

Det meste av dette har eg frå Norsk Biografisk Leksikon. Boka er livsminna hans, men han bruker ikkje mykje plass på seg sjølv, eller på datoar og slikt. Han skriv mykje meir om folk han har møtt, om talar han har høyrt og litt om bøker han har lese. Den store helten hans er Bjørnstjerne Bjørnson, som òg sette Arvesen høgt, og etter å ha lese boka lærte eg like mykje om Bjørnson som om Arvesen.

Det er ikkje det same som at boka er verdilaus. Arvesen hadde altså eit stort nettverk, også innover i målrørsla, og han skriv til dømes gode kapittel om Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje. Han kjende begge, og vert dermed ein av dei som kan fortelja noko eige om dei to. Alle kapitla er likevel ikkje like engasjerande som dei to - delar av boka er seig.

Guffen er lunken.

14. september 2016

Pål Espolin Johnsen: Amerikabrev (1985)

Dette var ei rar bok. Tekstane i seg sjølve er heilt greie, Espolin Johnson arbeidde eitt år ved Luther College, og sende heim reisebrev til lokalavisa på Lillehammer. Reisebreva er samla i denne boka, og Espolin Johnson fortel greitt om korleis det er å vera nordmann i USA. Han er innom mange daglegdagse emne - fjernsyn, mat, bilar, gjestfridom, jolefeiring, osb.

Det som gjer boka rar er at dette i dag verkar så opplagt. Kanskje det er av di eg sjølv har vore ofte og mykje i USA, kanskje det er av di svært mange av dei eg kjenner har vore der, kanskje det er av di Internett og alt det der har gjort verda mindre, men eg kan ikkje tenkja meg at ei slik bok hadde vorte gitt ut i dag. Og det er altså ikkje av di boka er dårleg, det er av di dette i dag er stoff som er kjend for svært mange. For berre tretti år sidan var altså USA eit langt meir framand land enn det er i dag.

Guffen tilrår.

11. september 2016

Garrison Keillor: In Search of Lake Wobegon (2001)

Lake Wobegon er ein fiktiv småby i Minnesota, oppdikta av Garrison Keillor. Dei av oss som har reist mykje i den amerikanske midt-Vesten kjenner oss likevel igjen. Det gjer òg fotografen Richard Olsenius, som har teke bileta i denne boka. Det er småbyar der tida har stått litt stille, det er folk som har drive jordbruk heile livet (og gjerne på garden der dei vaks opp), det er bilete frå samfunn der alle møter opp når det er fiskefestial, osb.

Folka ser ikkje ut til å ha det beste kosthaldet, dei ser ut til å vera glade i jakt og fiske, men det gjer ingen ting. Det er varme, fine bilete.

Keillor har skrive eit føreord, har (truleg) skrive bilettekstane, og til slutt kjem det ei novelle om Lake Wobegon. Føreordet er best; dei andre tekstane hans vert litt anonyme jamførte med fotografia.

Guffen tilrår.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)

Bill Bryson: The Road to Little Dribbling (2015)

Bill Bryson har eit møte med ein frå forlaget sitt. Forlagsmannen seier at det er tjue år sidan bestseljaren Notes from a Small Island kom ut - kanskje Bryson skulle skriva ein oppfølgjar? For ein forlagsmann er dette eit heilt greitt spørsmål - Notes ... skal vera ei av reisebøkene som har selt best på verdsbasis. Bryson let seg overtala, og legg ut på ei ny reise gjennom Storbritannia. Han held seg klart mest i England, men tek òg nokre svippturar til Wales og Skottland.

På desse tjue åra har mykje endra seg. England er annleis, og det er òg Bryson. Det er lenge sidan han skreiv ei reisebok, han har i staden skrive om emne frå historia og frå vitskapsmiljø. Det pregar denne boka, her er langt fleire faktadelar enn i forgjengaren, altså delar der Bryson fortel detaljert om personar eller hendingar som er knytte til stader han vitjar. Det er òg heilt greitt.

Det som er mindre greitt er at mykje av humoren er vekke. Bryson verkar meir oppteken av å klaga. Han klagar over at gamle hus og monument ikkje vert tekne godt nok vare på. Han klagar over at folk er dumme. Han klagar over at dei ser for mykje på fjernsyn. Han klagar over at søppelet. Han klagar over dårlege kommunikasjonar. Han klagar over dårleg service. Han klagar over at hotell og restaurantar er dårlege. Han klagar over at alt er så dyrt. Kanskje det er meint å vera eit humoristisk innslag, for meg vart det berre trist.

Heilt fritt for humor er det ikkje (kommentaren om at det til ei kvar tid er 600 000 personar på undergrunnen i London, og at det gjer undergrunnen til ein større og meir interessant stad enn Oslo er til dømes fin), og det er ikkje slik at det han må blanda inn humor for å gjera boka interessant, men likevel: Eg trur Bryson burde halda seg til sine eigne bok-idear, og ikkje høyra for mykje på forlaget sitt.

Guffen er lunken.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
Notes from a Small Island (1995)
A Walk in the Woods (1998)
Notes from a Big Country (1998)
Down Under (2000)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Body (2019)

Begynnelser (Trøndelag teater, 7.9.2016)

Eg var på ein konferanse i Bodø, og på veg heim la eg inn ei overnatting i Trondheim for å få med meg dette. Stykket er skrive av Carl Frode Tiller, ein forfattar eg set høgt, og i orkestergrava sat Motorpsycho, eit band eg set ekstremt høgt. Alt låg såleis til rette for ein finfin kveld, og det var akkurat det det vart.

Stykket fyrst: Det heile opnar med at hovudpersonen, Terje, tek livet sitt. Så går me bakover i livet hans, og vert gradvis kjend med kona (som vert eks-kona), med mora, og med systera. Familien er ikkje ulik andre familiar Tiller har skrive om, det er ikkje så stabilt, det er mykje drikking, og tonen mellom familiemedlemmane vekslar mellom å vera god og mindre god. Terje har òg eit sjølvbilete som ikkje samsvarar heilt med røynda.

Det heile vert fortalt på fleire måtar. Det fysiske skodespelet vert kombinert med film, der filmen av og til fortel historia åleine (som i sjølvmordet til Terje), eller filmen vert kombinert med skodespelet - anten filmen viser kulissane, eller skodespelarane snakkar med folk på filmen. Det fungerer svært godt, også visuelt er det ei vellukka framsyning.

Motorpsycho, som no for tida berre har to medlemmar, har sagt at ingen framsyningar skal vera heilt like, musikalsk sett. Det stemmer nok, men det er nok mykje likt likevel. Det var stort spenn i musikken deira, av og til var det tungt og hardt, andre gonger var det mjukare. Dei veksla mellom ulike instrument, og dei veksla mellom å stå i orkestergrava og på scena.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)


Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Tomas Espedal: Året (2016)

Aksel Sandemose skreiv ei bokmelding av Huset i mørkret av Tarjei Vesaas, og slutta med å skriva at "det gikk opp for hvilken fin ting som var skjedd: En har igjen sittet og les Tarjei Vesaas hjemme i Norge". Då eg var ferdig med denne boka fekk eg omtrent same reaksjonen. For ein flott forfattar Tomas Espedal er.

Han skriv om tema han har teke opp før, men han gjer det likevel så elegant og stilreint at det verkar nytt og levande. Teksten framstår nesten som eit dikt, med korte tekstliner. Det handlar igjen om å mista nokon ein har vore glad i. Espedal skriv om diktaren Petrarca som skreiv om si Laura lenge etter at ho døydde, han skriv om far sin som framleis saknar kona som døydde for mange år sidan, og han skriv om seg sjølv, som opplevde at kjærasten, Janne, gjekk frå han.

Sjølv om det er skjønnlitteratur, verkar det heile sjølvbiografisk og utleverande. Det er òg spanande, tidleg i boka fortel eg-personen at han aldri vil reisa til Oslo, fordi Janne har slått seg ned der saman med den nye kjærasten sin (som like godt er/var ein nær ven av eg-personen). Mot slutten av boka har han ombestemt seg, no vil han til Oslo for å banka opp den nye kjærasten. Det skjer ikkje, han innser at det er viktig for han at Janne har det godt.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Elsken (2018)
Lyst (2022)

9. september 2016

Bill Bryson: Notes from a Small Island (1995)

Bill Bryson kom nyleg med ein oppfølgjar til denne boka. Eg fann ut at eg, før eg las den nye boka hans, like godt kunne friska oppatt denne. Det var verdt bryet - her er svært mykje å le av.

Utgangspunktet til Bryson er greitt. Han kom fyrste gong til Storbritannia i 1973, som relativt ung student, og fann seg snøgt til rette. Nokre kjenningar hjelpte han med å få jobb på eit sjukehus, der han møtte ei dame han seinare gifta seg med. Etter mange år busett i England skulle dei flytta attende til heimlandet hans, USA, og han ville gjerne ta ei reise gjennom Storbritannia (minus Nord-Irland) før han flytta. Han reiser på kryss og tvers - han vitjar nokre stader han har vore før, og nokre stader han ikkje har vore før.

Han har altså vore lenge nok i landet til å kjenna kodane der, men samstundes er han ein som ikkje høyrer til der, og som kan merka seg det som for tilreisande verkar rart og til dels uforståeleg. Og det er der Bryson verkeleg er god, han skriv godt om dei raraste tinga. Han sporar opp hus eller anna som kan knytast til fargerike personar frå historia.

Favoritten i så måte kan vera W.J.C. Scott-Bentnick (1800-79), som var svært velståande, ekstremt asosial, og så til dei grader eksentrisk. Han budde i eit enormt herskapshus, men brukte berre ein liten krok av det. Tenarane hans fekk beskjed om å aldri koma inn i rommet - viss dei tilfeldigvis møtte han i gangen stoppa han heilt opp, og dei hadde klar instruks om å berre gå vidare som om han var ein del av møblementet. Av aldeles ukjende grunnar ville han byggja eit like stort herskapshus under jorda, og hadde ei tid 15 000 menn i arbeid med det undergrunnshuset. Då det var fullført var der mellom anna eit 80 meter langt bibliotek, og ein ballsal med plass til 2000 gjestar. Sjølv om han altså aldri hadde besøk.

Mot slutten av boka kjem òg nokre blinkskot om eldre folk: "It's amazing, isn't it, how you can give an old couple a canvas holdall, an assortment of Tupperware containers and a Thermos flask and they can amuse themselves for hours". Og "It's an odd thing about mothers, generally, I believe. As soon as you leave home they merrily throw away everything that you cherished through childhood and adolescence, but give them half a peach or a spoonful of leftover peas and they will put it in a Tupperware container at the back of a fridge and treasure it more or less for ever".

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
A Walk in the Woods (1998)
Notes from a Big Country (1998)
Down Under (2000)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)
The Body (2019)