31. desember 2014

Blind (2014)

Eg likar filmar der ting vert avklara etter kvart. Denne filmen er slik, tidleg i filmen er eg berre sikker på at Ingrid er blind. Dei andre ter sentrale karakterane i filmen kan ikkje plasserast med ein gong. Fyrste gong me møter Einar trudde eg at han var mannen til Ingrid, og det var han jo ikkje. Fyrste gong me møtte Einar og Elin trudde eg at dei var reelle, men det var dei jo heller ikkje. Fyrste gong me møtte Ingrid verka det som om ho var langt meir passiv og innestengt enn ho er.

Eller, ho er jo innestengt, men ho er aktiv. Ho vart blind etter ein sjukdom, og går aldri ut frå den store og luftige leilegheita ho deler med mannen Morten. Likevel får ho gjort noko; ho diktar opp ei forteljing om Einar og Elin, der mannen hennar etter kvart får ei rolle, og ei forteljing som òg tek opp i seg element frå hennar eige liv.

Filmen har eit godt og leikande manus, der me altså aldri er heilt sikre på kva som er draum og røyndom. Einar og Elin er oppdikta, men Ingrid diktar òg opp historier og scener frå eiga leilegheit.

Guffen tilrår.

26. desember 2014

Bergsveinn Birgisson: Soga om vêret (2003)

Dette er debutboka til Birgisson. Handlinga er lagt til Geirmundarfjord, nordvest på Island, der omtrent alle lever av fiske. Eg-personen i boka, Halldor, skriv dagbok. Ordføraren i bygda finn denne dagboka, legg til litt der lesaren treng litt bakgrunnsstoff, og sender manuskriptet inn til eit forlag.

Bygda er dominert av menn, for å seia det forsiktig. Dei fleste av personane i bygda er ungkarar, som stort sett berre fiskar og klagar på lover og reglar. I litt Kardemommeby-ånd finn dei ut at dei må ha ei kvinne til å stella for dei, og dei set inn ei lysing i ei avis nærare sivilisasjonen. Den fyrste som kjem held ut i to veker, den andre vert litt lenger.

Det er ei fin bok. Tittelen viser til korleis veret styrer kvardagen deira - er veret for dårleg, går dei ikkje ut på havet. Det er dei dagane Halldor har tid til å skriva dagbok. Både i dagboka, og gjennom møta med ein diktar og ein filosof og ein prest viser han at både han og fleire av dei andre tenkjer på mangt og mykje. Dei drøftar religion, dei drøftar litteratur, dei drøftar kjærleik, men mest av alt drøftar dei hav og fisk.

Guffen tilrår.

Meir Birgisson på kulturguffebloggen
Svar på brev frå Helga (2010)

23. desember 2014

Fargo, sesong 1 (2014)

OK, eg vedgår at eg var ein smule skeptisk til dette. Ein heil fjernsynsserie basert på ein Coen-film? Filmen er ein kanonfilm, men det er ein film der fleire av dei sentrale personane vert drepne.

Serien hentar handlinga frå det same området og det same miljøet som filmen gjer. Ingen personar er med begge stader, men der er nok av referansar til filmen. Her er ein gravid politibetjent, som løyser heile saka. Her er den same kjenningsmelodien (eller ein som liknar). Her er vald - mykje vald - og humor. Her er snø, me er i det rurale Minnesota, så her er òg nok av folk som seier "ja" for "yes". Og her er mindre ting, som ei statue av ein tømmarhoggar, og ein hovudperson som går i ei stor, raud boblejakke. Og nesten som ein bonus får me òg vita kven som fann kofferten med pengar frå filmen.

Lester Nygaard, ein pusling av ein forsikringsagent, kjem tilfeldigvis i kontakt med Lorne Malvo, eit monster av ei drapsmaskin, på legevakta. Nygaard nemner at ein gamal skulekamerat plagar han, og vert pressa av Malvo til å seia at han gjerne skulle sett skulekameraten død. One thing lead to another - snart er skulekameraten død, og i forbifarten har Nygaard teke livet av kona si òg. I god Coen-stil prøver han å dekkja over det, og får politiet til å tru at broren er mordaren. Både denne og komande dekkhistorier vert avslørte av Molly Solverson, ein politibejent som aldri gjev opp, men før me kjem så langt at Nygaard vert teken og Malvo vert drepen, har ei mengd liv gått tapt.

Det er ein finfin serie. Det er passeleg med stemning, det er godt med humor, det er glitrande dialogar, og så bortetter. Personane i filmen er fascinerande, og det er godt skodespel over heile fjøla. Litt overraskande var det rett nok at det var ein avslutta serie, sidan fleire sesongar er tinglyste, men ut frå det eg finn på nettet vil kvar sesong handla om ei avslutta historie, til ulike tider ein stad i den amerikanske midtvesten.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 3 (2017)
Fargo, sesong 4 (2020)
Fargo, sesong 5 (2023)

21. desember 2014

Kjersti Annesdatter Skomsvold: 33 (2014)

Eg-personen i denne boka, ei 33 år gamal kvinne som presenterer seg som K, har det ikkje heilt godt. I nesten heile boka er ho åleine, og tenkjer eller snakkar med seg sjølv. Ho diktar opp samtalar, ho leikar at hunden hennar er eit lite barn, ho tenkjer altfor mykje på den døde eks-kjærasten Ferdinand, og kanskje litt for lite på Samuel, ein irsk forfattar.

Det er ei bok om sinnet og sinnstilstanden hennar. Her er ikkje mykje ytre handling, det meste skjer altså i hovudet hennar. Ho arbeider rett nok som matematikklærar, men er stort sett sjukmeld, og mot slutten av boka seier ho òg opp. Då føder ho òg dottera Maeve, og der kjem nokre sider der stemninga er hakket lystigare enn i resten av boka.

Det er ei fin bok, der særleg midtpartiet var ekstremt fengande. Portrettet av ei litt usikker og/eller forstyrra kvinne er truverdig. Dei siste setningane er òg slik at heile boka kanskje burde vore lesen ein gong til. Det kan henda eg er på tynn is, men slik eg les det siste avsnittet vert det heile ei bok om å skriva romanar, ei bok om å vera forfattar, ei bok om å skapa illusjonar. Barnet K har fødd er ikkje lengre eit barn, det er i staden orda og setningane i boka.

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)

19. desember 2014

Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)

Denne boka opnar veldig rart. Forfattaren meiner at det Nick Drake stod for var noko essensielt engelsk, og prøver å stadfesta det gjennom fleire sitat. Her vert Drake omtala som engelsk, utan at dei siterte har sagt at han stod for noko som var engelsk. Tekstane til Drake er så godt som frie for referansar til stadar i England, det han skriv om er menneske, og i alle fall for meg er det det vesentlege i tekstane. Eg kan ha tenkt på England når Drake syng, men ikkje av andre grunnar enn at han var engelsk, og at han song på engelsk.

Utover i boka vert ikkje argumentasjonen betre. Det verkar som om Wiseman-Trowse gjer det han kan for å finna moment som kan stø opp om den sjanglande hypotesa hans, utan å imponera noko større. Heile boka er altså skriven med eit altfor snevert utgangspunkt.

Men likevel - her er mykje å gle seg over. Innimellom alle freistnadene på å knyta Drake tett til England kjem det fine omtalar av musikken hans, både nyskrivne av Wiseman-Trowse, og omtalar skrivne av andre.

Guffen er lunken.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)

Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

Curb Your Enthusiasm, sesong 6 (2007)

Her går det unna, ferdig med ein ny sesong. Denne er ikkje av dei beste, samla sett, men her er mange høgdepunkt likevel. Dei to siste episodane var til dømes glitrande.

Som vanleg er det ti frittståande episodar, med nokre fellestrekk som går att. Gjennom heile sesongen er tilhøvet mellom David og kona dårleg. Ho meiner at han berre tenkjer på seg sjølv, og at ingen skjønar kvifor ho er gift med ein som er så sjølvoppteken. For å bøta på dette inntrykket let han seg overtala til å la ein familie som har mist alt dei eigde i flaumen i New Orleans bu hjå dei.

Mot slutten har Cheryl fått nok, og flyttar heimefrå. I dei to siste episodane, som altså er framifrå, prøver han å bøta på dette, og gjer det han kan for å få ho til å flytta heim att.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

17. desember 2014

Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)

Til liks med svært mange andre var Agnes Ravatn prega av dette behovet for å heile tida vera oppdatert. Me sjekkar e-post, me er på nett, me er på Twitter, det er direktesendingar i media frå hendingar som ikkje fortener det (som t.d. dette manglande steinraset i Romsdalen), og me oppfører oss som om me ikkje lenger veit kva tolmod er. Me kan ikkje venta, alt skal gjerast med ein gong.

Til liks med mange andre var Ravatn lei av dette, og til liks med relativt få andre fann ho ut at ho måtte gjera noko med det. Ho las ei rekkje bøker om korleis ho betre kunne kontrollera livet og arbeidsdagen sin, og vart klokare på korleis ho kunne få betre sjølvdisiplin. Dette deler ho med lesaren i denne boka, som er bygd på ein artikkelserie i Dag og Tid.

Eg fekk aldri heilt sansen for den artikkelserien, og er berre sånn mellomnøgd etter å ha lese boka òg. Det sprudlar ikkje så mykje av dei språklege påfunna til Ravatn denne gongen. Det vert òg ein del repetisjon. Tidvis er det artig og innsiktsfullt, men eg har lese langt betre av Ravatn.

Guffen er lunken.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

15. desember 2014

Den andre mannen i meg (2014)

Då me opna Ivar Aasen-tunet i 2000 var det eitt arrangement opningshelga eg verkeleg ville ha med meg: Det skulle vera førpremiere på dagbøkene til Olav H. Hauge, og det var ein glimrande time, der Henrik Mestad las utdrag frå bøkene. Han har arbeidd vidare med Hauge, for fire-fem år sidan framførte han eit liknande program under Poesifestivalen i Ulvik. Programmet denne filmen byrjar på trur eg er ein lett omarbeidd versjon av framsyninga i Ulvik. Han har framført det på teater og på radio, trur eg, og her er det filma. Det er ein fabelaktig film.

Mestad er den einaste personen som viser seg, og han er med i omtrent kvar scene. Det er kronologisk lagt opp, og Mestad tek oss gjennom sjukdom, fruktdyrking, dikting, kjærleik og død. Dagbøkene til Hauge er ei fantastisk kjelde, sjølvsagt, men Mestad har gjort eit svært godt utval av tekstar, og framfører dei godt. Innimellom kjem det dikt, også her har han gjort gode (om enn ikkje uventa) utval - både "Gullhanen" og "Det er den draumen" kjem, til dømes.

Guffen tilrår.

Meir Olav H. Hauge på kulturguffebloggen
Kjære Olav. Kjære Bodil (Ulvik, 18.4.2012)

Atle Nielsen og Kjell Jørgen Holbye (red.): Den store boka om Morgan Kane (2014)

Eg las mange Morgan Kane-bøker i gamle dagar. Då eg las denne boka, kom eg til å fundera på om ikkje Kane-bøkene var av dei fyrste bøkene eg kjøpte sjølv. Til saman hadde sikkert Torstein og eg over halvparten av bøkene. Kvar dei er no, anar eg ikkje.

Denne boka passar truleg aller best for dei som las endå meir Kane enn meg. Det er ei bok der tittelen stemmer godt. Her er referat frå alle bøkene om Kane, men det er den svakaste delen av boka. Det er langt meir spanande å lesa bakgrunnsartiklane, og best likte eg artiklane om Kjell Hallbing, som skreiv bøkene under pseudonymet Louis Masterson. Han realiserte forfattardraumen sin, men verka ofte mest interessert i å tona det ned. Han la aldri skjul på at han masseproduserte bøker, og skrytte nærmast over at han berre brukte eit par veker på kvar bok.

I bøkene skreiv han ofte Kane inn i historiske hendingar. Fleire av desse får eigne, korte artiklar i boka. Og her er oversyn over våpen, kvinner, personar Kane drap, stader han vitja, og så bortetter. Som referanseverk er det heilt greitt, men det vert aldri meir enn det.

Guffen er lunken.

Meir Morgan Kane på kulturguffebloggen
Der ørnene dør (1974)

7. desember 2014

Rosens navn (1986)

Endå ein mellomalderfilm - det var då svært. Marit hadde lånt med seg nokre filmar heim, for å finna ein som passa i ein skuletime, og no har eg altså sett to av dei. Denne såg eg då han gjekk på kino, og hugsa han som ein grei film. Då hadde eg òg lese romanen, som eg òg hugsar som ein grei roman - langt meir lesverdig enn det andre eg har lese av Umberto Eco.

Filmen er framleis heilt grei. Handlinga er lagt til eit kloster, og mellomalderen er akkurat slik han ofte vert framstilt: Alle er skitne, husa er gamle, livet er ein kamp for å overleva, og så bortetter. Her har dei i tillegg framstilt dei langt fleste munkane som ekstremt groteske - det manglar tenner, her er ein pukkelrygg eller to, og det aular av mindre vellukka ansikt.

Til dette klosteret kjem den kloke munken William frå Baskerville, saman med ein læregut. Han skal eigentleg vera med på ein religiøs konferanse, der to ulike trusretningar skal drøfta teologi med ein paveutsending, men opphaldet vert prega av at fleire mordar er eller vert drepne. Han løyser mysteriet, utan at det er så veldig viktig. William er ein bokglad kar, og han kosar seg når han og læreguten lurer seg inn i det enorme og eigentleg stengde biblioteket til klosteret.

Guffen tilrår.

6. desember 2014

Da Vinci-koden (2006)

Filmen er basert på ei bok eg ikkje har lese, men som eg likevel kjenner litt til. Eg visste vel sånn omtrent kva eg gjekk til - ein historie der ein finn spor etter eit eller anna i kunsten til Leonardo da Vinci, og der det handlar om ein hemmeleg religiøs organisasjon som prøver å kontrollera heile verda. Eller noko slikt. Då boka kom ut fekk ho kritikk frå mange hald for å ikkje vera historisk korrekt, og den same kritikken vart, for alt eg veit, retta mot denne filmen.

Det er ei meiningslaus innvending, sjølvsagt. Ein roman er ein roman, og ikkje ei historiebok. Problemet med filmen, som eg går ut frå er tru mot boka, er heller ikkje at det som vert sagt her ikkje er sant, problemet er at det er så drepande keisamt. Filmen er lang, altfor lang, og den siste halvdelen er seig å koma gjennom. Då har det alt vore nokre nær døden-opplevingar for dei to i hovudrolla, og fleire kjem det. I midtpartiet er det heller ikkje måte på kor mange personar som har spelt under falskt flagg, og klimaks i filmen kjem minst ein halvtime før han er ferdig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. desember 2014

Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)

Nøkternt sett burde dette vera ei god bok. Groucho Marx var hylande morosam, både når han improviserte, og når han framførte liner som (opphavleg) var skrivne av andre. Der finst fleire nettsider fulle av Groucho-sitat, så det skulle altså vera lett å fylla ei bok.

Desse utgjevarane har ikkje greidd den testen. Ein ting er at sitata kjem heilt usystematisk. Ein annan ting er at berre eitt av sitata har kjeldetilvising, slik at eg funderer på om den eine tilvisinga er ein glipp. Ein tredje ting er at fleire sitat kjem fleire gonger (i ei tynn bok på berre førti sider. Ein fjerde ting er at alle bileta er utan bilettekstar, der er ikkje eingong årstal. Og som om alt dette ikkje er nok - nokre av sitata er til og med feil.

Viss ein ser vekk frå dette, er der jo nok av gullkorn. "Outside of a dog, a book is a man's best friend. Inside of a dog it's too dark to read". "Whatever it is, I'm against it". "Those are my principles, and if you don't like then ... well, I have others". Osb. Men alt dette kan ein jo finna i andre bøker. I alle fall dei av oss som har hyllemetrar med Marx-bøker.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

1. desember 2014

Sopranos, sesong 6 (2006-07)

Det drog litt ut før eg vart ferdig med den sjette og siste sesongen av Sopranos, men det er ikkje av di serien har vorte dårlegare. Langt derifrå. Eg skuldar heller på sommar, og på at den sjette sesongen er dobbelt så lang som dei andre sesongane. Dette er framleis framifrå, og eg kan knapt hugsa at eg har sett ein fjernsynserie som har vore like fengande heile vegen.

Det strammar seg til i denne sesongen. Junior, onkelen til Tony, vert meir og meir øren, og tidleg i sesongen skyt han Tony, som ligg lenge på sjukehuset. Fleire av dei nærmaste medarbeidarane til Tony Soprano misser livet. Familien hans raknar endå meir enn før - det toppar seg då sonen prøver å ta livet sitt. Og tilhøvet til dei andre mafia-familiane vert verre og verre. Den aller siste episoden er glimrande - me anar at no skjer det noko snart, men episoden er bygd opp på ein måte Hitchcock ville vore stolt av: Me ventar og ventar, det vert meir og meir tydeleg at noko snart skjer, og me ventar og ventar.

Endå meir enn før er det tydeleg at dette er ein amerikanske serie, og at serien handlar om Amerika. I denne siste sesongen er det mykje nostalgi, både for eit Amerika som ikkje finst lenger, eit Amerika som var tryggare enn samfunnet i dag. Men her er òg mykje samfunnskritikk, og denne vert gjerne formidla av son til Tony, som, kanskje av di han veks opp i ekstremt luksus, er dregen mellom viljen til å gjera noko med alle problema som tårnar seg opp, og den totale apatien.

Så det var stas, dette. Slutten er såpass open at det i teorien kunne kome meir, men etter at James Gandolfini døydde for litt sidan, seier det seg sjølv at det aldri kjem meir. Og det er heilt greitt - det er flott med seriar som gjev seg medan leiken er god.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
The Many Saints of Newark (2021)