31. mai 2012

Patricia Bosworth: Montgomery Clift (1978)

Montgomery Clift var ein fin skodespelar, som diverre ikkje fekk spelt i så mange filmar. Det var fleire grunnar til det, og to av dei vert nemnde i songen "The Right Profile" frå London Calling: "Monty's face is broken at the wheel", og "Nembutal numbs it all / but I prefer alcohol". Joe Strummer skreiv teksten til "The Right Profile" etter å ha lese denne biografien, og det er difor ikkje så uventa at det han skriv om stemmer. Clift hadde eit stort forbruk av rusmiddel - då han bygde om badet i leilegheita si fekk han bygd eit fire meter langt medisinskåp. Og han fekk det velskapte andletet sitt øydelagd i ei bilulukke. Spesielt venstre sida av andletet vart herpa, slik at når han vart filma i profil i dei seinare filmane hans, var det oftast den høgre profilen som vart filma.

Han hadde eit uvanleg liv. Mora var fødd utanfor ekteskap. Ho hadde ingen kontakt med far sin, men fekk høyra at han kom frå ei slekt i den amerikanske overklassen. Ho var desperat etter å koma inn i overklassen sjølv, og for at dei tre ungane hennar skulle få nok danning til å ikkje drita seg ut når dei, viss alt gjekk etter planen hennar, ein gong møtte slekta si, fekk dei aldri vanleg skulegang. Ho tok dei i staden med på lange daningsreiser i Europa, der dei lærde fleire språk, og der dei såg og las det som var verdt å sjå og lesa. Kontakt med slekta fekk dei likevel aldri.

Montgomery Clift hadde altså eit stilreint fjes. Han vart fotomodell alt tidleg i tenåra, og prøvde seg med hell som skodespelar på teater. Han var god, han gjekk langt inn i rollene sine, og han brukte gjerne tid og krefter på å endra manus. Han budde for det meste i New York, han ville skapa kunst som varde lenge, og var ikkje så begeistra for filmane frå Hollywood. Likevel var det der han verkeleg slo gjennom, og var i nokre år ein av dei aller, aller mest ettertrakta skodespelarane. Han fekk det som han ville, der andre skodespelarar bandt seg til eitt og same filmstudio i fem eller ti filmar, var han så ettertrakta at han stort sett bandt seg for ein og ein film. Han spelte mot mange av dei store skodespelarane, vart nominert til Oscar fire gonger, men vann aldri den prisen.

Alt før bilulukka hadde han fått eit rykte for å vera vanskeleg. Han fekk likevel tilbod om å vera med i filmar også etter ulukka, men etter at han fekk skulda for at filmen Freud i 1962 gjekk langt over budsjettet, ville ingen av dei store studioa bruka han meir. Då vart det endå meir drikk og dop, det var kvinner og menn, og han oppførde seg merkelegare og merkelegare. Heilt til han døydde i 1966, 46 år gamal.

Det er ei historie med mange interessante vendingar. Bosworth ser ut til å ha gjort ein god jobb, ho har snakka med ei rekkje folk, og gjev gode innblikk i filmane Clift var med i. Spesielt godt skriv ho ikkje, og det er òg unødvendig å koma med så mange referansar til dei seksuelle preferansane hans (og det er unødvendig å ta med rykte om korleis dei meir private kroppsdelane hans såg ut), men alt i alt var dette verdt bryet.

Guffen tilrår.

Filmar med Montgomery Clift på kulturguffebloggen:
Red River (1948)
From Here to Eternity (1953)
Misfits (1961)

26. mai 2012

Saturday Night and Sunday Morning (1960)

Det var visst ikkje så lystig i fabrikkbyane i Nord-England i tiåra etter krigen. I alle fall ikkje viss ein skal tru på denne filmen. Arthur Seaton er ein mann sånn midt i tjueåra. Han arbeider på fabrikk, og bur heime hjå foreldra. Livet er relativt monotont - i vekedagane går det stort sett i jobb, pluss ein snartur på pub eller kino. Med eit slikt liv vert laurdagskvelden det heilt store, og her er han i sitt ess. Han ropar, drikk, og er sånn passeleg flink med damene.

Eller, han er litt for flink med damene. Han får seg ein kjærast, Doreen, i løpet av filmen, men gjer det likevel ikkje slutt med ho gifte dama han står i med. Ho vert gravid, og dei greier å få teke abort. Då er vegen open for å gifta seg med kjærasten, og å flytta inn i eige hus, og halda fram akkurat som før, på fabrikken.

Filmen er smakfullt filma, i svart/kvitt, men det som verkeleg gjer filmen bra, er dialogane. Dei fleste er store i kjeften, då Arthur fyrste gong møter Doreen gjer dei ikkje stort anna enn å slengja drit til kvarandre. Og det er heilt tydeleg at dei likar det, at det er slik samtalar skal førast.

Guffen tilrår.

25. mai 2012

Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)

To sysken, ein bror og ei syster, bur saman. Systera er sjuk. I skogen står det to barlinder, som for den sjuke systera representerer dei to syskena. Systera døyr. Slik er det i denne boka, i Fuglane er det broren som er den sjuke, og som ser dei to trea. Og som døyr. I Isløysing er her altså element som kan minna om sjølvaste Vesaas, og der er meir: Hovudpersonen, Ivar, er odelsgut, men vil helst skriva bøker om dei store spørsmåla. Han vert dregen mellom skriving og gardsdrift, og mellom by og land. Noko roman i Vesaas-klassen er dette likevel ikkje. Han kom ut året etter at Vesaas debuterte, slik at det er absolutt ikkje snakk om at Vaage berre kopierte Vesaas.

Far til Ivar døydde for nokre år sidan. Systera, Margit, har drive garden i påvente av at Ivar skal flytta heimatt frå byen, der han etter beste evne livnærer seg som forfattar. Han kjem heim for å skriva ferdig ein roman, og den fyrste halvdelen av Isløysing er glimrande. Ivar vert dregen i mange retningar, men er klar på kva han vil. Opphaldet på heimegarden er midlertidig, han vil attende til byen, og vekk frå dette innestengde bygdesamfunnet, der ingen forstår han og skrivinga hans. Og så langt tenkte eg at det var dette som var isløysinga, det at han greidde å fri seg frå dei slektsledda som kika på han.

Men så snur alt. Sjukdomen til systera forverrar seg, og dokteren seier at det ikkje er meir han kan gjera. Ivar tek over gardsdrifta, og finn at det er dette han vil. Romanen han arbeidde med får han i retur frå forlaget, som skriv at romanen har ein frigjerande realisme og ein intim karakteristikk, men at slutten må omarbeidast, slik at han kjem i samsvar med grunnsynet i resten av boka. Slik opplevde eg denne romanen - etter den glimrande opninga tapar det seg, og vert ei bok der det vert heilt opplagt kva som kjem til å skje. Ja, han og systera vert forsona. Ja, han legg vekk skrivinga, og brenn like godt opp romanmanuset. Ja, han dyrkar opp myra som tok knekken på far hans. Ja, han får ho jenta han trudde ikkje ville ha ho. Siste delen vert så føreseieleg og harmonisk at det nesten var vanskeleg å tru at dette var skrive av same forfattaren som skreiv opninga.

Boka har eit godt språk, med ei rekkje fine naturskildringar, og med gode setningar som "han slaar for mange vitsar; det er som aa leva paa kjeks", eller "stundom tykkjer eg at eg er som eit stykke havbotn."

Guffen er lunken.


Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)

Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

23. mai 2012

Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)

Det må ha verka som ein god ide. Samlaget ville at ein profilert og omtykt radiokåsør og forfattar ville skriva bok om ein profilert og omtykt skodespelar. Begge takka ja, men diverre sette skodespelaren visse krav til korleis det skulle gjerast. Alt privatliv skulle haldast utanfor. Viss Eskeland respekterte det, skulle Straume vera med på å laga boka. Det vert difor ei så til dei grader autorisert portrettbok, dette, der Straume framstår som ein person som aldri har gjort noko dårleg eller gale.

Eg veit ikkje om boka hadde vorte betre om her hadde stått noko om privatlivet, men eg tvilar. Det heile er ualminneleg uinspirert. Det står litt om kvar Straume kjem frå, det står litt om utdanninga hans, og så kjem det side opp og side ned om kva stykke han vore med i, og kva teater han har arbeidd med. Altfor mykje vert teke for gitt, og altfor lite vert sagt. Bakpå boka står det at få kan måla seg med Straume, men Eskeland skriv ingenting om kvifor det eventuelt skulle vera slik. Han fyller i staden alle teaterstykkeomtalane med setningar frå avismeldingar.

Det er ofte vanskeleg å vita om det er Straume eller Eskeland som fører ordet. Her er ofte eit "eg" i teksten, men det kjem sjeldan fram kven det er. Mykje vert omtrentleg, Eskeland strør ikkje akkurat rundt seg med tidfestingar, slik at dei som vil vita når Straume var teatersjef i Stavanger eller Bergen, eller når han var tilsett ved Det Norske Teatret, må leita andre stader.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.17)

22. mai 2012

Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rart. Eg såg denne boka i Stockholm for ein månad sidan. Eg tenkte at ho kunne vera verdt å lesa, og tinga ho frå Amazon. Boka kom, og eg lurte på kvifor eg i alle dagar hadde kjøpt denne. Både medan eg las ho, og no etterpå, er eg glad for at eg gjorde det.

Det er ei litt annleis fotballbok. Kuper er ein kunnskapsrik og velskrivande journalist, som her har samla ei rekkje artiklar om fotballspelarar, managerar, og nokre andre med tilknyting til fotball. Han har ingen illusjonar om at fotballspelarar har noko fornuftig å seia, så han skriv heller om andre sider ved dei, eller om korleis han (eller andre fotballspelarar) vurderer dei han skriv om. Det er ei god vinkling, og sidan Kuper har sans for humor, vert det høgst lesverdig. I staden for å skriva om det målet til Maradona, skriv han om kva det argentinske laget snakka om i garderoben etterpå.

Av ein eller grunn kjem han fleire gonger tilbake til Wayne Rooney, for å streka under at fotballspelarar ikkje er så oppvakte. Alt i innleiinga skriv han at "I do believe that you can access truths about the game by speaking to Arsène Wenger. I don't believe you can access them by speaking to Wayne Rooney". Seinare skriv han at "It's hard to know what Rooney thinks, because he rarely speaks in public, and has never been heard to say an interesting sentence in his life". Og "There are two types of British footballers: ugly ones like Rooney, Paul Gascoigne and Nobby Stiles, and pretty ones like Beckham and Michael Owen. The British public usually prefers the ugly ones". Når han skriv om fem sjølvbiografiar av engelske fotballspelarar, strekar han under at dei fem "are not necessarily stupid", men tek eit atterhald for Rooney. Og Ashley Cole.

Jamt over er her altså litt å smila av. Om Johan Cruijff står det mellom anna at han har så sterk vinnarvilje at han faktisk juksar når han spelar Monopol med ungane sine. Om Beckham står det at stemma hans er så "high-pitched that some words are audible only to certain breeds of dogs". Kuper, som kjem frå Holland, seier det som det er. Han er ikkje redd for at spelarane tek det ille opp, dei fleste av desse les korkje aviser eller bøker, og det skal me som les boka vera glade for.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)

Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)

21. mai 2012

Andrea Stillman (red.): Ansel Adams in the National Parks (2010)

Det er vel like greitt å opna med noko aldeles opplagt: Ansel Adams (1902-84) var ein glimrande fotograf. Dei beste bileta hans er naturbilete, slik det går fram av denne boka. Han voks opp ved Golden Gate i California, og sjølv om her er bilete frå naturområde frå det meste av USA, inkludert Alaska og Hawaii, er det flest bilete frå det vestlege fastlands-USA. Og aller flest bilete trur eg det er frå Yosemite, parken han heile tida kom tilbake til.

Eg har nemnt fleire gonger at eg likar naturen i det sørvestlege USA. Noko av det som fascinerer er fargane, anten det er i den raudlege Grand Canyon, eller grøne og frodige dalar. Bileta i denne boka er alle i svart/kvitt, utan at det har noko å seia. Adams venta gjerne lenge på det rette ljoset å ta bilete i, og han brukte og mykje tid i mørkerommet før han fekk bileta like kontrastrike og tydelege som han ville.

Innimellom dei rundt 200 bileta kjem det korte artiklar om bileta og livet til Adams. Bortsett frå bileta i desse artiklane er der ingen menneske med på bileta i boka. På nokre få av dei andre bileta kan ein sjå noko menneskeskapt, som ein veg eller ei bru, men stort sett er dette bilete som viser urørt natur. Bileta er altså heller tidlause, og kunne, viss kameraet hadde vore oppfunne, vore tekne for mange hundre år sidan.

Guffen tilrår.

20. mai 2012

Marcus Gray: Route 19 revisited. The Clash and the making of London Calling (2011)

Morgenbladet kåra i fjor dei hundre beste norske platene gjennom tida, og like etter vart det gjeve ut korte bøker om dei ti platene som kom øvst på den lista. Eg har lese fire av dei bøkene, og i i alle fall tre av dei var det mykje bra, men dei bleiknar likevel mot dette.

Gray har tidlegare skrive ein Clash-biografi. Boka er i utgangspunktet lagt opp på same måte som bøkene frå Morgenbladet-kåringa, men Gray siktar mykje høgare. Boka har i grove trekk fire delar - han fortel relativt komprimert om tida fram til arbeidet med London Calling tok til, han skriv om innspelingsprosessen, han skriv om dei nitten songane på plata, og han skriv om kva som har skjedd med og rundt The Clash fram til i dag.

Den siste delen er den klart minst interessante. Han slit med å setja strek, og tek med altfor mykje, både om band dei fire seinare spelte i, om coverversjonar av songar frå plata, om korleis plata kan ha inspirert andre, og så vidare. Også i opningsdelen vert det av og til litt for detaljert, men den delen er langt meir relevant. Del to, om skriving og innspeling og alt slikt er god, men det verkelege høgdepunktet er del tre. Her skriv Gray om songane på plata (pluss 'Armagideon Time', som vart spelt inn samstundes, og som var b-sida på singelen 'London Calling'), og det gjer han godt. Denne delen er på rundt 200 sider, kvar song får altså eit essay på rundt ti sider. I desse essaya viser Gray kvar dei fekk inspirasjon frå, både for tekst og musikk. Han skriv om kva instrument dei brukte (noko som ikkje alltid er lett å høyra). Han skriv om korleis dei plukka opp dei tre songane dei gjorde eigne versjonar av, og kven som hadde laga originalversjonane av desse. Han skriv om korleis songane er bygde opp, og korleis dei vert framførte. Han jamfører med demoversjonar, og skriv om korleis songane endra seg etter kvart som dei vart framførte på konsertar. Og han skriv om korleis Topper Headon var ein så til dei grader genial trommeslagar.

Boka kunne nok vore hakket strammare redigert, men alt i alt var dette stas.

Guffen tilrår.

Meir The Clash på kulturguffebloggen
Bob Gruen: The Clash (2002)
Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)

Chinatown (1974)

Jack Nicholson er ein solid skodespelar, som i nokre tilfelle ber heile filmen åleine. Her er mykje godt skodespel i denne filmen, men Nicholson, som er med i omtrent kvar einaste scene, er igjen den beste. Han spelar privatdetektiven Jake Gittes, ein figur det er svært vanskeleg å lika. Han spesialiserer seg i saker der ein ektefelle mistenkjer at den andre held på med noko utanomekteskapleg, og butikken går bra, heilt til han vert lurt av ei som gjev seg ut for å vera kona til Hollis Mulwray, sjef for vassdepartementet i Los Angeles. Han tek Mulwray på fersken, bileta vert trykte i ei avis, og seinare same dag kjem den verkelege kona til Mulwray (Faye Dunaway) til kontoret hans for å fortelja at ho tek ut søksmål mot Gittes.

Deretter går historia roleg, kanskje litt for roleg, framover. Ho vert fortalt på ein eksemplarisk måte, der me gradvis skjønar meir og meir av kva som har skjedd. Gittes har det på same måten, sjølvsagt, og han ligg heile tida eit lite hakk før dei gamle kollegaene hans i politiet. Det som tidleg i filmen verkar som ei utruskapshistorie utviklar seg til ei historie om (mykje) pengar, falske identitetar, incest, korrupsjon, hat og mord. Ein fin film.

Guffen tilrår.

12. mai 2012

En katt i Paris (2010)

Eit litt tilfeldig filmval dette. Me er i Oslo, og måtte finna på noko nokre timar i går ettermiddag. Me sjekka kinoprogrammet, og denne filmen gjekk på eit høveleg tidspunkt. Det var bra.

Det kan seiast mykje positivt om denne filmen, og eg gjer det gjerne. Historia er fin. Dotter til ein kvinneleg politisjef har ein katt, og denne katten lever eit dobbeltliv. Om nettene er han med ein innbrotstjuv, og saman flyttar dei seg raskt over taka i Paris, på leit etter nye stader dei kan bryta seg inn. Dei kjem litt på kant med ein forbrytarbande leia av erkefienden til politisjefen, og den siste halvparten av filmen jaktar dei på kvarandre, alle saman. Det er kidnappingar, dei jaktar kvarandre over taka, dei har ein runde innom dyrehagen, og det heile sluttar på taket av Notre Dame. Her er mykje humor, og her er mykje fin musikk.

Men det finaste av alt er teikningane. Denne teiknefilmen er teikna, her er ikkje noko dataanimerte greier. Eg har ikkje noko problem med dataanimasjon, men samstundes er det fint å sjå ein film som er laga på gamlemåten. Og han er laga med skeive, fine teikningar - husveggane er ikkje alltid loddrette; vindauga er slettes ikkje i lodd og vater, osb. Eg koste meg med denne filmen, og det gjorde dei to minste òg: Det fyrste Ivar (5) sa etter filmen var at denne må me kjøpa når han kjem på DVD.

Guffen tilrår.

11. mai 2012

Sigmund Løvåsen: Mamsell Iversen (2009)

Bokhandelen på Amfi på Voss er eigentleg berre sånn middels. Men han ligg omtrent vegg i vegg med daglegvarebutikken eg oftast handlar i, og når dei reklamerer med sal hender det at eg tek turen innom. Eg plukka med meg nokre bøker sist veke, denne var ei av dei.

Handlinga er lagt til Trysil, omtrent. Pauline Lindstad er drepen, og alle mistenkjer alle. Rykta går fort, og boka handlar mest av alt om korleis folkesnakket kan verta så intenst at til slutt vert rykte sanning. Me møter ei lang rekkje personar, og fleire av desse vert urettvist mistenkte for mordet, eller stempla som mordar.

Alle desse personane vert etter kvart eit problem i boka. Det vert for mange av dei, og me vert ikkje spesielt godt kjende med andre enn Mamsell Iversen, som kjenner dei fleste i bygda. Ho er interessant nok, men resten av bygdefolket fer berre forbi, den eine med endå rarare namn enn den andre. Både personnamn og stadnamn verkar tilgjort spesielle, det kan godt henda at begge delar er relativt autentiske, altså at stadnamna finst, eller at dei mange klengenamna var i bruk, men det vert litt i meste laget.

Språket i boka er godt, og prega av området det heile skjer i. Her er setningar og hendingar som er tenkt morosame, verkar det som, men som vanleg er, når det ikkje er mi form for humor: Slike freistnader irriterer meg berre.

Guffen er lunken.

Meir Løvåsen på kulturguffebloggen
Brakk (2006)

5. mai 2012

Pierre Assouline: Herge. The Man Who Created Tintin (2009)

Belgiske Herge (1907-1983) var ein av dei store, tidlege teikneserieskaparane. Det fyrste Tintin-heftet kom i 1930, og det er jamt over høg kvalitet på dei i alt 23 albuma han lagde. Livet til Herge hadde òg sine dramatiske periodar, slik at det meste skulle liggja til rette for at ein god biograf skulle få til ei lesverdig bok om han. Slik er det ikkje - ikkje heilt.

Den viktigaste grunnen til det er at Herge var ekstremt reservert. Få folk kom tett innpå han, og i intervju var han nærmast redd for å seia for mykje. Mot slutten av livet fekk ein journalist intervjua han i timevis, men før intervjuvet vart trykt angra Herge, og han forlangte å få endra svara sine. Det har såleis vore vanskeleg for Assouline å koma tett innpå Herge.

Kvifor var Herge så redd for å uttala seg? Det er det sikkert fleire grunnar til, men den andre verdskrigen var viktig. Belgia var okkupert frå 1940 til 1944, og i heile okkupasjonstida laga Herge teikneseriar for ei nazivenleg avis. Etter at landet vart fritt igjen, var det mange som ikkje ville trykkja teikningane hans. Herge vart heller aldri straffa for det han hadde gjort, medan andre som hadde gjort liknande ting fekk store bøter og/eller store fengselsstraffer. Det var ei utbreitt oppfatning at han hadde brukt det kjende namnet sitt til å sleppa unna. I åra etter krigen var han så upopulær at han seriøst vurderte å flytta til Argentina.

Det vart det ikkje noko av, men det tenkte reisemålet hans indikerer at han faktisk var nazivenleg. Så gale var det nok ikkje, skriv Assouline, men Herge var djupt konservativ. Det var ikkje før dei siste tiåra av livet sitt, frå 1960-åra og utover, at han vart radikalisert. Då var han igjen godteken av det belgiske folket, og vart etter kvart ein svært velståande mann.

Både privat og på jobben var han eigenrådig. Ingen av dei som arbeidde for han vart krediterte for teikningane sine, sjølv om dei teikna mykje av serien. Han var gift to gonger, men fekk ingen ungar. Den andre kona hans, Fanny, ville gjerne ha ungar, og etter ei lang tid gav Herge etter, og dei adopterte ein gut. Etter to veker var Herge så lei av å ha denne ungen i hus heile tida at han tvinga Fanny til å returnera ungen til adopsjonsbyrået. Det seier mykje om korleis han såg seg sjølv, og det seier òg litt om kor vanskeleg Assouline må ha hatt det at denne guten vert omtalt som ein "orphan boy, seven or eight years old, from an overseas country".

I det heile vert boka ganske livlaus og kjedeleg. Språket er stivt, og sjølv om Assouline har hatt tilgang til arkiv og brev, kjem han aldri heilt innpå Herge. Han bruker mykje plass på å referera handlinga i alle albuma, etter kvart som dei kjem ut, og av og til verkar det som om han gjer dette av di han endeleg har fått noko han kan skriva detaljert om.

Guffen er lunken.

Meir Tintin på kulturguffebloggen
På eventyr med Tintin - enhjørningens hemmelighet (2011)