31. januar 2015

Schindlers liste (1993)

Oskar Schindler var ein omsynslaus forretningsmann. Han skjøna at den beste måten å tena pengar på i det stortyske riket var å produsera noko militæret hadde bruk for. Og aller mest pengar var det å tena på å la jødar arbeida for seg, sidan dei ikkje hadde krav på vanleg løn. Han byggjer opp ein fabrikk i Krakow i Polen, og lever eit luksuriøst liv, der han mellom anna har god og tett omgang med fleire av nazi-leiarane i området.

Jødane budde i ein ghetto, og i 1943 vart dei tvangsflytta til ein konsentrasjonsleir. Året etter skal alle flyttast til Auschwitz, altså ei reise til den (tilnærma) visse død. Så langt ute i krigen har Schindler fått augene opp for kva som skjer, og greier å berga livet til 1100 av jødane. Han lagar ei liste med personar han treng på fabrikken sin, og greier å overtyda kommandanten i leiren om at desse skal få leva. No er han ikkje lenger den omsynslause forretningsmannen, no er det viktig for han å berga så mange liv som råd. Den siste fabrikken hans går med så stort underskot at han misser alt han har, men pengar er altså ikkje det viktige lenger.

Filmen handlar like mykje om holocaust som om Schindler og lista hans. Utreinskinga av ghettoen i Krakow vert brutalt skildra, ei scene frå Auschwitz viser kor grufulle gasskammera var. Filmen vart ein stor suksess, og gav sikkert mange eit betre innblikk i korleis jødane vart hersa med under krigen. Så det er ein viktig film, men det er òg ein altfor, altfor lang film. Tidvis er han grei, ofte er han kjedeleg og stilleståande.

Guffen er lunken.

28. januar 2015

Fear and Desire (1953)

Dette er debutfilmen til sjølvaste Stanley Kubrick. Det er ein relativt kort film, ca ein time, og det er ein film det er lett å referera handlinga av: Det er krig, og eit fly har nødlanda (eller er skote ned) i fiendeland. Dei fire frå flyet må koma seg over på si eiga side att. Dei byggjer ein enkel flåte, ser seg nøydde til å fanga (og seinare drepa) ei kvinne som oppdagar dei, dei angrip eit hus der dei har sett ein general, og dei kjem seg trygt fram.

Det er ein fengslande film, sjølv om handlinga er enkel. To ting er viktige - replikkane og klippinga. Det siste fyrst - ofte, når dei fire snakkar saman, kjem det svært korte klipp av andleta deira. Eitt sekund, to sekund, også vidare til den neste. Replikkane er best når ein av dei er åleine, og han snakkar med seg sjølv. Eller når dei marsjerer gjennom jungelen, og me høyrer tankane deira.

Guffen tilrår.

Meir Kubrick på kulturguffebloggen
Dr. Strangelove (1964)
The Shining (1980)
Room 237 (2012)

25. januar 2015

Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)

Snakk om fulltreffar. I Klok på bok-spalta i Dag og Tid var oppgåva for nokre månader sidan Tonje Glimmerdal. Aslak (9) og Ivar (7) sende inn rett svar, og vart dregne ut som vinnarar. Premien var denne boka her. For dei to var det eit stort vonbrot; for meg var det langt meir stas.

Asbjørn Aarnes hadde i fleire år ei spalte i Dag og Tid. Den las eg litt for sjeldan, ser eg, for dette er gode saker. Aarnes fortel om folk han har møtt, men hevar denne sjangeren opp nokre hakk. Han skriv godt, på alle måtar. Språket, som er eit arkaisk nynorsk, flyt godt, og han bruker dette språket framifrå.

Aarnes var professor i fransk litteraturhistorie på Blindern, og dei han skriv om er oftast akademikarar eller forfattarar. Det er korte og konsise tekstar; av og til kjem det meir enn ein tekst om same personen. Han var primært riksmålsbrukar, og mange av dei han skriv brukte også riksmål. Eg har høyrt om mange av desse før, som Alf Larsen eller Emil Boyson, men visst lite om dei. Det er sjølvsagt ikkje biografiar Aarnes skriv, men litt kjøt kjem det jo på beina.

Aarnes framstår som svært kunnskapsrik, og som ein som heile tida vil læra meir. Den siste teksten handlar om studievenen Knut Midgaard, som kjem innom i barndomsheimen til Aarnes på Tingvoll. Her viser det seg at Aarnes veit for lite om for mykje, han kan få namn på plantar, og Midgaard vert nesten overraska over at Aarnes ikkje veit namnet på meir enn ein av dei mange fjelltoppane dei kan sjå frå kjøkenvindauga. For meg vert dette ein tekst der den lærde Aarnes jekkar seg sjølv ned eit hakk eller to - visst kan han mykje, men det er om avgrensa fagfelt, og det er om kunstfeltet. Føler han at han har vore for lite i den verkelege verda? Kanskje.

Boka har òg eit flott etterord av Jon Fosse.

Guffen tilrår.

Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)
Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (2017)

24. januar 2015

Neil Young: Special Deluxe (2014)

Neil Young samlar på bilar. Han har eit nært forhold til bilane sine, han gjev dei gjerne namn - nokre er menn, andre er damer - og han har skrive minst ein song til ein av dei ("Long May You Run"). Han snakkar med bilane sine, og dei snakkar tilbake - dette er bilar med eigne meiningar. Boka har undertittelen "A Memoir of Life and Cars", og han går relativt kronologisk gjennom heile bilhistoria si, frå bilane foreldra køyrde i oppveksten hans, via bilar han har kjøpt og køyrd, til klimavenlege bilar han sjølv har vore med og utvikla.

Det er stort sett ei flott bok. Skildringane frå oppveksten, der han går rundt i større eller mindre kanadiske byar og ser store, flotte bilar, og der han hugsar tilbake på køyreturar med faren, er svært fine. Det er ikkje berre bilar det går i, sjølvsagt, men han bruker kvar ny bil som utgangspunkt for å fortelja om noko nytt.

Alle kapitla opnar med ein teikning av bilen han skriv om. Med nokre få unntak er bilane frå før 1970, og til og med ein så lite bilinteressert kar som meg ser at det er stilfulle bilar. Store, amerikanske bilar, med plass til mange, med sterke motorar - og med eit ekstremt drivstofforbruk. Både i forordet og nokre stader i boka hintar han om at boka kjem til å svinga inn på ein annan veg, og det gjer ho til gagns: Den siste delen av boka handlar ikkje om gleda ved å køyra store eller små bilar, men om den skaden bilkøyringa gjer. Han får dårlegare og dårlegare samvit for all reisinga si, og vert med på å utvikla ein bil som dels går på biodiesel, dels går på straum.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Jimmy McDonough: 
Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

Trainspotting (1996)

I eitt av desse britiske musikkmagasina eg las sporadisk på nittitalet, kanskje var det Select, kanskje var det Vox, stod det ein gong på framsida at dette var den beste filmen i historia. Eg såg han då han kom ut, og las òg romanen ein eller annan gong, men var ikkje større imponert over nokon av dei. I går vart han vist på NRK2, og eg tenkte at det kunne vera bryet verdt å sjå om inntrykket mitt av filmen har endra seg.

Det har det kanskje, men ikkje til det betre. Fy fasan for ein kjedeleg film. Det handlar om livet til fire-fem ungdomar frå Edinburgh. Nokre av dei går på heroin heile filmen gjennom, andre bruker og sluttar og bruker og sluttar med heroin, ein prøver det for fyrste gong, medan ein berre drikk, men er småkriminell nok til å sjå at det kan vera gode pengar å tena på å selja heroin.

Og slik går no dagan. Scener som skal vera morosame er ikkje det, replikkar og ordvekslingar som skal vera morosame er ikkje det, og det er sjeldan ein film på rundt nitti minutt verkar så lang.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. januar 2015

S.C. Gwynne: Empire of the Summer Moon (2010)

Der Sioux-indianarane var den dominerande stamma nord på prærien, var Comanche-indianarane dominerande i sør. I det som seinare vart Oklahoma og Texas hadde dei tilnærma full kontroll. Dei var suverene ryttarar, framifrå krigarar, gode jegerar, og slo lenge tilbake alle åtak frå kvitingane. Det var ikkje før kvitingane lærte å kriga slik comanchane ville gjort, og før dei fekk langt betre våpen, at dei endeleg fekk overtaket.

Denne boka fortel på ein eksemplarisk måte historia om comanchane. Det er både oppturar og nedturar. Dei var brutale, det er ikkje vanskeleg å skjøna at dei fyrste kvite som slo seg ned i området var livredde comanchane. Var dei på krigsstien, vart alle menn drepne, og lika vart herja med. Kvinner vart gjerne valdtekne før dei vart drepne. Kvinner og born vart ofte tekne til fange, og eit gjennomgåande tema i boka er livet til ei slik kvinne.

Cynthia Ann Parker vart teken av comanchar i niårs-alderen. Dei fyrste åra som fange var ho omtrent som ein slave, men ho vart seinare gift med ein leiar. Då ho mange år seinare vart teken tilbake av dei kvite, nekta ho, og prøvde å rømma tilbake til indianarane. Ho hadde greidd overgangen frå kvitt til indiansk samfunn; å gå andre vegen var langt verre.

Like fascinerande er historia om son hennar, Quanah. Han vart sett på som ein av dei beste og råaste krigarane, og høyrde til den einaste greina av comanchane som aldri skreiv under på ein avtale med dei kvite. Så han hata dei kvite, men han var òg hylande intelligent, og skjøna at slaget var tapt. Han flytta til eit reservat, der han vart ein ivrig og vidgjeten talsmann for betre rettar for indianarane. Svært ofte fekk han viljen sin.

Guffen tilrår.

12. januar 2015

Bergljot Nordal: Ruts bok (2012)

I alderdommen er ikkje alt like klart for Rut. Ho møter trufast opp på torsdagstreffet på aldersheimen, men får ikkje med seg alt som skjer, og blandar saman eitt og hitt. I ungdommen fekk ho med seg alt, men var då langt meir asosial. I begge periodane visste ho ikkje heilt kva ho ville, og når ho gjer eit val, er det som regel det galne valet.

Boka har tre bolkar. Den i midten handlar om då Rut som ung arbeidde som sjukesyster ein stad i Afrika; dei to andre handlar om Rut som gamal og skral. Rett før ho reiser til Afrika avslår ho eit frieri, sjølv om ho truleg veit at ho burde takka ja. I Afrika bryr ho seg ikkje om råda ho får frå den norske dokteren på sjukehuset, og greier nesten å bryta ned alt han har bygd opp. Ho tek altså galne val; det er langt enklare for ho når ho berre kan sitja for seg sjølv, og tenkja på kva ho skal gjera og kva ho kunne ha gjort.

Ungdomsbolken er den beste av dei tre. Opningsbolken vert litt for lang, den korte og avsluttande bolken får eg ikkje heilt taket på.

Guffen er lunken.

11. januar 2015

On the Road (2012)

Filmen er basert på romanen On the Road, skriven av Jack Kerouac. Det var ein viktig roman då han kom ut i 1957, ein roman som påverka mange til å prøva å kopiera livet romanen handla om, men nokon stor roman er det ikkje. Han er altfor lang, handlinga gjentek seg sjølv for mykje, og slik er det òg med denne filmen.

Det handlar om unge menn med kunstnarambisjonar. Sal Paradise, forteljaren i boka, vil verta forfattar, og reiser rundt i Amerika saman med Dean Moriarty og nokre andre vener. Det kjem heile tida nye byar, det kjem heile tida meir å drikka, det kjem meir dop, det kjem nye damer, og det vert altfor lite framdrift i filmen. At skodespelet tidvis er godt, og at her er mange flotte bilete er ikkje nok, dette var traurige greier.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Jack Kerouac: On the Road (1957)

Curb Your Enthusiasm, sesong 7 (2009)

Stikkordet for denne sesongen er gjenforeining. I den føregåande sesongen flytta Cheryl frå Larry, og han vil gjerne ha ho tilbake. Han finn ut at viss han takkar ja til å laga ein episode til med Seinfeld, ein episode der Cheryl får rolla som eks-kona til George, kan det vera nok til at dei kjem saman igjen. Ei Seinfeld-gjenforeining kan altså føra til at han og Cheryl vert gjenforeinte.

Dei fire frå Seinfeld har berre store roller i tre av dei ti episodane. Dei to siste er dei sentrale - ein der dei øver før innspelingane, og ein der dei spelar inn episoden. Alt går ikkje etter planen, sjølvsagt, men det er finfine episodar, med ei mengd interne referansar. Dei to-tre scenene der Larry og George Constanza kranglar om detaljar er store; begge er like sta og opphengde i detaljar, og begge er jo på sett og viss same person. Leon, som vart buande hjå Larry etter at familien frå New Orleans flytta heim att, har òg ei scene med Kramer, der slektskapen mellom dei to karakterane òg vert tydeleg.

Og det vert vitsa med den ikkje heilt overtydande siste-episoden av Seinfeld. Dei fire frå Seinfeld ser denne nye episoden som ein måte å gje fansen ein skikkeleg slutt, sidan dei var misnøgde med den opphavlege slutten. No vil dei gje fansen ei happy ending, og samstundes gje dei ein overraskande slutt. Alt snakket om kor stas det er med gjenforeiningar kan òg handla om Seinfeld, ikkje berre om Larry og Cheryl, og alt snakket om å gje fansen ein god slutt kan òg handla om denne sesongen. Det verkar nesten som om dette var tenkt som ein siste sesong av Curb Your Enthusiasm. Slik vart det rett nok ikkje.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

4. januar 2015

Joker: Din amøbe (2014)

Joker - ein norsk vitseteiknar. Eg lo mykje av han i gamle dagar, eg har eit vagt inntrykk av at han teikna for Aktuell, som var det mest pikante bladet foreldra mine drog i hus. Nokre år seinare kjøpte eg eit par av vitsebøkene hans, Jokers besteste vitser og Jokers aller besteste vitser (eller noko sånt), og der er det mange gullkorn. Ordspel var ein spesialitet, absurd humor var ein annan. Joker (Ragnar Pedersen) kunne humor, noko han òg viste på plakaten "Vitsefortellerens ti bud", som i ei årrekkje hadde prominent veggplass på toalettet heime hjå foreldra mine.

Denne serien, "Din amøbe", kjende eg mindre til. Stripene frå serien vart samla i ei bok i 1974, og kom i ei lett utvida utgåve til jubileet i fjor. Eg fekk boka til jol, og deet er jamt over ein vellukka serie. Gjennomgangsfigurane er amøbar, som han teikna som små klumpar, som regel med prikkar på. Også her er det mange ordspel, her er blaute vitsar, og det er mykje å smila av. Lo gjorde eg berre eit par gonger, men smiling er godkjent, det òg.

Guffen tilrår.

Søsken til evig tid (2013)

Dei to syskena Magnar og Oddny Kleiva bur åleine på ein gard i Naustdal. Dei driv framleis garden, og sjølv om dei har teke i bruk mange moderne hjelpemiddel, skapar denne filmen inntrykk av at dei lever i fortida. At dei gjer mykje på gamlemåten er ein ting, at dei snakkar svært breitt er ein annan ting, og ein tredje ting er at dei ikkje har så mykje moderne inne i bustadhuset sitt. Og når noko slikt dukkar opp, anten det er kassettspelar eller mobiltelefon, bruker dei lang tid på å setja seg inn i korleis apparata fungerer.

Dei to ser ut til å ha eit svært avgrensa interessefelt. Dei ser det store i det små, og er tilsynelatande berre opptekne av heilt lokale tilhøve. Dei hugsar korleis vêret var mange tiår tilbake, dei hugsar kva år det var store avlingar, og så bortetter. Dei får besøk av amerikanske slektningar, som inviterer dei til USA, men dei viser ikkje noko større interesse for tilbodet. Som dei får gjennom ein tolkande nabo.

Dette er ei av dei to innvendingane mine mot filmen, det at det ikkje vert fortalt nok. Kvifor lever dei som det gjer - er det gamal vane, eller er det ein protest mot alt det moderne? I ei av scenene seier Magnar at det er best å laga all mat sjølv, alt dei kjøper på butikken er jo fullt av e-stoff. Det vert ikkje følgt opp, og det kjem ikkje fram om det er høna eller egget som snakkar, altså om det er meint som eit forsvar for livsstilen deira, eller om det er eit angrep på alle andre. Det hadde i det heile vore greitt med litt meir forklaring - begge to er til dømes sterkt krokrygga. Ei anna innvending er at her er altfor mange timelapsar, som viser solnedgangar og snøbyger og ver og vind som kjem og går.

Men det er ein fin film, som går i eit ekstremt behageleg tempo. Dei to har ei klar arbeidsdeling, og det er aldri tvil om at Magnar er sjefen. Forholdet mellom dei to vert skildra godt, og det er fint å sjå kor nært forhold dei har til dyra sine, og til villdyra rundt garden, og til naturen.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Søsken til evig tid. Amerikareisa (2015)