24. november 2014

John Williams: Stoner (1965)

Mot slutten av denne romanen ligg William Stoner for døden. Han er stort sitt i si eiga verd, han får ikkje med seg alt som skjer rundt han, og han tenkjer på det han har fått gjort. Fleire gonger stiller han seg sjølv spørsmålet "what did you expect?".

Kva venta eg meg av denne boka? Ho har fått eit nytt liv, nærmast, om lag femti år etter at ho kom ut. Boka har fått mykje skryt, både i Noreg og andre stader, så eg venta meg mykje av boka. Langt meir enn det eg faktisk fekk. Tidvis er boka bra, andre gonger er ho berre kjedeleg.

Det handlar om livet til William Stoner, frå vogge til grav. Han veks opp som odelsgut og einebarn på landsbygda i Missouri, og planen er å ta over garden. Han flyttar til den nærmaste byen for å studera jordbruk, men skiftar til litteratur, og legg vekk planane om å verta farmar. Han får seg jobb på universitetet han har studert ved, og vert der livet ut. Han giftar seg med ei han ikkje skulle ha gifta seg med, han har få vener, og heile livet hans handlar etter kvart om arbeidet. Han kjem på kant med ein av kollegaene, får ikkje lenger undervisa i dei mest spanande emna, og då han vert pressa til å gå av med pensjon er han ikkje ein kollega dei andre vil sakna noko større.

Stoner er ein mann som går andre vegar enn det som er venta av han, men som likevel framstår som ein som ikkje får gjort så mykje, og som ofte let andre bestemma for han. Den eine gongen han verkeleg kjempar for noko han trur på, er då ein av studentane hans heilt opplagt ikkje er kvalifisert for studiet. Kollegaen han er på kant med kjempar for at studenten skal få halda fram, Stoner vil ha studenten ut, og kapitla om denne konflikta er velkomne. Her skjer det noko, her er det engasjement. Det same gjeld kapitla der Stoner har eit forhold til ein av studentane sine, der skjer det noko utanom det vanlege. Elles er det daglegdagse historier, som vert skildra i eit høgst nøkternt språk. Kanskje det er gjort for å visa at det er slik livet er, at det går an å leva i kvardagen òg, men for meg vart det litt for stilleståande.

Guffen er lunken.

23. november 2014

Django Unchained (2012)

Texas 1858. Dusørjegeren King Schultz slår seg saman med slaven Django, for å finna tre ettersøkte brør Django kan identifisera. Django vert løyst frå slaveriet, som takk for hjelpa, men dei vert samde om å samarbeida eit halvt år til, før dei prøver å befri kona til Django. Det viser seg at ho er slave hjå Calvin Candie, ein svært brutal plantasjeeigar. Dei greier å få ein invitasjon til Candie, og planen deira går bra. I alle fall ei stund.

Mykje med denne filmen er typisk for Quentin Tarantino. Det er gode dialogar, det er ein god historie, og det er mykje vald. Den siste tredelen av filmen flyt det mykje blod - eller, flyt er kanskje ikkje det heilt rette ordet. Det vert nesten som ei teikneserieskotveksling, der ein mann har full kontroll mot titals andre. Her er mykje humor. Filmen er smakfullt filma, der Tarantino ser ut til å villa visa slektskapen med spaghettiwesternfilmane. Det er òg ein film der Tarantino legg sympatien hjå dei farga - ikkje berre er det ein farga i hovudrolla, men han vitsar òg enormt med rasehatarane i det sørlege USA.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

21. november 2014

Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)

Sulheim er ei av dei store Jotunheim-slektene. Dei har drive fjellstova Spiterstulen sidan 1836, då Stener Sulheim vart den fyrste støleigaren i Jotunheimen som bygde husrom for turistar. Hytta ligg fint til for turar til Galdhøpiggen, og til ei rekkje andre toppar. Eg har vore der fleire gonger, og trivst godt der.

Eiliv Sulheim var styrar på Spiterstulen i mange år, og verkar som ein særdeles fornuftig kar. Han var fjellførar, og ser ut til å ha greidd å ha formidla gode haldningar til dei han hadde med seg. Han har eit godt språk, han har respekt for naturen, han er djupt skeptisk til monarkiet, han bruker nynorsk - gode haldningar heile vegen.

Mellom anna difor er det dumt at han har fått ei så hjelpelaus bok som denne. Det er ei bok som er heilt utan mål og meining, der Møller skriv om det som fell han inn, som klipper og limer frå andre kjelder (ofte utan å oppgje kjelde), som av og til er "jeg" sjølv og som av og til let Sulheim vera "jeg", utan å skilja mellom dei. Dette burde vore gjort heilt annleis, no er det mest av alt ei bok som irriterer.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Møller på kulturguffebloggen
Gjendine (1976)
Jotunkongen (1991)

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

Curb Your Enthusiasm, sesong 5 (2005)

Dette var ein rar sesong. Dei fyrste tre fjerdedelane var glimrande, men så gjekk det bratt nedover mot slutten. Dei to siste episodane var ikkje noko å skryta av i det heile. Rart, kanskje serien er over toppen, og alt herfrå er berre ein nedtur?

Ein grunn kan vera at det vert litt for likt. Me kjenner mønsteret, me veit at Larry David kjem til å koma inn i ein situasjon der han kjem til å fornærma nokon, der den til tider motbydelege veremåten hans kjem til å føra han inn i situasjonar han ikkje såg at han var på veg inn i. Me veit at kona hans kjem til å verta irritert, me veit at David bed om orsaking, me veit at manageren hans er den som har størst tolmod med han.

Ein annan grunn kan vera at den gjennomgåande historien vert litt uforløyst i denne sesongen. Eller - der er vel to. Den eine, den om at David hyrar ein privatdetektiv for å finna ut om han er adoptert, får dei ikkje gjort nok ut av. Den andre, den om at venen Richard Lewis treng ei nyre, fungerer betre.

Likevel - trass i desse innvendingane er det mykje å le av. Ei av scenene er kanskje den beste så langt, i alle fall ei eg lo ekstremt mykje av: David er med på ein pokerkveld, då verten får beskjed om at svogeren ligg på sjukehus. Vertskapet reiser med ein gong, men dei som sit att veit ikkje heilt kva dei skal gjera. Minuttet der dei går frå djup sorg til å overtyda kvarandre om at det rette er å spela vidare, og til dei kjem i kjempehumør er stort. Også andre scener eller replikkar er framifrå, så alt i alt får sesongen godkjent. Men eg er usikker på vegen vidare.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

14. november 2014

Bjørn Bjørnson: Aulestadminner (1973)

Av og til har eg tenkt at eg burde lesa den massive Bjørnson-biografien til Edvard Hoem. Bjørnson hadde mangt rart for seg, men han var såpass sentral i norsk kulturliv mot slutten av 1800-talet at ein burde vel kjenna meir til han. Eg er i København denne helga, og då kan det jo passa bra med livsminne knytt til ein av dei mest framståande som skreiv på dansknorsk.

Boka opnar med eit kort føreord, der Else Bjørnson (truleg er i slekt med Bjørn Bjørnson) seier at denne boka inneheld alt han har skrive om livet på Aulestad i livsminna sine. Mange har etterlyst den utselde boka Hjemmet og Vennene, ikkje minst dei som vitjar Aulestad, og denne boka er meint som eit tilbod til dei.

At teksten er sett saman av tekst frå andre bøker treng ikkje vera noko negativt. Men det føreset gjerne litt ekstra innsats frå redaktøren - det kan vera greitt å setja til nokre årtal, leggja inn førenamn der det manglar i denne teksten (men truleg ikkje gjorde det fyrste gong personen vart nemnd i boka teksten er henta frå), og det kan vera greitt å fjerna setningar som peikar fram mot noko som ikkje er med her. To gonger skriv Bjørnson noko slikt som "men dette var før målstriden". Optimist som eg er, rekna eg med at det kom noko om målstriden, der jo Bjørnson datt ned på feil side av gjerdet, men det kom ikkje.

I staden kom det mykje anna rart, fortalt i eit språk som er uventa fargerikt. Det er ei brokete samling minne - samtalar med foreldra, samtalar mellom foreldre, samtalar mellom faren og mor hans, skildringar av kvardagslivet på Aulestad, osb. Bjørnstjerne Bjørnson ser ut til å vera dominerande som ein skulle tru, han styrte det meste på garden, og verkar som ein som òg ville styra livet til dei andre som budde der. Frå boka er det to hendingar som sit att - den eine då sonen nesten drap faren då han fyrte av ein uladd revolver som var ladd likevel, og då den samla norske kultureliten kom til Aulestad for å feira tjuefemårsdagen for utgjevinga av Synnøve Solbakken.

Guffen er lunken.

10. november 2014

Amy Lawrence: Invincible (2014)

Sesongen 2003/04 var, i alle fall for oss Arsenal-supporterar, ein sesong utan like. Arsenal gjekk gjennom heile ligaen utan eit einaste tap, og spelte tidvis fabelaktig fotball. For eit halvt år sidan las eg ei heller hjelpelaus bok om den sesongen, det har lett for å verta mange klisjear og lite ull. Likevel, då eg høyrde om denne boka, var det heller opplagt at eg ville ha ho. Ein ting er at Amy Lawrence, som vanlegvis skriv for The Guardian, er ein framifrå journalist og skribent; ein annan ting er at boka er basert på intervju med dei aller fleste som var involverte i det gladåret.

At ho har intervjua fotballspelarar er sjølvsagt ikkje det same som at det kjem gullkorn etter gullkorn. Det er nok av ureflekterte fotballspelarar der ute, og det finst òg døme på fotballspelarar som vart skjerma frå media, av di dei var tilnærma stokk dumme. Slik er det ikkje med desse, i alle fall ikkje alle. Fleire av dei kjem med gode analysar av kva som skjedde, mange av dei har humor, og det er tidvis ein fryd å lesa. Desse kampane vart spelte før eg vart far, slik at eg såg dei fleste av kampane på fjernsyn, og det var merkeleg korleis minna kom tilbake. Ein av kampane Lawrence skriv mest om er heimekampen mot Liverpool, som eg følgde på ein uvanleg måte (for meg): Eg var i London, men fekk ikkje billett, og såg kampen saman med nokre andre på gata utanfor Highbury, med god utsikt til den øvste delen av North Bank.

Det er altså ei god bok, dette, men samstundes er det noko trist ved det heile. For ti år sidan var Arsenal eitt av dei aller beste laga i verda; i dag er dei knapt nok av dei beste laga i England.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

9. november 2014

Ove Røsbak: Alf Prøysen. Blåklokkeviku og slipsteinsvæils (2014)

Eg var innom det nye Prøysenhuset tidlegare denne veka. Sjølve huset var uferdig, utstillingane deira er ikkje ferdige før til sommaren, men me snakka ein del om Alf Prøysen. Eg såg litt av filmen dei viser om han, var innom i Prøysenstua (der Prøysen vaks opp), og fekk lyst til å vita meir om mannen. Vegen var ikkje lang til museumsbutikken, der denne biografien låg framme.

Boka kom fyrste gong ut i 1992, men er no revidert og oppdatert. Det er ei bok som utvidar respekten eg har for Prøysen, sjølv om alt ikkje er like godt i boka. Det vert mange repetisjonar, spesielt om korleis Prøysen hadde sympati med dei svake i samfunnet, korleis han heile tida var knytt til husmannsplassen han vaks opp på, korleis han var nær knytt til mora, korleis han var familiekjær, og korleis han hadde eit lyrisk talent nesten utan sidestykke.

Røsbak er god når han skildrar dei fyrste leveåra, og best når han skildrar dei siste. Då hadde Prøysen budd lenge i Nittedal, men to-tre år før han døydde kom han oftare attende. Ein gong var han i heimtraktene ei god veke, vitja gamle kjenningar, og opplevde heime-naturen på nytt. Her er altså Røsbak god, men han er ikkje like god elles. Ting som ser viktige ut vert nemnde i ei bisetning, medan andre ting og episodar dvelar han lengre ved. Boka er bygd opp strengt kronologisk, kanskje hadde ho vorte betre om han hadde sortert litt, og skrive samla om dei ulike sidene til Prøysen. Altså sider som diktaren, songaren/artisten, prosaforfattaren, fjernsyns- og radiomannen, og evt. familiemannen og alt det der.

Guffen er lunken.

6. november 2014

From Dusk till Dawn (1996)

Hm. Eg var litt overraska over at filmen var såpass gamal som 1996. Då budde eg i Bergen, og såg det meste som gjekk på kino - eg trudde at grunnen til at eg ikkje hadde sett denne var at han var langt ferskare, og at "kinoen" i Volda ikkje viste han. Midt i filmen slo det meg at eg truleg droppa å sjå han, av di eg må ha skjønt av omtalen at dette var langt på sida av det eg likar.

Den fyrste halvdelen av filmen er grei nok. George Clooney og Quentin Tarantino spelar to kriminelle brør, som etter å ha drepe nokre politifolk prøver å koma seg over grensa til Mexico. Den fyrste kvinna dei tek som gissel vert drepen, og dei kidnappar i staden ein prest og dei to borna hans, som er på ferie i ein bubil. Dei kjem seg over grensa, og køyrer til ein bar litt utanfor hovudvegen, der dei to brørne skal møta den meksikanske kontakten sin.

Så langt er det altså greitt. Det er mykje vald, men det er godt laga, det er spanande, og det er passeleg humoristisk. Men etter ei stund inne på baren viser det seg at baren er full av vampyrar, og den siste halvdelen av filmen er ein kamp mot desse. Og det skal vera veldig godt laga for at eg ikkje skal missa interessa, og denne filmen er ikkje veldig godt laga.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

5. november 2014

John Lydon: Anger Is an Energy (2014)

John Lydon gav for rundt tjue år sidan ei bok om livet i Sex Pistols. Denne boka er langt meir omfattande, og langt meir reflektert - her skriv han om heile livet sitt. Han er ikkje lenger den som skal slengja drit i alle retningar, her er han til dømes langt meir positiv i omtalen av Glen Matlock, den fyrste (og siste) bassisten i Sex Pistols. Lydon har alltid vore god med ord, og her er mange gode uttrykk, mange gode setningar, og mange gode historier. Ein av dei beste er frå 1987. Taxien Lydon sit i står fast i bilkø i London. Paul og Linda McCartney kjem ut frå ein butikk, ser taxien, spring bort til bilen og bankar på ruta: "John! John! It's me, Paul!" Lydon veit ikkje heilt kva han skal gjera, og ropar til drosjesjåføren at han må koma seg vekk, og svinga inn på ei sidegate. Drosjesjåføren gjer det, medan han mumlar "Bleedin' hell, I've seen it all now". Ein annan god historie er då Lydon og kona skal fly frå London til USA, men ligg så dårleg an med pakkinga at dei, ein time før flyavgang, endrar billettane til dagen etter. Flyet dei skulle vore på vart sprengt over Lockerbie.

Sjølvbiografiar skapar ofte inntrykk av at forfattaren er viktigare enn han kanskje er. Lydon/Rotten er ein av dei viktigaste i musikkhistorien, som vokalist i Sex Pistols, det viktigaste punkebandet, men alt han har gjort etter det har ikkje vore like viktig, slik ein kan få inntrykk av når ein les boka. Det er greitt, og det er òg greitt at Lydon har mange (uskrivne) reglar han lever livet sitt etter: Det er ekstremt viktig for han å styra sitt eige liv. Det er ekstremt viktig at folk er ærlege og modige; dei andre har han ikkje tid til. Familien er ekstremt viktig for han; både familien han vaks opp i, og den (barnlause) familien han har no, saman med kona Nora i California. Han skriv eit par stader at han håpar at han døyr fyrst av dei ho, sidan han ikkje skjønar korleis han kan klara seg utan ho.

Det er ei underhaldande bok, som likevel av og til går på tomgang. Han skriv godt om Sex Pistols, både fram til dei vart oppløyst i 1978, og om gjenforeiningane. Om det andre bandet sitt, PiL, skriv han ikkje like godt, der er han meir oppteken av å prøva å få fram at dei òg er eit fantastisk band. Det kunne dei vera, men er det langt frå alltid.

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (fjernsynsserie, 2022)

2. november 2014

12 Years a Slave (2013)

Ein Oscar-stauett er ei rar utmerking. Av og til går prisen til filmar som fortener det, filmar som kan hentast fram att mange gonger, og mange år etter at dei fekk prisen. Av og til går prisen til møl som dette.

Det er heilt fint med filmar som peikar på det forferdelege med slaveriet. Det er heilt fint med filmar som tek eit standpunkt, og som vil påverka dei som ser på. Det er òg heilt fint med filmar der skodespelet er godt. Men det er ikkje heilt fint at det er omtrent det einaste ved filmen. Då vert det jo kjedeleg, slik tilfellet er med denne filmen.

Me er i 1841. Solomon Northup er ein framifrå fiolinist, som bur i staten New York. Han er ein fri mann, men på ein konserttur til Washington DC vert han kidnappa og selt som slave. Me følgjer livet hans på ein plantasje i sydstatane, heile tida vel vitande om at filmtittelen røper at han vert sett fri att. I filmen er nokre kvitingar snille, nokre er onde, osb. Det er ikkje originalt i det heile, diverre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1. november 2014

Fahrenheit 9/11 (2004)

Ja, eg veit at Michael Moore fekk mykje kritikk etter denne filmen, og at han vart skulda for å endra faktiske hendingar, og for å gje Bush og administrasjonen hans skulda for ting dei kanskje ikkje kan skuldast for. Men det er likevel ein fin film, og det meste i filmen stemmer.

Utgangspunktet er greitt - Moore går rett inn i noko av det mest kontroversielle Bush var innblanda i. Ved presidentvalet i 2000 måtte røystene i Florida teljast på nytt, men høgsterett stoppa omteljinga, og det opphavlege resultatet, som gav sigeren til Bush vart ståande. Svært mykje tyder på at det var feil, og det var òg mykje kluss med røystesetlane. Men kjennskap og venskap, indikerer Moore, gjorde at omteljinga vart stoppa, og Bush vart president.

Kjennskap og venskap er òg sentralt vidare i filmen. Kvifor fekk mange i bin Laden-familien forlate USA i dagane etter 11. september? Kvifor gjekk Bush til angrep på Irak, som ikkje hadde noko med 9. september å gjera - var det berre for å fullføra det faren ikkje greidde der? Var det berre for å sikra at folk i det inste nettverket til Bush skulle tena usømelege mengder dollar?

Moore bruker dei verkemidla han er kjent for - det er mykje humor, men utover i filmen vert filmen tristare og tristare. Der er mange intervju med soldatar i Irak, som ikkje skjønar kvifor dei er der, og som (forståeleg nok) heller ikkje trivst med å ta livet av ungar. Det er intervju med foreldre som har mist ein son i Irak, og som gradvis har skjønt at heile Irak-invasjonen vart gjort på oppdikta premiss. Weapons of mass destruction, anyone?

Guffen tilrår.

Meir Moore på kulturguffebloggen
Bowling for Columbine (2002)
Capitalism. A Love Story (2009)
Where to Invade Next (2015)

Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)

Det er berre ein knapp månad sidan eg skreiv at Joy Division er eitt av dei banda eg les kva som helst om. Her er endå ei ny JD-relatert bok, men dette er absolutt ikkje kva som helst. Den røynde (og solide) skribenten Jon Savage har saman med Deborah Curtis, som var gift med Ian Curtis, samla tekstane hans i ei bok. Det seier seg sjølv at det er solide saker.

Ian Curtis var vokalisten i bandet, og var den som prega bandet mest. Han var veldig synleg på scena, dels av di han hadde ein intensiv, nesten magisk måte å dansa på, dels av di han hadde epilepsi, og fleire gonger fekk anfall på scena. Men han var òg veldig synleg utanfor scena, tekstane hans var på eit heilt anna nivå enn tekstane til andre band på den tida. På den tida vil seia dei siste av 70-åra; bandet vart starta etter ein av Sex Pistols-konsertane i Manchester i 1976, og vart berre betre og betre. Heilt til Curtis tok livet sitt i mai 1980.

Dei andre i bandet har fleire gonger sagt at dei i ettertid ser at tekstane til Curtis var djupt personlege. Dei tenkte aldri over det medan han levde. No er det uråd å lesa tekstane utan å tenkja på dei konfliktfylte siste åra hans - han var gift og hadde ei ung dotter, og sleit med å godta at han ikkje greidde å ta det ansvaret som følgde med på kjøpet. Han hadde eit nært forhold til ei belgisk kvinne - sjølv seier ho at det berre var platonisk, andre tvilar på det. Men alt dette sleit på han, og ein av dei sterkaste tekstane hans (og ein av dei sterkaste Joy Division-songane), "Love Will Tear Us Apart", ser ut til å handla om dette. Andre tekstar fortel om eit sinn med store vanskar. I "Isolation" skriv Curtis "But if you could just see the beauty / These things I could never describe", og det minner litt om korleis Olav H. Hauge omtala stemmene i hovudet sitt, det han kalla "den andre mannen". Hauge var både redd for og glad i den andre mannen, slik verkar det òg som om Curtis er. I "Dead Souls" er han ikkje glad i det han høyrer - "Someone take these dreams away / That point me to another day / A duel of personalities / That stretch all true realities / That keep calling me / They keep calling me".

Curtis skreiv ikkje berre om indre konfliktar. Dei eldste tekstane er fulle av referansar til krig, til militæret og til vald, men dette vert tona ned med åra. Det er dei siste tekstane som er dei beste, og det gjer tapet endå verre. Kor gode tekstar kunne han ikkje skrive viss han hadde levd lenger?

Den siste halvdelen av boka er full av kopiar frå notatbøker. Dei som les kvart einaste ord der (og det gjorde ikkje eg) finn tidlege versjonar av tekstar, og tekstar det aldri vart noko av. Så kjem det nokre faksimilar av tidlege intervju, det kjem nokre plakatar, og nokre fanbrev han fekk. Ein heilt grei måte å fylla ut boka på, men ikkje noko meir.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)