27. februar 2014

Curb Your Enthusiasm, sesong 1 (2000)

Larry David var ein av dei to som skapte Seinfeld, der George Costanza var sterkt inspirert av David. Han trekte seg ut etter sju sesongar, og denne serien viser korleis livet til David var etter Seinfeld. I alle fall tilsynelatande. Han er velståande, han har nok pengar til at han eigentleg ikkje treng å jobba, så han gjer stort sett ikkje anna enn å hamna i situasjonar han gjerne kunne greidd seg utan.

Det minner mykje om Seinfeld. Det handlar om daglegdagse situasjonar, der David altså har ei eiga evne til å gjera sosiale blemmer. I motsetnad til andre seriar er ikkje dette filma framfor eit publikum, og det er heller ikkje lagt på latter seinare, slik at det pinlege i situasjonane berre vert endå tydelegare.

Det minner òg om Seinfeld i det at det er ein uvanleg løyen serie. Seinfeld snakka ofte om at det var a show about nothing. Det var det sjølvsagt ikkje; det var komplett umogleg å kort referera ein vanleg Seinfeld-episode, og slik er det altså her òg. Eg gidd ikkje eingong prøva, anna enn å seia at episodane vert betre og betre, slik at den siste episoden er den beste: Der vert David med ein eks-kjæraste på eit møte i ei støttegruppe for incestofre, og vert så riven med at han diktar opp ei eiga incesthistorie, der onkelen hans var den store skurken. Ikkje uventa møter han ei anna frå incestgruppa nokre dagar seinare, saman med onkelen sin.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)

24. februar 2014

Lee H. Whittlesey: Death In Yellowstone (2014)

Dette var ein liten nedtur. Eg har lese liknande bøker om to andre nasjonalparkar, Grand Canyon og Yosemite, og det var langt meir fart i dei bøkene. Eg trur ikkje det har samanheng med at eg ikkje har vore i Yellowstone. Den eine gongen eg prøvde snudde eg (heldigvis) på veg oppover mot parken - eg køyrde rundt på nokre avsindig dårlege sommardekk, og høgare oppe snøa det.

Boka handlar om alle dødsfalla i Yellowstone, og den fyrste utgåva kom i 1995. Det er den eldste nasjonalparken i verda, og naturen er variert. Det mest spesielle med området er alle dei varme kjeldene. Yellowstone er ein supervulkan, der det kjem til å smella kraftig ein gong i framtida, men inntil vidare må ein nøya seg med putring og koking og geysirar. Slik sett opnar boka godt - ein kar går tur med hunden sin ved nokre varme kjelder. Hunden, ein grand danois, hoppar uti, og eigaren stuper like godt uti, han òg. Vatnet heldt rundt åtti grader, og det er ikkje noko ideelt tilhøve for å slita med ein varmeskadd kjempehund.

Men underhaldningsverdien tapar seg utover i boka. Det vert for ordinært, historiene som er like spektakulære som naturen manglar. Whittlesey sprengjer sine eigne grenser, og tek med mykje som skjedde like utanfor parken. Poenget med å gjera det er uklart; det hadde vore lettare å skjøna det om det var noko spesielt med dei dødsfalla. To personar kranglar i ein bar, og den eine skyt den andre? Ikkje spesielt nok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. februar 2014

Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)

Calvin and Hobbes (Tommy og Tigern) var ein glimrande teikneserie. Calvin er ein seksåring med altfor stor kunnskap og altfor god fantasi, som oftast er dregen mot det farlege og det ekle, men som òg kan vera meir kjenslevar eller redd. Tøytigeren hans, Hobbes, er den beste venen hans, og tigeren er levande og kan snakka med han når ingen andre er til stades. Serien kan sjå ut som ein barneserie, men forsøk med ungane her i huset viser at ei lang rekkje striper ikkje passar for ungar i det heile.

Bill Watterson teikna serien i ti år. Han heldt kanskje på litt for lenge, men ikkje mykje, serien held eit høgt nivå omtrent heile vegen. Han var på nippet til å gje seg nokre år før - han var heilt klar på at Calvin and Hobbes skulle vera teikneserie og ikkje noko meir. Det skulle ikkje lagast tøydokker, ikkje t-skjorter, ikkje helsingskort, ikkje teiknefilmar - det var ein teikneserie, og det var nok. Forlaget hans pressa han lenge til å opna opp for meir, og kontrakten hans opna opp for at dei kunne laga spinoff-material. Han nekta. Dette var ei så viktig sak for han at han altså vurderte å slutta. Han vann den kampen, men før han kom så langt hadde han laga ei rekkje striper som handla om akkurat dette, mellom anna fleire der monstera under senga vert nærgåande.

Watterson gav berre nokre få intervju. I ei jubileumsutgåve av Calvin and Hobbes skreiv han ein lang artikkel om teikneseriebilaga som følgde med sundagsavisene i USA då han voks opp, og det var heilt tydeleg at teikneseriar var ei kunstform som stod han nær. Det vert like tydeleg her. Dette er katalogen til ei utstilling av nokre av sundagsstripene hans, laga for Ohio State University Cartoon Research Library i 2001. Han viser korleis han etter kvart fekk friare tøylar. Dei fyrste åra var han relativt bunden - det måtte vera to faste mellomrom mellom ruter, eitt midt i den andre rekkja, og eit mot venstre i den nedste. Dette er veldig tydeleg i ein serie der Calvin og Hobbes dansar. Dei fleste teikningane går over i kvarande, med unntak av dei to stadene han var pålagt å ha mellomrom.

Akkurat den serien er òg eit døme på korleis han såg at ikkje alle striper, heller ikkje dei lengre sundagsstripene, treng tekst. Dei einaste replikkane kjem i den siste ruta. Seinare fekk han meir fridom til å eksperimentera med formatet - han kunne laga seriar med bortimot tjue små ruter, der det berre var replikkar i den siste ruta. Eller ingen replikkar i det heile. Og han kunne laga seriar med éi stor rute, med eit par mindre ruter innfelt.

Stripene i boka vert viste i to versjonar. Til venstre står teikningane hans, utan fargar, og gjerne med spor etter strek som vart viska ut; til høgre står serien slik han kom på trykk. Og under er det ein kort, utdjupande tekst, der Watterson forklarar kvifor akkurat denne sundagsstripa er teken med.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)
Dear Mr. Watterson (2013)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)

18. februar 2014

Leif Krantz/Ulf Löfgren: Barna i jungelen (1959)

Barnebøker kan vera mykje rart. Nokre får ein til å tenkja, nokre får ein til å grina, nokre får ein til le, nokre får ein til å kjeda seg. Nokre får ein til å gjera fleire av desse. Omtrent som vaksenbøker, med andre ord. Eg har lese ein del barnebøker dei siste åra, av opplagde grunnar, og eg likar best dei bøkene ein kan le av. Og aller best likar eg bøkene ein kan le høgt av; bøker ein kan le til ein grin av.

Dei tre barna-bøkene til Leif Krantz og Ulf Löfgren er framifrå døme på akkurat dette. Den eine boka, Barna i det blå, fekk eg til treårsdagen, viser det seg. Dei to andre bøkene, Barna i jungelen (der Astrid Lindgren står som medforfattar på omslaget av den norske utgåva, men ikkje den svenske) og Barnen i vattnet (som eg ikkje trur finst på norsk) har me kjøpt i nyare tid. Den siste kom i hus sist veke, og midt i boka kom det ein scene som var så absurd at både eg og dei to ved sida av meg i sofaen lo så tårene trilla.

Bøkene er bygd opp over same mal. Dei tre ungane Ole, Anna og Fia sit på rommet sitt og kjedar seg, gjerne av dei det er dårleg ver ute. Saman med det vesle trollet Ture, som gjerne held til på gardinstanga i rommet deira, reiser dei på fantasireiser til ulike reisemål, før dei på høgst uventa vis brått er tilbake på rommet igjen når bøkene sluttar. I den eine boka skal Ole fly eit fly til Bergen, men endar opp i ørkenen. Og på Nordpolen, etter at Ture sparkar vert sola. I den andre boka skal dei til India for å henta ein diamant, og unngår så vidt å verta oppeten av ein tiger, og å verta drepen av dei innfødde. Og i den siste boka skal dei leika med båtar, men manglar vatn. Ture slår hol på eit vassrøyr som (ikkje uventa) går gjennom rommet deira, og snart er dei på havbotnen, der dei møter kong Neptun og andre skapningar. Mellom anna ein røyrleggar som kjem for å tetta lekkasjen.

Teikningane er fantastiske, replikkane er like gode, og det er altså bøker som boblar over av fantasi. Bøkene er ikkje så lette å få tak i, men kjem du over ei av dei, bør du slå til.

Guffen tilrår.

17. februar 2014

Klaus Walter: The Go-Betweens. The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)

Dette har eg ikkje kjøpt på lenge, viss eg i det heile har kjøpt det før: Ei songbok, der ein kan læra seg å spela (og/eller syngja) songane til kjende eller ukjende artistar. Eg kjøpte ikkje boka for å læra meg songane til Go-Betweens, sjølv om her er mange godbitar blant dei bortimot tretti songane i boka.

Det eg kjøpte boka for var den lange opningsartikkelen. Ei omfattande og detaljert historie om bandet verka forlokkande. Eg har lese ein biografi om Go-Betweens, men den slutta rundt 2002, tre år før Grant McLennan døydde. Artikkelen i denne boka inkluderte heile historia, trudde eg, men eg tok feil. Heldigvis.

Artikkelen er ikkje noko biografi; det er meir eit forsøk på å skildra kva som gjorde bandet så stort. Forsøket er meir enn vellukka. At forfattaren, Klaus Walter, er tysk, er neppe tilfeldig - bandet var store i Tyskland, og viss eg hugsar rett, budde Robert Forster der i nokre av åra Go-betweens hadde pause.

Walter viser overtydande korleis Forster og McLennan var noko heilt anna. I Australia skilde dei seg enormt ut, der var macho-rocken dominerande. Go-Betweens var feminine, gjekk gjerne i kvinneklede, kunne godt sminka seg litt, og hadde ei jente i bandet. Gjennom heile karriera si skreiv dei songar om kvinner - kvinner som arbeidde i bokhandlar, kvinner som budde åleine, gamle kvinner, unge kvinner, kjende kvinner, ukjende kvinner. Dei ignorerte òg alt som var av trendar - alt som skjedde av techno og rap og grunge og alt det andre gjekk dei berre hus forbi.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)

16. februar 2014

Danser med ulver (1990)

Det er vanleg å rekna at massakren ved Wounded Knee i desember 1890 var slutten på krigane mellom indianarar og kvite i USA. Akkurat då var nok ikkje haldninga til indianarar altfor positiv i landet, men det endra seg gradvis utover på 1900-talet. Kanskje det er tilfeldig at denne filmen hadde premiere hausten 1990, altså omtrent hundre år etter Wounded Knee. Filmen er svært sympatisk innstilt til indianarane. Kevin Costner spelar løytnanten John Dunbar, som forlet utposten sin og vert teken opp i ei Sioux-stamme. Han lærer seg språket deira, og i store delar av filmen er det dette språket som vert snakka. Indianarane vert òg presenterte som siviliserte, tenksame menneske, medan dei kvite jamt over får dårlegare handsaming.

Filmen skal ha pluss for akkurat det, og han skal ha pluss for mange fine bilete. Men der sluttar det òg. Filmen vassar i klisjear, det er ein slik historie der det ikkje er vanskeleg å sjå fem eller ti minutt fram, det er ikkje noko sprekt over dialogane, og Kevin Costner, som er med i så godt som kvar einaste scene i filmen, er ein så avgrensa skodespelar at det av og til er eit slit å sjå han. Filmen er laga utan humor, men det er likevel freistande å sjå han som ein komedie.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

15. februar 2014

In Cold Blood (1967)

Det er ikkje lenge sidan eg las boka denne filmen er basert på, slik at handlinga i filmen var godt kjent. Likevel var det ein film det var vanskeleg å ikkje fylgja med på. I større grad enn boka spelar filmen på motsetnadene mellom Perry og Dick, dei to kriminelle som trur dei vert rike dersom dei ranar den ekstremt vellukka Clutter-familien. Det går ikkje heilt etter planen - dei kjem seg vekk med ein kikkert, ein radio, og rundt 40 dollar. Og før dei forlet huset drep dei alle fire familiemedlemmane.

Dick er ikkje spesielt oppvakt; det verkar som om det å vera kriminell er det som driv han. Han vil høyra til på utsida, og han har ingen sympati med Clutter-familien i det heile. Perry er meir tenksam; han les bøker og spelar gitar, og korrigerer Dick når han snakkar grammatisk feil. Han vil eigentleg ikkje ta livet av Clutter-familien, og han hindrar Dick i å valdta dottera i familien. Perry er likevel langt meir ustabil, han har lett for å gå inn i ei fantasiverd, og det er han som skyt dei fire.

Filmen er godt bygd opp. Han vekslar mellom forbrytar og offer, og filminga frå Clutter-huset stoppar rett før dei kriminelle handlingane tek til. Deretter handlar det om jakta på mordarane, før dei i avhøyr fortel kva som skjedde i huset. Slutten av filmen, der dei to sit i fengsel og ventar på eksekusjonen, er det einaste som dreg filmen litt ned, og den delen kunne med hell vore kutta ned.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)

3. februar 2014

Sopranos, sesong 4 (2002)

Det verkar litt rart å skriva om ein ny sesong av Sopranos, berre ein månad eller så etter at eg var ferdig med førre sesong. Det er vel godt nok prov på at eg likar serien, det at eg ser ein ny episode såpass ofte. Noko av det mest gledelege er at serien framleis held eit så høgt nivå.

Mykje er som før, men mykje endrar seg òg. Serien tek ei heilt ny vending i den siste episoden. Etter at Tony har fått med seg Carmela på å kjøpa eit svært luksuriøst strandhus, mest for å gleda ho, får ho endeleg nok av alle damene hans, og kastar han ut. Omtrent samstundes vert rettssaka mot onkel Junior lagt vekk, slik at utgangspunktet er godt for meir drama i neste sesong.

Før me kjem så langt har me altså hatt gode variasjonar av gamle tema. Livet til folk Tony ikkje stolar på, eller som står i vegen for han, er ikkje mykje verdt. Det er mykje damer, det er mykje drikking, og for Christopher vert det for mykje dop. Tony viser ei ny side av seg sjølv denne sesongen, og har meir omtanke for dyr enn for menneske. Han går inn og ut av behandling hjå psykiateren sin. Carmela er oppteken av at Tony skal ordna økonomien sin slik at ho og ungane er trygge viss noko skulle skje med han. Ungane er på veg ut av familien, og er grovt sett i opprør til foreldra heile tida.

Så det skjer mykje, og det skjer mykje godt. Historien vert framleis godt fortalt, det er gode replikkar, gode dialogar, passeleg med humor, og serien seglar etter kvart opp som ein stor favoritt.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)

2. februar 2014

Willy Vlautin: Lean on Pete (2010)

Charley Thompson har det ikkje så bra. Han er femten år gamal, og har nett flytta til Portland, Oregon, saman med far sin. Mora forsvann ut av soga hans for lenge sidan. Faren, som er ein god far, er mykje vekke på arbeid, slik at Charley går mykje for seg sjølv. Han får jobba litt for ein lite sympatisk hesteeigar, før alt går gale. Fyrst døyr faren; så truar hesteeigaren med å ta livet av Lean on Pete, ein hest Charley vert meir og meir knytt til. Så snart han får sjansen stel han bilen til hesteeigaren, tek med seg hesten i ein tilhengar, og køyrer austover mot Wyoming, der tanta hans bur.

Reisa hans vert ein tur gjennom eit Amerika i forfall. Han har ikkje mat, han har knapt bensin, han har ikkje pengar, han er heilt åleine - utgangspunktet er ikkje det heile beste. Han møter mange på ferda si, men det er stort sett folk som heller ikkje har det så bra - overvektige, alkoholiserte, arbeidslause, soldatar, foreldrelause. Han overlever så vidt - han stel, han lyg, han søv ute, han vert banka opp, han stikk av frå ungdomsfengselet han kjem inn i, og mot alle odds finn han tanta si i Wyoming. Boka sluttar ekstremt harmonisk - tanta lovar at ho skal ta seg av han. Han kjem altså inn i ein familievarme, og det er jo ein amerikansk kjerneverdi.

Det er ikkje uvesentleg at han reiser austover. I hundreåra då kvitingane slo seg ned i og erobra det amerikanske kontinentet, var draumen ei reise vestover. Europeiske emigrantar reiste vest over Atlanteren; på det amerikanske fastlandet heldt reisa fram i same retning. Den amerikanske draumen låg i vest. Charley reiser den andre vegen.

Det er ei relativt trist bok, men her er likevel lyspunkt. Charley har tru på seg sjølv, han har tru på at alt skal ordna seg, og han vil òg hjelpa andre. I mangelen på vener knyter han seg tettast til ein hest. Han stolar ikkje på folk, og hesten får vita langt meir om livet hans enn dei folka han møter. Boka er skriven i eg-form, og det er altså ein femten år gamal gut utan altfor mykje skulegang som fortel. Det ber språket preg av, og det er godt gjort. Det er korte setningar, det er enkle analysar og forklaringar, og det er eit språk som er veldig enkelt og greitt.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
The Motel Life (2006)
Northline (2008)
The Free (2014)

1. februar 2014

The Incredible Shrinking Man (1957)

Eit ungt ektepar, Louise og Robert, er på båtreise, langt ute på havet. Medan ho er nede i kahytten for å henta meir drikke, driv båten inn i ei rar skodde. Robert vert dekt av noko rart glitterstøv, og eit halvt år seinare merkar han at han krympar. Dokterane greier å stoppa minkinga ei stund, men det går fort over. Då filmen sluttar er han nokre centimeter høg, utan nokon til å hjelpa seg. Louise passa godt på han, ho hadde kjøpt eit dokkehus han kunne bu i, men katten deira vart litt for nærgåande og jaga han ned i kjellaren.

Det er ikkje den sjangeren eg ser oftast, dette. I den fyrste halvdelen av filmen vert Robert gradvis mindre, og ei stund er det artig å sjå korleis dei skapar denne effekten, og å sjå korleis han sit som ein unge i altfor store møblar. Men etter at han vert fanga i kjellaren kjem det ein altfor lang sluttsekvens, der han kjempar med ein enorm edderkopp, og der han skal klatra litt oppover for å få tak i ein kakesmule, og her vert det heile heller keisamt.

Guffen er lunken.