31. august 2014

Viv Albertine: Clothes Clothes Clothes Music Music Music Boys Boys Boys (2014)


Eg har aldri høyrt mykje på The Slits. Dei vart danna i London i 1976, og i alle fall i haldningar var dei inspirerte av punk. Musikken deira minte lite om annan musikk frå London på den tida, det var meir originale trommer, det var ein tidvis reggae-inspirert bass som aldri kvilte, det var ein gitar som ofte berre utfylte dei andre, og - det som minte mest om den andre musikken - det var ein aggresiv vokalist. The Slits var eitt av dei fyrste banda der alle medlemmene var kvinner (heilt fram til trommeslagaren Palmolive slutta, i alle fall).

Viv Albertine var gitarist i bandet. Ho deler boka i to, men den fyrste delen kan like gjerne delast i to, den òg, slik at boka vert tredelt. Delen i midten, der ho fortel om livet i The Slits, er den beste. Opningsdelen, som handlar om oppveksten hennar er meir på det jamne, medan avslutninga, der ho fortel om resten av livet sitt, er altfor lang og keisam.

Ho er svært frittalande. Ho skriv mykje om sex, og ho skriv mykje om eigne sjukdomar og problem. Det er greitt nok, men ho skriv òg mykje om folk som har stått ho nær, både vener og medmusikantar og kjærastar. Ho har rett nok endra nokre av namna, men likevel opplever eg det som om ho går for langt fleire stader.

Guffen er lunken.


Hjalmar Johansen; Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)

Eg har lese mykje polar-litteratur i sommar, merkeleg nok. Dette vert den siste på ei stund, men det er ikkje fordi boka er dårleg. Eg las dagbøkene til sydpolfararen Olav Bjaaland for nokre veker sidan, og Johansen skriv både betre og meir detaljert enn Bjaaland. Sjølv om han vart vraka frå sydpolpartiet, etter å ha fortalt ekspedisjonsleiar Roald Amundsen kva han meinte om leiarstilen hans.

Den episoden står sentralt i boka. Amundsen var desperat etter å verta fyrstemann på polpunktet, og la ut frå Framheim minst ein månad for tidleg. Dei snudde, og på heimvegen var det meir kappløp enn lagarbeid. Amundsen var ein av dei fyrste som kom attende til Framheim; Johansen tok seg av ein som var frostskadd, og dei to kom til Framheim mange timar etter dei andre, etter ein altfor lang dag med altfor lite mat. Fram til den episoden er Johansen den som får dei viktigaste oppgåvene; etter episoden snakkar knapt Amundsen med han.

Det påverkar skrivinga til Johansen, men ikkje lenge. Samstundes som dei fem polfararane når Sydpolen, er han og to andre på ein kortare ekspedisjon til eit anna område, og i skrivinga derfrå vert det tydelegare enn nokon gong: Johansen treivst godt i polare strok.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)

23. august 2014

Monty Python Live (Mostly): One Down, Five to Go (2014)

Monty Python er ei av dei store komikargruppene. Dei var originale, dei var nyskapande, og dei var løgne. Fyrst i fjernsynsserien Monty Python's Flying Circus, seinare i fem filmar. Den siste av desse kom i 1983.

Sjølvsagt var det ofte snakk om reunionar, i alle fall fram til ein av dei seks, Graham Chapman, døydde i 1989. To eller tre eller fire av dei samarbeidde om ulike prosjekt, men ingen greidde å samla alle dei fem attlevande. Heller ikkje prosjekt som var initierte frå ein eller fleire av dei fekk bifall frå dei andre.

Heilt fram til det i 2013 vart kjent at dei fem skulle på scena att. Det var rimeleg eksklusivt - dei skulle gjennomføra eitt show, i London. Frå minnet - dei 20 000 billettane vart selt ut på eit minutt eller to, og dei sette opp fleire show. Og her er me omsider framme med poenget: Eitt av desse vart viste på NRK nokre månader seinare.

Dei er gamle menn no, sjølvsagt. Dei har bikka sytti, så dei mest fysiske sketsjane deira går ut. Her er ikkje nokre silly walks, men her er mykje anna. Den verbale humoren sit som eit skot. Sjølv om det samla sett er ei ujamn framsyning, er det tidvis aldeles glimrande. Det kan minna litt om ein revy, det er ei lett blanding av sketsjar, songar, filmar og animasjon, og av og til kjem det eit titals songarar og dansar innom. Det meste av materialet er frå fjernsynsserien og frå filmane deira, men noko er henta frå andre stader (som musikalen Spamalot). Nokre manus er endra, som då to dommarar etter ein lang dag i retten drøftar arbeidsdagen, før ein av dei spør den andre om han hadde noko med Cleese-skilsmissa å gjera. Publikum (og eg) ler, før han andre svarar: "Which one?" Og me ler litt til.

Timinga deira er framleis framifrå. Dei køddar med alt og alle, opningssekvensen viser eit bilete av Chapman, og det biletet vert sendt ut på ein lite heidrande tur gjennom universet. Dei køddar det meste, og sjølv om det i dag er langt vanlegare å kødda med religion og sex, var det heilt på kanten rundt 1970. Av dei fem verkar det som om Idle er oftast på scena, men det kan vera eit feil inntrykk.

Guffen tilrår.

Meir Monty Python på kulturguffebloggen
The Meaning of Life (1983)

20. august 2014

Per Petterson: Ekkoland (1989)


Debutromanen til Petterson er ei fin barneskildring. Tolv år gamle Arvid er på ferie i Danmark; saman med foreldra og systera vitjar han besteforeldra. Gjennom tolv litt frittståande kapittel gjer han det tolvåringar gjer - han gjer ting litt på eiga hand, han gjer ting saman med foreldra, han skjønar ikkje alt som skjer, men prøver så godt han kan.

Det siste er noko av det beste med boka. Det kjem små hint om at alt ikkje er som det skal vera, der er noko som ikkje er heilt godt mellom alle dei vaksne, men sidan heile boka vert sett gjennom Arvid, er det ikkje alt me får med oss, me heller.

På nivå med dei nyaste bøkene til Petterson er ikkje Ekkoland, men det er ei heilt grei bok.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Det er greit for meg (1992)
I kjølvannet (2000)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)

17. august 2014

Helga Flatland: Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010)

Dette er den fyrste boka i ein glimrande trilogi, der eg las bøkene i litt feil rekkjefølgje. Det har ikkje så mykje å seia, dei tre bøkene er relativt frittståande.

Tre gutar frå ei lita bygd vervar seg til å kjempa i Afghanistan, der dei alle tre vert drepne av ei bilbombe. Flatland gjer mykje meir enn å fortelja om kva som hende. Ho let fleire røyster tala - i denne boka snakkar to av gutane, og to andre frå bygda. Boka handlar mest om oppveksten til gutane, om korleis dei prøver å finna eit eige rom i ein tynt busett fellesskap prega av primærnæringar. Kor stor plass er det til dei som er annleis?

Fellesskapen mellom dei tre er òg i hovudsak bygd opp rundt det at dei gjekk saman på skulen. Dei verkar ulike, men tek dei kameratane dei får. På same måte som andre i bygda har dei løyndomar, nokre kan dela desse med nokre få, andre held dei heilt for seg sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Flatland på kulturguffebloggen
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011)
Det finnes ingen helhet (2013)
Vingebelastning (2015)

14. august 2014

Stephen Davis: Hammer of the Gods (2008)

Sex and drugs and rock'n'roll. Det var det livet i Led Zeppelin handla om, i den rekkjefølgja. I tillegg til pengar, sjølvsagt, som var det aller viktigaste. Og sjølv om både bandet og dei som stod dei nærast var frå England, var det i USA dei verkeleg kunne utfalda seg. Her stod damene i kø, det same gjorde dealarane, og bandet gjekk frå fest til fest. Og av og til spelte dei ein konsert, og av og til var dei i studio.

I alle fall er det hovudinntrykket etter å ha lese denne boka. Davis har god kjennskap til musikken deira, men er langt meir interessert i å skriva om meir eller mindre truverdige historier. Det er drikking og damer, slik det er for dei aller, aller fleste band på det nivået, og dei vert styrte av ein så til dei grader kompromisslau manager, som ikkje kvir seg for å bruka vald når noko eller nokon går han mot.

Ein av grunnane til at dette vaset kjem i vegen for musikken er at den assisterande manageren, Richard Cole, er ei av hovudkjeldene til Davis. Cole var vill, men han verkar òg som ein som dyrkar denne villskapen, og som ein av desse som gjerne smør ekstra tjukt på. Det vert for mykje av dette, det er grenser for kor mange gonger det er spanande å lesa om alle damene dei hadde gåande på gras i Los Angeles, som vart den amerikanske heimbyen deira, og andre stader i verda.

Davis kan òg musikk, men vert for faktabasert når han skriv om det feltet. Han ramsar opp setlister frå konsertar, han går gjennom songane som er med på platene, men gjer ikkje mykje meir enn det. Eg, som ikkje har noko stort forhold til bandet i det heile, saknar meir inngåande analyser av musikken deira, og korleis den utvikla seg over tid. Davis verkar altså meir interessert i å skriva om korleis dei utanom-musikalske aktivitetane deira endra seg over tid.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

12. august 2014

Owen Beattie & John Geiger: Frozen in Time (2004)

Eitt av måla for oppdagingsreisande utover på 1800-talet var å kartleggja Nordvestpassasjen - ei sjørute nord for det amerikanske kontinentet. Dette ville gjera trafikken mellom Europa til Asia (og det vestlege Amerika) lettare - ein såg glatt vekk frå at den viktigaste grunnen til at ein ikkje fann denne ruta var at havet der nord ofte var frose året rundt. I 1845 sende Storbritannia ut ein svært mannsterk ekspedisjon, under leiing av Sir John Franklin. Han var kjend i området, og sidan dei hadde med seg alt av tipp topp moderne utstyr, rekna ein med at no skulle dei endeleg greia det.

Dei greidde det for så vidt, men dei betalte ein altfor høg pris. Samtlege 129 om bord på dei to skipa døydde. I tiåra etter leita rundt 25 ekspedisjonar etter dei, og sjølv om dei fann mange spor, fekk dei aldri svar på kvifor alle mista livet. Eskimoane i området fekk spørsmål om dei visste noko, og svara deira var ikkje av dei lystigaste - fleire meinte å ha sett prov på at ekspedisjonsmedlemmane hadde så stor matmangel at dei til slutt åt delar av dei daude kameratane sine for å overleva.

Det vart funne menneskerestar fleire stader, og det vart funne mange gjenstandar frå skipa. To funn var verkeleg interessante: Ein handskriven lapp i ein varde, med korte tekstar frå to ulike tidspunkt: I mai 1847 var alt vel; i april 1848 var 24 menn døde, og stemninga var heilt annleis. Og tre gravsteinar på den vesle øya Beechey Island. I Canada, der øya ligg langt mot nord, er minnet om ekspedisjonen framleis sterkt, og Owen Beattie var ein av dei som ville koma til botnar i kva som hadde skjedd. Han var (og er, for alt eg veit) professor i forensic anthropology, som minner lite om norsk antropologi - han var ekspert på å undersøkja lik.

I boka fortel Beattie om ekspedisjonen, om leiteaksjonane, og om korleis han sjølv gjorde fleire turar til området. Han finn ut at han må grava opp dei tre lika, og den siste halvdelen av boka handlar om dette. Det er ei fascinerande forteljing, sjølv om han av og til vert litt for oppteken av å skildra rutinar og detaljar i funna. Konklusjonen hans? Det var det moderne utstyret som knekte dei. Dei var klar over at dei kunne unngå skjørbuk viss dei hadde med seg fersk mat, så eitt av matlagera var fulle av hermetikk. Det var ein ny framgangsmåte, og han som leverte boksane hadde brukt bly då han lodda boksane saman. Blyet seiv inn i maten - alle døydde av blyforgifting.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)

Frode Grytten: Vente på fuglen (2014)

Twitter er det einaste sosiale mediet eg bruker jamleg. Den viktigaste grunnen er å halda seg oppdatert på store og av og til mindre store hendingar, å få tips om interessante artiklar eller nettsider, og å finna noko å le av. Eg går heller fort lei av dei som bruker Twitter til å skriva litterære tekstar, men Frode Grytten var unntaket. Eg fekk tidleg tips om Twitter-prosjektet hans, og såg etter kvart fram til den daglege kortnovella hans. Han avslutta skrivinga etter 539 meldingar, men dei ligg der framleis, for dei som vil lesa. Dei som heller vil lesa dei i bokform kan kosa seg med eit utval på om lag 200 i denne boka.

I alle novellene er dei omtalte personane anonyme. Så godt som alltid fekk me vita alderen deira, og i boka er novellene sortert etter alderen til dei det handlar om. I alle fall i utvalet er det ei overvekt av unge menneske, men alderen er oftast underordna. Mange av novellene kunne ha handla om personar med ein heilt annan alder enn den aktuelle.

Det er ei finfin bok. Det er eit ambisiøst prosjekt å få så mykje inn i så korte tekstar, men Grytten viser styrke, og greier det på ein imponerande måte. Mange av novellene er morosame, nokre er triste, dei fleste er varme. Han skriv om folk som er forelska, om folk som ikkje er det, folk som ser framover eller tilbake, folk som har det bra og folk som ikkje har det bra, og det er svært få av novellene som bommar heilt. Det er ei bok om livet, rett og slett.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Flytande bjørn (2005)

Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Sånne som oss (2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)

11. august 2014

Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann, Historien om Oscar Wisting (2011)

Roald Amundsen var ikkje den enklaste å samarbeida med. Han kom ofte på kant med folk, både dei han samarbeidde med, og dei han fekk stønad frå. Oscar Wisting var den som heldt ut lengst - han var med til Sydpolen i 1911, gjennom Nordaustpassasjen i 1918, på forskingstokt med Maud 1921-25 (der Amundsen rett nok berre delvis var med), og med luftskip til Nordpolen i 1926. Saman med Amundsen var han altså den fyrste som var på begge polpunkta.

Der var tre viktige grunnar til dette. Wisting var i god form. Han var ein dyktig handyman, som fann løysingar der det måtte til. Og han var ekstremt lojal. Ein av grunnane til det kan ha vore at han hadde bakgrunn frå marinen, og at han difor var godt van med å følgja ordrane til ein overordna.

Wisting hadde altså eit spanande liv, og det er difor dumt at han har fått ein så dårleg biografi som denne. Boka gjev eit greitt innblikk i livet til Wisting, men ikkje meir enn det. Og mykje manglar. Wisting var 39 år då Fram la ut mot Sydpolen; dei 39 åra gjer Hansen seg ferdig med på tre sider. Ofte manglar det datoar; det kjem til dømes ikkje klart fram kva dato Wisting døydde. Språket i boka er hjelpelaust, og det er fullt av klisjear. Det vert altfor opplagt at Hansen kjem frå Horten, heimbyen til Wisting, og at han sjølv har vore knytt til marinen. Kan han nemna bynamnet, eller nemna at ein omtalt person har vore med i marinen, gjer han det. Dette kjem best fram i det malplasserte og altfor lange kapitlet "Marinens rolle i norsk polarhistorie" (som like godt heiter "Horten i polarhistorien" i innhaldslista). Der bruker Hansen nesten 27 sider på å gå gjennom alle frå marinen som har vore med på norske polarekspedisjonar. Og det er jo opplagt at ei bok som dette burde hatt kart over områda handlinga er henta frå.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir polar på kulturguffebloggen
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)

10. august 2014

Alex Ogg: Dead Kennedys. Fresh Fruit for Rotting Vegetables, The Early Years (2014)

Av alt eg har skrive gjennom åra kan det aller dårlegaste ha vore noko eg skreiv om Dead Kennedys. Saman med Håvard og Arnfinn laga eg fanzina Til folkets beste, og til det fyrste nummeret, sånn omtrent i 1983, ville eg skriva om Dead Kennedys - eit band eg ikkje visste spesielt mykje om. Det vart omtrent éi A5-side, med mykje svada spunne rundt dei tre-fire faktaopplysningane eg hadde plukka opp ein eller annan stad.

Hadde eg lese denne boka før eg skreiv den artikkelen, kunne mykje vorte annleis. Ogg fortel historia om DK fram til debut-LPen vart utgjeven, og han gjer det på ein glimrande måte. Han har snakka med alle han bør snakka med - dei fire i bandet (pluss han femte som var med i bandet før plata kom), andre som var med på innspelinga, sentrale personar i punk-miljøet i San Francisco, og frå ein brite som vart blodfan av bandet på den fyrste konserten deira i England, og haika rundt i Storbritannia for å få med seg alle konsertane på turneen.

Dead Kennedys var eitt av dei aller viktigaste amerikanske punkbanda, og det var eit band fullt av indre motsetnader. Dette er tydeleg også i dag; for plussminus ti år sidan fekk dei tre musikantane i bandet med seg ein ny vokalist, og spelte ei rekkje konsertar. Det gjer dei framleis, til vokalist Jello Biafra si store fortviling. Ogg skriv at det tidvis var dårleg stemning mellom Biafra og gitaristen East Bay Ray også før bandet vart oppløyst, og det er svært tydeleg i intervjua han har gjort. Dei er djupt usamde om kven som gjorde kva, og det kjem godt fram korleis Biafra var den som ville tøya grensene, medan dei andre var langt mildare. Ingen av dei andre likte namnet på bandet, til dømes, men etter at Biafra hadde fortalt store delar av miljøet i San Francisco at bandet heitte Dead Kennedys, gjekk dei motviljug med på det. Dei var òg skeptiske til mange av tekstane hans, men også det fekk passera.

Boka er finfin. Ogg skriv godt og innsiktfullt, og sjølv om eg gjerne skulle ha lese også om resten av historia til bandet, gjerne heilt fram i dag, fungerer det heilt greitt med den avgrensinga han gjer. Han sympatiserer mest med Biafra, men det verkar som om det er det rette å gjera. Boka har ei rekkje illustrasjonar - fascinerande nok er her likevel ikkje noko foto der heile bandet er samla. Der er nokre konsertfoto der ein eller to eller tre er med, men aldri alle fire (eller fem). I tillegg er bilete av plateomslag, plakatar og dei mange kollasjane Biafra og/eller Winston Smith laga.

Guffen tilrår.

9. august 2014

Tomas Espedal: Brev (2005)

Også i denne boka går Tomas Espedal tett innpå seg sjølv. Til liks med Dagbok er boka skriven i tida etter at kona hans døydde, og det pregar innhaldet. Her er fem-seks bolkar i boka, og dei to fyrste av desse ser i alle fall ut til å handla om ho som er død. Den andre av desse er skrive som eit brev frå henne; den fyrste, som òg er den lengste i boka, handlar òg om Espedal sin fascinasjon for slåsskampar. I ungdommen dreiv han med boksing, sterkt inspirert av far sin, og han slåst òg i andre samanhengar.

Dei andre bolkane, eller breva, handlar om andre personar som har stått forteljaren nær. Det er som vanleg freistande å lesa Espedal sine bøker sjølvbiografisk, og det er ikkje tvil om at han hentar mykje av stoffet frå sitt eige liv, men samstundes er det viktig å ha i tankane at det er skjønnlitteratur han skriv. Og også brevskrivarar står sjølvsagt fritt til å redigera det dei fortel - eit brev er ikkje den heile og fulle sanninga.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbook (epitafer) (2003)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)

Olav Bjaaland: Sydpolsekspedisjonen 1910-1912 (2011)

Olav Bjaaland var ein av dei fire som nådde Sydpolpunktet saman med Roald Amundsen i desember 1911. Samtlege skreiv dagbok frå turen, og til hundreårsjubileet gav Frammuseet ut alle desse dagbøkene.

I litteraturen om denne ekspedisjonen vert Bjaaland oftast omtala som ein uvanleg god og uthaldande skiløpar, som såg på turen frå Framheim til polpunktet som ein relativt vanleg skitur. Det best kjende sitatet frå denne dagboka er det han skriv etter at dei har nådd målet for turen: "Her er slet som paa Morgedalskjønni og godt skiføre". Dette vert gjerne sett opp mot det Robert Scott skreiv ein månad seinare (sitert etter minnet: "This is a godforsaken place"). Utsegna til Bjaaland må oppfattast litt annleis etter å ha lese dagboka. Ein ting er at han rett før ramsar opp ei rekkje kjende frå heimbygda Morgedal, og at han tenkjer på korleis dei ville reagert om dei viste kvar han var, altså at han har Morgedal endå meir i tankane enn elles; ein annan ting er at han ikkje har det så godt på turen. Det er ein del klaging, over kulde, over hundar, over svolt, og han er glad då han endeleg kan reisa frå Antarktis. "Farvæl daa Framheim og is og sjo og sæl og kraake og alt. Du var lonefull og lei og kall iblant, men bære end eg venta".

Bjaaland skriv som oftast på dialekt. Eg tippar at han ville ha brukt nynorsk viss han hadde lært det i skulen; ein stad står det om ein "maaldesput", der han skriv noko om at han "stind aleine med alle imot meg". Som regel er det greitt å skjøna kva han skriv, men akkurat det avsnittet er eitt av dei verste å forstå.

Det er ei relativt knapp dagbok, eg kan ikje ha brukt stort meir enn ein time på å lesa henne. Bjaaland hadde med seg fotoapparat på turen, det var han som tok det vidgjetne biletet der dei fire andre står på Sydpolen og ser på flagget som vaier over teltet, og i boka er det ei lang rekkje bilete. Desse er av ulik kvalitet, men er likevel minst like interessante som teksten. Turen Bjaaland skriv om er godt kjend, men eg har ikkje sett så mange bilete frå sjølve turen innover mot polen.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)

7. august 2014

Willy Vlautin: Northline (2008)

USA likar å framstilla seg som The Land of Opportunities, men for hovudpersonen i denne boka er både notida og framtida relativt dyster. Allison Johnson har så vidt bikka tjue, men har ikkje fått gjort så mykje anna i livet enn å ikkje fullføra highschool, drukke ein del alkohol, hatt ein valdeleg høgrevridd kjærast (som overtalte ho til å tatovera inn eit hakekors på ryggen), gå frå den eine dårleg betalte jobben til den andre, og å adoptera vekk den nyfødde ungen sin.

Då ho vert gravid, flyktar ho frå kjærasten i Las Vegas til Reno, ein annan by i Nevada. Livet i Reno vert ikkje mykje betre, sjølv om slutten av boka er ørlite optimistisk. Ho har fått seg ein ny kjærast, og har to jobbar der ho tener greitt, men framtida er likevel ikkje spesielt lys. Ikkje minst av di gamlekjærasten veit kvar ho bur, og sender brev til ho der han seier at han snart kjem på besøk.

Boka gjev eit svært godt innblikk i korleis Allison har det. Livet hennar er ei grei blanding av desperasjon og løgn. Er ho åleine kjem dei tunge tankane ho berre kjem seg ut av ved å fantasera fram samtalar med skodespelaren Paul Newman; er ho saman med andre dekkjer ho over det verste, og pyntar i staden på alt i tilveret.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
The Motel Life (2006)
Lean on Pete (2010)
The Free (2014)

5. august 2014

William Gay: Provinces of Night (2001)

For ei bok. Gay gav berre ut fem bøker, men absolutt alle er fabelaktige. Han skriv uvanleg godt, og boka er òg suverent oppbygd. Dialogane i boka er strålande, og her er meir humor i desse enn det eg kan hugsa frå tidlegare.

Som vanleg er me på landsbygda i Tennessee, og som vanleg møter me folk som ikkje har faste jobbar. Forteljinga krinsar rundt familien Bloodworth. I alle dei tre generasjonane har nokon gjort noko kriminelt. Det er ikkje berre små brotsverk, her er minst tre mord. Bestefaren, E.F., kjem attende til heimstaden etter tre-fire tiår der han har livnært seg som musikar, og vert ikkje teken mot med opne armar. Den eine sonen, Brady, kjøper ei campingvogn han kan bu i, og set henne opp så langt frå bustadhuset sitt som råd. Den eine i slekta som har mykje kontakt med bestefaren er Fleming, ein gut i tenåra som er heilt annleis enn dei andre. Han les bøker, han tenkjer, han vil gjera noko heile anna enn dei, og prøver heller å byggja bruer enn å brenna dei.

Fleming vert etter kvart hovudpersonen i boka, men ikkje ein altfor dominerande hovudperson. Boka er full av fascinerande karakterar. Dei fleste kjem ut i vanskelege situasjonar - nokre greier å ordna opp på lovleg vis, andre på ulovleg vis, nokre få greier det ikkje i det heile.

Og det heile vert altså fortalt på meisterleg vis. Eg koste meg gjennom heile boka. Gay skriv altså godt og poetisk, men det tek nokre sider før ein vert van med dei lange og av og til rart oppbygde setningane hans. Det einaste triste er det eg har vore inne på før - Gay var nesten seksti år då han gav ut debutboka si, så det var ikkje mange bøkene han gav ut. Det er litt tungt å oppdaga ein så finfin forfattarskap, og så brått vera gjennom alt saman. Eg tippar det ikkje tek altfor mange år før eg les bøkene hans om att.

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Little Sister Death (2015)

Capitalism: A Love Story (2009)

Filmane til Michael Moore handlar om ting som har gått gale med det amerikanske samfunnet. Denne er ikkje noko unntak; her ser han på korleis den gjennomgåande dyrkinga av kapitalismen gjer at skilnadene i landet vert større og større. Dei rike er ekstremt rike, dei rike har ekstremt mykje makt, og dei rike gjer kva som helst for å tena meir pengar. Alt dette trugar demokratiet, seier Moore (og fleire han snakkar med), men det mest påfallande er likevel at folket ikkje bruker demokratiet til å gjera endringar.

Det er ein trist film, utan den humoren som kjenneteiknar Moore når han er på topp. Her er knapt nok noko å le av i det heile. Filmen sluttar rett nok optimistisk - etter å ha vist ein tale frå 1945, der Franklin D. Roosevelt seier han vil grunnlovsfesta ei rekkje grunnleggjande rettar som t.d. arbeid, medisinsk hjelp, utdanning, viser han gledesscenene etter at Obama vart valt til president. FDR døydde før han fekk gjennomført grunnlovsendringa si, som nesten ville vore jamgodt med ein revolusjon, og Moore vonar at Obama vert den som endeleg får dette gjennom.

Guffen tilrår.

Meir Moore på kulturguffebloggen

2. august 2014

Neil Young & Crazy Horse (Koengen, Bergen, 1.8.2014)

Eg får meir og meir sans for Neil Young. Dette var andre gong eg var på konsert med han; då eg såg han fyrste gong (Kalvøya 1996) hadde eg maks éi eller to av platene hans. No har eg rundt ti, trur eg. Det er mykje eg likar med Young, men noko av det beste er haldninga hans. Den kjem godt fram gjennom tekstane hans, som gjerne er altfor tydelege, men det kjem òg godt fram på konsertar som denne. Eg har ikkje vore på mange liknande konsertar, altså konsertar der eldgamle heltar står på scena, men ser føre meg at det er langt meir publikumsfrieri viss t.d. Rolling Stones står på scena. Young seier ikkje eit ord mellom songane; den einaste gongen han seier noko direkte til publikum er når han heilt til slutt seier "Thank you, guys", og går av scena.

Det er langt viktigare for han å kommunisera med dei andre musikantane. Biletet over er ikkje spesielt godt, det er vel heller ikkje spesielt skarpt, men det får fram eit viktig poeng: Young og dei tre i Crazy Horse står tett saman midt på den store scena, og der held dei seg omtrent heile tida. I staden for å bruka det store scenerommet trekkjer dei seg heller tettare saman. I alle fall i dei lange instrumentalpartia, der Young gjerne står ein halvmeter frå den andre gitaristen, Frank Samprero, og spelar saman med han. At det står rundt 10 000 klissvåte publikummarar og høyrer på ser ut til å vera mindre viktig. (For publikum var klissvåte - mot slutten av settet til dei aldeles forferdelege oppvarmarane The Waterboys kom det ei regnbyge som til og med i Bergen må ha gjort inntrykk. Det var stikk i strid med alle meldingar; ingen var optimalt kledde, og alle vart våte. Eg gjekk i hettegenser og kortbukse, og togturen attende til Voss, der eg var framme rundt halv to, var ei sur oppleving.)

Setlistene til Young er samla på nettet, så eg visste omtrent kva som kom. Det såg ut til å verta få songar eg kjende godt, og altså få av favorittane mine, men det gjorde ingenting. Young har så mange songar å velja mellom at det er heilt greitt å verta kjend med nokre nye. Den store (og positive) overraskinga var at han drog fram "Tonight's the Night", som saman med "Heart of Gold" vart høgdepunkta for meg. Den siste songen var den andre av to songar han gjorde heilt åleine, berre med kassegitar; den andre var skuffande nok "Blowin' in the Wind". Tekstmessig passa den godt inn med dei andre, slik Børge sa midt i "Who's Gonna Stand Up and Save the Earth?" - mange av tekstane verka som innlegg på landsmøtet i Natur og Ungdom. At verda går til Helvete var eit tema som kom att i mange av songane.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

1. august 2014

Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)

Dette er det fyrste bandet i Cleng Peerson-trilogien til Hauge, og det handlar om tida fram til Peerson reiser til USA i 1821. Saman med Knut Eide skulle han undersøkja tilhøva der, på oppdrag frå ei gruppe kvekarar som var religiøst undertrykte i Stavanger. Eide døydde etter kort tid i USA, medan Peerson med tida vart rekna for far til norsk utvandring.

I romanen er det Peerson som fortel, og me møter ein person som verkar skapt for å vera far til utvandringa. Han er rastlaus, alltid på reisefot, han er eventyrlysten, han kjem i kontakt med folk overalt, han er språkmektig, og svært lojal mot folk rundt seg. Han har òg dårlege sider - han drikk tidvis for mykje, og han kvir seg ikkje for å gifta seg for pengar (sjølv om det ikkje går heilt etter planen). I boka reiser han over heile Rogaland, og også til andre stader i Noreg og utlandet.

Hauge skriv i eit føreord at han har lagt vekt på at det han skriv om skal vera historisk korrekt, men at det er ein roman han har skrive, slik at boka ikkje kan lesast som ei hsitoriebok. Det er likevel det historiske som gjer at boka vert litt tung i sessen. I tillegg til å fortelja om Peerson står det mykje om bakgrunnen for at kvekarrørsla kom til Stavanger, og om kva som skilde dei frå andre trussamfunn. Det dreg ned tempoet i boka, og gjer at spesielt den siste delen vert keisam.

Guffen er lunken.

Meir Alfred Hauge på kulturguffebloggen
Gå vest - (1963)
Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Ungdom (1977)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)