27. juni 2014

Limelight (1952)

Dette er ein av dei siste filmane Charlie Chaplin laga, passande nok. Filmen handlar om ein komikar ingen vil ha lenger, og som lever (omtrent) frå hand til munn. Tida har gått frå han. Han kan framleis vera morosam, men folk vil ha noko anna. Han er best utan ord.

Det er nærliggjande å leggja noko sjølvbiografisk i filmen, hadde det ikkje vore for at Chaplin er stor i denne filmen. Tida har absolutt ikkje gått frå han. Det er ikkje så mykje å le av, det er ikkje komikaren Chaplin som briljerer her - han viser seg som ein svært habil skodespelar. Det er ikkje før i den briljante sluttscena, der han står på scena saman med Buster Keaton, at han verkeleg skapar noko å le av.

Filmen opnar med at han avvergar eit sjølvmordsforsøk. Ho han reddar er ei dansarinne, som ikkje har fått til noko. Ho kjem til hektene att i leilegheita hans, og vert etter kvart ein kjend dansar. Dei snakkar mykje om mangt, men oftast snakkar dei om livet, og kor unikt det er. Her er det den røynde mannen som snakkar, og han kjem med ein grip dagen-filosofi. Du har berre eitt liv, du har berre ein sjanse - gjer det beste ut av det.

Guffen tilrår.

Curb Your Enthusiasm, sesong 3 (2002)

Det er ikkje den heilt store utviklinga frå den førre sesongen, men det er framleis stort og originalt nok til at eg storkosar meg. Larry David spelar seg sjølv, og han er frittalande og vel så det. Han oppfattar mange situasjonar feil, han tolkar utsegner feil, og vert som regel den som sit att med svarteper.

Den gjennomgåande historien i denne sesongen er at David og fem-seks andre har kjøpt ein restaurant. Dei planlegg alt mogeleg, men det som som regel går gale er tilsetjinga av ein kokk. To-tre potensielle kokkar forsvinn, anten av eigen vilje, eller av di David ikkje vil ha dei der. Restauranten vert opna, og det går heller bra, sjølv om kokken dei til slutt tilset ikkje er utan svake sider.

Det er meir humring enn høglydt latter frå meir side, men det er heilt greitt. Episodane er som regel glimrande oppbygde, og denne improviseringa er òg frisk og fin.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)

20. juni 2014

Kjetil Bragli Alstadheim: Republikken Norge (2014)

Dette var fornøyeleg lesnad. Alstadheim er sjølv overtydd republikanar, og dei fyrste tre fjerdedelane av boka viser han gong på gong kor meiningslaust det er at Noreg framleis er eit monarki. Same kor mykje han leitar, greier han ikkje å finna eit einaste prinsipielt argument for at denne anakronismen lever vidare - monarkistane kjem aldri lengre enn å snakka om kjenslene knytt til kongefamilien, å snakka om den samlande rolla kongefamilien hadde under krigen, osb.

Forsvaret for monarkiet er altså knytt til personar. Det er altså personane som var kongar der og då som er grunnen til at folk likar monarkiet. Viss Haakon VII hadde døydd før krigen, ville ting truleg vore annleis - kronprins Olav hadde ei heilt anna haldning til Hitler-Tyskland, og var ikkje klar for å forlata landet i 1940. Ville ein annan konge enn Olav V tek trikken for å gå på ski under oljekrisa?

Han tek livet av minst éi myte (den om at det var folkerøysting om monarkiet i 1905), han harsellerar glimrande om ordensvesenet, han peikar på korleis det noverande kronprinsparet prøver å vera både folkeleg og opphøgde frå folket. Det er ein fryd å lesa det han skriv, og med litt flaks kjem det ei utvida utgåve om nokre år, der han òg skriv om dette privatskulevaset.

Til slutt kjem det eit kapittel der han prøver å visa korleis ein norsk republikk kan sjå ut. Det er det svakaste kapitlet, og han verkar ikkje heilt sikker på korleis denne republikken skal vera, han heller. Gjennom heile boka bruker han intervju med nokre stortingsrepresentantar, og republikanarane blant dei får ikkje fram kva slags rolle ein norsk president skal ha.

Guffen tilrår.

Gategutter (1949)

Eg er generelt skeptisk til norsk film, men denne var langt betre enn eg trudde. Handlinga er lagt til Oslo i 1920-åra, og me møter ein gutegjeng på austkanten. Alle har draumar, men ingen har pengar. Det mest spanande dei gjer er å stela kokos frå passerande lastebilar.

Dei er i konflikt med sjåførar, dei er i konflikt med politiet, dei er i konflikt med bedrifts- og butikkeigarar, og dei er (til ei viss grad) i konflikt med foreldra. Sjølv står dei samla, og solidaritet er eit nøkkelomgrep i heile filmen. Ein av gutane er ein sosialistisk agitator, som på kveldane går rundt og mobiliserer til aksjonar, eller går rundt og åtvarar mot streikebryteri.

Filmen har altså ein gjennomgåande sympatisk bodskap. Står dei saman, går det bra med dei. Her er jamt over godt skodespel, god filming, og det heile vert framført på ein høgst truverdig austkantdialekt.

Guffen tilrår.

18. juni 2014

Sigmund Skard og Åse Gruda Skard: Menneske vi møtte (1985)

Eg likar bøker som denne. Her er korte artiklar om folk forfattarane har møtt. Nokre personar er kjende for meg, andre ukjende. Nokre artiklar er gode, andre gonger hoppar eg frå midten av ein artikkel til den neste.

Dei to forfattarane var aktive på ulike samfunnsområde. Begge var knytte til Universitetet i Oslo; Sigmund Skard som professor i amerikansk litteratur, Åse Gruda Skard som dosent i psykologi. Dette pregar utvalet av tekstar - ho skriv mest om psykologar og pedagogar; han skriv mest om forfattarar og målmenn.

For meg er den siste gruppa den mest interessante, det er der det står om folk eg har høyrt om, og som eg gjerne lærer meir om. Men fleire av dei andre artiklane var òg gode, dels av di Åse Gruda Skard vert meir personleg enn ektemannen er i sine.

Guffen tilrår.

Meir Skard på kulturguffebloggen
Sigmund Skard: Amerikanske problem (1949)

9. juni 2014

Ragnar Hovland: Alltid fleire dagar (1979)

Om sommaren hentar eg ofte fram bøker eg har lese for lenge sidan, av ein eller annan grunn. Dette er debutboka til Hovland, som eg las for ti-tolv år sidan. Ikkje uventa var ho litt annleis enn eg hugsa ho.

Det er ein oppvekstroman. Eg-personen veks opp i ein fjord ikkje altfor langt frå Bergen. Saman med dei tre kameratane Silver, Miki og Bell finn han på dei vanlege sprella, fram til dei flyttar på hybel for å gå realskule. Deretter skil dei lag, men held stort sett fram med dei vanlege sprella kvar for seg. Eg-personen reiser att og fram mellom bygda og byen; når han er i byen arbeider han stort sett som pianist på hotell eller restaurantar.

Boka er ikkje akkurat prega av ein debuterande forfattar som famlar seg fram. Her er svært mykje ein kjenner att i dei seinare bøkene til Hovland, ikkje minst dei originale og treffsikre uttrykka han bruker. Eg trur ikkje det er mange andre som kunne skrive "Det blei eit kjøligare drag i lufta, som når ein flokk pingvinar flyg forbi", eller "Silver hadde eit uttrykk i ansiktet som fekk han til å minne om eit syltetøyglas".

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

8. juni 2014

Barney Hoskyns: Across The Great Divide (2003)

The Band var eit rart band. Dei var lenge kjende som backingband, fyrst for Ronnie Hawkins, så for Bob Dylan. Debutplata deira, Music From Big Pink, kom i 1968, og året etter kom ei anna kanonplate, The Band. Eg er ikkje nokon stor kjennar av bandet, men ut frå denne bandbiografien verkar det som om platene deira vart gradvis dårlegare, heilt til avskilskonserten i 1976.

Denne boka følgjer omtrent same kurva, sånn målt i interesse. Sekstiåra vert godt skildra, der dei fem musikantane haustar røynsle, hovudsakleg i USA, før dei slår seg ned i Woodstock. Stordomstida er det òg spanande å lesa om, men parallelt med at platene vert dårlegare verkar det som om Hoskyns misser interessa - den siste helvta av boka er ikkje altfor inspirert.

The Band var fem glitrande musikarar, fire frå Canada og ein frå sørstatane i USA. Dei var alle multiinstrumentalistar, og då dei budde saman i eit stort og rosa hus i Woodstock skapte dei ein ny musikksjanger. Etter kvart vart gitaristen Robbie Robertson den sentrale i bandet - han skreiv så godt som all musikk og alle tekstar, og han var òg den visjonære av dei fem, men bandet var likevel utan frontfigur. Sjølv song han svært få av songane; hovudvokalen vart delt mellom tre av dei andre.

Hoskyns har gjort ein grundig jobb, men det vert altså litt livlaust utover i boka. Han burde òg ha brukt mindre plass på platene deira; han går gjennom desse song for song, og i lengda vert det for repeterande. Og han burde absolutt korta ned kapitlet som handlar om tida etter at bandet vart oppløyst. Men den fyrste delen av boka er svært god, der han følgjer dei fem fram til gjennombrotet.

Guffen tilrår.

Meir Hoskyns på kulturguffebloggen
Hotel California (2006)
Lowside of the Road. A Life of Tim Waits (2009)

Taxi Driver (1976)

New York, New York. I denne filmen er New York verkeleg byen som aldri søv. Drosjesjåføren Travis Bickle køyrer mest om nettene, og han køyrer gjerne til dei meir belasta delane av byen. Der er det dop, vald, prostitusjon, og andre sider av samfunnet ein gjerne ikkje ser i dagslys.

Bickle vil køyra drosje av di han likevel ikkje får sova om nettene. Grunnen til det kan vera at han tidlegare kjempa i Vietnam, og at han var i krig der kan òg vera forklaringa på at han gradvis tippar heilt over. Han kjøper seg våpen, og etter å i siste liten ha droppa å skyta ein presidentkandidat, prøver han å redda ein barneprostituert frå helvetet ho er fanga i. Det greier han, etter å ha teke livet av nokre folk rundt ho.

Det er ein glimrande film. Robert DeNiro spelar hovudrolla - han er med i så godt som kvar einaste scene i filmen, og gjer (ikkje uventa) det strålande. Scenene der han køyrer gjennom New York-natta, der han ser neonlysa gjennom ruter med regn på, er fine. Han verkar som ein som ikkje passar heilt inn, merkeleg nok - han viser jo at han er i stand til å gjera kva som helst, men samstundes verkar det som om han berre ser alt saman frå utsida.

Guffen tilrår.

3. juni 2014

On the Waterfront (1954)

I 1988 var eg innom ein filmfestival i Colorado. Skodespelaren Karl Malden var æresgjest, og etter visinga av denne filmen var det ein runde med spørsmål og svar. Malden var smilande og høfleg, men eg er usikker på korleis han eigentleg hadde det. Minst tre fjerdedelar av alle spørsmåla handla om korleis det var å spela inn film saman med Marlon Brando.

På ein måte er det forståeleg. Brando er stor i denne filmen, som ein ung hamnearbeidar som ikkje likar måten mafiasjefen hans styrer kontrollerer heile hamna. Men Malden er stor han òg, i rolla som ein prest som prøver å få arbeidarane med på å boikotta mafialeiaren.

Brando vert dregen i minst to retningar. Han vil vera lojal mot mafiaen, der bror hans har ei nøkkelrolle, men han vert òg dregen mot Edie, syster til ein mann som vart drepen av mafiaen. Utan at han visste det, fekk Brando ei sentral rolle i det mordet. Han vert kalla inn til retten, og seier det han veit. Det er ein flott film, med godt skodespel, og med delikate bilete filmen gjennom.

Guffen tilrår.

Kurt Vonnegut: Breakfast of Champions (1973)

Dei to hovudpersonane i denne boka har ikkje spesielt mykje felles. Dwayne Hoover er ein relativt velståande bilseljar; Kilgore Trout skriv science fiction-bøker nesten ingen les. Trout vert invitert til ein festival i heimbyen til Hoover. Hoover les ei av bøkene til Trout, og vert via boka overtydd om at han er den einaste i verda som har ein fri vilje - alle andre er maskiner. Han går berserk, og skadar mange av folka rundt seg.

Trout slepp unna, men møter forteljaren i boka. Det er mykje å le av i boka, men denne sekvensen er den beste. Forteljaren må overtyda Trout om at at han berre har dikta han opp, og sender han i alle himmelretningar for å prova dette.

I det heile er det altså mykje å le av i boka, men det er òg mykje alvor. Vonnegut skildrar eit land og ei verd som er i ferd med å gå til pisis. USA er eit land der ingen et sunt, der rasismen lever og har det bra, der alle køyrer bil og forureinar, der fjernsyn er det viktigaste av alt, og så bortetter.

Guffen tilrår.

Meir Vonnegut på kulturguffebloggen
Slaughterhouse five (1968)
While Mortals Sleep (2011)