27. mars 2013

Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)

Det er ikkje sikkert det seier så mykje, men dette er ein av dei betre fotballspelarbiografiane eg har lese. Philippe Auclair er ein glimrande skribent, han er fransk fotballjournalist basert i London, og skriv svært innsiktsfullt om Thierry Henry, og om korleis fotballverda har endra seg dei siste femten-tjue åra.

Henry er framleis aktiv, men er ikkje på det nivået han var på dei fyrste sju-åtte åra i dette hundreåret. Då var han i verdsklasse, og, gledeleg nok, han spelte for Arsenal dei åra. Auclair tek ikkje den enkle løysinga, sjølv om boka er bygd opp relativt kronologisk er det ikkje refereringa av sesongar, kamp for kamp. Han skriv om korleis Henry endrar seg, både som spelar og person, og skriv om korleis han gradvis vert ein av dei mest populære og respekterte spelarane i England.

I England var han konge på haugen; det var annleis på det franske landslaget. Der var heile tida Zinedine Zidane den største, slik at Henry aldri hadde same status der. Sjølv om han var med på VM- og EM-gull i 1998 og 2000, var tida etter tusenårsskiftet nedtur på nedtur. Laget rauk som regel ut tidleg, med unntak av VM i 2006, og verst var det i 2010. Der kvalifiserte dei seg etter ein vidgjeten hands av Henry, og i sjølve VM gjekk heile laget til streik, i protest mot at Nicolas Anelka vart sendt heim.

For Auclair er den oppførselen til landslaget eit glimrande bilete på korleis fotballspelarar i dag er bortskjemte småungar, utan kontakt med resten av verda, og utan evne til å sjå sin eigen plass i samfunnet. Men han er òg skuffa over korleis Henry passivt lot det mytteriet skje. Han var den eldste i troppa, han var den einaste attverande frå VM 1998, men han prøvde ikkje å stoppa det som skjedde. Auclair vart så skuffa at han eigentleg ville slutta boka med ein hard omtale av landslaget, korleis dei var så blinde at dei ikkje såg at alle andre såg ned på dei.

Men så vart Henry lånt inn til Arsenal igjen, og avgjorde debutkampen. Kanskje vert han berre for prega av euforien på Emirates den dagen, kanskje vert han berre sjarmert av den utrulege gleda Henry viste då han skåra, eller kanskje han berre får lyst til å enda boka annleis. Han skriv i alle fall glimrande og overstrøymande om den kampen, og det skjønar eg eigentleg godt: Eg får framleis klump i halsen når eg tenkjer på den scoringa, og på blikket til Henry rett etter målet.

Guffen tilrår.

Meir Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

25. mars 2013

Paul Chaat Smith og Robert Allen Warrior: Like A Hurricane (1996)

Wounded Knee er eit stadnamn som kan gje meg klump i halsen. Eg har aldri vore der, men har lese nok om massakren som fann stad der i 1890, og om korleis det var slutten på striden mellom indianarar og kvite i USA.

Det var i alle fall slutten på striden på 1800-talet, men også på 1900-talet var der skyting mellom indianarar og kvite i Wounded Knee. Denne gongen, i 1973, symboliserte det enden på ei rørsle som ville gje indianarane høgare status i USA.

Denne boka fortel om denne rørsla, og dei tre viktigaste aksjonane dei gjennomførte. Ingen av dei tre førte til store samfunnsendringar, det viktigaste resultatet var vel at fleire vart kjende med korleis indianarane levde, og at indianarane fekk prov på at svært mange var solidariske med kampen deira. Det siste avsnittet i boka oppsummerer det heile greitt: "That a dew thousand who fought to bring power and visibility to the most ignored population in the United States failed to win all they dreamed can hardly be surprising. That they came so close is the miracle".

Den fyrste aksjonen, ein okkupasjon av fengselsøya Alcatraz, fann stad på den amerikanske vestkysten i 1969-70. Den andre aksjonen, ein marsj mot hovudstaden Washington DC, og ein påfølgjande okkupasjon av huset til Bureau of Indian Affairs, fann stad på den amerikanske austkysten i 1972. Og den siste aksjonen, eit forsøk på å etablera ein Sioux-stat i Wounded Knee, fann stad sentralt i USA ti veker i 1973. Aksjonane var altså spreidde over heile kontinentet, men heile tida i kjende og symboltunge stader. Ingen av aksjonane førte fram, og den viktigaste grunnen var truleg at styresmaktene tok tida til hjelp. Ved den siste aksjonen var det jamleg skyting, og rundt Wounded Knee hadde militæret stilt opp store mengder skytevåpen, men dei tok aldri sjansen på ei massiv skyting mot okkupantane. Ein ny massakre ved Wounded Knee ville hatt katastrofale følgjer for det kvite USA.

Dei to forfattarane fortel godt om desse tre aksjonane, og litt om tida før og etter. Det er aldri tvil om kvar sympatien ligg, men det gjer ingenting. Boka er vel meir viktig enn god, ho fortel om hendingar som ikkje bør verta gløymde.

Guffen tilrår.

21. mars 2013

Frank Bill: Donnybrook (2013)

For ein månad sidan vart eg imponert over debutboka til Frank Bill, novellesamlinga Crimes in Southern IndianaDonnybrook er ein roman, men klientellet er mykje det same: Ikkje altfor velståande, busett på landsbygda, arbeidslause, rusproblem, valdelege, og ofte med ein vag draum om at snart vil alt snu.

Me møter ei rekkje personar. Chainsaw Angus og systera Liz lever av å laga og selja metamfetamin. Ho slår seg saman med Ned, og dei prøver, utan hell, å drepa Angus. Angus på si side har drepe Gravel, og far hans, ein politimann, prøver å spora opp Angus. Politimannen reiser saman med Fu, ein kinesisk kar som kan alle triks i verda. Fu skal krevja inn pengar frå Angus, på vegner av sjefen sin. Alle følgjer etter Liz og Ned til Donnybrook, der òg Jarhead er på veg, saman med den synske Purcell. Donnybrook er ein tredagars valdsfestival, der ein sloss med berre nevane.

Det vert for mykje av det gode, evt. av det vonde, i denne boka. Kvar einaste gong to personar møtest, vert resultat ein slosskamp. Alle er sterke, alle er tøffe, alle er store i kjeften, og ein er ikkje komen langt i boka før ein kjem ut av teljinga på kor mange som er drepne, eller kor mange som er slegne helselause. Dei gode personskildringane frå novellesamlinga er vekke, slik at dette på langt nær er ei like god bok. Det handlar berre om vald, og det er gernser for lenge eg gidd å lesa om det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Bill på kulturguffebloggen
Crimes in Southern Indiana (2011)

10. mars 2013

Breakfast at Tiffany's (1961)

Denne filmen opnar med songen "Moon River", ein Henry Mancini-song som er så fabelaktig at Burt Bacharach truleg ville gitt kva som helst for å ha skrive han. Diverre går alt nedover derfrå.

Holly Golightly er ei ung kvinne, busett i New York. Ho har ikkje arbeid, men har ei viss inntekt av å lura velståande menn ho møter på byen, og ei viss inntekt av å verta lurt av ein mafiaboss i New York. Ho er rotete og distre, misser heile tida husnøkkelen, og det fyrste som skjer i filmen er at ho midt på natta må vekkja den japanske naboen sin, for å få han til å låsa henne inn. Måten han kolliderer med alt i leilegheita si, på veg til døropnaren, er noko av det mest patetiske eg har sett. Det er meininga at me skal le av det, trur eg.

Ein ung mann flyttar inn i etasjen over henne. Det ligg så til dei grader i lufta at dei kjem til å verta eit par, men før dei kjem så langt har begge vore innom andre. Og me som ser på har òg vore innom mykje anna, sånn i tankeverda. Her er ingenting å le av, her er langt mellom dei gode replikkane, og både skodespel og historie er heilt på det jamne.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Capote på kulturguffebloggen
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)

Tormod Haugland: Verd (2000)

Verd er ein kort roman. Boka fortel om stort sett heilt vanlege hendingar, og strekkjer seg over eitt døger, omtrent. Ein hund forsvinn. Ei ku får tvillingkalvar. Ein prest vitjar ei kvinne som nyleg har vorte enkje. Ein son har med seg kjærasten sin heim. Ein familie handlar inn til middag. Og - ei litt mindre vanleg hending - eit hus brenn ned.

Hovudpersonen er 16 år gamle Mill. Ho er relativt sjølvstendig og ansvarsfull, det er til dømes ho som tek mot den fyrste kalven, og ho tek seg godt av den litt reduserte bestefaren som bur i kjellaren. Mill er likevel ikkje eldre enn at ho let ting skje - ho gjer det som er venta av ho, sjølv om det kanskje ikkje er det ho har mest lyst til.

Boka kan på ein måte minna litt om Vårnatt av Tarjei Vesaas. Også i den boka er handlinga lagt til eit sterkt avgrensa tidsrom, også den boka er prega av daglegdagse hendingar, og også der er det unge menneske som får glimt inn i vaksenverda. Og, som med Vårnatt, det vert ei bok som ikkje grip meg nok. Haugland nyttar eit enkelt og daglegdags språk, som passar fint til historia, men det er ikkje nok. Det vert litt for stilleståande, og det skulle gjerne ha skjedd noko meir.

Guffen er lunken.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)

7. mars 2013

Good Night, and Good Luck (2005)

Joseph McCarthy var ein litt for patriotisk amerikanar. Han var senator frå Wisconsin, og vart besett av tanken på å rydda vekk alle amerikanarar med kommunistsympatiar. Dette var i 50-åra, og mange var redde for kommunismen, men metodane McCarthy brukte var langt frå godkjende. Få vågde likevel å ta til motmæle, sidan McCarthy hadde makt nok til å stempla kven som helst som kommunistar.

Ein av dei som stod rakrygga opp mot McCarthy var fjernsynsjournalisten Edward Murrow. Han leia programmet See It Now på CBS, og laga fleire lange innslag om McCarthy. I denne filmen vert Murrow aldeles glimrande spelt av David Strathairn. Filmen handlar om korleis redaksjonen arbeider med desse programma. Så godt som heile filmen går føre seg i redaksjonslokalet og studioet til CBS, der alle går med dress og slips, der alle røykjer, og der så godt som alle er menn.

Det kan verka som eit godt grunnlag for ein keisam film, men det er det slett ikkje. Filmen er meir enn spanande nok. Gjennom heile filmen vert det brukt originalfilmar frå femti-åra, og filmen er halden i svart-kvitt - dette gjer sjølvsagt at det heile verkar autentisk. Det er ein fin film, om ein skamplett i den amerikanske historia.-

Guffen tilrår.

Ingvild H. Rishøi: Historien om fru Berg (2011)

Dette er ei fin lita novellesamling, med fem noveller. Eg har ikkje lese noko av Rishøi før, men både denne og den fyrste novellesamlinga hennar, La stå, har fått fine meldingar. Samlinga vert betre og betre etter meir ein les. Den fyrste novella imponerte meg ikkje altfor mykje, men det kom seg utover i boka, og den siste, "Jentene mine" er stor.

Born og unge er eit gjennomgåande tema i denne boka. Dei fire fyrste novellene vert fortalt gjennom unge gutar eller jenter, medan den siste handlar om eit samliv som bryt saman etter at paret får ein unge, og så ein til. Også i dei andre novellene fortel om folk som fell litt utanfor normalen. "The Life and Death of Janis Joplin" handlar til dømes om ei som ikkje kan lesa eller skriva.

Boka er skriven i eit nøkternt og balansert språk. Rishøi skriv om store ting, og då er det kanskje like greitt at ho ikkje hentar fram dei største orda, men i staden fortel lågmælt om personane sine. Det fungerer i alle fall svært godt.

Guffen tilrår.

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
La stå (2007)
Vinternoveller (2014)

William Gay: The Long Home (1999)

Eit lite samfunn i dei amerikanske sørstatane er indirekte styrt av Dallas Hardin, ein hard mann som gjer akkurat som han vil med omsyn til lova. Spesielt velståande er han ikkje, pengane sine har han gravd ned, men med gode kontaktar i politiet lever han godt av å laga og selja alkohol.

Ti år tidlegare drap han far til Nathan Winer, ein ung mann som ei tid arbeider for Hardin. Dei skil lag etter at Winer vert saman med stedottera til Hardin, som har eigne planar for henne. Winer får gradvis vita kva som hadde skjedd med faren, men kjem aldri så langt at han får gjort opp med Hardin.

Innimellom alt dette møter me fleire personar, som alle har eit vanskeleg utgangspunkt i livet, og som alle slit med å få realisert draumane sine. Det er eit valdeleg samfunn, der alle kan sloss og der alle har våpen, og der løysinga på usemjer ofte er knyttnevane. Den einaste som har akseptert at livet ikkje vert meir enn dette er William Tell Oliver, ein eldre mann som med stor ro og stor rutine får med seg det meste som skjer.

William Gay var ein ukjent forfattar for meg. Boka vart tilrådd av Amazon. Det er debutboka hans, og han var 58 år då ho kom ut. Han må ha drive med noko anna enn skriving tidlegare i livet, men språket i boka viser at det ikkje er ein fersking som har skrive dette. Dialogane er suverene, og sjølv om mange av setningane kan verka tunge og lange, er dei likevel krystallklare. Han får òg sagt mykje med få ord - om Hardin, som altså mangla respekt for kvar einaste paragraf i lovboka, står det ein stad at han finn fram ein lighter: "The lighter was initialed, though the initials were not his own".

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Little Sister Death (2015)

6. mars 2013

Stranger than Paradise (1984)

Willie bur i New York, og får besøk av Eva, eit syskenbarn frå Ungarn. I fyrsten vil han helst ha ho vekk, men når ho reiser vidare til tanta i Cleveland ti dagar seinare vil han at ho skal verta. Eitt år seinare vinn han ein del pengar i poker, saman med med venen Eddie. Dei låner ein bil, køyrer til Cleveland, og tek med seg Eva til Florida. Der spelar Eddie og Willie vekk nesten alle pengane, men greier å gå med overskot. Samstundes har Eva på høgst tilfeldig vis fått tak i enormt med pengar, og ho reiser til den nærmaste flyplassen, utan at dei veit det.

Det er ein uvanleg smakfull og stilstikker film. Det er den andre filmen til Jim Jarmusch. Filmen er i svart-kvitt, og historia vert fortalt svært roleg og avslappa, men likevel ikkje slik at det vert stilleståande. Filmen opnar og sluttar ved to ulike flyplassar, og resten av filmen går føre seg i eit ikkje altfor velståande Amerika. Det er ei melankolsk stemning gjennom heilt filmen. Fleire av dei viktige hendingane skjer utan at me ser dei, som då Eddie og Willie tapar det meste av pengane på hundeveddeløp.

Tilhøvet mellom dei tre hovudpersonane er fint skildra. Willie ser seg sjølv som sjefen, det er oftast han som bestemmer kva dei skal gjera. Eva verkar som om ho berre er med på kjøt og flesk, og i Florida, som i New York tidleg i filmen, vert ho berre parkert på rommet medan dei er ute for å gambla.

Det er lenge sidan eg såg denne filmen for fyrste gong. Han held framleis i massevis, og det er fare for at eg må sjå fleire Jarmusch-filmar om igjen.

Guffen tilrår.

5. mars 2013

Woody Allen. Manhattan, Movies & Me (2012)

Eg har sans for Woody Allen. Han er grunnleggjande morosam, men kan godt kombinera dette med filmar som tek opp store og viktige spørsmål. Eg anar ikkje kor mange filmar han har laga, og heller ikkje kor mange av dei eg har sett, men etter denne dokumentaren får eg lyst til å sjå meir Allen.

Allen vaks opp i Brooklyn. Alt i tenåra sende han inn vitsar til aviser, og 16 år gamal skal han ha tent meir enn foreldra. Han levde (litt motviljug) som standup-komikar nokre år, før han kom inn i filmverda. Han var misnøgd med korleis det fyrste manuset hans vart endra av regissøren, så frå film nummer to hadde han full kontroll.

Han laga filmar for å få folk til å le, men Annie Hall i 1976 endra dette. Det var framleis nok å le av, men filmen hadde ei betre og meir gjennomarbeidd historie. Frå no av vart filmane hans meir menneskelege, og tok altså opp store tema som livet og døden og religion og mykje meir. Det meste av det han har laga er prega av Allen sjølv - ein litt redd romantikar med god sans for humor.

I filmen fortel ei rekkje personar om korleis Allen er, om korleis han arbeider, om korleis det er å arbeida med/for han, og om kva som kjenneteiknar filmane hans. Her er ei rekkje klipp frå filmane hans; dei mest interessante klippa var likevel frå fjernsynsshow, og frå den tidlege karriera som standup-komikar. Det er ein flott film, og det gjer sjølvsagt ingenting at han er produsert av Whyaduck Productions.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Whatever Works (2009)

4. mars 2013

Deadly Companions (1961)

Kit Tilden bur i ein liten by i utkanten av siviliasjonen i USA. Ho har eit litt frynsete rykte, mest av di ho er ugift og har ein son. Sonen vert skoten i ei ulukke, og ho vil gravleggja han ved sida av faren, som ho hevdar er gravlagd i ein spøkelsesby ikkje altfor langt unna. Tre menn slår følgje med ho, dei vil verna ho mot indianarane i området. Ein av dei, Yellowleg, har ei høne å plukka med ein av dei andre, Turk - i borgarkrigen nokre år tidlegare prøvde Turk å skalpera Yellowleg.

Det går som det må gå. Nokon vert vener, nokon vert uvener, og på veg til gravplassen skil dei lag. Yellowleg og Kit slåst med indianarar, før dei kjem fram til byen, der Turk og han andre ventar på dei.

Det er ein rimeleg ordinær film. Det er ei enkel historie, fortalt på ein heilt grei måte. Det beste i filmen er måten det vert vist korleis Kit vil gjera alt for son sin, korleis ho, som ikkje har nokon nære vener i det heile, står som ein påle i all motgangen. Men bortsett frå det? Nja.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. mars 2013

Kautokeinoopprøret (2008)

Eg lærer visst aldri. Endå ein gong såg eg ein norsk film som fekk relativt bra omtalar då han kom, og endå ein gong fekk eg stadfesta at det skal veldig lite til før ein norsk film får ros.

Det meste er dårleg i denne filmen. Det baserer seg på reelle hendingar frå midten av 1800-talet, då nokre samar, som lenge hadde vore undertrykte av den lokale presten og handelsmannen, gjekk til angrep på desse. To på kvar side vart drepne, og to av samane vart seinare dømde til døden og avretta.

I filmen får alkoholserveringa til handelsmannen mykje av skulda for det som skjer. Det heile vert fortalt på ein høgst tradisjonell måte, og det skjer ikkje ein einaste overraskande ting. Dialogen er ordinær, skodespelet er lite å skryta av, og kameraføringa er uventa klaustrofobisk. I staden for å tidvis gjera seg nytte av dei opne viddene rundt Kautokeino, er filmen prega av nærbilete og tronge utstnitt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.