16. juli 2012

Appaloosa (2008)

Endå ein ny laurdag, endå ein ny western på fjernsyn. Denne er langt nyare enn dei andre eg har sett denne sommaren. Handlinga har fellestrekk med High Plains Drifter, også her er det ein by som treng hjelp, og som gjev redningsmennene fritt spelerom til å gjera kva dei vil.

Rancharen Randall Bragg (Daniel Day Lewis) gjer omtrent som han vil i byen Appaloosa. Det gjer òg folka hans, og ein marshall som kjem for å arrestera to av dei, vert drepen av Bragg, saman med to av assistentane sine. Byen bed dei to revolvermennene Virgil Cole (Ed Harris) og Everett Hitch (Viggo Mortensen) om å verna byen mot Bragg. Det gjer dei, og dei greier òg å arrestera Bragg. Han vert dømd for morda, men seinare frikjent. Han opnar eit hotell i byen, og prøver å leva som ein lovlydig borgar. Det går berre sånn måteleg.

Visuelt er denne filmen finfin - flotte bilete, flotte fargar. Sjølv om filmen tidvis er spanande, er ikkje handlinga altfor original. Han kunne med hell ha vore strammare redigert, det vert av og til for langdrygt. No vert det ein heilt grei film, men ein film eg neppe kjem til å sjå igjen.

Guffen er lunken.

12. juli 2012

Stein Torleif Bjella (Sævelid, Voss, 12.7.12)

Liv Bernhoft Osa har dei siste åra hatt ein serie sommarkonsertar i Sævelid, huset ho arva etter far sin. Dette var fyrste gong eg var der, og det heile er på grensa til surrealistisk: Ho hentar inn artistar frå øvste hylle, og dei held konsert i eit lokale som mest av alt minner om ei lett overdekorert kjellarstove. Ordet intimkonsert får nesten ny meining; det kan ikkje vera plass til stort fleire enn 70 personar der inne.

Å oppleva Stein Torleif Bjella i eit slikt lokale er midt i blinken. Bjella har dei to siste åra gitt ut to fantastiske plater, som eg har høyrt veldig mykje på. Det meste stemmer - det er gode melodiar, det er svært gode tekstar, og han framfører dei på ein veldig ekte måte. Stemma hans er sårbar og ekte. På platene kjem dette kanskje aller best fram i refrenget på "Søt harmoni", der ordet klar varer i fleire sekund, og der det heile tida høyrest ut som om han er på veg vekk frå tonen han held gjennom desse sekunda.

"Søt harmoni" kom som song nummer to i kveld. Opningsnummeret var "Tre viku", med ei av dei tekstlinene eg likar best ("Lengsel har høg pris. Eg burde ha sett det kom. / Eg lika kveldsbris. Du må ha storm.). Det sier litt om kor sterke songar og kor sterke tekstar Bjella har at han kan opna med to så glimrande songar, og likevel halda nivået oppe gjennom heile konserten.

Han hadde med seg to medmusikantar, HC Gundersen på steelgitar, og Marita Igeltjøn på piano, sag, trekkspel og eit par andre instrument ho hadde for handa. Dei to, spesielt Gundersen, ligg svært lågt og fyller som oftast berre ut lydbiletet, det er Bjella som er i sentrum. Tekstane hans handlar gjerne om folk som slit litt, eller ligg litt på utsida, men dei er ikkje skrivne utan humor, og mellom songane er det mest den humoristiske Bjella som viser seg. Han er sjarmerande, han vitsar med seg sjølv, vitsar om Ål, og før kvelden er over har han lodda ut ei t-skjorte (i mangel på fruktkorg).

Songane han spelte var jamt fordelt mellom dei to platene. Han spelte ein heilt ny song, så ny at han ikkje hadde lært teksten utanåt enno; denne vart presentert som ein tekst som utfylte songen "Innegubbe" frå Vonde visu. Dessutan spelte han det han kalla ein song han hadde skrive for svært lenge sidan. Denne songen hadde ein heilt annan type tekst; dette var ei humoristisk vise om ein mann som er på tjuvhogst.

Dette var stas. Eg ser meir enn gjerne Bjella igjen, men reknar ikkje med at det vert like intimt då. På vanlege konsertar kjem publikum for å sjå artisten spela; i denne kjellarstova verka det meir som om Bjella var komen for å spela litt for oss.

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)

Oslo, 31. august (2011)

Anders, spelt av Anders Danielsen Lie, er nesten ferdig med opphaldet på ein avrusingsheim for narkomane. Han får permisjon ein dag, for å reisa til eit jobbintervju i Oslo. Han er ikkje så optimistisk med tanke på livet, viss han, mot formodning, skulle greia å halda seg rusfri, og få seg jobb og familie og alt det der, får han eit liv som verkar heller kjedeleg. Han reknar likevel ikkje med at han får eit slikt liv, med eit fortid som narkoman vil han truleg ikkje få sjansen.

I Oslo vil han snakka med dei som står han nærast. Han får snakka med Thomas, bestevenen, men systera møter ikkje opp. Ho sender i staden kjærasten til avtalen dei har. Også om kvelden vert Anders svikta; han går til ein fest der Thomas har sagt han skal vera, men han dukkar aldri opp. Truleg har han prioritert å vera heime med familien, slik han sa han hadde for vane.

Men før me kjem til den festen, har det alt snudd for Anders. På jobbintervjuet imponerer han, og får etter kvart ein god tone med intervjuaren. Han vert pressa på kva han har gjort etter 2005, og seier fyrst at han har drive med nokre småjobbar, før han berre drit i det, og heilt roleg fortel at han har vore narkoman, og at han har deala litt. Så tek han med seg søknaden, kastar han i nærmaste bosspann, og har truleg bestemt seg for kva han skal gjera.

Det verkar som om Anders kjenner seg svikta, både av systera, som ikkje møter han, av Thomas, som ikkje kjem på festen, og av eks-kjærasten Iselin, som bur i New York, og som Anders ringjer til fleire gonger utan å få snakka med andre enn telefonsvararen hennar. Sjølv om han kjenner seg svikta, er han langt frå ærleg sjølv. Han kvir seg ikkje for å lyga, og kvir seg heller ikkje for å stela.

Filmen er regissert av Joachim Trier. Det er ein finfin film, som det kan seiast mykje godt om. Dei mange dialogane er svært truverdige, det er halve setningar, det er setningar med pausar mellom orda, og det er mange replikkar der det ikkje vert sagt noko i det heile. Der er òg flotte scener utan dialog, det er flott når Anders kjem heim til barndomsheimen, ser flygelet, og spelar piano i eit minutt eller to. Danielsen Lie spelar glimrande, han har eit trist fjes som passar perfekt til rolla som Anders. Historien vert godt fortalt, det er godt tempo i filmen, og måten dei siste bileta i filmen knyter band attende til resten av filmen er òg flott.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Reprise (2006)
Verdens verste menneske (2021)

10. juli 2012

Agnes Ravatn: Veke 53 (2007)

Dette er debutboka til Ravatn. Det er ein humørfylt roman om den relativt nyskilte lektoren Georg Ulveset, som ikkje har det spesielt bra, og som ei veke rundt joletider gjer den eine sosiale blemma etter den andre. Den siste skuledagen møter han opp sterkt rusa, og vert sendt heim. Under den årlege jolemiddagen hjå ein kollega får han ikkje til nokon ting, og kvelden sluttar med at han, utan hell, prøver å leggja an på ei som gjekk ut frå vidaregåande året før. Så døyr far hans, og han må til heimbygda for å ordna opp. Der møter han ei kvinne han hadde eit kort og hektisk forhold til som nygift, og boka sluttar relativt optimistisk. Sjølv om ho sluttar med at han er på veg inn i gravferda til faren. Eller kanskje nettopp derfor.

Boka er i stor grad bygd opp rundt dialogar. Ulveset får ikkje alltid like mykje ut av desse, og Ravatn skyt ofte inn ei setning eller to om at Ulveset meiner samtalane er tomme. Etter utvekslinga "- Du høyrer mykje betre enn sist eg var her, sa Georg. - Ja, sa faren. - Er det nytt høreapparat? - Ja, eg - dette er mykje betre, ja. - Det er flott, far." kjem setninga "Alt dette vrøvlet me skal gjennom, tenkte Georg".

Ravatn skriv godt, og ho har skjønt at fyrste setninga i ei bok er viktig: "Ein gong hadde eg ambisjonar" er ei glimrande opning. Det er ei bok ein les fort, og her er nok å smila av. Ein gong lo eg til og med høgt - den siste skuledagen, då Ulveset altså ikkje er heilt edru, finn han ut at han skal spela Hangman med elevane sine. Han teiknar ruter til ei heil setning, men einaste framlegget frå klassen er bokstaven S. "Helvetes allmennfag, ingen kreativitet", tenkjer han, og skriv opp løysinga, "Marie Hamsun er lesbisk". Ikkje uventa dukkar rektor opp i det same.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

9. juli 2012

Anders Buraas: De reiste ut (1982)

Av og til, men sjeldnare og sjeldnare, les eg noko som viser at eg har ei over middels interesse for det norske Amerika. Denne boka var ukjent for meg då eg fann ho i ein bruktbutikk nyleg, men eg slo til.

Boka har lange artiklar om nordmenn eller norskamerikanarar som utmerka seg i USA. Fem av namna var kjende for meg frå før, men av desse kjende eg berre livssoga til eit par av dei. Dei sju er Agnes Mathilde Wergeland (professor), Ole Evinrude (oppfinnar), Anders Furuseth (fagforeiningsmann), Knute Rockne (fotballtrenar), Harry Irgens Larsen (skipsreiar), Hans Christian Heg (general), og Ole Bull (fiolinist). Med unntak av den siste artikkelen er det snakk om personar som gjorde det godt i Amerika, ikkje i det norske Amerika.

Buraas byggjer opp artiklane på same måte. Dei opnar med ei av dei viktige hendingane i livet til personen han skriv om, før han går strengt biografisk til verks. Fem av artiklane er suksesshistorier, men dei to andre bryt med mønsteret. Wergeland var den fyrste norske kvinna som tok ein phd, men ho sleit likevel med å verta akseptert akademisk, og fekk ikkje jobb på noko etablert universitet. I staden vart ho tilsett ved universitetet i Wyoming i 1902, eit relativt ferskt universitet. For Buraas er det tydeleg at Wergeland burde hatt eit langt større namn i dag; eg vart ikkje like overtydd.

Artikkelen som skil seg mest ut er den om Ole Bull. Her skriv han ikkje om heile livet til Bull; i staden konsentrerer han seg om Oleana, det aldeles mislukka forsøket Bull hadde på å etablera ein norsk koloni i Pennsylvania. Det er rart at denne artikkelen er komen med; ikkje berre av di dei andre artiklane har ei langt meir sams form, men òg av di historia om Oleana er fortalt mange andre stader.

Boka er skriven i eit stivt og lite spenstig språk. Eitt av grepa han bruker er meir irriterande enn interessant; i tre-fire av artiklane diktar han opp samtalar for å visa korleis hovudpersonen kan ha argumentert i ein gitt situasjon. For meg er pionertida og det norske Amerika det mest interessante, å lesa om korleis Harry Irgens Larsen gjorde suksess som skipsreiar etter andre verdskrigen var heller uinteressant.

Guffen er lunken.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

8. juli 2012

High Plains Drifter (1973)

Ein ny laurdagskveld; ein ny western på NRK2. Filmen er regissert av Clint Eastwood, som òg har hovudrolla som ein namnlaus revolvermann.

Han rir inn i ein liten gruveby, kanskje heilt tilfeldig, kanskje for å ta hemn. I byen gjer han som han vil, han har knapt vore der ein halvtime før han har drepe tre menn og valdteke ei kvinne. Leiarane i byen finn ut at dette er heilt greitt, og let han få total fridom til å gjera kva han vil, så lenge han vernar byen mot tre menn som nett har sluppe fri frå fengsel, og som truleg kjem til denne byen for å krevja pengar dei har til gode, og for å ta hemn for at folk der hjalp til med å få dei i fengsel. Eastwood takkar ja, og gjer verkeleg som han vil. Alle i byen er livredde, både for han og for dei tre bandittane som truleg er på veg, og let han få styra som han vil. Det går sjølvsagt omtrent slik han ville.

Dei tre bandittane var sette i fengsel for å ha piska ein mann til døde. Den fyrste natta Eastwood søv i byen drøymer han om denne piskinga, utan at nokon har fortalt han om det. Det må tyda at han anten har overnaturlege krefter, eller at han har høyrt om dette, kanskje av di han kjende offeret, og at han kjem for å ta hemn. Det er noko djevelsk over han, i alle fall under det endelege oppgjeret, der han går rundt med full kontroll, omgjeven av brennande hus på alle kantar.

Det er ein ujamn film. Tidvis er det bra, og den knappe historia fungerer godt som film. Men nokre av scenene er så dårlege og tradisjonelle at det nesten verka som ein komedie eller ein parodi. Personane i filmen kunne òg vore karikaturar av personar i westernfilmar - filmen er full av skitne, ubarberte og sveittande lett overvektige menn.

Guffen er lunken.

7. juli 2012

May-Irene Aasen m.fl.: Gutta. På veien med Jokke & Valentinerne (2005)

For meg var Jokke & Valentinerne eit heller uinteressant band. Eg har ingen av platene deira, og sjølv om eg høgst truleg var på konsert med dei ein gong i åttiåra, kanskje på ein eller annan festival i Oslo, kan eg ikkje hugsa noko frå ein slik (eventuell) konsert. Ein fengande song her og der, men stort sett ikkje noko å ropa hurra for.

Eg tok med meg denne boka frå Fretex for nokre dagar sidan, utan å ha bladd mykje i ho. Eg trudde det var omtrent ei rein fotobok, men her er òg mykje å lesa. Desse tekstane, skrivne av Mode Steinkjer, Guttorm Nordø og Anders Giæver, burde vore betre redigerte. Dei er fine kvar for seg, men der er mange døme på at to av dei kjem med dei same anekdotane. Ser ein vekk frå dette, vert tekstane samla noko som minner om ein biografi. Det står mykje om miljøet Jokke kom frå, det står mykje om tekstane hans, det står om alkoholen, det står om samhaldet i bandet, og det står om folk rundt bandet.

Men det er bileta som er det finaste med boka. May-Irene Aasen, trommeslagar i bandet, er ein god fotograf, og hadde sjølvsagt tilgang til dei andre i bandet overalt. Her er bilete frå konsertar, frå øvingar, frå lydsjekk, frå turnear og videoinnspelingar, men òg bilete frå meir private samanhengar. Bileta er i svart-kvitt, dei er godt komponerte, og får god plass. Berre unntaksvis er her meir enn eitt bilete på kvar side.

Ei heilt grei bok for meg. For dei med eit nærare forhold til platene til bandet må dette vera endå betre.

Guffen tilrår.

6. juli 2012

Jon Haaland: Tommy (1982)

Eg veit ikkje heilt kva som skjedde her. Tom Lund var den store spelaren i norsk fotball på slutten av syttiåra. Han var den viktigaste grunnen til at Lillestrøm på få år rykte opp frå tredje til fyrste divisjon, og til at dei vann fleire titlar, både serie og cup. Han var aldri min mann, truleg av di han spelte på feil lag. Likevel, då denne boka låg omtrent til utdeling på Fretex, tok eg ho med meg.

Historia om Lund kunne godt vorte ei god bok. Ein meir ambisiøs forfattar ville han utfordra Lund langt meir, og òg fått dei rundt han til å snakka meir om korleis han var som person. Han ser ut til å ha vore svært eigenrådig, og kan ikkje alltid ha vore lett å samarbeida med.

Dessutan ville han berre bu på Lillestrøm, og ville berre spela for den klubben. Kanskje han var lojal, men han verkar òg redd for å prøva noko nytt, og redd for å oppleva motgang. I 1973 fekk han tilbod frå Ajax, som då var den største klubben i Europa, og som trong ein spelar som kunne erstatta Johan Cruyff. Lund takka nei - ville ikkje ein spelar med større ambisjonar kasta seg over eit slikt tilbod? I boka seier han at den største usemja var rundt lengda på proffkontrakten - Ajax foreslo to og eit halvt år, for Lund var det nok med eitt, sidan han ikkje visste om han var god nok. Nokre år seinare vart han så skada at han måtte opererast. Det er òg vanleg, men Lund ville heller leggja opp enn å gå gjennom operasjonen. Det var ikkje operasjonen han var redd for, men den lange opptreningsperioden. Han hadde i tillegg flyskrekk, men ikkje verre at han flaug både titt og ofte.

Han var altså amatør det meste av karriera, og arbeidde ved sida av fotballen. Han etablerte sitt eige firma, eit firma som importerte lotteriutstyr, og han kunne godt melda forfall til landskampar fordi han hatte eit viktig møte med leverandørar eller andre.

Der kunne altså vore nok å ta av, men alle slike potensielle konfliktar vert berre så vidt nemnde her. Haaland er altfor snill med Lund, og er i det heile altfor positiv. Han går i staden i den fella mange fotballbiografar går i - han bruker altfor mykje plass på å fortelja om kampar og resultat og kor mange mål Lund skåra utover i sesongen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

Øystein Orten: Sjabervik (2011)

Denne novellesamlinga fortel om hendingar i den fiktive sunnnmørsbygda Sjabervik, hendingar som strekkjer seg over eit par hundre år. Novellene kjem kronologisk, slik at boka samla vert ei forteljing om korleis samfunnet, fyrst og fremst på Sunnmøre, har endra seg. Språket endrar seg (eit par av dei fyrste novellene er skrivne som samtidige vitnesbyrd, på dansk). Butilhøva endrar seg. Draumane endrar seg (i dei tidlege novellene er det svært mange nøgde fiskarar; i ei av dei siste møter me ein femtenåring som vil verta fotballproff). Familietilhøva endrar seg, i den andre halvdelen av boka finst det til og med skilsmisser. Ein av dei få tinga som er nokolunde konstant, er at religionen har ein sterk posisjon.

Ofte dukkar hovudpersonen i ei novelle opp i ei birolle eller som statist i ei anna. Det bind novellene saman, det vert litt som i Bikubesong, der Murboligen bind det heile saman. Novellene fortel oftast om folk som har hamna litt i utkanten av samfunnet. Det kan vera folk med alvorleg sjukdom, det kan vera nokon som har mist mannen sin, det kan vera ein innvandrar, og så vidare.

Her er gode noveller, men her er òg mindre gode. For meg dabba interessa litt av utover i boka, og det må vel koma av at eg likte dei fyrste novellene betre, sånn jamt over. Orten skriv godt, han har eit rikt ordforråd, der han gjerne hentar inn sunnmørske ord og uttrykk, og han nyttar mange korte og av og til knappe setningar. Likevel vart det litt for ujamnt for meg, dette.

Guffen er lunken.

Meir Orten på kulturguffebloggen
Vegen til Neverland (2005)

5. juli 2012

Erik Bye: Munnspill under åpen himmel (1966)

Det er to ting som er sikre når du nærmar deg bokavdelinga på ein loppemarknad eller i ein god bruktbutikk: I hyllene er det bøker av Helge Ingstad, og i dei same hyllene står òg denne boka. Det fortel jo at boka må ha selt bra, og det er ikkje så rart. Det spelte sjølvsagt inn at Bye var kjent frå NRK då boka kom ut, men det må òg ha spelt inn at det er ei god bok.

Boka handlar om livet i USA. Oftast er det ikkje så nøye kva by eller stat han er i, men grovt sett ser reiseruta ut til å vera det nordlege Kanada - New York - Midtvesten - Texas - California. Det kan godt vera relativt sjølvopplevd, det han skriv om, men treng ikkje vera det. I alle fall er det ikkje ein NRK-kjendis som har hovudrolla i boka, forteljaren er meir ein eventyrar som går frå by til by, og prøver å tena litt pengar før han fer vidare. Han vil sjå seg om, han vil vera på vegen, og han vil møta nye folk.

For det er ikkje USA det står mest om her, det er heller ikkje eg-personen det står mest om. Det Bye fortel om er folk han har møtt, og då er det gjerne folk frå dei lågare sosiale laga. Folk som drikk, folk utan arbeid, folk utan fast heim. Desse skriv han varmt om, og han tek seg tid nok til å skildra dei skikkeleg. Det er ikkje nok å skriva korleis dei oppførte seg, han skriv om augene, om hendene, om kroppane, og han skriv godt og meiningsfullt om alt dette. Språket er godt og intenst. Innimellom prosatekstane kjem det nokre dikt, men språket er like poetisk i store delar av dei andre tekstane.

Guffen tilrår.

Meir Bye på kulturguffebloggen
Spinn, mitt hjul (1971)
Å skyte en teddybjørn (1987)
Arvid Bryne: Hildringstimer (2001)
Asbjørn Bakke: Erik Bye (2017)

2. juli 2012

Knut Eidem: Rui-jentene som kom til kongen (1974)

Boka handlar om to gamle, ugifte systre, som budde heile livet på husmannsplassen Rui, i Dalen i Telemark. Dei vart intervjua av Eidem for ei avis, og nemnde der at dei gjerne kunne tenkt seg til Oslo for å helsa på kongen. Kongen las om dette i avisa, og inviterte dei. Turen deira til Oslo står sentralt i boka, men meir plass vert likevel brukt på å fortelja om dagleglivet deira, og om oppvekst og foreldre og sysken.

Det er lett å vera skeptisk til bøker som denne - det kimer sterkt i Dankert-Anna-klokkene. Det vert ikkje betre av at det etter kvart vert veldig tydeleg at boka er skriven for byfolk - Eidem passar fleire gonger på å streka under at slik gjer folk ting på landet. Språket er heller ikkje altfor imponerande.

Men likevel: Boka gjer inntrykk. Dei to systrene, Ingerine og Gurine Schewenius, framstår som svært ekte og sikre personar. Dei levde nøysamt, dei ville greia seg sjølv, dei var sterkt religiøse, og dei var uvanleg sterkt knytte til husa og jorda på Rui. Det var der dei høyrde heime. Dei var òg sterkt knytte til kvarandre. Turen til Oslo kjem midt i boka, og eg tenkte fyrst at det vart feil å la høgdepunktet i boka koma så tidleg. Men eg tok feil - seinare kjem ho eine systera på gamleheim, og den andre flyttar etter, av di dei må vera nær kvarandre. Etter at ho eine døyr, kjem broren på vitjing frå Amerika, for fyrste gong på meir enn tretti år. Det kunne vorte altfor sentimentalt, men når ein ser forbi språket til Eidem og prøver å sjå desse syskena, ser ein verkelege, ekte menneske.

Guffen tilrår.

1. juli 2012

Jason Kersten: Journal of the Dead (2003)

Den amerikanske nasjonalparken Carlsbad Caverns i New Mexico er ein av dei store naturopplevingane eg har hatt. Eg var nede i den eine hola, ei enorm sal, med store mengder stalagtittar og stalagmittar. Diverre var eg der utanfor sesongen, slik at eg ikkje fekk med meg ein av dei store attraksjonane: I hola bur det hundretusenvis av flaggermus, og kvar kveld forlet dei hola i samla tropp. Det skal eg sjå neste gong, for det er ein park eg vil attende til.

Parken gjorde òg inntrykk på onkelen til David Coughlin. Då Coughlin skulle flytta frå Boston til California sommaren 1999, ville han køyra bil tvers over det amerikanske kontinentet, saman med bestevenen sin, Raffi Kodikian. Eigentleg hadde dei ikkje tid til å stoppa i Carlsbad Caverns, men den fyrste delen av turen gjekk så raskt at dei la inn ein ekstra stopp. For å spara pengar overnatta dei i telt i Rattlesnake Canyon, ei lita kløft i parken. Dei skulle berre bu der ei natt, men dagen etterpå gjekk alt gale. Dei fann ikkje vegen ut igjen. Ingen leitte etter dei før tre dagar seinare, og då hadde det gått gale: Rangeren som såg teltet deira fann Kodikian sterkt dehydrert i restane av teltet deira. Noko av det fyrste han sa var at han hadde drepe Coughlin, og gravlagt han under ei steinrøys.

Dei hadde hatt altfor lite mat og drikke med seg, og hadde brukt for mange krefter på å gå opp dalsida på feil side av kløfta. Dei kunne ikkje lesa kartet dei hadde kjøpt; og det var ekstremt varmt. Dei hadde ført ei slags dagbok, og det var ikkje tvil om at dei hadde hatt nokre vonde dagar, men likevel var det noko som ikkje stemte. Korleis kunne Kodikian drepa bestevenen sin? Korleis greidde dei å ikkje finna vegen ut igjen? Korleis kunne dei unngå å sjå vasstårna dei hadde parkert bilen ved? Korleis hadde Kodikian krefter til å skriva SOS med store steinar, og deretter å bruka desse steinane til å gravleggja Coughlin? Og det store spørsmålet - korleis kunne dette skje, berre ein god kilometer frå staden bilen var parkert?

Kersten fortel denne historia på ein glimrande måte. Han har ikkje alle svara sjølv, men har snakka med mange av dei som var involverte. Ingen har fasiten, nokre meiner at det er noko som skurrar; andre meiner at det er utenkjeleg at Kodikian kan ha vore klar over kva han gjorde. Det same kan det vera, det er ei flott bok.

Guffen tilrår.

Olav Midttun: Livsminne (1971)

Olav Midttun var ein av desse som fekk gjort svært mykje. Han var professor i nynorsk dikting i Oslo i to periodar, han var riksprogramsjef i NRK i åtte år på begge sider av andre verdskrigen, han redigerte Syn og Segn i 52 år, han var formann både i Noregs Ungdomslag og Det Norske Samlaget, han var mykje brukt som folketalar, og han gav ut fleire bøker, mellom anna samleutgåver av tekstar av Vinje, som han var svært oppteken av.

Med så mykje på CV-en er det klart at Midttun har mykje å fortelja. Grunnlaget for denne boka er mellom anna lange opptak Sigmund Skard gjorde, der Midttun fortalde om livet sitt. Dag Aanderaa gjorde òg nye intervju med Midttun, og Aanderaa laga eit utkast til manuskript, som Midttun var med og redigerte. Det er vorte ei interessant bok.

Midttun er passeleg smålåten når det gjeld si eiga rolle. Han skriv mykje om folk han har samarbeidd med, og for oss som er interesserte i dei tidlege målmennene er det mykje å henta. Han skriv godt om dei han skriv om, og det er ikkje berre dei gode sidene han dreg fram. Det er bok det går fort å lesa, og Midttun var såpass sentral på så mange område at han godt kunne fått ein større biografi.

Det ein eventuell ny biograf burde ha skrive noko om, er familien til Midttun. Det er ikkje det viktigaste i ei bok som Livsminne, men Midttun burde i alle fall ha fortalt kor stor familie han hadde. Han nemner namna på begge konene sine, men ungane vert berre nemnde sporadisk utover i teksten. Og det burde òg ha stått noko om at så lenge Midttun heile tida var oppteken av arbeid, var det andre som måtte ta seg av ungane.

Guffen tilrår.

Meir Midttun på kulturguffebloggen
A. O. Vinje (1960)
Rasmus Løland (1961)
Mål og menn (1968)

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)
Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

The Professionals (1966)

Det er ofte fort gjort å referera handlinga i ein westernfilm. Det er gjerne slik at ein eller fleire menn skal utføra ei oppgåve som fører med seg ein del reising. Kanskje dei skal føra tusenvis av kveg til ein stad det er jarnbane. Kanskje dei skal føra ein kriminell til nabobyen. Eller, som tilfellet er her, kanskje dei skal ri til ein hacienda i Mexico for å henta ei kvinne som er kidnappa.

Ein rik ranchar kontaktar fire hardbarka menn, og lover dei god betaling viss dei kan befri kona hans, som er kidnappa av ein mexikansk opprørar. Dei rir sørover, gjennom tronge kløfter og ein glovarm ørken. På vegen tek dei livet av ti-femten mexikanarar, og når dei kjem fram til haciendaen tek dei livet av minst femti til. Dei får med seg kvinna. Dei vert forfulgt, men tek livet av fem av dei seks som kjem etter dei. Den einaste som overlever er den mexikanske leiaren, som vert teken til fange og teken med til grensa, der dei møter oppdragsgjevaren sin. Og der, i dei siste minutta i filmen, kjem det ei ørlita overrrasking.

Det er ein heilt grei film, men han kunne med hell ha vore korta ned litt. No går det litt for seint av og til, og det vert nokre gonger brukt alt for lang tid på å få fram poeng som kanskje ikkje var så viktige likevel. Handlinga er lagt til rundt 1915, då Mexico var midt inne i ein langvarig revolusjon, og der òg er litt for mange samtalar om kva dei enkelte meiner om denne revolusjonen.

Guffen er lunken.