29. mai 2014

Andrew Mangan og Andrew Allen: Together (2014)

Arseblog er den einaste bloggen eg les omtrent dagleg. Mangan, som stort sett skriv alt der, har eit rikt språk, har ei god forståing av fotball, har originale observasjonar, og er passeleg nøktern. Der andre gjerne tek av, i den eine eller den andre retninga, held han seg som oftast på beina.

Denne boka har han skrive saman med Andrew Allen. Boka handlar om ein Arsenal-sesong for historiebøkene; i 2003/04 gjekk dei gjennom ligaen utan eit einaste tap. Dei hadde eit storlag på den tida, på fire sesongar vann dei fem trofé, og burde ha vunne endå fleire.

Måten dei har løyst boka på er skuffande. Dei går gjennom sesongen kronologisk, kamp for kamp, og bruker altfor mykje tid og plass på å referera kampar og sitera frå intervju før og etter kampane. For meg vert dette for lite ambisiøst. Dei burde heller prøvd å forklara korleis det var mogleg, dei burde gått lengre inn i rollene spelarar og andre hadde - dei burde rett og slett teke lesarane meir på alvor, og gjeve oss noko å strekkja oss etter. Visst er det stas å mimra om ein slik gladsesong, men likevel.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

26. mai 2014

Tomas Espedal: Dagbok (epitafer) (2003)

Å lesa Tomas Espedal er alltid stort. Han har så stor kontroll over språket, det ser alltid ut som om han har funne dei retta orda og den rette uttrykksmåten, slik at eg rett som det er tenkjer at akkurat denne sida, akkurat dette avsnittet, var så godt som perfekt.

Boka er sett saman av ei rekkje korte tekstar. Som vanleg ser mykje ut til å vera sjølvbiografisk. Dei to hovudemna han skriv om er nærleiken til bøker og litteratur, og tap. Det siste er det som dominerer, han skriv om ein periode då han miste to av dei kvinnene som stod han nærast - si eiga mor, og mor til dei to døtrene hans. Kanskje det er desse tapa som gjer at han igjen søkjer tilflukt i bøkene, men berre kanskje. Det er i alle fall det han gjer, sjølv om han lever i den verkelege verda, trivst han òg svært godt i bøkene: "Jeg skulle virkelig ønske det var mulig å bo i litteraturen".

Etter at eks-kjærasten hans døydde sit han att med eineansvar for dei to døtrene. Nokre av dei finaste tekstane i boka handlar om dagleglivet mellom dei tre. Han er ein god far, han gjer det fedre skal, men samtidig er han glad når dei to døtrene går på skulen, slik at han kan vera åleine, og gjera det han likar best - lesa, og skriva. Det same tek seg opp att om kvelden - når døtrene endeleg har sovna kan han igjen setja seg ved skrivebordet. Dei to døtrene går likevel ikkje i vegen for han, og det skin tydeleg gjennom kor glad han er i dei.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)
Elsken (2018)
Lyst (2022)

25. mai 2014

The Magnificent Ambersons (1942)

Orson Welles regi-debuterte med meisterverket Citizen Kane i 1941, og året etter kom dette filmen. Nivåskilnaden på dei to filmane er så stor at det av og til er utruleg at dei er laga av same mann. Der historia i Kane vert fortalt på ein eksemplarisk måte, vert historia her fortalt meir i rykk og napp. Det verkar overflatisk, filmen går aldri i djupna.

Og det skal ikkje Welles ha skulda for. Han laga ein versjon på godt og vel to timar. Denne fekk lunken mottaking på prøvevisingar, og sidan kontrakten hans sa at filmselskapet hadde rett til å kutta i filmen han leverte frå seg, kutta dei litt. Og litt til. Og litt til. filmen som vart vist på kinoar var nesten ein time kortare enn filmen Welles hadde laga, og det er tydeleg. Kva som er fjerna veit eg ikkje, men det som står att er ei rimeleg tradisjonell historie.

Einebarnet George veks opp i ekstrem overflod. Han har ingen andre ambisjonar enn å gifta seg med den finaste jenta i byen, og leva på pengane bestefaren, major Amberson, har tent. Mor til George gifta seg aldri med ungdomskjærasten sin, men etter at ho vert enkje, tek dei opp att forholdet. Det likar ikkje George, men han prøver å vera respektfull, sidan gamlekjærasten til mora er far til jenta han drøymer om.

Filmen har godt skodespel, glimrande filming, flott dialog med mange solide aforismar, passeleg med samfunnskritikk, men det heile heng altså ikkje heilt saman. Kor god eller dårleg den opphavlege versjonen var får me aldri vita; delane som vart klipt vekk vart seinare kasta.

Guffen er lunken.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

18. mai 2014

Christopher Nielsen: Metamorfose (2014)

Det var teikneserieteiknaren Christopher Nielsen eg fyrst merka meg, men han har etter kvart òg gjort gode ting i heilt andre kunstuttrykk. Eg har likt det han har gjort for fjernsyn og film; teaterstykka hans har eg ikkje sett, men dei har fått god omtale. Dette er debutromanen hans, og også her kjem han godt frå det.

Science fiction er ein sjanger eg sjeldan er innom. Handlinga her er lagt til eit år som ikkje ligg altfor langt unna, 2030. Evita, ei nitten år gamal jente, gjer alt for å verta berømt, utan at ho har hellet med seg. Ho prøver det nye dopet metamorfose, som lovar å gjera draumar til røyndom. Det skjer òg, men fyrst etter at ho har levd gjennom livet sitt på nytt, og denne gongen skjer oppveksten langt ute på landet, langt unna heimbyen Oslo. Ho vert ein superkjendis, men berre så lenge effekten av dopet varer.

Boka skildrar eit samfunn som ikkje verkar så bra. Det er dystert, det er myrkt, og det som framleis er verdiar i dag er ikkje verdt noko som helst. Alt handlar om å verta sett, alt handlar om å verta kjent. Dei som vil opp og fram må, i langt større grad enn i dag, vera viljuge til å gjera kva som helst for å nå måla sine.

Det kunne altså vore triste og seriøse greier, dette, men det er det ikkje. Nielsen er jo ein stor humorist, og her er fleire gode og komiske scener. Det som er endå meir gledeleg er språket. Boka er skriven i dagboksform, der nittenåringen skriv svært munnleg. Det er mykje slang, det er mykje lissom, og det er mange engelske ord og uttrykk - utan at ho beherskar engelsk i det heile, noko som kjem svært klart fram i intervjuet ho gjer med ei klona utgåve av Oprah Winfrey.

Guffen tilrår.

13. mai 2014

Willa Cather: My Ántonia (1918)

Denne romanen las eg for mange år sidan, då eg tok engelsk mellomfag. Eg hugsar boka som fin, men ikkje stort meir enn det. Eg las noko om ho i ei avis for litt sidan, og fann ut at eg ville lesa ho om att. Det angrar eg ikkje på, det er ei langt finare bok enn eg trudde.

Eg-personen i boka, Jim Burden, vart sendt til besteforeldra i Nebraska som ti-åring (omtrent), sånn ein gong rundt 1870-1880. Dei bur langt ute på prærien, og naboane deira, ein familie frå Bohemia, har nett slått seg ned der. Jim vert kjend med dei, spesielt med den litt eldre jenta Ántonia. Mange tiår seinare tenkjer han tilbake på forholdet deira, og skriv ned det han hugsar. Dei har lenge god kontakt, men etter at han flyttar til det austlege USA for å studera, misser dei kontakten. Den siste delen av boka handlar om ein gong han vitja ho og familien hennar - han er då ein velståande advokat, medan ho bur ikkje så langt frå farmen ho vaks opp på.

Han skriv altså det han hugsar. Kva me hugsar og kva me tek med oss er eit gjennomgåande tema i boka. For Ántonia og familien hennar er livet dei forlot i Bohemia eit tema dei stadig vender tilbake til; etter at Jim og Ántonia har flytta til den nærmaste byen tenkjer dei ofte tilbake på livet på prærien.

Dei fem delane i boka kjem i kronologisk rekkjefølgje, og for kvart hopp i tid er det tydeleg at samfunnet har endra seg. Den fyrste delen er den beste, med ei rekkje gode skildringar av livet på prærien, og av korleis pionerane greidde å skapa seg liv. Boka viser altså korleis USA endra seg i tiåra rundt sist hundreårsskifte, og kan godt lesast som ei bok der ein lengtar tilbake til det enkle, men vanskelege, livet pionerane hadde.

Guffen tilrår.

Meir Cather på kulturguffebloggen
O Pioneers! (1913)
Death Comes for the Archbishop (1927)

Sopranos, sesong 5 (2004)

Det er ikkje mange fjernsynsseriar eg ser frå opning til slutt. Den eg har likt best dei siste åra er Mad Men, men den tapte seg merkbart frå sesong fire til sesong fem. Eg har òg sansen for Sopranos, og med denne femte sesongen greier dei noko Mad Men ikkje greidde - å halda koken oppe gjennom fem sesongar. Dette er framleis veldig bra.

Det er mykje av det gamle, sjølvsagt. Tony Soprano er sjef for ein mafiafamilie i New Jersey, og rundt han kokar det. Kona hans har kasta han ut. Han slit med psyken. Han møter motstand både frå eigen og andre familiar. Nokre av dei som står han nærmast i mafiaen slit òg, og det er ein sesong med minst to uventa drap.

Men det er òg noko nytt. At han og kona ikkje er på talefot er ein ting, og det ordnar seg utover i sesongen. Det som ikkje ordnar seg er syskenbarnet hans, Tony Blundetto, som kjem ut etter fleire år i fengsel. Denne Tony-en er spela av Steve Buscemi, og han er det alltid ein fryd å sjå. Tony B veit ikkje heilt kva han vil, men går etter kvart inn i mafiaen igjen. Med vekslande hell.

Tilhøvet til andre mafiafamiliar tilspissar seg òg, dels på grunn av handlingane til Tony B. Det problemet ser òg ut til å løysa seg, heilt på slutten av siste episode, men om det er ei varig løysing anar eg ikkje enno. Med dei lyse sommarkveldane rett rundt hjørna er det fare for at eg ikkje finn det ut før til hausten igjen. Viss eg greier å venta så lenge.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 6 (2006-07)
The Many Saints of Newark (2021)

10. mai 2014

Michel Houellebecq: The Map and the Territory (2010)

Eg er ikkje nokon storforbrukar av franske bøker eller filmar. Denne boka, som har fått mykje skryt, gav ikkje akkurat meirsmak. Tidvis er det bra, men hovudinntrykket er at det er stilleståande, av og til heilt på grensa til keisamt.

Jed Martin er ein kunstnar som fyrst vert berømt etter å ha stilt ut fotografi av kart, og som seinare vert veldig berømt (og veldig rik) etter å ha måla portrett av kjende personar. Martin er ein lite spanande person, han lever eit stilleståande liv. Omtrent dei einaste gongene han forlet leilegheita si er når han skal snakka med galleristen sin, med den døyande far sin, og når han reiser til Irland (og seinare til ein annan by i Frankrike) for å møta forfattaren Michel Houellebecq, som har takka ja til å skriva ein tekst til ein utstillingskatalog.

Den siste delen av boka handlar om eit brutalt mord på Houellebecq, og det er denne delen som er best. Kvifor det er slik veit eg ikkje, kanskje det rett og slett kjem som ein lettelse at det endeleg vert litt fart i handlinga.

Guffen er lunken.

9. mai 2014

American Graffiti (1973)

Dette var ordinære greier, trass i at det er mange store namn med. Filmen er regissert av George Lucas, og produsert av Lucas og Francis Ford Coppola, men det er vanskeleg å sjå kvifor dei har brukt tid på dette. Det er langt mellom dei originale grepa, det er heller slik at filmen nesten prøver å vera så lik andre filmar frå same periode som råd.

Det er seint ein seinsommardag i 1962. Eit par av ungdommane skal flytta frå småbyen dagen etter, for å studera, og filmen handlar om denne siste kvelden ungdommane har saman. Dei køyrer rundt i gatene, dei et litt burger og drikk litt cola, nokre kliner litt, og så godt som alle prøver å vera meir spanande enn dei er. Det er ingenting å le av, det er ingen dramatikk å følgja med på.

Her er mange obligatoriske element - flotte bilar, usikre ungdomar, ein nerd med tjukke brilleglas, eit drive-in gatekjøken, ein skuledans, osb. Det er omtrent slik at det einaste som er bra med filmen er delar av musikken.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

6. mai 2014

Barney Hoskyns: Hotel California (2006)

I andre helvta av 1960-åra drog California til seg fleire og fleire musikarar. Mange slo seg ned i San Francisco, andre i Los Angeles. Det danna seg eit aktivt musikkmiljø rundt klubben The Troubadour, og mange av musikarane budde i Laurel Canyon, ein litt avskjerma dal relativt sentral i byen. Sentrale i dette miljøet var Neil Young, Joni Mitchell, Jackson Browne, Crosby, Stills og Nash, Gram Parsons, The Byrds, The Eagles, og mange fleire.

Nokre av desse gav ut strålande plater i desse åra; for andre var dette den mest kreative perioden. Grupper vart danna, dei vart oppløyst, og musikarane prøvde nye konstellasjonar. Nokre fekk stor suksess, og dette var ein av grunnane til at heile miljøet rakna, eller i alle fall at det stagnerte musikalsk, midt i 1970-åra: Dei store inntektene gjorde at dei som alt var for høge på seg sjølv vart endå meir sjølvsentrerte. Det, kombinert med altfor store mengder kokain, og ei manglande evne til å ta inn over seg at det skjedde mykje spanande andre stader i musikkverda.

Ein av dei som kjem ut av boka med heva hovud er Neil Young. Den gamle bandkameraten hans, David Crosby, er ein av dei som får verre og verre omtale, han framstår meir og meir som ein stormannsgal narkoman, som er herskar i sitt eige land.

Det er ei bok som gapar over litt for mykje. Her er mange gode anekdotar, og fleire finfine skildringar både av musikk og personar, men det vert etter kvart for mange personar å halda styr på. For meg, som berre har eit nært forhold til nokre av dei som vert omtalte, vert dette kanskje endå tydelegare enn for andre, men eg trur Hoskyns ville tent på å avgrensa talet på dei han skriv om.

Guffen er lunken.

Meir Hoskyns på kulturguffebloggen
Across The Great Divide (2003)
Lowside of the Road. A Life of Tim Waits (2009)

4. mai 2014

Stand By Me (1986)

Fire gutar, sånn rundt ti-tolv år, legg ut på ein dagstur utanom det vanlege. Ein av dei høyrde den eldre broren sei at han hadde funne liket av ein sakna gut, men at han ikkje kunne fortelja nokon om det, sidan han var ute og køyrde ein bil han hadde stole. Dei fire finn ut at dei vil finna liket, både av di dei ikkje har sett daude personar før, men òg av di dei vil ha den merksemda som ville følgt med det.

Dei må gå nokre mil for å koma dit. På vegen opplever dei små og store eventyr - sinte hundar, igler, ville dyr - og sidan dei stort sett går på jernbanelina må dei òg passa seg for toget. Verst er det at den eldre broren har fortalt kameratane sine om liket likevel, slik at dei to gjengane kjem fram til liket omtrent samstundes.

Det er ein fin film. Samhaldet mellom dei fire gutane er uvanleg fint presentert, der dei vekslar mellom nære samtalar og godsinna erting. Historia har ei kort rammehistorie, der ein av dei, ein forfattar, les at ein av dei andre er død, som fører til at han skriv om akkurat denne turen.

Guffen tilrår.

Curb Your Enthusiasm, sesong 2 (2001)

Dette er bra, sjølv om det er sjeldan eg ler høgt og lenge. det er mykje humring, det er endå meir smiling, og eg vert svært ofte imponert over korleis episodane er bygde opp. Små detaljar tidleg i episodane kan få ein sentral plass mot slutten, og vera det som på høgst uventa vis hevar ein god episode til ein svært god ein.

Der den fyrste sesongen var heilt frittståande episodar, er det denne gongen ein relativt gjennomgåande historie. Larry David vil tilbake til fjernsynsverda, og prøver fyrst å få med seg Jason Alexander på ein serie basert på George frå Seinfeld. Serien skal handla om livet etter serien, der Alexander heile tida vert teken for å vera George. Det skjer seg mellom dei to, og David tek ideen vidare til Julia Louis-Dreyfus. Det går litt betre, dei får napp hjå to selskap, men det skjer seg med begge, ser det ut til.

Guffen tilrår.


Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)