26. april 2014

Donnie Eichar: Dead Mountain (2013)

1959, Uralfjella i dåverande Sovjetunionen. Ni studentar har ikkje kome tilbake frå ein fjelltur i eit isolert fjellområde, og det vert organisert leiteaksjonar. Etter tre dagar med leiting finn dei teltet deira. Dagen etter finn dei fire døde personar, ei veke seinare finn dei ein til, og to månader seinare vert dei fire siste funne. Det er altfor mykje som ikkje stemmer, dei er utan sko og delvis utan klede (i tjue minusgrader), tre av dei ser ut til å ha vore utsett for sterke slag, teltet deira er skore opp frå innsida, ei av dei manglar tunga si, og nokre av dei ser ut til å vore utsett for radioaktiv stråling. Mange meir eller mindre fantastifulle teoriar vert kasta fram, men ingen greier å finna ei truverdig forklaring.

Den amerikanske film- og fjernsynsmannen Donnie Eichar vert fascinert av historia, og vil finna ut kva som eigentleg hadde skjedd. Han kjem fram til, med støtte av professorar og forskarar, at dei var på rett stad til feil tid. Heilt tilfeldig slo dei opp teltet sitt på ein stad som var skapt for eit sjeldan verfenomen: Når det kom sterk vind frå ei bestemt retning, kom det tornadoliknande kastevindar nedover fjellsida, samstundes som sterk infralyd fekk både natur og kroppar til å skjelva ukontrollert. Dei må ha fått panikk, storma ut av teltet og sprunge mot nærmaste buskas. Der var forholda meir normale, men midt på natta var dei ute av stand til å finna igjen teltet sitt, og sjølv om fleire av dei prøvde å tenna bål å varma seg ved, var dei sjanselause.

Forklaringa hans verkar meir truverdig enn dei andre som vert kasta fram, ikkje minst av di dei var så langt til fjells at ingen andre kan ha vore der, og av di ingenting tyder på at militæret hadde prøveskytingar i området, som kunne ha auka radioaktiviteten. Eichar skal ha ros for at han har funne ei mogleg løysing, men han skal ikkje ha like mykje ros for alt han har skrive. Det han skriv om turen deira, basert på dagbøker og på intervju han gjorde med ein tiande turdeltakar, som snudde nokre dagar før den fatale natta, og det han skriv om leiteaksjonane er heilt greitt. Men innimellom dette kjem det nokre altfor lange kapittel om to turar han sjølv gjorde til området. Her vert det altfor tydeleg at han ikkje anar noko om korleis ein skal oppføra seg til fjells om vinteren, og teksten er òg prega av amerikanske oppfatningar av livet i Sovjet/Russland, oppfatningar som truleg var langt meir utbreidde under den kalde krigen.

Guffen tilrår.

Jan Kallevik: XTRM. Krig i Oslos gater (2014)

Eg var ofte i Oslo i perioden denne boka fortel om, men eg budde der aldri. Etter å ha lese boka vert eg nesten glad for det - det verkar som om gatene i Oslo var langt meir valdelege enn ein skulle tru. Eg hadde aldri kome til å aktivt oppsøkja valdelege situasjonar, men eg kunne godt ha kome borti det. Eg hadde kome til å gå på konsertar som er omtalt i boka, og eg hadde litt kontakt med nokre av dei som er omtalt her. Mellom anna Kallevik sjølv; eg skreiv litt for fanzina Absolute Musique, som han var med på å dra i gang.

Jan Kallevik vart fascinert av skinheads-rørsla, og vart etter kvart leiande i skinhead-miljøet i Oslo. Fleire av desse var oppgitte over at dei vart stempla som nazistar, noko dei slett ikkje var. Mot slutten av 80-åra vart nynazistane meir og meir synlege i Oslo, og miljøet rundt Kallevik fann ut at einaste måten å stoppa dei på var å bruka den same metoden som nynazistane - vald.

Akkurat det er kanskje ikkje så uventa. Det som kjenneteiknar skinheads-kulturen er klessmak, musikksmak, øl, vald, og eit sterkt kameratskap, der du vernar om dine eigne. Over ein tiårsperiode er det stadig trefningar, og i den verste tida, midt i 90-åra, gjekk Kallevik aldri ut utan våpen. Han visste at han når som helst kunne verta angripen. På same måte som han visste at han når som helst kunne få melding om at nazistar var samla ein eller annan stad, og at det vart mobilisert mot dei.

Det er sjølvsagt prisverdig at han og andre stod opp mot nynazistane, og det kan godt henda at Kallevik har rett når han reknar innsatsen deira som avgjerande for at nynazismen aldri vart like stor i Noreg som i Sverige, til dømes. Han fortel om alt dette på ein grei måte, men det vert etter kvart i meste laget med valdsskildringar, og desse vert òg noko daglegdags for Kallevik. Då krigen, som han kallar det, var på sitt sterkaste, var det viktig for begge sider å framstå som så harde og sterke som råd, og den haldninga gjennomsyrer også boka. Kanskje det er det som gjer at Kallevik framstår som ein krevjande person å vera saman med.

Guffen tilrår.

Ragnar Hovland: Ei vinterreise (2001)

Denne romanen er todelt, der begge historiene som er fletta inn i kvarandre er i nær slekt. Begge fortel om ein mann som har eit klart mål, men som er utan kontroll på om han når målet.

Den eine historia, den oppdikta, handlar, slik historier ofte gjer hjå Hovland, om ei reise. Predikanten Lindemann kan ikkje gløyma ei jente han kjende i ungdommen, og vil besøka ho no, fleire tiår seinare, truleg for å sjå om der kan verta noko mellom dei. Han får skyss av Tomas i Dalen, som er den rake motsetninga av Lindemann, og den unge jenta Liv vert òg med på reisa. Tomas i Dalen snakkar heile tida, og er brautete og nærgåande; Liv irriterer seg tidvis høglydt over han, medan Lindemann, som er forteljaren i denne delen, seier lite og tenkjer mykje.

Den andre historia, som ikkje er oppdikta, er utdrag frå ei dagbok Hovland skreiv våren og sommaren 1998. Han har fått kreft, og tenkjer (ikkje uventa) på korleis det vil gå i den komande operasjonen. Han skriv om legebesøk, då sjukdomen vert veldig tydeleg, og han skriv om det han og kona gjer for å tenkja på noko anna, mellom anna to reiser utanlands.

Dei to delane passar saman, samstundes som dei òg ikkje gjer det. Det er store skilje i skrivemåten, historia om Lindemann er klassisk Hovland, med mykje å smila av, med gode replikkar og artige hendingar; dagboka er til tider triviell, der teksten fortel om kva musikk han høyrer på, kva dei et og drikk, og kven som har ringt for å høyra kor det går.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

20. april 2014

Mannen som elsket Yngve (2008)

Det kan godt henda at eg er altfor gamal til å vera i målgruppa for denne filmen, men det var likevel ein film eg kunne kjenna meg godt igjen i. Eg er litt eldre enn personane i filmen, men me hadde mange like opplevingar. Me likte den same musikken, me prøvde oss fram med å spela i band, me var sikre på mykje og usikre på like mykje.

Jarle spelar i eit band som snart skal ha debutkonserten sin. Han er heile tida saman med dei andre i bandet, og med kjærasten sin, og dei har klare reglar for kva som er akseptert oppførsel, kva som er god musikk, osb. Alt dette vert snudd på hovudet då ein ny gut, Yngve, tek til i klassen deira. Jarle vert dregen mot Yngve, og gjer ting som tidlegare ville vore utenkjelege. Han spelar tennis. Han høyrer på Japan. Han vert lettare valdeleg. Han går til sengs med ei anna jente enn kjærasten sin. Og han kliner lett med Yngve.

Alt dette skjer samstundes som muren i Berlin vert riven. Hendingane derfrå vert viste på fjernsyn eit par gonger i løpet av filmen, og grunnen er openberr: Også i livet til Jarle vert det rive murar. For meg er det det filmen eigentleg handlar om, å koma til det punktet i livet der ein gjev ein god i kva som er forventa av ein, og gjer akkurat det ein har lyst til.

Guffen tilrår.

19. april 2014

Tomas Espedal: Biografi (glemsel) (1999)

Ei relativt kort bok, med relativt korte tekstar. Nokon biografi i tradisjonell forstand er det (heldigvis) ikkje snakk om; Espedal gjev oss korte skisser frå ulike stadie i livet. Kven dei andre i desse skissene er er uklart, og ein "han" i ein tekst er ikkje den same som ein "han" i ein annan.

Det er heller ikkje det viktige. Tekstane er finfine. Espedal skriv godt, tekstane er ein fryd å lesa. Nokre tekstar er fulle av komma, der setningane glir av stad; andre stader er det korte setningar, som krev at tekstane vert lesne i eit langt rolegare tema.

Boka har tre delar. Den fyrste ser ut til å handla om barndom og ungdom; dei to neste handlar om ein vaksen forteljar. I den midtre delen nemner han mange forfattarar; andre gjennomgåande tema er reiser, kjærleik og kvinner. Og tap, ikkje minst, det dukkar heile tida opp tekstar der eg-personen saknar noko eller nokon.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Dagbook (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)

15. april 2014

Ingvild H. Rishøi: La stå (2007)

Dette er den fyrste novellesamlinga til Rishøi, og alt her viser ho seg som ein sikker stilist. Novellene er presise, og det heile er skrive i eit knapt og godt språk. Ho skriv om unge folk, og om korleis dei har det med andre folk, anten unge eller gamle. Det kan vera eit forhold som ikkje går heilt opp, det kan vera eit forhold som er vanskeleg. Det er mykje lengting i dei sju novellene.

Novella som gjer mest inntrykk er "Jimmy sa", som òg er den lengste i boka. Jimmy er ein gut som bur saman med mor og syster, og som er såpass mykje yngre enn syster si, og som ser heilt annleis ut enn ho. Han er sikker på at han er adoptert, og gradvis greier han å finna ut at det er slik det er. Og det trur me som lesarar òg, heilt til novella på dei siste sidene tek ei vending som i alle fall for meg var heilt uventa.

Guffen tilrår.

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
Historien om fru Berg (2011)
Vinternoveller (2014)

13. april 2014

Vossa Jazz 2014

Vossa Jazz har liksom aldri heilt vore mi greie. Eg har gått på konsertar der, men sjeldan meir enn ein eller to kvart år - eg har aldri hatt festivalpass, og har heller aldri vore friviljug. Dei konsertane eg har vore på har aldri vore spesielt jazzete, det er jo slik også på denne jazzfestivalen at ein slepper til musikk frå mange ulike sjangrar. I år hadde eg huskort på Park to kveldar. Eg såg nokre konsertar kvar kveld - dette var høgdepunkta:

Stein Torleif Bjella igjen, for andre gong på nokre månader. Då eg såg han i Bergen i januar var eg godt nøgd, men meinte at det var litt for tett lydbilete, og at han med hell kunne ha greidd seg med ein gitarist mindre. Eg reknar ikkje med at Bjella les dette, langt mindre at han tek omsyn til det som står her, men i alle fall: No var den tredje gitaristen vekke, og det vart ein langt betre konsert. Repertoaret var omtrent som sist, her var ingen nye songar, men dei vart framført på ein betre måte, og dei mange påfunna til multiinstrumentalisten Marita Igelkjøn kom betre til sin rett.

Bjella sjølv var i god form. Eg veksla nokre ord med han litt seinare på kvelden, og då meinte han at dei hadde rota litt i nokre av songane. Det var det ikkje råd å leggja merke til, og viss det skulle vera til heft, ville dei uansett ha teke det på sjarmen. Mellom songane var Bjella som vanleg språksikker og presis, og for nokre av oss er det gledeleg å endeleg gå på ein konsert der uttrykket "oppsiktsvekkande lågt gards- og bruksnummer" vert brukt under presentasjonen av musikantane.

Litt seinare på kvelden såg eg Grand General. Her var det ingen underfundige tekstar å gle seg over, her var det berre musikk og ikkje noko anna. Det var tungt, det var tett, og det var fullt av gode lydar. Songane var ikkje alltid like gode, og i den fyrste halvdelen av konserten var det av og til på grensa til kjedeleg. Men den andre halvdelen var ein fest. Songane svinga, det aula av gode riff og påfunn, og musikaliteten var på topp. Ei finfin avslutning på kvelden.

Kvelden etter opna for meg med noko av det samme. Ein ny instrumental time, også denne gongen med Kenneth Kapstad bak trommene. Her, altså i gruppa Møster!, hadde han med seg Motorpsycho-kamerat Snah på gitar, Nikolai Eilertsen på bass, og Kjetil Møster på saksofon. På den timen dei var på scena spelte dei fire songar; tre av dei var solide. Spesielt dei to siste, der Kapstad og Eilertsen la opp ein uvanleg tung og fengande rytmevegg dei to andre kunne leika seg over og inntil.


Høgdepunktet på heile festivalen kom heilt til slutt denne kvelden. Eg har sett Jaga Jazzist fem-seks gonger før, men eg vert stadig like imponert over det dei held på med. Denne gongen var dei ørlite reduserte, sidan Matias Eick hadde gyldig forfall, men det merka ein knapt. Dei er likevel åtte igjen på scena, og dei skapar ein godlyd av ei anna verd. Songane deira opnar gjerne roleg, før det byggjer på seg, og det er stas å sjå korleis dei voggar og svingar og dansar på scena i takt med den aukande intensiteten i musikken. Dei fleste i bandet vekslar mellom ulike instrument, slik at det er stor variasjon i lydane som kjem. Av og til er det rett og slett slik at ein ikkje umiddelbart skjønar kva instrument ein høyrer. At Jaga er eitt av dei aller, aller beste banda i landet har eg sagt før, og eg kan godt repetera det. Fleire gonger stod eg med klump i halsen, ikkje minst under den monumentale "All I Know Is Tonight", som kom som fyrste ekstranummer. For eit band. For ein musikk.

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)

Meir Jaga Jazzist på kulturguffebloggen
USF, Bergen (29.1.16)

9. april 2014

Willy Vlautin: The Free (2014)

Amerikanske soldatar i utlandet. Eit helsestell som ikkje tek seg av alle som treng det. Ein økonomi som har gått til pisis. Ungdomar som kastar vekk liva sine med død og dop. Tusenvis av heimlause. Vlautin er innom mange av desse emna i denne romanen, og han skriv om det på ein uventa måte. Det er ingen store rop eller altfor dramatiske scener her, og det som er av vald har som oftast skjedd rett før hovudpersonane oppdagar det.

For her er fleire hovudpersonar. Ein hjerneskadd krigsveteran prøver å ta livet sitt. Det greier han ikkje, ikkje med ein gong i alle fall, og dei to personane me følgjer tettast er nattevakta på soldatheimen han budde på, og ei sjukesyster på sjukehuset han vert lagt inn på. Rundt desse tre krinsar det fleire personar - mora og eks-kjærasten til soldaten, ei ung jente som vert lagt inn på sjukehuset, sjefen på den andre jobben til nattevakta, og nokre fleire. Og innimellom vert me tekne med inn i nokre draumeliknande sekvensar; for meg verkar dette som noko som skjer i hovudet til soldaten.

Ingen av desse går ei lystig framtid i møte. Mykje skuldast mangelen på pengar; noko skuldast mangelen på ein trygg familie. Optimismen er likevel til stades, noko som ikkje minst vert tydeleg når nattevakta får ein telefon frå eks-kona, som bed han ta over ansvaret for dei to unge døtrene deira. Han har ingen pengar, han har to dårleg betalte jobbar, han bur i ei trong leilegheit, og han veit at han ikkje har råd til å gje den yngste dottera det ho treng av dokterhjelp og medisin.

Så det er eit USA på kanten av stupet Vlautin skildrar. Land of the Free, indeed.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
The Motel Life (2006)
Northline (2008)
Lean on Pete (2010)

6. april 2014

The Last Waltz (1978)

Sommaren 1979, truleg. Eiliv er på besøk, og ser at den lokale kinoen viser The Last Waltz. Han vil sjå filmen, og eg (og kanskje Torstein) hengjer oss på. Me veit at Eiliv deler musikksmaken vår, men heilt overlappande er ikkje denne smaken - eg hugsar i alle fall filmen som heller kjedeleg.

I dag har eg ein breiare musikksmak, men det er likevel ikkje alt i denne filmen som fell i smak. Filmen viser delar av avskilskonserten til The Band i 1976. Eg har éi av platene deira, Music From Big Pink, og der er det mykje bra. Deira eigne songar er dei som gjer størst inntrykk i filmen.

Det er ikkje ein rein konsertfilm. Mellom songane kjem det gode intervju med og samtalar mellom bandmedlemmane, der dei fortel litt om heile karriera deira, og kva planar dei har vidare. Der er òg framføringar frå eit anna lokale enn Winterland i San Francisco, der avskilskonserten var. Konserten hadde to sett - etter eit sett der The Band spelte åleine, fekk dei selskap av ei rekkje innbedne gjestar. I filmen kjem songar med og utan gjestar om kvarandre. Gjestane syng eigne songar, men her er det altså få høgdepunkt - det einaste verkeleg store er når Neil Young syng "Helpless".

Så det er ein ujamn film, men når det er bra, er det verkeleg bra.

Guffen tilrår.

Wild at Heart (1990)

Dette er vel nærmast ein roadmovie, der Sailor og Lula reiser vekk for å få lov til å vera i lag. Sailor er ein småkriminell som ikkje greier å kontrollera temperamentet sitt; Lula har vakse opp i ein velståande heim, med ei altfor beskyttande mor. Mora vil at ho skal halda seg vekke frå Sailor; resultatet vert altså at dei reiser vekk. Dei møter ein del rare personar, og då ein av dei inviterer Sailor med på eit lite ran, vert resultatet eit nytt fengselsopphald for han. Då er Lula gravid, og filmen sluttar med ein lukkeleg familie-reunion.

På denne bilturen sørover i USA vert dei to betre kjende med kvarandre. Det viser seg at Sailor ikkje berre kjende far til Lula; han var til stades då faren vart drepen i ein brann. (Merkeleg nok har ikkje Lula noko problem med det.) Dette er eit tema som dukkar opp gjennom heile filmen; det kjem korte glimt frå denne mordbrannen. All denne brenninga, dei mange rare karakterane, og all valden gjer at det er nærliggjande å tenkaj på Helvete, at det er omtrent der dei oppheld seg.

Filmen er ein fjern slektning av Wizard of Oz, som det kryr av referansar til.Akkurat det er heilt greitt; verre er det at begge dei to hovudpersonane til tider overspelar så mykje at det verkar som om dei er med i ein film frå 1930-åra. Dei to er ikkje spesielt oppvakte, det som driv dei vidare er sex, vald, og ein lengt etter nye eventyr.

Filmen er ein av dei svakaste til David Lynch. Til tider er han direkte kjedeleg; det heile hadde vore langt betre om hovudpersonane hadde vore mindre eindimensjonale.

Guffen er lunken.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)