29. september 2013

Simple Men (1992)

I 90-åra, då eg budde i Bergen, såg eg fleire filmar av Hal Hartley. Dei vart viste på kino, og dei vart viste i filmklubben eller på cinemateket. Det var gode filmar. Eg veit minimalt om kvar det vart av han, om han framleis lagar film, og om dei filmane eventuelt er verdt å sjå. For nokre månader sidan kom der ein kommentar på bloggen om at eg burde sjå filmar av Hal Hartley. Eg fekk lyst til å sjå ein av dei gamle favorittane igjen, og det var det verdt.

To brør slår seg saman og reiser ut av New York. Dennis, den yngste, reiser for å leita etter far deira, ei tidlegare baseballstjerne som er fengsla for eit bombeattentat. Bill, den eldste, er ettersøkt for å ha vore med på eit ran han ikkje fekk noko utbytte av. Dei har ikkje pengar, men får bu hjå to kvinner. Ho som eig huset er redd, av di den valdelege eksmannen hennar nett er ute frå fengsel; ho andre viser seg å vera kjærasten til far til dei to mennene.

Marit meinte at filmen kunne minna om eit Fosse-stykke, mellom anna av di replikkar vert repeterte. Om det minner om Fosse eller ikkje er ikkje så nøye, men det minner ikkje så reint lite om eit teaterstykke. Heile filmen er prega av nærbilete, handlinga ligg i replikkane til karakterane. Og det som ikkje vert sagt er like viktig, her kjem ofte lange pausar mellom replikkane. Og det er ein flott film, med glimrande filmmusikk. Og ei av dei store danse-scenene i filmhistoria.

Guffen tilrår.

22. september 2013

Ordinary People (1980)

Alt står bra til hjå den amerikanske familien Jarrett. Faren har ein god jobb der han tenar godt med pengar, mora tek seg godt av hus og heim, og dei to sønene er flinke både på skulen og i symjebassenget. Alt vert snudd på hovudet når den eldste sonen, Buck, druknar i ei båtulukke. Broren Conrad var med han i båten. Det vert for mykje på ein gong - han skal leva opp til Buck, som var ein betre symjar og ein meir populær gut, han skal greia seg utan bror sin, og han er plaga med skuld - kunne han greidd å berga broren?

Omtrent her tek filmen til. Det er ei svært trykt stemning i huset, og alt som er positivt verkar tilgjort. Conrad går etter kvart til psykolog, og er på god veg til å få livet sitt på rett kjøl igjen. Han løyser dei fleste indre stridane sine, og til slutt er det berre ein ting som står att - problema heime. Jo meir mora viser seg i filmen, jo meir viser det seg at ho er altfor innestengd. Ho viser ikkje kjensler, ho snakkar aldri godt med Conrad, ho snakkar sjeldan godt med far hans. Det verkar som om Conrad ikkje kan få eit godt liv så lenge han og mora bur under same tak.

Det er ein fin og tett film. Det er mest snakking, her er så lite fart og spaning at når Conrad og ein klassekamerat kjem i slåsskamp verkar det nesten malplassert. Filmen handlar altså om familieforhold, og det minner nesten om ein Woody Allen-film. Utan humoren.

Guffen tilrår.

21. september 2013

Of Mice and Men (1992)

Of Mice and Men er ein fin roman av Steinbeck. Handlinga er komprimert, og eignar seg difor godt til filmatisering. Boka har vore filmatisert fem gonger, dette er så langt den siste.

George og Lennie reiser frå gard til gard, og tek arbeid der dei kan få det. George er liten, men intelligent og tolmodig; Lennie er stor og sterk, men litt tilbakeståande - han minner mest av alt om ein liten unge i ein stor kropp. Han skjønar ikkje konsekvensane av alt han gjer, og dette gjer at dei av og til må flykta frå garden dei arbeider på. Slik opnar filmen; slik sluttar filmen.

Det er ei heilt grei filmatisering. Av og til vert det for statisk, og av og til vert det litt klisjeprega, men stort sett fungerer det bra. Den viktigaste grunnen er John Malkovich, som spelar Lennie. Han er framifrå, og det er lett å leva seg inn i korleis han har det, og korleis det er for George. Han har lova å ta seg av Lennie, sjølv om han fleire gonger seier (til Lennie) at livet hans hadde vore langt betre utan Lennie. Han er likevel lojal, og saman med ein tredje mann drøymer dei om å kjøpa seg ein liten gard sjølv. Denne draumen går igjen gjennom heile filmen, og er kanskje det som bind dei to sterkast saman.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

Tomas Espedal: Bergeners (2013)

Ingen skriv slike bøker som Tomas Espedal. Han skriv glimrande, språket kan vera både hardt og mjukt. Han hentar mykje stoff frå eige liv, og skriv relativt sjølvbiografisk. Han skriv mykje om seg sjølv og oppveksten sin, han skriv om folk han kjenner, han skriv om reising.

Ordet "skriv" vart visst brukt ofte i det fyrste avsnittet her, men det passar for så vidt godt. I boka skriv Espedal òg mykje om skriving. Korleis arbeider forfattarar? Han vitjar ein forfattar i Italia (eller var det Frankrike?), som kjøpte ein heller isolert gard, der han trudde han ville få skriva godt. Det fungerte ikkje. Espedal prøver sjølv å skriva i skriverommet forfattaren hadde laga, og får det heller ikkje til.

Då skriv han langt betre i hotellrom. I løpet av boka er han innom ei rekkje slike. Av og til er han tung til sinns, men både inngangen og utgangen av boka er meir prega av optimisme. Det opnar med at eg-personen og Janne er på tur til New York, der han stortrivst, og er glad for å vera på tur med Janne. Etter nokre sider gjer ho det slutt. Boka sluttar med to av dei flottaste tekstane i boka, der ein mann og ei kvinne, som truleg har vore kjærastar tidlegare, tilfeldigvis tingar rom på det same hotellet i Berlin.

Kanskje det er brotet med Janne som gjer eg-personen så rastlaus, og sender han vidare rundt om i Europa. Boka har mange korte tekstar, i ulike sjangrar - her kan gjerne koma eit dikt eller to innimellom prosatekstane. Forlaget kallar det ein roman, så då er det vel det det er, men det verkar like mykje som ei novellesamling. Uansett er det ei finfin bok.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Mitt privatliv (2014)
Året (2016)
Elsken (2018)
Lyst (2022)

14. september 2013

Mark Lee Gardner: To Hell on a Fast Horse (2010)

Pat Garrett og Billy the Kid høyrer saman, på ein måte. Billy the Kid var ein ung bråkmakar, som drap fire menn og som òg braut lova på andre område. Pat Garrett var sheriffen som tok livet av Billy the Kid i 1881, etter at han (endå ein gong) hadde brote seg ut av fengselet. Likevel var også Garrett prega av det til dels lovlause livet i New Mexico på den tida, og sjølv om han vart rikt belønna for å ha drepe the Kid, og sjølv om han ved nokre høve hadde faste og gode jobbar, var det noko rastlaust over livet hans.

Billy the Kid var ein brotsmann, men han hadde mange vener i området. Etter at han var drepen vart han for mange ein endå større helt. Det vart skrive meir eller mindre truverdige bøker om livet hans, og det vart òg laga filmar. Her vart gjerne Garrett tvilsamt framstilt, og Billy the Kid vart etter kvart helten i dramaet.

I denne dobbeltbiografien har Mark Lee Gardner brukt ei rekkje kjelder, langt fleire enn det som skal vera vanleg når ein skriv om dei to. Han går svært detaljert til verks, og får godt fram likskapane mellom dei to. Begge var gode skyttarar, begge var modige, begge likte seg godt på hesteryggen, og begge treivst i dramatiske situasjonar. Dei kjende kvarandre litt, også før Garrett vart sheriff, og dei skal ha hatt stor respekt for kvarandre,

Gardner skriv detaljert, og av og til vert det for detaljert. Det vert mange namn å halda styr på, og i kapitla som handlar om livet til Garrett etter at han drap the Kid tapar boka seg. Det tek seg rett nok opp på slutten. Garrett var ein kontroversiell kar, og slik sett var det ikkje uventa at han vart drepen, han òg.

Guffen tilrår.

Meir Gardner på kulturguffebloggen
Shot all to Hell (2014)
Rough Riders (2016)

13. september 2013

The Sweet Hereafter (1997)

Eg såg denne då han gjekk på kino, og hugsa spesielt to av scenene. Ikkje uventa var begge litt annleis enn eg tenkte, men dei gjorde begge inntrykk også denne gongen.

Filmen fortel om korleis ein liten by i Canada prøver å leva vidare etter ei skulebussulukke der ei rekkje ungar døyr. (På omslaget står det tjue; i filmen vert det ikkje nemnt noko tal.) Scena der sjåføren misser kontroll over bussen på den glatte vegen er fantastisk - bussen glir ned ei skråning, og trillar utover eit islagt vatn. Han stoppar, og står heilt i ro før isen ikkje klarar meir, og bussen søkk sakte nedover. Far til to av ungane er vitne til ulukka.

Han er den einaste vaksne som seier nei til Mitchell Stevens, ein advokat som kort tid etter dukkar opp. Stevens oppmodar alle om å gå til søksmål for å få erstatning. Kven dei skal saksøkja er ikkje så nøye, men for han, ein kynisk advokat, er det opplagt at her er det pengar å henta.

Stevens har òg mist si eiga dotter, i alle fall nesten. Dei har berre kontakt gjennom telefonen, der alle dei korte samtalane vert avslutta med at ho vert forbanna for at han ikkje trur på ho, at han berre trur at ho vil ha meir pengar å kjøpa dop for. På ein flytur møter han ei gamal klasseveninne av dottera, og fortel mellom anna om då dottera var tre år, og ho nesten miste livet etter å ha vorte biten av ein edderkopp. Det er òg ei fantastisk scene. Når han fortel om kor langt han var viljug til å gå for å redda dotter si då, står det i stor kontrast til avstanden mellom dei no.

Filmen handlar altså om sorg og grådigheit, men mest av alt handlar han om korleis me vert knytte til ungane våre. Filmen hoppar att og fram i tid; me får til dømes sjå sjølve bussulukka lenge etter at me har sett den øydelagde bussen, og etter at me har skjønt kva som har skjedd. Det er ein fabelaktig film, fortalt på ein lågmælt og nær måte.

Guffen tilrår.

10. september 2013

Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)

Frode Grytten skriv om eit engelsk rockeband - kven skulle trudd det? Han har tidlegare skrive (og snakka) mest om The Smiths og andre gitarbaserte popband frå åttitalet, no går han til sine eigne musikalske røter og skriv om The Clash.

The Clash var eitt av dei viktigaste punkebanda i 1977. Der andre band anten stagnerte eller vart oppløyste, gjekk dei langt utover dei musikalske grensene punken drog opp, og gav ut mykje fabelaktig musikk. Dobbeltalbumet London Calling er eitt høgdepunkt; trippelalbumet Sandinista kunne vore eit anna med litt færre songar. Dei slo etter kvart gjennom i USA. Sommaren 1981 skulle dei spela åtte konsertar på Bond's Casino i New York. Det tok heilt av, arrangøren selde altfor mange billettar, slik at dei måtte i alt spela 17 konsertar for at alle skulle få sjå dei.

Det er desse konsertane denne romanen krinsar rundt. Teksten hoppar bakover og framover, men kjem heile tida tilbake til desse konsertane. Boka er femdelt, der Grytten etter tur skriv om Strummer, Jones, Simonon og Headon, før det sluttar med eit kort kapittel om den fyrste øvinga til bandet. Det er ikkje noko kronologisk bok, boka tek heller ikkje mål av seg til å vera ein biografi. Det er fire fine portrett, med utgangspunkt i den faktiske historia til bandet, men der Grytten sjølvsagt diktar til litt.

Dei finaste portretta er av Jones og Headon. Begge to vart sparka ut av bandet, Headon fordi han var litt for narkoman; Jones fordi han kom på kant med Strummer. I begge portretta handlar det mykje om livet etter og utan The Clash. Headon køyrer drosje og slit med alt; Jones har det langt betre, men saknar likevel gamlebandet. I november 2002 stod Strummer og Jones saman på ein scene for fyrste gong på 19 år; ein månad seinare døydde Strummer. Ein av dei finaste tekstane i boka er når Jones går gjennom Kensington Park den dagen han har fått vita at Strummer er død, og alle rundt han oppfører seg som vanleg, som om Strummer ikkje var død.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Meir The Clash på kulturguffebloggen
Bob Gruen: The Clash (2002)
Marcus Gray: Route 19 revisited. The Clash and the making of London Calling (2011)

8. september 2013

Keith Cameron: Mudhoney. The Sound and the Fury From Seattle (2013)

Mudhoney er ikkje det bandet eg høyrer mest på, men eg les gjerne intervju med dei. Dei er underhaldande, Mudhoney legg aldri skjul på at dei har det hylande triveleg i lag. Dei ler, både av og med seg sjølv, og saman med publikum og andre.

Stor suksess har dei eigentleg aldri hatt. Dei var eitt av dei aller fyrste grungebanda, men gav ein god ein i det kommerse. Der fleire andre band frå heimbyen Seattle vart superstjerner, heldt Mudhoney seg eitt eller fleire nivå under. Historia deira er altså ei historie om dei som nesten slo gjennom.

Det er ei underhaldande historie, som vert litt for nøkternt fortalt av Keith Cameron. Han har gjort ei mengd intervju i samband med boka, og bruker sjølvsagt òg andre kjelder, men det kjem ikkje så mange døme på kor treffande utsegn dei i bandet kan koma med. Den beste kommentaren i boka er det Mark Lanegan, frå Screaming Trees, som kjem med. Han snakkar om den ST-turneen der Dan Peters frå Mudhoney vikarierte bak trommene: "It was like prison. Without the sex".

Mudhoney har drive på i 25 år, medrekna minst ein pause der gitaristen Steve Turner slutta for å gå tilbake til universitetet. Etter ein lengre pause rundt årtusenskiftet, etter at bassisten Matt Lukin slutta, held dei framleis koken, i alle fall delar av året. Den nye bassisten arbeider som sjukepleiar, så dei legg turneane sine til fire av dei seks ferievekene hans, og spelar òg av og til konsertar i frihelgene hans. Det er ei befriande annleis haldning til det å spela i band, og det er hovudinntrykket av bandet etter å ha lese denne boka: Dei spelar saman berre for å ha det kjekt.

Guffen tilrår.

De urørlige (2011)

Philippe er lam frå nakken og ned, og treng ein ny assistent. Jobben går til Driss, ein fattig innvandrar, som eigentleg berre var innom for å få papir på at han hadde søkt på ein jobb, slik at han kunne få trygd. Driss er djupt skeptisk til jobben, men gradvis går det betre, og dei får eit godt og nært forhold.

Grunnen til det er openberr. Philippe er van med at folk listar seg rundt han medan dei synest synd på han; Driss kvir seg ikkje for å vitsa med han. Han kvir seg heller ikkje for å utfordra han på andre område. Når Philippe spelar favorittmusikken sin til Driss, spør Driss korleis han kan dansa til dette.

Det er altså openbert at Philippe likar Driss av di han er annleis. Då er det skuffande at dei hamrar dette poenget inn, i ein samtale mellom Philippe og ein ven som er skeptisk til den nye assistenten. Det vert altfor tydeleg, og dreg ned nivået på filmen. Det same gjer alle forsøka på å vera morosam. På omslaget står det noko om ein feelgood-komedie - det er ein sjanger eg i utgangspunktet er heller lunken til. Denne filmen passar inn i akkurat det mønsteret - vitsane er ikkje noko å le av.

Guffen er lunken.

3. september 2013

Agnes Ravatn: Fugletribunalet (2013)

Denne boka var heilt annleis enn eg rekna med. Eg har lese det meste av det Ravatn har gjeve ut i bokform og mykje av det ho har skrive i Dag og Tid og andre aviser, og det er som regel noko å le av der. Ofte er det noko å le høgt av.

Slik er det ikkje her. Allis Hagtorn har reist frå mannen sin, etter at ho miste jobben som følgje av eit eventyr med sjefen sin i NRK. Ho vert hushjelp for Sigurd Bagge, ein litt mystisk og innestengt mann som bur ved fjorden ein stad. Begge har dei løyndomar for kvarandre, begge seglar under falsk flagg, og begge vert gradvis begeistra for den andre.

Kva Bagge eigentleg driv med, både i arbeidsliv og elles, er eit mysterium for Hagtorn. Ho spør litt, og spionerer litt meir, men vert ikkje så mykje klokare før han opnar seg opp eit godt stykke ute i boka. Før det kjem så langt har han snakka i gåter, han har fortalt draumar som om dei er sanne, og det verkar nesten som om han går inn for å forvirra ho.

I ein av draumane vert han teke med langt inn i skogen, der nokre menneske utkledd som fuglar feller dom over han. Det dukkar opp fuglar også ved andre høve, ikkje berre i tittelen på boka, og det er nærliggjande å sjå etter slektskap med sjølvaste Fuglane, den aller beste norske romanen. Nokon nær slektning er det ikkje, men det kan ikkje vera tilfeldig at Bagge fortel at han ein gong la ut på fjorden, klar for å ta livet av seg i båten sin.

Det er ei fin bok. Ravatn skriv godt, og romanen er godt komponert. Det er ikkje berre Bagge og Hagtorn som vil vita meir om kva den andre gjer og har gjort, også me som lesarar vil gjerne vita dette.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)