26. september 2015

3:10 to Yuma (2007)

Denne forteljinga vart fyrste gong filma i 1957. Den filmen likte eg sånn passeleg; denne nye versjonen er meir vellukka.

Historia er (sjølvsagt) nokolunde lik. Farmaren Dan Evans har økonomiske problem. Saman med dei to sønene sine vert han vitne til eit ran av ein diligence, utført av Ben Wade og banden hans. Wade vert fanga i nabobyen, og då Pinkertondetektiven som fanga han spør etter folk som vil følgja Wade til nabobyen Contention, der han skal sendast med eit tog dagen etter, melder Evans seg.

Det er ikkje berre pengane som lokkar; det er òg viktig for Evans at sønene hans skal sjå på han som ein helt. For Wade vert dette òg viktig - sjølv om han er ekstremt brutal, er der ein liten bit av ære att i han. Så når toget kjem, gjer Wade det han kan for at dei begge skal nå toget. Det gjer dei, og så sluttar filmen med at alle bortsett frå Wade vert skotne.

Forholdet mellom Wade og Evans er det som gjer filmen god. Samspelet mellom dei to er godt, og det er tydeleg at Wade skjønar kva Evans slit med. Det vert ikkje sagt noko om det, men det kan henda at han kjenner seg att i situasjonen, altså at han òg skulle ynskja at sønene hans (viss han har nokon) skal sjå på han som ein helt.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
3:10 to Yuma (1957)

24. september 2015

Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)

Dette er ei rar bok. Ho kom ut det året Vesaas fylte femti, og mange forfattarar har jo skrive dei beste bøkene sine når dei kjem så langt. Vesaas er eit strålande unntak - han hadde enno ikkje skrive Fuglane, eller Is-slottet, eller Vindane, eller Båten om kvelden. Han hadde òg skrive nokre gode bøker, sjølvsagt, men dei verkelege høgdepunkta var enno ikkje skrivne.

Skrede går grundig til verks, kanskje litt for grundig. Etter eit innleiande biografisk kapittel skriv han om bøkene til Vesaas. Han skriv mykje godt, men det vert altfor mykje referering av handlinga i bøkene. Altfor mykje - eg har ei kjensle av at desse referata dekkjer halve boka. Samstundes skriv Skrede godt om utviklinga i forfattarskapen, om korleis han går frå romantikk til realisme og vidare til symbolisme. Han er klar på kva bøker han likar best, og det er ikkje alltid lett å vera samd med han. Han meiner til dømes at Sendemann Huskuld er ei av dei beste bøkene hans (altså fram til 1947); sjølv hugsar eg den boka som heller skral.

Og her finst setningar som merkar seg ut. Om ungdomsåra til Vesaas står det at "før hadde han aldri hatt klårt for seg kva han vill. Ei tid såg han det som eit ynskemål å bli ferjemann og frakte framanfolk over eit sund!", med utropsteikn etter. Skrede skulle berre visst kva som kom i Fuglane. Om ein av favorittdiktarane til Vesaas: "Når Vesaas tek til å mumle på dikt av Olaf Bull, kan ein aldri veta når han blir ferdig." Om den manglande humoren i bøkene til Vesaas: "Ein kan snautt forstå dette på annan måte enn at Vesaas ikkje trur han har nokor sterk side i det humoristiske." Frå ei bokmelding om Dei svarte hestane: "Ein blomst, ei stjerne, eit par barneaugo, eit par kvinnehender - det er ikkje lenger under så store at han ikkje blir ferdig med dei."

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

20. september 2015

Sylvia Plath: The Bell Jar (1963)

Eg las denne for mange, mange år sidan. Boka gjorde berre sånn middels inntrykk då; inntrykket er langt sterkare denne gongen.

Boka handlar om ei ung jente, Esther Greenwood. Esther utmerkar seg ved skulane ho går, og får ein luksuriøs sommarjobb ved eit motemagasin i New York. Ho ser fram til eit glamorøst liv i storbyen, men ting går ikkje heilt slik ho hadde tenkt. Ho vert meir og meir asosial og ustabil. Ho reiser attende til mora, får vita at ho ikkje har fått plass på skrivekurset ho har drøymt om, og den mentale tilstanden hennar vert verre og verre. Ho går inn og ut av nokre mentalsjukehus, ho tenkjer mykje på sjølvmord, ho prøver å ta livet sitt, men ser ut til å få livet sitt under kontroll igjen. Korleis det går får me ikkje vita, boka sluttar med at ho går inn til eit møte der dokterane hennar skal vurdera om ho er frisk nok til å verta skriven ut av sjukehuset.

Boka er skriven i eg-form, slik at me kjem veldig tett innpå Esther. Ho vert verkeleg meir og meir ustabil utover i boka, i dei fyrste kapitla er ho heilt annleis enn mot slutten. Språket er flott, tidvis poetisk - det er kanskje ikkje så rart, i og med at Plath òg var ein stor lyrikar.

Dette er den einaste romanen hennar, og han er djupt sjølvbiografisk. Plath tok livet sitt ein månad etter at romanen kom ut.

Guffen tilrår.

Eternal Sunshine of the Spotless Mind (2004)

Manusa til Charlie Kaufman er så fantasifulle at der ikkje finst noko som liknar. Dei er òg så godt komponerte at ein ikkje bør ta blikket vekk frå skjermen - der kjem støtt referansar til andre scener i filmen, og historia hoppar gjerne att og fram i tid. Eller att og fram mellom røynd og fantasi, slik tilfellet er her.

Filmen opnar med at Joel Barish, ein litt forsiktig og sjenert kar, møter den meir sprudlande og fargerike Clementine Kruczynski. Dei vert kjærastar og sambuarar, men det går til pisis. Joel oppsøkjer Clementine på jobben hennar, men ho kjenner han ikkje att. Det viser seg at ho har fått Lacuna, eit selskap som kan hjelpa deg med å fjerna utvalde personar frå minnet ditt, til å tømma hjernen hennar for alle Joel-minna. Han vert fornærma, og vil gjera det same mot henne. Men midt i reinsinga angrar han, og store delar av filmen skjer i hovudet hans, der han får med seg Clementine på å rømma frå reinsinga til Lacuna. Dei greier å skapa nokre minne Lacuna ikkje kjenner til, og filmen sluttar med opninga - som altså vert eit møte mellom gamle kjende som ikkje kjenner kvarandre.

Det er ein fabelaktig film. Her er mykje å le av, her er mange suverene scenar, og eg koste meg stort sett heile vegen. Og eg sat og undra på korleis eg gjekk glipp av denne filmen då han kom - kanskje han ikkje vart sett opp i Volda?

Guffen tilrår.

Meir Kaufman på kulturguffebloggen
Being John Malkovich (1999)
Synecdoche, New York (2008)

19. september 2015

Kurt & Courtney (1998)

I august såg eg den nye og autoriserte dokumentarfilmen om Kurt Cobain. Eg likte han, men var som vanleg ørlite skeptisk til alt som er autorisert. Det er sjølvsagt ikkje det same som at alt som er uautorisert er bra. Denne filmen er så til dei grader uautorisert. Og han er aldeles hårreisande dårleg.

Nick Broomfield, som har laga filmen, verkar mest interessert i å pirka i rykta om at Cobain vart drepen. Han kjenner att ein konspirasjonsteori når han ser han, og snakkar med fleire som kan fortelja at forholdet mellom Kurt og Courtney skranta. Han snakkar med El Duce, som seier at Courtney lova han 50 000 dollar om han ville drepa Cobain. Han snakkar med ein privatetterforskar som snakkar Broomfield trill rundt. Og han snakkar med fleire som kjende Cobain (eller som hevdar at dei kjende Cobain) - felles for dei aller, aller fleste av desse er at dei ser ut til å ha eller ha hatt store rusproblem. Truverdigheit er ikkje det dei har mest av.

Men alle desse fantasiane til Broomfield er ikkje det som gjer filmen dårleg. Det går heilt fint å laga gode filmar om rare hypotesar. Filmen verkar amatørmessig. Broomfield er ein puslete intervjuar. Kameraføringa er dårleg. Det ser nesten ut som om han fullt medvite legg seg på same line som t.d. Michael Moore, men der Moore går og køyrer med mål og meining, famlar Broomfield i blinde. At Courtney Love nekta han å bruka Nirvana-musikk i filmen, og at ho nekta å stilla opp, kan vera noko av det mest fornuftige ho har gjort så langt i livet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

Kevin Cummins: New Order (2015)

Kevin Cummins har fotografert for musikkaviser (og andre publikasjonar) dei siste førti åra, omtrent. Han vaks opp i Manchester, og har dokumentert karriera til fleire av banda derfrå. Han har tidlegare gjeve ut fleire fotobøker, mellom anna om Joy Division, og ei bok med bilete av ei mengd band frå Manchester. Denne boka, om New Order, er ikkje heilt i same klasse.

Det vert litt feil når det beste i ei fotobok er artiklane. Cummins har sjølv intervjua dei fire i bandet, og desse fire intervjua er stort sett gode. Han kjenner dei alle godt, og snakkar ope og fritt med dei. (Så får me heller leva med at han har ein lei tendens til å støtt jamføra musikken deira med fotograferinga si.)

Fotografia i boka vert for like, og for lite spektakulære. New Order satsa på ein relativt ordinær look, både på og utanfor scena. Unntaket, i alle fall på scena, er bassisten Peter Hook, som har så lang reim på bassen at han nesten er nede i kjellaren. På den andre sida var jo dette til ei viss grad tilfelle med Joy Division (som altså var forløparen til New Order), men bileta i den boka er jo glimrande. Så det må vel òg handla om fotografen. Kanskje New Order ikkje inspirerte Cummins i like stor grad?

Guffen er lunken.

Meir Cummins på kulturguffebloggen
Manchester. Looking for the Light through the Pouring rain (2009)
Joy Division
 (2010)
Joy Division. Juvenes (2021)

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

13. september 2015

Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Eg likar Arne Garborg. For nokre år sidan las eg Skrifter i samling, og koste meg stort sett heile vegen - eg koste meg nok til at eg rett etterpå las (dei utgjevne delane av) dagbøkene hans, før eg las ein biografi Tor Obrestad skreiv. Den var ekstremt livlaus. Det er ikkje så uventa, men denne nye biografien er langt meir spanande.

Jan Inge Sørbø skriv både om livet og verket til Garborg. Han viser korleis livet heile tida inspirerer tekstane til Garborg, utan at bøkene derimot skal lesast som biografiske.

Nokre trådar vert dregne gjennom heile boka. Det grunnleggjande er tilhøvet til faren, som tok livet sitt då Garborg var rundt tjue år. Det er vanleg å sjå det sjølvmordet i lys av at Garborg, som var odelsgut, ikkje ville ta over garden. Garborg la sjølv opp til ei slik tolking. Sørbø kjøper ikkje denne direkte, han viser at bror til Garborg tok over gardsdrifta (rett nok på ein gard faren kjøpte etter at Garborg hadde sagt frå seg heimegarden på Garborg), og han viser korleis faren var involvert i ein alvorleg nabokrangel i tida før han tok livet sitt.

Gudstrua til faren spelte kanskje òg inn. Han var sterkt truande, så truande at det gjekk ut over dei daglege pliktene hans. Kor mykje dette hang saman med dei psykiske problema hans er ikkje godt å vita, men det spelte nok inn. Sørbø kjem ofte tilbake til dette, han snakkar om tilhøvet til "faren og Faderen", og desse linene møter kvarandre sterkast i den aldeles fabelaktige romanen Fred (1892). Sørbø omtalar Fred som den beste norske romanen frå 1800-talet; han kunne godt teke sterkare i, det er ikkje mange norske romanar som kan måla seg med den.

Ein annan gjennomgåande tråd er målstriden. Garborg var ikkje nokon folketalar, men som skrivande debattant var han suveren. Han var med på å dra i gang dei viktige avisene Fedraheimen og Den 17de Mai og tidsskriftet Syn og Segn, og skreiv mykje i alle.

Det er ein finfin biografi Sørbø har skrive. Han er ein innsiktsfull lesar, og han ser referansar mange ville oversett. Språket er godt, og eg reknar med at dei aller, aller fleste vil verta klokare av å lesa denne boka. Så får me heller leva med at forlaget burde kosta på seg ein runde til med korrektur, og ein ekstra runde for å sjekka at alle siterte bøker er med i litteraturlista.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

Meir Sørbø på kulturguffebloggen
Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009)
Fire store (2022)

11. september 2015

The History of the Eagles (2013)

Nokre kveldar på hotell i Stockholm. Eg såg ein dokumentar om Bob Weir i Grateful Dead, og Netflix tilrådde denne. The Eagles er ikkje eit band eg har noko forhold til i det heile - eg kjenner vel berre den eine songen alle kjenner.

Etter denne filmen kjenner eg nokre songar til, og eit par av dei drog eg kjensel på frå gamalt av. Om bandet og musikken deira har eg ikkje så mykje positivt å seia - musikken er livlaus, den er mainstream, og han er full av klisjear. Også medlemmane i bandet er fulle av klisjear, det er lett å tenkja på Spinal Tap når dei snakkar om livet og karriera deira. Spesielt dei to leiande i bandet, Glenn Frey og Don Henley, er vanskelege å lika. Dei som går ut av bandet, og andre folk dei to har hatt konfliktar med, er langt meir sympatiske.

The Eagles starta opp i Los Angeles, og spelte ei relativt mild form for rock. Dei gjorde stor suksess, Greatest Hits-plata deira er ei av dei som har selt best i historia. Dei var dyktige vokalistar, og harmoniane deira er eit kjenneteikn ved musikken. Songane glir forbi, der dei i syttiåra levde eit dekadent rockestjerneliv. Bandet gav seg i 1980, men kom saman att i 1994, og har turnert flittig sidan. Etter 1994 var dei ikkje lenger eit band der alle var like viktige, Frey og Henley pressa gjennom at dei skulle ha betre betalt enn dei andre, sidan dei hadde vore mest suksessfulle i åra bandet var oppløyst. Og viss musikken til Eagles er dårleg, var musikken dei to gav ut i åttiåra langt, langt verre.

Men trass i at musikken er dårleg er dette ein grei film. Han har to delar, den lengste og beste sluttar i 1980. Det vekslar godt mellom gamle og nye intervju, og opptak frå studio og konsertar. Og sjølv om dei ikkje er så sympatiske, er medlemmane i bandet tidvis underhaldande intervjuobjekt.

Guffen tilrår.

The Other One (2015)

Grateful Dead er ikkje eit band eg høyrer mykje på. I gamle dagar såg eg på dei som noko hippiegreier eg ikkje forstod. Konsertane deira vara lenge, det var lange improviserte instrumentalparti, og det verka som ei føremon å vera rusa for å verkeleg koma inn i musikken deira. Dei siste ti åra har eg fått meir sans for dei, men eg har likevel ikkje meir enn éi eller to plater med dei.

Leiaren av bandet var gitaristen Jerry Garcia. Denne filmen konsentrerer seg om den andre gitaristen, Bob Weir. Han var den yngste i bandet, og han omtalar fleire gonger Garcia som storebroren sin, og bandet som familien sin. Han hadde bruk for ein stad han høyrde heime, han vart adoptert vekk som baby, og sjølv om han hadde ein god oppvekst var han heile tida klar over at han mangla noko.

Han var andregitarist i bandet, men gjorde det likevel til noko eige. Under soloane til Garcia låg gitaren til Weir i bakgrunnen, men han gjorde likevel mykje ut av det. Det er ikkje måte på kor mykje skryt han får i filmen, for måten han omdefinerte denne rytmegitar-rolla. Sjølv forklarar han det med ein sterk påverknad frå jazz.

Guffen tilrår.

6. september 2015

Marit Eikemo: Alt inkludert (2015)

Alle har løyndomar for sine nærmaste. Studentar kastar vekk tida si ved å spela data heile tida. Ingen bryr seg om ho gamle dama i toppetasjen. Alle er opptekne av kva dei eig - Oscar Wilde-sitatet om at "nowadays people know the price of everything and the value of nothing" dukkar opp i minnet. Alle reiser vekk i ferien - alle vil vekk. Alle snakkar nedlatande om rusmisbrukarane i nabolaget. Alle har bil. Alle veit at handverkarar frå Aust-Europa gjer slett arbeid, og alle veit at alle frå Aust-Europa er kriminelle. Alle har iPhone og andre skjermar framfor seg støtt. Og så bortetter.

Hovudpersonen, Agnes, er eit unntak. Ho eig ingenting, og er på utsida heile tida. Boka opnar med at ho, saman med den seks år gamle dottera Maja, flyttar inn i ein fuktig kjellarleilegheit; boka sluttar med at ho flyttar ut og reiser til ein annan by, ein annan stad. Ho har pengar, og handlar stort sett på Finn.no. Og ho spelar Nintendo og Candy Crush i timevis. Ho lyg heile tida, ho diktar opp eit hakket meir suksessrikt liv enn det ho har. Det går sånn nokolunde, ho vert etter kvart avslørt som ein lystløgnar, og det er vel viktigaste grunnen til at ho flyttar.

Boka er ein liten nedtur. Eg har lese tre romanar av Eikemo tidlegare, og har likt to av dei. Her vert det for mykje, det vert for mange element som skal visa korleis det norske samfunnet ser ut i dag. I alle fall verkar det slik. Agnes er heller ikkje ein karakter som er spanande nok til å bera ei heil bok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Samtale ventar (2011)
Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) 
Hardanger (2019)