27. februar 2012

Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)

Jørund Telnes var ein god mann. Han var frå Seljord, og var ein av dei tidlege, knallharde målmennene. Han var ein av dei fyrste ordførarane i landet som førte møtebok på landsmål. Han kom på kant både med futen og den lokale folkehøgskulestyraren, som Telnes meinte stod for fjernt frå folket. Han skreiv dikt. Han døydde 47 år gamal, etter eit tiår der både kona hans og fire ungar under tre år døydde.

Guro Heddelid er sett på som den mest vellukka boka hans. Boka kom fyrste gong i 1880. Handlinga er henta frå eit lokalt segn som fortel om hendingar rett før svartedauden kom. Guro Heddelid skal ha vore ei heller attraktiv kvinne, som hadde mange friarar. Ho valde Torgeir frå Uppstad, sidan han var så enormt sterk, men var likevel svak for minst ein av dei andre. Torgeir drap ein konkurrent, og ein annan tørna galen. Torgeir vart òg drepen, og Guro sat att åleine, heilt til pesten kom.

I boka vekslar Telnes mellom dikt og prosa. Prosadelane kjem mest for å få fortgang i handlinga, og for å summera opp kva som har skjedd. Dikta er ikkje så veldig annleis, det er langt mellom verkemidla som verkeleg gjer dikta til poesi. Det vert mange formuleringar av typen "Og det var Mannen på Tvingelid. / Ein dag han paa Fjellet strauk." Alle dikta er skrivne til tonar folk kjende. Dei har altså fast rim og rytme, og fleire av dei skal ha vore populære songar i samtida.

Denne utgåva kom i 1972. Her er eit informativt, om enn litt ordrikt, føreord av Sigurd Telnes, som rett nok fortel mest om korleis han fekk Harald Kihle til å illustrera boka. Tresnitta hans er greie, sjølv om det vert litt mange bilete av hestar.

Guffen er lunken.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)

Olav Sletto: Per Spegil (1939)
Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

22. februar 2012

Stephen J. Walton: Roadmovie. Manuset (2012)

Dette var ikkje rare greiene. Det er den fyrste romanen til Walton. Eg har lese mykje av det han skrive tidlegare, og har fått mykje ut av det. Denne boka var det derimot vanskeleg å få noko ut av.

Bodvin Rovde har hatt eit variert liv, frå oppvekst i Vanylven, studiar, jobb ved det fiktive Universitetet i Haugesund, sendelektor i Stoughton, Wisconsin, og pianist i Las Vegas, før han kjøper seg eit småbruk i Hedmark, eit steinkast frå svenskegrensa. Der prøver han å livnæra seg som omsetjar, men køyrer seg fast i eit manus om ein biltur i USA. Fleire prøver å hjelpa han, ein av naboane stikk innom, forfattaren av manuset stikk innom, og forfattaren av boka, altså Walton, stikk òg innom. Det hjelper ikkje Bodvin stort, han gjev opp omsetjinga, og tek livet av seg. Det hjelper ikkje boka stort, heller, sjølv om denne delen av boka er langt betre enn resten.

Det er mykje som er gale i romanen, men det verste er at han er kjedeleg. Eg ser at mykje er meint å få lesaren til å le, men for meg vert det meir latterleg enn morosamt. Av og til vert det òg pinleg, som når ulike universitetsinstitutt får namn som vert forkorta PISS og CRAP. Dette, saman med den store viljen til å bruka ord som "kuk" og "fitte" og mange bannord, utan at det eigentleg trengst, gjer at språket i boka tidvis kan minna om ei russeavis. Mange vitsar fell på steingrunn, dei er ikkje morosame nok, og når dei i tillegg kjem i eit altfor ordrikt språk, vert det vanskeleg å halda entusiasmen oppe.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. februar 2012

Bruce Henderson: True North (2005)

September 1909. Frederick Cook gjer det kjent at han var på Nordpolen i april året før, og at han måtte overvintra på ei øy før han våren 1909 tok seg fram til inuit-landsbyen han hadde brukt som base. Nokre få dagar seinare: Robert Peary gjer det kjent at han var på Nordpolen i april. Peary la til at Cook aldri hadde vore på Nordpolen, og at det altså var han sjølv som var fyrstemann på polpunktet.

Dei to var gamle kjende, og gamle vener. Dei hadde overvintra på Grønland saman mange år tidlegare, og hadde halde kontakten i åra etterpå. Den venskapen tok raskt slutt. Begge heldt fast ved at dei hadde vore der, og etter kvart vart både politikarar og andre spurde om å vurdera dei to versjonane. Peary hadde eit langt større nettverk, og forteljinga hans vart godteken. Cook vart stempla som ein juksemakar.

Denne boka viser at det var smått utruleg. Peary hadde prøvd å nå polpunktet mange gonger tidlegare. Han såg polpunktet som sitt, og var djupt fornærma over at Cook, ein gamal ven og landsmann, hadde prøvd å slå han. Då han kom attende til inuit-landsbyen, avhøyrde han med dei to inuittane som hadde vore med Cook til Nordpolen, og konklusjonen var at dei ikkje hadde vore i nærleiken av Nordpolen, dei hadde knapt forlate Grønland. At korkje Peary eller dei andre som avhøyrde dei to snakka inuittisk, var mindre viktig; heller ikkje vart det laga noko nummer av at dei to inuittane skreiv under på dette - teksten var skriven på engelsk, eit språk dei ikkje forstod. Cook hadde lagt att alle måleinstrument og notatar hjå ein amerikansk fangstmann som lova å ta det med frå landsbyen til Amerika. Båten hans kom ikkje, og han fekk skyss med Peary, på vilkår av at han la att alt som Cook åtte. Båten fangstmannen venta på kom tre dagar seinare. Peary brukte dette for alt det var verdt, og henta òg fram dei gamle rykta om at Cook aldri hadde nådd toppen av Mount McKinley, det høgaste fjellet i Nord-Amerika, slik han hadde hevda.

Peary fekk altså allmugen til å tru at Cook ikkje hadde vore på Nordpolen, medan det meste tyder på at han faktisk var der. For Peary var det viktig å vera fyrstemann, men han var der truleg aldri sjølv. Han hadde med seg mange mann nordover, og sende nokre av dei heimover undervegs. Dei siste dagane nordover var det berre han som kunne bruka sekstanten. Ingen andre kunne altså stadfesta at han faktisk var der. Skulle han ha nådd fram, måtte han ha hatt nokre ekstreme dagsmarsjar dei siste dagane - så lenge andre kunne kontrollera framdrifta, gjekk dei i snitt tolv miles kvar dag. Dei ti neste dagane var dagsmarsjane i snitt tretti miles.

Det er altså eit kappløp som minner om Scott mot Amundsen. Henderson er ikkje i tvil om kven som er den eigentlege helten, og legg all sympati hjå Cook. Nokre gonger vert det litt for tydeleg. I intervju sa begge at dei sjølvsagt ikkje kunne garantera at dei hadde vore nøyaktig på polpunktet. At Cook seier det er heilt greitt for Henderson, men når Peary seier det er han unnvikande og vag. Henderson burde òg ha hatt ei oppsummering til slutt, der han sa rett ut kva han meinte, i staden for å ikkje ta eit endeleg standpunkt. Han skriv heller ikkje spesielt godt, men denne historia er såpass spanande og intrikat at det nesten er uråd å ikkje få ei god bok ut av det.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)

18. februar 2012

Jon Fosse: Olavs draumar (2012)

Å skriva noko vitugt om bøkene til Jon Fosse er vanskeleg. Det er ein typisk ord vert fattige-situasjon - han har eit så totalt grep over språket sitt, at det meste anna vert puslete. Eg er ikkje Fosse-fantast, men eg las Bly og Vatn då ho kom i 1992, og har seinare lese dei fleste romanane hans, og sett nokre av skodespela. Høgast set eg den makelause Morgon og kveld, men også Andvake gjorde sterkt inntrykk.

Olavs draumar er eit slags framhald av Andvake. Olav hadde òg ei av hovudrollene der. Rett nok heitte han Asle i den boka, men av grunnar som etter kvart vert tydelege har han valt å skifta namn, og å skriva om heile livssoga si. Han skal inn til Bjørgvin for å kjøpa ringar til seg og Åsta (som heitte Alida i Andvake), men det går ikkje heilt etter planen.

Det verkar som om romanen går inn og ut av røynda, og som om noko av det me les om skjer i ei draumeverd. På tre-fire ulike stader møter han Gamlingen, til dømes, det verkar nesten som om det er ein innbilt person. Og medan Olav er i Bjørgvin ser han at Åsta er der, sjølv om han veit at ho ikkje er der. Både draumeverda og den reelle verda er utrygge stader, han er usikker overalt. Nokre vil han snakka med, andre går han rett forbi.

Det er ei fin bok, med ei solid oppbygging. Og sluttsida, der han tenkjer på Alida, og tenkjer på den blenkjande fjorden han såg i opninga av boka, er glitrande. Boka er likevel ikkje heilt oppe på nivå med Andvake.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)

Andrew Mangan (red.): So Paddy got up (2011)

Der er mange rare bloggar på internettet, også for oss som les om fotball. For oss som helst les om Arsenal er det visst ekstremt mange bloggar, av dei tjue mest lesne fotballbloggane i England handlar visst sju om Arsenal. Eg greier meg godt med Arseblog, og den viktigaste grunnen er at Andrew Mangan er ein glimrande skribent. Han rosar der det trengst, han slaktar der det trengst, og han skriv godt heile vegen. To døme, som i alle fall nokon forstår: Han meinte at einaste grunnen til Arsenal kjøpte Michael Silvestre var at "they needed to add some openmouthedness to their defence". Og etter ein kamp der Emanuel Eboue serverte ein glimrande målgjevande pasning, meinte han at det stadfesta hypotesen om apekatten, skrivemaskina og samla verk av Shakespeare.

Mangan har redigert denne antologien, der nokre journalistar og mange bloggarar skriv om Arsenal. Det er uventa tynne greier. Eg kjenner ikkje dei andre bloggarane, men det gnistrar ikkje akkurat at tekstane deira, korkje språket eller innhaldet er spesielt originalt. Hakket betre er det når journalistane skriv, men det er langt mellom gullkorna også der. Det heile glir roleg forbi. Bloggarar kan gjerne skriva bøker (ahem), men desse tekstane skrik etter ein redaktør som kan stramma det heile opp.

Utan lyspunkt er det likevel ikkje. Mangan skriv godt om korleis han litt tilfeldig kom inn i bloggeverda. Kieron O'Connor skriv godt om økonomien til Arsenal. Amy Lawrence skriv godt om George Graham, og også andre Arsenal-profilar får artiklar om seg. Men alt i alt var dette ein liten nedtur.

Guffen er lunken.

Meir Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Kongen av Bastøy (2010)

Det er 1915. På Bastøy i Oslofjorden er der ein heim for vanskelege gutar, og no er to nye gutar på veg over med båt. Dei vekslar to setningar - han eine er ein liten og tynn trønder, han andre er ein kraftig Oslo-gut.

Før dei kom fram til øya tippa eg kva som kom til å skje. Trønderen vert ein hakkekylling som vert drepen. Han frå Oslo er ein sterk opprørar, som vert upopulær hjå dei andre gutane, men som byggjer alliansar og som greier å koma seg vekk. Slik gjekk det nesten - han som rømde gjekk gjennom isen nokre hundre meter frå fastlandet.

Er det så vanskeleg å skriva originale filmmanus? Dette er jo berre ein variant av alle fengselsfilmar som er laga. Det er ikkje nok å leggja handlinga til Noreg, eller å knyta det opp til handlingar som eigentleg har skjedd. Filmen tek ikkje ei einaste uventa vending. Visuelt er det heilt greitt, mangelen på friske fargar står til dømes godt til korleis gutane har det. Kanskje det er slik ein har tenkt å gjera norsk film betre? Fyrst skal alle læra seg det visuelle, og deretter skal ein laga manus som fengar?

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. februar 2012

Synecdoche, New York (2008)

Charlie Kaufman skriv sterkt originale filmmanus. Han skreiv mellom anna manus til Being John Malkovic og Adaption, to av dei beste filmane eg har sett i dette tusenåret. I begge dei filmane tek historia uventa vendingar; slik er det òg i denne filmen. Og vel så det.

Caten Cotard er ein dyktig teaterregissør, busett i byen Schenectady i New York. Privatlivet er det verre med, han glir vekk frå kona, er sjølvopptatt, er aktiv hypokonder, og det fyrste han les i avisa er nekrologane. Kona, som er biletkunstnar, tek med seg dotter deira til Berlin, i utgangspunktet for ei kort tid, men dei vert begge verande der. Cotard taklar ikkje dette, vert litt øren, og då han brått får eit enormt teaterstipend, finn han ut at han vil setja opp eit massivt teaterstykke.

Han har ikkje noko manus, men byggjer det opp etter kvart. Han hyrer inn haugevis med skodespelarar, som øver og øver heile dagen, utan at stykket vert framført. Slik går no dagan, dei øver i årevis. Cotard skriv etter kvart seg sjølv inn i stykket, og det er lett å finna ut kven som skal spela han: På prøvespelinga dukkar det opp ein mann me har sett gjennom heile filmen, og han fortel at han har fulgt etter Cotard i tjue år, slik at han veit godt korleis han skal spela han.

Assistenten til Cotard, Hazel, vert òg skrive inn i stykket. Dei to har hatt ein flørtande tone gjennom heile filmen, men det vert aldri noko av det. Det kjem nokre fantastiske scener der skodespelar-Cotard, som er litt meir frampå enn Cotard, slår seg saman med Hazel. Cotard ser ikkje anna råd enn å slå seg saman med skodespelar-Hazel.

Dette skjer, men det skjer òg mykje meir. Det er mykje moro i detaljane, og eg er rimeleg sikker på at eg hadde sett endå meir moro om eg hadde sett filmen fleire gonger. Ting vert repetert, både i opninga og slutten av filmen er til dømes klokka 7.45; Cotard fører omtrent identiske samtalar i to gravferder han går i, replikkar vert repetert, osb.

Skodespelet vert innøvd i eit enormt lokale. Der byggjer dei etter kvart opp ein by, med ekte hus og rom og heisar og alt, og Cotard lever seg så godt inn i denne draumeverda at han til og med gløymer å vera sjuk. Dei som er der inne får heller ikkje med seg alt som skjer utanfor, dei vert etter kvart eit samfunn i samfunnet.

Guffen tilrår.

Meir Kaufman på kulturguffebloggen
Being John Malkovich (1999)
Eternal Sunshine of the Eternal Mind (2004)

16. februar 2012

Mark Yarm: Everybody Loves Our Town (2011)

Det er bra med ei bok som har "A History of Grunge" som undertittel, og der alle i boka mislikar omgrepet grunge. Yarm har intervjua ei lang rekkje personar, nokre spelte sjølve, andre dreiv plateselskap, nokre skreiv, medan andre høyrde. Heile boka er sitat frå desse, og Yarm har redigert det heile saman til ei fin bok.

Grungen voks fram i Seattle, og nokre år på tidleg 90-tal var fleire av gruppene derfrå blant dei store i rocken. Alle gruppene frå byen var sjølvsagt ikkje like interessante, men mange heiv seg på bølgja. Nokre flytta til byen for å kunna kalla seg eit Seattle-band, utan å ha noko nytt å koma med, musikalsk sett.

Boka tek til med U-Men, eit punkband forma i 1981, og vert etter kvart like mykje ei historie om den interessante delen av rockemiljøet i Seattle. Mykje av det i boka kan overførast til heile det amerikanske rockemiljøet, der gruppene i starten er lutfattige, gjev ut plater sjølv eller på små selskap, og der det heile er ein lite synleg undergrunnskultur. Det eksploderer rundt Nevermind, og alle vil ha ein bit av grunge og Seattle-musikarar. Dei fleste får kontrakt med store selskap, mange sel godt med plater. Det vert meir pengar, og det gode samhaldet smuldrar vekk. Etter nokre år tek ei anna musikkform over, og gruppene sel mindre plater og dei fleste går i oppløysing.

Det gjekk altså litt opp og ned, og når det gjekk ned, gjekk det langt ned. Det vart mykje dop, og fleire av dei mest profilerte musikarane fekk etter kvart store rusproblem. Nokre greidde å stoppa det, andre greidde det ikkje.

Det er altså ei fin bok. Rett som det er er nokre usamde om kva som hende. Av og til, når Yarm fortel kva andre har sagt om kva som hende, vert det krangling. Og ingen kranglar meir enn Courtney Love, som vel er den som kjem dårlegast ut av boka. Mange andre kjem godt ut av boka, det er jo ei stor føremon i ei slik bok at informantane kan ordleggja seg godt. Det bandet som gjer det best i så måte er Mudhoney, men også fleire serverer godbitar:

Buzz Osborne (Melvins), på spørsmål om Kurt Cobain var roadie for bandet: I always laugh at that: Kurt Cobain was our roadie. Look at him - he could barely lift himself out of bed. A roadie? For what, a flea circus?

Steve Turner (Mudhoney): I went back to school a lot. I didn't see a straight line through college, but I told my parents I was hoping to be done with college when I was 30. When I was 30, I was like, Fuck, man. I gave myself 12 years, and I failed.

Gary Lee Conner (Screaming Trees): We started playing a normal set. At one point, I heard Krist Novoselic, who was off to the side of the stage, say, " Play the one about the devil!" I said, "They're all about the devil!" And then all hell broke loose.

Guffen tilrår.

14. februar 2012

Frå arkivet: The Beste: En sang for åtte kroner, en lomme full av rusk, og firogtjue troster i damens rosenbusk (1985)

Dette har eg sagt før: Det var mykje bra med Morgenbladet-kåringa i fjor, men det var òg mykje mindre bra. At eg ville hatt nokre plater høgare oppe og andre lengre nede er ein ting, verre er det at nokre artistar mangla heilt. Det aller verste var at denne plata ikkje var med. Gode forklaringar er vanskeleg å sjå - det kan ha spelt inn at plata ikkje kom på CD før etter at kåringa var over, og at ho altså ikkje har vore tilgjengeleg på tjuefem år.

Ein gong midt i 1990-åra brukte ein journalist i Arbeiderbladet uttrykket "De fire store" om DeLillos, DumDum Boys, Raga Rockers og Jokke & Valentinerne. Omgrepet har festa seg, og vert til og med brukt av banda sjølv, i Kjøtt-boka til Bernt Erik Pedersen omtalar Michael Krohn dei fire gruppene som dei fire store. For meg er det ein meiningslaus påstand, ein kan ikkje berre gje ord ny meining på den måten der. Viss dette er dei fire store, måtte jo ordet "stor" tyda noko slikt som "heller kjedelege band som ikkje har noko interesse av å fornya seg, men som likevel er rimeleg populære". I hovudet mitt er der berre tre store band i norsk rock, Motorpsycho, Jaga Jazzist og The Aller Værste!

Dei to fyrste av desse er med av openberre grunnar. TAV! hadde ei heller kort karriere, men ho var likevel full av glimrande musikk, og etter at dei vart oppløyst var medlemmane med i ei rekkje spanande prosjekt. Dette er det mest vellukka av dei. Tre frå TAV!, Lasse Myrvold, Sverre Knudsen og Harald Øhrn, fekk med seg Kjartan Kristiansen (Wannskrækk) og Sven Kalmar (Holy Toy m.m.), og spelte inn ei plate med musikk som var heilt annleis enn det dei hadde gjort før, men der slektskapen var lett å finna.

Slektskapen var kanskje tydelegast i tekstane. TAV! hadde gode tekstar, og her er dei endå betre. Dei syng om andre emne, her syng dei i langt større grad om menneskelege samanhengar. For Lasse Myrvold, ein av dei finaste tekstforfattarane i norsk musikk, handlar det gjerne om forholdet mellom fedre og ungar, tre av songane hans her er "Sønner av eldre menn", "Pappa til alle pappaer" og "Øksen ligger på bordet", som har ein aldeles glimrande tekst. Rundt tekstane er det gitarar, litt tangentar, og nokre avslappa trommer, men instrumenta held seg heile tida i bakgrunnen. Så fort vokalisten tek ordet dempar dei seg, heilt til han tek ein pause. Det er i det heile ei uventa lågmælt plate, ut frå den bakgrunnen dei fem har. Dei to minst lågmælte songane er dei to med tekst og vokal av Kristiansen, mellom anna den finfine "Het dag i juli".

Plata kom nyleg ut på CD, saman med andrealbumet Blått. Det er ikkje like godt, men denne plata held framleis mål og vel så det.

Guffen tilrår.

Meir The Aller Værste! på kulturguffebloggen
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Sverre Knudsen: Sverre Knudsen, 1979 (2015)

11. februar 2012

Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt. (2011)

Denne plata kom i 1980. Det var ei plate eg høyrde mykje på då, men no er det år og dag sidan eg høyrde ho. Det er altså på litt tynt grunnlag eg seier dette, men eg har ei kjensle av at ho ikkje ville imponert meg like mykje i dag som det ho gjorde då.

Plata kom på fjerdeplass i kåringa til Morgenbladet. I boka presenterer Bernt Erik Pedersen plata, men han gjer òg meir enn det. Til liks med bøkene om Block to Block og Materialtretthet er boka ein biografi om bandet. Den delen er grundig og god, han har snakka med dei fire i bandet som lever. Han fortel om band dei spelte i før Kjøtt, om korleis dei fire eldste i bandet var innom i ulike motkulturar før dei fann seg ein plass i punken.

Mykje av boka handlar om motsetnadene mellom desse fire eldste og den yngste, trommeslagaren Michael Krohn. Dei fire andre kom frå Kolbotn, han var frå Oslo. Han hadde ein langt meir leiken innfallsvinkel enn dei andre, og det viser godt att i songane og tekstane han kom med. I boka seier han at det er eit stort sprik mellom hans eigne "infantile" songar, og dei "seriøse" greiene Gaarder kom med. Jon Rognlien, som var formgjevar på omslaget, snakkar om korleis Gaarder har ein intellektuell innfallsvinkel til det dei skreiv om, medan Krohn tok dette meir intuitivt. Dette hang dels saman med bakgrunnen hans, han var ein outsidar, som ville visa verda kva han kunne. Gaarder ville formgi verda.

Det var i spennet mellom desse to innfallsvinklane at Kjøtt fekk det til. Bandet endra seg fort, alt året etter kom den heller pretensiøse lp-en Op, og i eit intervju med Det Nye er det tydeleg at Krohn har fått nok: Han kranglar med Gaarder, kallar plata pompøs, meiner musikken går for seint, og det kan ikkje ha vore noko bombe at han slutta i Kjøtt nokre månader seinare.

Det er ei fin bok, som gjev meg lyst til å høyra plata igjen. Kanskje ho er betre enn eg hugsar. Og boka er òg velkomen av andre grunnar - det finst for få biografiar om dei viktige norske banda.

Guffen tilrår.

Fleire bøker om Morgenbladet topp 100
Gro Dahle: Knutsen og Ludvigsen. Juba Juba (2011)
Christer Falck og Marius Lien: Morgenbladet topp 100 (2011)

Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Stig Sæterbakken: De Press. Block To Block (2011)
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

9. februar 2012

James Dickey: To the White Sea (1993)

Minst to av dei tre romanane James Dickey gav ut var godt eigna for filming. Piknik med døden er ei filmatisering av debutromanen hans, og Coen-brørne sikra seg rettane til å filma denne romanen. Dei kom langt i planlegginga, manus var klart, Brad Pitt hadde takka ja til å spela hovudrolla, men det skar seg likevel. Dei ville filma i Japan, og då vart det for dyrt for dei som skulle finansiera det heile.

Det er lett å sjå at Coen-brørne viste interesse for å filma boka. Det kan minna litt om O Brother..., her går Muldrow, ein amerikansk soldat, gjennom det meste av Japan, for å nærma seg Alaska, heimstaten sin. Samstundes ville det ha vorte ein annleis Coen-film, her er svært lite dialog.

Muldrow er stasjonert på ei øy sør for Japan. Det er mars 1945, og han skal på eit bombetokt over Tokyo. Flyet hans vert skote ned, og han søkjer tilflukt i eit kloakkrøyr under byen. Under eit massivt flyangrep nokre dagar seinare kjem han seg ut av byen. Det er framleis krig, så han held seg vekke frå vegar og byar. Han tenkjer meir og meir som eit dyr, han tenkjer på kva ein hare eller ein hjort eller ein jerv ville ha gjort i dei ulike situasjonane. Han har eit godt talent for å greia seg sjølv, han er sterk og har ein ekstrem disiplin, slik at han greier å koma seg ut av dei krisene som oppstår. Det går med nokre liv på vegen. Han kjem seg over til Hokkaido, den nordlegaste av dei større japanske øyane, men der er han omtrent i ei anna verd - her lever det primitive folk som truleg ikkje veit at det er krig, og heilt nord flyttar han inn i hytta til ein eldgamal mann og dei to jaktfuglane hans.

Det er ei bok der det som skjer i Muldrow er like spanande som det som skjer rundt han. Han vert meir og meir ustabil, og det siste han fortel om er truleg ikkje spesielt reelt. På vegen tenkjer han mykje på oppveksten i Alaska, det var der, langt vekke frå folk, han treivst best. Slik sett har han det bra også på vegen gjennom Japan, der han går i dagevis utan å treffa folk, og der han ikkje snakkar med dei han møter. Ei finfin bok.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Piknik med døden (1972)