30. januar 2014

Stein Torleif Bjella (USF, Bergen, 29.1.14)

Eg var på konsert med Bjella sommaren for eit og eit halvt år sidan, i ei kjellarstove på Voss saman med 70 andre. Dette var andre bollar - her var visst rundt 1200 til stades. Det vart ein heilt annleis konsert, sjølvsagt, og ikkje berre på grunn av at publikum var fleire. Også på scena var dei fleire.

For meg vart dei litt for mange. Det var ein flott konsert, men det var mykje som kunne vore annleis. Bjella spelte songar frå alle tre platene sine, og mange kom i heilt andre versjonar. At musikarar ser etter nye måtar å framføra songar på er berre positivt, men ikkje alltid. Desse arrangementsendringane var ikkje alltid like vellukka. Mest gjekk det ut over vokalen, der melodiane ofte var endra til noko langt meir monotont, og noko langt mindre spanande. Og dei vart altså litt for mange - dei finaste songane var dei der lydbiletet var tynnare. "Tre viku", til dømes, som Bjella framførte det meste av heilt åleine, var eit klart høgdepunkt. Det tette lydbiletet, der det ofte var tre gitarar, ståbass og litt trommer, gjorde at den sjette på scena, Marita Igelkjøn, forsvann. Ho trakterer både det eine og det andre, men det var omtrent berre når ho spelte trekkspel eller sag at me høyrde ho. Dei kunne altså ha kutta ut den eine gitaristen for min del.

Men det var altså ein flott konsert, trass i desse innvendingane. Tekstane til Bjella er glimrande, der han syng om meir eller mindre vellukka påfunn av meir eller mindre vellukka menn. Det er ofte trist; like ofte er det løye. Mellom songane er Bjella lystig - underfundig er vel eit ord som ofte vert brukt om han - og det skapar ei heller merkeleg stemning. Når han syng er det alvor; mellom songane er alt vel. Akkurat der kan han minna om tidleg Billy Bragg.

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)

26. januar 2014

Ingvild H. Rishøi: Vinternoveller (2014)

Dei tre novellene i denne boka - ei kort, ei halvlang og ei lang - er bygd opp rundt same lest. Hovudpersonen er i ei eller anna krise, som dei ikkje greier å koma seg ut av sjølv. Men når alt ser som svartast ut, dukkar redninga opp, og novellene sluttar i ei stemning som bryt heilt med resten. Det er alltid håp, men det vert litt i meste laget når det skjer igjen og igjen. Mot slutten av den siste (og lengste) novella står tre sysken til livet i snø, langt utanfor allfarveg, men etter å ha lese dei to andre novellene reknar eg med at det kjem ei løysing. Og det gjer det.

Tilhøvet mellom foreldre og barn er det gjennomgåande temaet. I opningsnovella møter me ei ung mor, på veg heim frå barnehagen med dottera, som har tissa i buksa. Dei har ikkje pengar til buss, og heller ikkje pengar til å kjøpa ny truse, viser det seg. I midtnovella ventar ein lett alkoholisert småkriminell mann, med utprega sterk sosial angst, på å treffa son sin for fyrste gong etter eit fengselsopphald. Han må drikka litt for å greia det, og tida går frå han. Og i sluttnovella har ei sytten år gamal jente ansvar for å halda familien saman etter at faren døydde. Det greier ho ikkje lenger, og rømmer til eit hyttefelt i Valdres saman med dei to yngre halvsyskena sine.

Novellene er godt komponerte. Me ser at hovudpersonane er i ein vanskeleg situasjon, men Rishøi gjev oss ikkje meir enn me treng. Ho porsjonerer ut brokkar av fortida, slik at me etter kvart set saman biletet. Nesten, i alle fall, me får ikkje vita absolutt alt, men me får vita nok.

Guffen tilrår.

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
La stå (2007)

25. januar 2014

Johannes Gjerdåker-kveld (Voss kino, 24.1.14)

For to år sidan skipa Lesehug til ein Johannes Gjerdåker-kveld i kulturhuset, for å markera 75-årsdagen hans. No var dei igjen involverte, men initiativet koma frå anna hald. Bergsveinn Birgisson opna kvelden med å fortelja om originalplanen: Ein del bergensforfattarar ville reisa til Voss, kidnappa Gjerdåker med seg til ein pub, der dei etter tur skulle lesa dikt for han.

Det vart i staden ein kveld for mange fleire. Det var mykje å gle seg over frå scena, men eg festa meg med det Birgisson sa i introduksjonen sin. Gjerdåker er ein suveren attdiktar, og andre forfattarar set han svært høgt. På eit festspelprogram i Aasen-tunet i 2005 (omtrent), der temaet var diktomsetjing, las han ei av sine eigne omsetjingar, til enorm applaus. Sunnmørsposten kalla det høgdepunktet den kvelden, og Jan Landro snakka om korleis det går ein litterær skatt rundt på Voss, utan at spesielt mange er klar over det.

Ein stad mellom 150 og 200 personar fekk med seg eit variert program. Fem forfattarar las Gjerdåker-omsetjingar og eigne dikt, og begge dei to øktene vart avslutta med musikarar som song originale eller omsette Gjerdåker-tekstar. Høgdepunkta for meg var Marit Eikemo, som vel var den som las Gjerdåker best, og som òg las ein god eigen tekst, frå Samtidsruinar. Og det var Tomas Espedal, som mellom anna las frå Bergeners. Og det var Tormod Haugland, som las eit (eller fleire) dikt om straum, med ein nesten overdriven rytme. Og det var Tam Glenn, ein duo som på glimrande vis framførte nokre av Burns-omsetjingane til Gjerdåker. Og det var då Gjerdåker sjølv kom opp for å lesa eit kort, nyomsett dikt.

Ho ved sida mi meinte at dei aller fleste i publikum var venene til Gjerdåker. Det galdt nok mange av dei, men langt frå alle: Eg trur der òg var mange vener av dikta og diktinga hans.

Guffen tilrår.

Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Glimesteinar frå islandsk visetradisjon (2017)

Meir Lesehug på kulturguffebloggen:
Kven skal læra han Ivar å lesa? (Voss kulturhus, 10.12.11)

22. januar 2014

Jon Fosse: Kveldsvævd (2014)

Ei glimrande bok, aldeles glimrande. Boka er den tredje i ein trilogi, og om bok nummer to, Olavs draumar, skreiv eg at styrken til Fosse ligg i språket. Slik er det her òg. Sjølve historia er fort referert. Ales tenkjer på mor si, Alida, som gjekk i Bjørgvin og leitte etter Asle. Ho veit ikkje at han er død, men det veit Åsleik, som bur på staden Alida vaks opp. Han tilbyr ho båtskyss heim att, og på vegen spør han om ho vil slå seg til hjå han, saman med son sin. Ho takkar ja.

Det er meir enn dette, sjølvsagt, men dette er historia i grove trekk. Fosse vekslar litt mellom før og no, mellom røynd og fantasi, men ikkje verre enn at det er lett å hengja med. Og det er lett å verta riven med av språket. Fosse repeterer, han strekar under, han har lange setningar der det florerer av komma, og det er nesten synd at boka er så kort som ho er - rundt 60 sider.

Det er eit fantastisk punktum for ein fantastisk trilogi. Andvake, opningsboka, kom så langt tilbake som til 2007, så eg anar konturane av ein framtidig drøymekveld, der eg finn fram dei tre bøkene og les dei samanhengande. Eg gler meg alt.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

19. januar 2014

Keith Abbott: Downstream from Trout Fishing In America (2009)

Det er nokre år sidan, men eg koste meg stort då eg las eit par av romanane til Richard Brautigan. Fantasirikt, originalt, og prega av overskot; romanane likna på lite anna eg hadde lese då. Og det eg har lese no.

Denne korte minneboka fortel om venskapen mellom Abbott og Brautigan. Dei møtte kvarandre midt i 60-åra i San Francisco; begge drøymde om å verta forfattar. Brautigan hadde debutert, men selde lite. Det var ikkje før hippiane for alvor inntok byen, i 1967, at boksalet hans tok av. Han vart velståande, han vart kjendis, og han vart ein vanskelegare mann å ha med å gjera.

Grunnen ser ut til å vera dels alkohol, dels sjukdom. Abbott hintar om at Brautigan kan ha vore schizofren, men det ser òg ut til at det var alkoholen som var største problemet. Brautigan var, litt overraskande, heilt uinteressert i narkotika, men drakk som ein svamp. Verst var det etter at han flytta frå San Francisco til ein farm i Montana - han var slettes ikkje eigna til å bu på landet.

Denne delen av boka er fin. Abbott fortel om samhald mellom forfattarspirar, om korleis Brautigan delte av velstanden sin og tok seg av forfattarar som ikkje tente like godt, og om korleis Brautigan kunne vera like morosam og vimsete som bøkene gav inntrykk av. Men han fortel òg om dei mindre gode sidene ved Brautigan - om korleis venskapen visna vekk, men korleis han likevel vart prega då han høyrde at Brautigan hadde teke livet sitt.

Det siste kapitlet i boka bryt heilt med resten. Her skriv Abbott om kva som kjenneteikna bøkene til Brautigan, og her er han mindre overtydande. Kapitlet passar ikkje inn, og det verkar nesten som om det er teke med for å få boka litt lengre.

Guffen tilrår.

Meir Brautigan på kulturguffebloggen
Revenge of the Lawn (1971)

18. januar 2014

Blindpassasjer (1978)

Denne korte fjernsynsserien imponerte meg nok meir då eg allernådigst fekk lov til å sjå han i 1978. Han var nok meir skremmande då enn no; no er det meir på grensa til komisk. Me kom i snakk om serien denne veka, etter å ha lese om at Jon Bing var død, og Marit var klar for å sjå han. Ikkje overraskande sovna ho halvveges.

Romskipet Marco Polo er på veg attende til ein romstasjon. Dei fem ombord vaknar etter ein lang søvn, og merkar at noko er gale. Dei finn ut at nokon eller noko har kome seg inn i skipet, teke livet av ein av dei, og sjølv omforma seg til ein tru kopi av vedkomande. Det er difor uråd å vita kven av dei som er falsk. Dei melder frå til romstasjonen, som etter å ha tenkt seg om seier at dei ikkje kan ta sjansen på å sleppa blindpassasjeren inn til seg. Dei gjev difor besetninga atten timar på å finna ut kven som er falsk; greier dei ikkje det, vert skipet sprengt i lufta.

Science fiction er eit stykke unna det eg vanlegvis puslar med, men historia verkar grei nok. Her er rett nok ein del matnat-forklaringar og aktivitetar som verkar lite truverdige. Skodespelet er stivt, det er litt for teatralske dialogar, og altfor lite temperament i spelet. Når blindpassasjeren vert avslørt, er det omtrent utan at ei einaste stemme vert heva. Romskipet er noko av det beste med heile serien. Marco Polo ser ut slik romskip skal sjå ut, både inni og utanpå, med høgteknologiske løysingar for mat og dører og alt det der. Dei mange datamaskinene har alle slik dataskrift som altfor lenge var vanleg, og grafikken ser ut til å vera sterkt inspirert av spaceinvaders. Så alt i alt - heilt grei tidtrøyte, i nokre kulissar av ei anna verd.

Guffen tilrår.

12. januar 2014

William Gay: Twilight (2006)

William Gay er formidabel. Denne romanen, den siste han gav ut før han døydde, er på det same høge nivået som dei andre bøkene hans.

Det tek ikkje lang tid før han dreg oss inn i ei fantastisk historie, som rett nok er hakket meir grotesk enn mykje anna. To tenåringar mistenkjer den lokale gravferdsagenten, Fenton Breece, for å ha gravlagt far deira i ei billegare kiste enn den dei betalte dyrt for. Dei grev faren opp att, og får stadfesta mistanken sin. Det er gale nok, men verre er det at liket er mishandla. Faren hadde ikkje noko uavklara med Breece, så dei funderer seg fram til at Breece truleg har gjort det same med andre lik. Dei grev litt til, og får stadesta også denne mistanken. Den eine av dei to, Tyler, bryt seg inn hjå Breece, og finn ei bunke kompromitterande foto av Breece og nokre avkledde lik.

Breece skjønar at han må få tilbake desse fotoa. Han er ikkje i stand til det sjølv, så han hyrar inn Granville Sutter, eit monster av ein mann. Gjennom resten av boka er han i hælane på Tyler.

Sutter minner om Anton Chigurh i No Country For Old Men. Han er lettare gal, vald betyr ingenting for han, og han har ei makelaus evne til å spora opp Tyler. Det går med nokre liv på vegen, men då dei to endeleg møtest, legg Sutter lett skulda på Tyler - hadde ikkje han stukke av, hadde alle dei drepne framleis vore i live.

Boka har som vanleg eit fantastisk språk, med endå betre dialogar enn det eg tidlegare har sett hjå Gay. Det er i det heile ei bok Coen-brørne ville ha kost seg med - det einaste motargumentet måtte vera at ein slik film ville minna for mykje om No Country For Old Men.

Som før - det er trist at Gay venta så lenge med å skriva bøker. Han gav ut tre romanar, ei novellesamling og ei bok med to korte noveller, og det er i tillegg snakk om at det kjem ein posthum roman. Det hadde vore stas å hatt fleire Gay-bøker i vente - no er eg ferdig med heile forfattarskapen hans nesten før eg kom i gang.

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Time Done Been Won't Be No More (2009)
Little Sister Death (2015)
The Lost Country (2018)

The Last of the Mohicans (1992)

Filmen er basert på ein av dei best kjende indianarromanane (viss det er ein sjanger). Romanen er rett nok langt meir omfattande enn denne filmen, og boka er òg ofte gitt ut i ein forkorta og visstnok langt meir lesverdig versjon enn originalen. Slik var det i alle fall med Norsk Barneblad-utgåva eg las då eg var liten.

Det skjer under den fransk-britiske krigen i Nord-Amerika. Nokre britiske soldatar vert angripne av huronar, som igjen vert jaga vekk av to mohikanarar og ein adoptert kviting, rett før dei har teke livet av alle britane. To kvinner og ein offiser vert førte til målet sitt, eit fort, av dei tre. Fortet er under angrep frå franske soldatar; britane gjev opp, og får forlata fortet. Dei legg vegen mot eit nabofort, men vert angripne av huronar, som tek livet av dei fleste, men røvar med seg dei to kvinnene. Mohikanarane, som saman med kvitingen er så sterke og flinke at dei ikkje treng vera fleire enn tre, tek opp jakta, og greier å befri den eine av kvinnene - den andre tek livet sitt, etter at den yngste mohikanaren er drepen.

Filmen er ikkje all verda. Han er sympatisk innstilt til indianarane, og kontrasten mellom indianarane og soldatane er stor. Det er ikkje tvil om kven som er siviliserte av dei. Indianarane er sprekare, kjenner naturen betre, og er så godt som heile tida i sitt rette element. Likevel, dette er sjølvsagt ikkje nok for å redda filmen, og det er heller ikkje dei glimrande naturbileta. Det vert litt for lite originalt, og det er aldri spesielt vanskeleg å skjøna kva som kjem til å skje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

11. januar 2014

The Fisher King (1991)

Jack Lucas er ein frittalande radiomann, ein slags Howard Stern-a-like. Folk ringjer inn med spørsmål, og han svarar frekt og provoserande. Ein gong går det gale, han oppmodar uforvarande og indirekte ein person til å gjera massemord. Lucas misser ikkje uventa jobben.

Tre år seinare er han langt nede, og ein kveld han drikk altfor mykje finn han ut at nok er nok. Han vil ta livet sitt, men vert redda av Parry. Han tørna galen etter at han miste kona si i massemordet. Lucas vil få han på beina att, han funderer seg fram til at då vil livet hans koma i balanse igjen. Det gjer det òg, etter at han greier å setja Parry i kontakt med jenta han drøymer om.

Det er ein fin film, sjølv om det vert litt mange happy endingar til slutt. Filmen er regissert av Terry Gilliam, og det borgar jo for fine landskap, fantasifulle kostymar, og gode replikkar. Her er mykje å le av, utan at filmen er noko komedie. Dei to hovudrollene vert spelte av Robin Williams og Jeff Bridges, og begge er gode.

Guffen tilrår.

6. januar 2014

Simon Spence: The Stone Roses. War and Peace (2012)

Rundt 1990 verka det som The Stone Roses var klare til å ta over verda. Dei hadde gitt ut ein fin LP året før, dei hadde ein glitrande trommeslager, ein glimrande gitarist, ein undervurdert bassist, og ein vokalist som i alle fall i studio høyrdest heilt grei ut. Dei var populære, dei såg bra ut, dei var passeleg kontroversielle, og plateselskapa stod i kø for å få dei på laget.

Men så stoppa det opp. Oppfølgjaren, med den pretensiøse tittelen Second Coming kom ikkje før i 1994, og kunne ikkje leva opp til fem år med forventningar. Trommeslagaren takka for seg, gitaristen takka for seg, og sjølv om dei to attverande henta inn erstattarar, var det meiningslaust å halda fram. Bandet gav seg etter ein visstnok forferdeleg konsert på Reading-festivalen i 1996, der vokalisten song endå falskare enn vanleg. Eg såg dei i Oslo i 1990, og også der øydela den ekstremt sure vokalen heile konserten. Etter mange år med dritslenging og ingen kontakt kom dei saman att i 2012. Dei held framleis konsertar, men så langt har dei ikkje gitt ut noko ny musikk.

Det mest spesielle i historia deira er det lange opphaldet mellom dei to LP-ane deira. Dei snakka lite med media også før den pausen, men under pausen isolerte dei seg heilt. Rykta gjekk - var dei narkomane? Var dei uvener? Hadde dei skrivesperre? Tok dei mange rettssakene kreftene deira? Spence viser at alt dette spelte inn. Avtalen med manageren deira vert omtalt som den verste og mest einsidige avtalen som har vore laga, og dei hadde i tillegg ein dårleg avtale med plateselskapet sitt. Dei lefla òg med dop, gitaristen skal ha hatt eit relativt heftig kokainforbruk, og dei sleit òg med å skriva gode nok songar. Men det som kanskje knekte dei mest var forventingane, som vart større og større.

Det er ei heilt grei bok, dette. Spence har snakka med ei rekkje folk rundt bandet, og bruker i tillegg det som finst av gamle intervju for alt dei er verdt. Lettlesen og kronologisk; boka gjev eit godt bilete av eit band som ein gong var veldig viktig. Og som gav ut ei av dei beste debutplatene i historia.

Guffen tilrår.

Meir Stone Roses på kulturguffebloggen
Made of Stone (2013)