31. januar 2012

Gro Dahle: Knutsen & Ludvigsen. Juba Juba (2011)

Juba Juba er ein gjengangar på lister over dei beste norske platene. Eg hugsar ein kveld eg sat hjå Lars - han hadde samla nokre klatrarar til middag, og utpå kvelden kom det vanlege spørsmålet: Kva er dei beste norske platene? Alle tenkte seg om, men ein kar ved andre enden av bordet sa klart og tydeleg frå om at han berre var med på dette viss ingen tok med Juba Juba og andre slike plater. Eg tenkte at det er greitt å vera surdeig, men det får då vera grenser. Plata hadde neppe kome med på mi eiga topp ti-liste, men det er jo ei heilt grei plate.

Det er ikkje noko plate som får deg til å spela luftgitar, eller til å hoppa og dansa. Det er meir ei plate som får deg til å smila og humra litt, meir ei plate å verta glad av. Det er snodige tekstar, fine og rare lydar, og det er tydeleg at plata er laga av folk i godt humør.

Innimellom alt det lystige er det likevel ein del myrkt. Mykje i tekstane skjer om natta, det er draumar, det er soving, månen lyser opp, og det er sakn og lengting og sjukdom. Men i det store og heile er det ei positiv plate, der tekstane sjølvsagt spelar ei stor rolle.

Dahle likar òg tekstane, men det er omtrent det einaste me er samde om. For ho er dette ei barneplate, og slik har eg aldri sett på plata. Mot slutten bruker ho rett nok det litt meir moteriktige ordet allalderbok, men likevel. Ho les òg tekstar annleis enn eg gjer, ho meiner at "Kanskje kommer kongen" er ei hylling av kongehuset. For meg er den teksten like mykje ein song om å klara seg godt utan den tullete kongen som kjem ridande til hest eller køyrande med stram sjåfør.

Eg har ikkje lese andre bøker av Dahle. Eg vonar likevel at ho vanlegvis skriv betre enn dette. Det vert ei dårleg bok om ei fin plate. Boka verkar som eit hastverksarbeid, der det einaste gode uttrykket kjem heilt til slutt - "Det er juba til vi dør". På vegen har ho mellom anna samanlikna nokre av songane med bitane i ein twistpose. Huff. Dessutan verkar ho ikkje trygg nok på seg sjølv - ho liker ikkje songen "Spøkelsestoget", som ho meiner er banal, kjedeleg, eindimensjonal, masete, altfor lang, har billege naudrim og montont komp, og manglar vaksenperspektiv, undertekst, bakland, kontakt med det personlege, finesse i leiken, poetisk spenst, språkleg gneist, musikalitet i rima - songen er ikkje til å halda ut, skriv ho. Eit rimeleg vellukka slakt, med andre ord. Men så møter ho folk som seier at songen er bra, og då er ho samd med dei. Songen er visst bra likevel.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Fleire bøker om Morgenbladet topp 100
Christer Falck og Marius Lien: Morgenbladet topp 100 (2011)
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt (2011)
Stig Sæterbakken: De Press. Block To Block (2011)
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

30. januar 2012

Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

Me har bra mange bøker heime, og eg har visst det meste av æra for det. Eg kjøper mykje bøker - nokre nye, mange gamle. På loppemarknader eller i brukthandlar kjøper eg ofte med meg bøker av nynorske forfattarar eg berre kjenner namnet på, og tenkjer at det ein gong kan vera rart å sjå om det er noko med bøkene deira. I tida frametter kjem eg til å lesa ei tilfeldig bok av ein gamal nynorsking kvar månad. Det verka som ein grei og overkomeleg plan. I alle fall heilt til eg opna denne boka.

Eg kjenner godt til livet til Bjarne Slapgard. Eg skreiv om han for Norsk Biografisk Leksikon, og han var ein av desse som var aktiv overalt. Han arbeidde som lærar, lengst ved folkehøgskular, og var òg aktiv i fleire organisasjonar. Likevel fekk han tid til å skriva ei rekkje bøker. Dottera fortalde meg ein gong at han skreiv heile tida - hadde han ei ledig stund, var det fram med notatboka.

I denne boka er det godt og vel tjue korte forteljingar. Det er nærliggjande å tru at dette er noko Slapgard skreiv medan han venta på bussen. Tittelen på boka tyder på at han sjølv såg på dette som ei kvilebok, som noko som kom mellom dei viktige bøkene, men det er ikkje grunn god nok til å gje dette ut. Det er ei brokete samling forteljingar, nokre er skrivne for born, andre for vaksne. Her er nokre fellestrekk, men ingen av dei gjev boka plusspoeng. Fleire av personane i forteljingane må ta viktige val, men det er altfor opplagt kva dei skal gjera. Her kjem ingen uventa vendingar som kan overraska personane eller lesarane. Det kunne vore arbeidd mykje meir med språket. Altfor ofte sluttar forteljingane med ei lett gøymt oppmoding om å gå med Gud. Det er altfor lett å sjå føre seg kva som kjem til å skje. I ei av dei lengre forteljingane, "Sterkare enn fjellvinden", har ein gut vitja kjærasten sin i nabobygda, og skal gå heimatt på ski nyttårsafta. Både han og kjærasten er usikker på om han når heim får det vert myrkt, og ho seier dessutan at han må passa seg for vargen. Kjem han seg heim før det vert myrkt? Sjølvsagt ikkje. Kjem det ulv? Sjølvsagt.

Så det var ikkje så mykje å skryta av, dette. Til Slapgard sitt forsvar skal det seiast at boka ikkje vert rekna som ei av dei beste bøkene hans, og det kan godt henda at han er langt betre når han skriv romanar. Det kan òg henda at han var betre i yngre år, han var 74 då denne boka kom ut.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)

29. januar 2012

Dylan Thomas: Portrait of the artist as a young dog (1940)

Sommaren 1988 skreiv eg ein artikkelserie for ei lita avis i Breckenridge, Colorado. Redaktøren nytta ofte høvet til å fortelja at ho var syskenbarnet til Dylan Thomas, og minst ein gong bad ho meg lesa Under Milk Wood, slik at eg kunne skjøna at ho kom frå ei kulturslekt. Eg prøvde, men fekk ikkje noko større ut av boka. Seinare har eg høyrt mykje bra om Thomas, og har av og til fundert på om eg burde prøva igjen.

Eg prøvde denne boka, mest på grunn av tittelen. Boka inneheld ti relativt korte noveller, som alle handlar om ein ung mann som heiter Thomas til etternamn. Dei er altså truleg litt sjølvbiografiske, og tidvis er dei svært gode. Den beste er "Extraordinary Little Cough", der fire unge menn reiser på sommarferie til ein stad dei veit dei vil treffa jenter, men som er altfor unge og ferske til å få napp.

Eit stikkord i boka er lengting. Hovudpersonen vil inn i vaksenverda, han lengtar etter kjærleik, han lengtar etter fast og viktig arbeid, og han vil gjerne vekk frå den vesle byen han bur i. Nokre av novellene er altså gode, men dei fleste er heilt på det jamne. Språket kan vera poetisk og godt, men like ofte er det prega av altfor lange setningar, som manglar den heilt store gløden. For meg vart dette altså ei ujamn bok.

Guffen er lunken.

26. januar 2012

David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)

Trygve Mathiesen har skrive bøker om dei to konsertane Sex Pistols heldt i Noreg sommaren 1977. Spesielt konserten i Oslo er legendarisk, og skal vera ein av dei konsertane der mange som ikkje var der hevdar at dei faktisk var der.

Denne boka handlar om to konsertar Sex Pistols heldt i Manchester året før, altså sommaren 1976. Om det er denne boka som har inspirert Mathiesen veit eg ikkje, men bøkene er i alle fall bygd opp over same lest. Begge bøkene er stort sett direkte sitat frå dei som var på konsertane. For Nolan er den fyrste konserten den viktigaste, og han har intervjua mange av dei som var der, pluss nokre som ikkje var der, og Glen Matlock, bassisten i Sex Pistols. Innimellom kjem det nokre merknader frå Nolan, men han let dei snakka fritt. Det fører sjølvsagt med seg mange motseiingar, utan at det gjer så mykje. Størst usemje er det om kor mange som faktisk var der - nokre meiner rundt tretti, andre meiner at det kan ha vore rundt hundre. Opptak frå konserten tyder på at det var meir enn tretti, i alle fall.

Nolan er frisk nok til å hevda at denne konserten endra verda. Han støttar seg dels på ei undersøking gjort av ein britisk fjernsynskanal, der denne konserten vart kåra til den tredje viktigaste gjennom tidene. Likevel kjøper eg ikkje det heilt, og Nolan sel ikkje sin eigen boktittel godt. Det er den fyrste konserten i juni som skulle ha endra verda - lengre ute i boka skriv han at konserten i juli "probably did more than the first to change the world over the next thirty years".

Kvifor var konserten viktig? Det var den fyrste konserten Sex Pistols heldt utanfor London, slik at den engelske punken fekk grobotn også utanfor hovudstaden. Viktigare var det at mange av dei som var på konserten vart sentrale musikarar i ettertid. Konserten inspirerte dei til å spela sjølv, og Manchester var den kanskje viktigaste musikkbyen i Storbritannia dei neste tiåra. Buzzcocks? Yep, to av dei arrangerte konserten. Joy Division/New Order? Ja, to av dei var på den fyrste konserten; ein tredje vart med på den andre. The Fall? Mark Smith var der. The Smiths? Morrissey var der - han sende like godt eit lesarbrev til NME om konserten. Tony Wilson, den fyrste som tok Sex Pistols med i eit fjernsynsprogram, og som seinare var med på å skipa Factory Records, var der òg.

Ei fin og kort og grei bok. Så får me heller leva med at ho har ein aldeles forferdeleg layout.

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

19. januar 2012

Landstrykere (1989)

DVD-ar er rimeleg billege, og dei er oftast einaste måten ein kan sjå filmar frå gamle dagar på. Det har vorte ein del slike reprisar på meg, med ulikt resultat. Nokre filmar held seg, andre gjer det ikkje. Eg har ei vag kjensle av at denne filmen var heilt grei då eg såg han på kino for eitparogtjue år sidan, men eg vonar det er minnet som sviktar. Himmel og hav for noko skvip.

Filmen er basert på ein Hamsun-roman. August (spelt av Helge Jordal) er ein sprudlande draumar, som gjerne overdriv det han har vore med på, men som likevel sit att med litt verdiar histen og pisten. Han har ofte selskap av Edevard (Trond Peter Stamsø Munch), ein langt meir jordnær og heimekjær kar. August er på farten i inn- og utland; Edevard kjem seg (omtrent) ikkje lenger sør enn Trøndelag. Der forelskar han seg i ei gift kvinne, og det går litt att og fram, før han tek henne (og dottera dei har i lag) med seg til Nordlandsbygda han er frå. Ho reiser til USA, der dei to eldste borna hennar er, og han får hjelp av August til å skaffa seg pengar til USA-billett sjølv.

Der er litt fleire sider av den historia, men i ein film som dette er det lett å tenkja på andre ting. Her er litt for mykje å irritera seg over. Det er eit kontinuerleg og massivt overspel frå skodespelarane. Alle prøver å snakka nordnorske og trønderske dialektar, og ingen andre enn dei innfødde greier det. Verst er Marita Lagerkrantz, ei svensk skodespelarinne som spelar Lovise Margrete, kjærasten til Edevard. Her er mange flotte naturbilete, men scenene med folk i er visuelt dårlege. Fargebruken er trist - dette er eit Noreg i grått, brunt og grønt. Filmen viser igjen at det svært sjeldan vart bygd nye hus i Noreg på 1800-talet - så godt som alle husa i filmen er gamle og falleferdige. Helge Jordal ser ut som både Kasper og Jesper og Jonatan. Kvar gong ein båt siglar nær land, spring det ein flokk unge og eldre på land, for å halda følgje med båten. Det vert som ein kortversjon av Hurtigrute-programmet til NRK, det einaste som manglar er at det på halvparten av knausane står eit blandakor og framfører av slagerane til Elias Blix.

Det er altså ikkje noko å skryta av, dette heller. Det var visst slik norsk film var i åtti-åra, mykje skrik og lite ull.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. januar 2012

Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)

Endå ei bok om ei av topp ti-platene i kåringa til Morgenbladet, og endå ei bok eg kan kjenna meg igjen i. Denne boka handlar sjølvsagt om The Aller Værste! og den aldeles klassiske LP-en Materialtretthet, men det handlar like mykje om Knausgård. Han veks opp i Arendal, les musikkaviser og skjønar fort at The Aller Værste! er eit band som passar for han. Han las mykje om dei, og om andre band, og visste mykje om dei fleste band før han høyrde musikken deira. Interessante program på radio var det lite av, det einaste var ein time Pop Spesial kvar onsdag.

Det var slik eg hadde det. Eg hadde ikkje råd til å kjøpa alle platene eg hadde lyst på, men eg las musikkaviser om og om igjen. Og eg høyrde på Radio Luxembourg nokre kveldar kvar veke, i alle fall dei kveldane me fekk kanalen inn.

The Aller Værste! var ein fantastisk gruppe. Fem medlemmer, fire som skreiv songar, og ein relativt original trommeslagar. Dei spelte på Voss ein gong, på Dalastovo i 1980. Eg var ikkje gamal nok til å koma inn, men det var stort då eg og Helge (av alle!) kom i snakk med Sverre Knudsen på gata i storfriminuttet. Me fekk autograf med klistremerke og greier.

Eg trur denne boka er fyrste gong historia om bandet kjem i bokform, men ute på det store internettet ligg det eit langt og grundig intervju Tore Renberg gjorde med Lasse Myrvold i månadene før han døydde. Det er vel verdt å lesa, i påvente av ein skikkeleg bandbiografi. Det er ikkje det, Knausgård får med det viktigaste, men i ei større bok kan meir seiast. Ein kan til dømes nemna "Hakk", singelen dei gav ut etter at trommeslagaren Ketil Kern hadde slutta, og som var den einaste dårlege plata TAV! gav ut.

Knausgård har intervjua Kern på e-post, dei tre andre, altså Sverre Knudsen, Chris Erichsen og Harald Øhrn, har han møtt og snakka med. Han bruker sitata frå desse intervjua godt, og fyller på med utdrag frå musikkaviser og tekstar frå songane deira. Parallelt med forteljinga om bandet fortel han altså om sitt eige liv. Han flyttar til Bergen midt i 80-åra, etter at TAV! var oppløyst, men at han var i heimbyen deira prega han. Eg hadde (og har) det på same måten - omtrent kvar gong eg kryssa Nygårdsgaten svirra det ei tekstline om å vera i ville Vesten i hovudet mitt.

Knausgård var på gjenforeiningskonserten til TAV! på Hulen i 1990. Der var eg òg, og eg såg dei òg i 1983 og 1999 - fine konsertar heile vegen. Boka til Knausgård sluttar med konserten i 1990. For han er Materialtretthet ei plate som har fulgt han heile livet. Eg har ikkje hatt eit like intenst forhold til plata, men eg høyrer ofte på ho, og det er like stas kvar gong. Ei klar topp tre-plate på mi liste. At ho ikkje kom høgare enn sjetteplass på Morgenbladet si liste er altså berre litt feil.

Guffen tilrår.

Fleire bøker om Morgenbladet topp 100
Gro Dahle: Knutsen og Ludvigsen. Juba Juba (2011)
Christer Falck og Marius Lien: Morgenbladet topp 100 (2011)

Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt (2011)
Stig Sæterbakken: De Press. Block To Block (2011)
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

Meir The Aller Værste! på kulturguffebloggen
The Beste: En sang for åtte kroner ... (1985)
Sverre Knudsen: Sverre Knudsen, 1979 (2015)

15. januar 2012

Graham Bowley: No Way Down (2010)

K2 er det nest høgste fjellet i verda, 8611 moh. Det er eit langt finare fjell enn Mount Everest, og eit langt farlegare fjell å klatra. Denne boka fortel om ein dag det gjekk heilt gale.

I august 2008 låg rundt tretti klatrarar i leir fire, nær tusen høgdemeter under toppen. Før det vart myrkt la dei ut på den siste etappa, men ting skar seg fort. Dei som skulle ha starta nokre timar før dei andre, for å leggja ut tau dei andre kunne halda seg i, hadde misforstått. Dei la ut tau altfor tidleg, slik at klatrepassasjen The Bottleneck bar namnet sitt med rette. Her vart det lange køar, framdrifta var altfor dårleg, slik at bortsett frå ein baskisk klatrar som kom seg tidleg opp på dei siste snøbakkane mot toppen, var det ingen som hadde sjanse til å koma seg ned att til leir fire før det vart myrkt. Dei vurderte det likevel som mogeleg, alle hadde hovudlykter, og dei kunne jo halda seg i taua nedover.

Bortsett frå at det altså gjekk gale. Etter flaskehalsen går ruta langs ein travers under nokre enorme snø- og isskavlar, og her døydde to klatrarar på veg opp - den eine løyste seg ut frå tauet for å passera ein annan klatrar, og miste fotfestet. Den andre prøvde å redda han fyrste. På veg nedover gjekk det eit ras her, som tok med seg den norske klatraren Rolf Bae, og som òg kappa tauet i to. Klatrarane som framleis var høgare enn dette punktet fekk altså store problem med å koma seg ned, og nokre sleit òg med å finna nedgangen mot denne traversen. I alt døydde elleve klatrarar, og det kunne fort vorte fleire. Ein nederlandsk klatrar overlevde to netter ute på fjellet, og vart berga etter at folk i basecamp såg han i kikkert.

Det var altså nokre dramatiske dagar, og den amerikanske journalisten Graham Bowley fortel dette på ein fabelaktig måte. Han har ein nøktern skrivestil, han ser at materialet er dramatisk nok i seg sjølv, utan at han treng å skriva med store ord og bokstavar. Han går detaljert til verks, skriv om dramaet time for time. I starten er det mange namn å halda styr på, men etter kvart går det greitt. Han skriv at det er uråd å vita alt som skjedde, men han har intervjua så mange som råd av dei som var på og ved fjellet. Han får godt fram korleis klatrarane vert dregne mot eit så farleg fjell, korleis mange av klatrarane er så sjølvopptekne at dei tek risikoen det er å vera på K2, utan omsyn til kone og små ungar heime, og han får godt fram korleis sjølv dei mest sindige kan missa oversikta i så tynn luft.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Lauritzen og Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eidslott og Moen: Besseggen (2008)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the Wall (2015)

13. januar 2012

Stig Sæterbakken: De Press. Block to Block (2011)

De Press var eitt av dei fyrste banda eg var på konsert med, og det aller fyrste som ikkje kom frå Voss. Eg trur det var seint i 1980, men det kan henda eg bommar litt. Og det er heller ikkje så nøye, viktigare er det at eg ikkje hugsar stort anna enn at vokalist/bassist Andrej Nebb hadde bra etniske bukser, og at me syntest det var ein finfin konsert. Bror min kjøpte debutsingelen deira, fekk bandmedlemmane til å signera han. Me kjøpte òg dei seinare platene deira, og las om dei i aviser, men fleire De Press-konsertar vart det ikkje, i alle fall ikkje før ein eller annan gjenforeiningsturne i 90-åra.

Dei gav ut to LP-ar, som begge er glimrande. Spesielt fyrsteplata, Block to Block, er god, og er nok ei av platene eg sjølv ville nemnt som ei av dei ti beste norske. Slik gjekk det òg då Morgenbladet nyleg kåra dei hundre beste norske platene. Dei fekk, saman med Falck Forlag, ti forfattarar til å skriva korte bøker om dei ti øvste på lista. Dette er altså ei av dei bøkene.

Det er mykje nostalgi i denne boka, både for Sæterbakken og meg. Eg lever utan platespelar, og har ikkje høyrt desse platene på lenge. Sæterbakken skriv mellom anna om korleis det var å sjå De Press som femtenåring, og der kjenner eg meg godt att. Han går deretter gjennom den korte historia til bandet, og siterer flittig frå ulike intervju. Nokre av desse er frå musikkaviser, og eg kjende att fleire av desse - det seier litt om korleis me las musikkaviser på den tida. Andreplata, Product, anar eg ikkje når eg høyrde sist. Men Sæterbakken siterer nokre liner frå opningssongen "The Fatal Day", og vips - heile songen er tilbake.

Det handlar like mykje om De Press som om Block to Block i denne boka. Sæterbakken skriv godt og rosande om både band og plata, og han bruker si eiga historie godt. Han skriv om korleis han sommaren 1980 fyrste gong fekk høyra Joy Division, og peikar på dei opplagde parallellane mellom dei to gruppene. Begge var svært store i heimlanda sine, begge gav ut to LP-ar, begge gav ut den andre av desse LP-ane etter at gruppa var oppløyst, og begge laga musikk som held seg godt i dag.

Boka sluttar med ein samtale mellom Sæterbakken og Nebb sommaren 2011. Tretti år tidlegare hadde Sæterbakken og ein kamerat intervjua Nebb for NRK, også det i Lillehammer, men denne gongen snakkar dei seg gjennom Block to Block, samstundes som plata surrar i bakgrunnen. I starten seier Nebb litt for lite, kanskje av di Sæterbakken seier for mykje, kanskje av di han treng litt tid på å verta varm, men etter kvart vert det ein fin og god og tidvis morosam samtale.

Guffen tilrår.

Meir Sæterbakken på kulturguffebloggen
Ikke forlat meg (2009)

Gjennom natten (2011)

Fleire bøker om Morgenbladet topp 100
Gro Dahle: Knutsen og Ludvigsen. Juba Juba (2011)
Christer Falck og Marius Lien: Morgenbladet topp 100 (2011)

Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt (2011)
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

12. januar 2012

William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (2006)

Det er stas å sjå Coen-filmar, og film er sikkert best på kino og alt det der, men det er kanskje like stas å sjå filmane på dvd. Der er det jamt over litt ekstramateriale, og gjerne eit intervju med dei to brørne. Dei er alltid i form. Heller ikkje her kvir dei seg for å dikta litt, ein skjønar fort at ein må ta mykje av det dei seier med litt salt.

I denne boka er her 27 intervju med minst ein av dei to. Nokre er berre korte, andre er lengre, dei aller fleste er gode. Det eldste intervjuet er frå 1985, det ferskaste frå 2004. Det vil seia at den ferskaste filmen dei snakkar om er The Ladykillers, medan nokre filmar er tema for fleire av intervjua. Det er flest intervju om Fargo og Lebowski, og i desse vert det, ikkje uventa, ein del repetisjonar.

Det er ikkje berre filmblad eller filmnettsider som intervjuar dei. Her er intervju frå aviser, og frå all slags blad. To av dei lengste - og beste - intervjua kjem frå lett uventa blad som Vogue og Playboy.

Coen-brørne likar dårleg å verta intervjua. Dei diktar altså opp litt, og for intervjuarane må det vera krevjande å vita om dei snakkar sant eller ikkje. Det er eit gjennomgåande trekk at dei går rundt grauten, det er ikkje alle spørsmål som får presise svar. Det vert òg støtt nemnt at dei har tilnærma telepatisk kontakt, den eine fullfører setningar den andre er i gang med.

Det er ein fryd å lesa mange av intervjua, eit par gonger lo eg høgt. Dei køddar mykje med seg sjølv og om filmane og manusa sine, dei køddar litt mindre med skodespelarar og andre dei nyttar ofte, medan folk som ikkje har vore på innsida like lenge som regel får ein god omtale. Boka har ein glimrande og innsiktsfull introduksjon, noko som slettes ikkje er sjølvsagt.

Nokre smaksprøvar:
Om korleis John Turturro lett kan verka italiensk, jødisk eller meksikansk:
Joel: Yeah, John does get cast in a lot of those parts. He's very specifically ethnic, but it's very hard to tell ... which one.

Om å spela inn Raising Arizona, der ein familie har fått femlingar:
Joel: We had the baby pit - a big padded pit that they were tossed into when we weren't using them.
Ethan: Whenever we needed a baby, we reached into the pit and grabbed one. It was kind of like barbecue pit.

Om The Man Who Wasn't There:
Joel: We're doing a movie about a barber in northern California in the early 1940s.
Ethan: There's more to it than Joel lets on. He actually is a barber, but he's interested in getting into dry cleaning.

Om korleis Billy Bob Thornton gjekk langt inn i rolla som frisør i den filmen:
Playboy: On the set, Billy Bob Thornton was giving real haircuts to extras and crew members. Did you get one?
Ethan: Are you kidding?
Joel: No way. We had to hire someone to fix the haircuts he was giving people.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

4. januar 2012

Christer Falck og Marius Lien (red.): Morgenbladet topp 100 (2011)

I fjor inviterte Morgenbladet 100 norske musikarar til å vera med på å kåra dei beste norske platene gjennom tidene. Musikarane laga kvar si liste med ti favorittalbum - plata dei likte best fekk ti poeng, den nest beste fekk ni poeng, osb. Morgenbladet talde sjølv ned mot vinnaren, som vart offentleggjort i desember, viss eg hugsar rett.

Det er uråd å skriva om denne boka utan å kommentera utvalet av plater. For sjølvsagt er det mange feil på lista. Eg kjenner ikkje alle platene på lista, langt derifrå, men nokre av dei platene eg kjenner skulle aldri ha vore der. Verre er det med alle manglane - kvar er The Beste? Kvar er Stein Torleif Bjella? Kvifor er det berre ei Jaga Jazzist-plate med, og korleis i alle dagar er ho heilt nede på 94. plass? Og kvifor er berre fem av platene til Motorpsycho med, og kvifor er korkje Timothy's Monster eller, verst av alt, Demon Box på topp ti? Demon Box kjem heilt nede på 21. plass, og det er jo heilt meiningslaust. Ein kar på eit Motorpsycho-forum sa det ganske presist: "This means that there have been 20 albums released in Norway that are better than Demon Box. This is not true; these people are idiots"

Likevel - det er vel litt av poenget med slike lister, det at folk er usamde. Einaste måten ein kan verta samd med ei slik liste er om ein lagar heile lista sjølv, og sjølv då ville ein truleg finna noko å retta på dagen etterpå.

Boka har to delar. I den fyrste og lengste delen kjem det korte tekstar om dei 100 platene på lista. Desse er gjerne på ei halv side; på den motståande sida er det reine fakta om plata. Tekstane er skrivne av journalistar, forfattarar og musikarar, og her er mange fine. Nokre skriv om korleis platene var (og eventuelt har vore) viktige på eit eller anna tidspunkt i livet deira, andre går meir inn i musikken og/eller tekstane på plata. Til slutt, i ein avsluttande del, vert listene frå dei 100 musikarane lista opp.

Det er ei heilt grei bok. Det er altså vanskeleg å ikkje vera usamd i utvalet, men det er òg vanskeleg å ikkje finna omtale av ei ukjend plate du får lyst til å høyra.

Guffen tilrår.

Fleire bøker om Morgenbladet topp 100
Gro Dahle: Knutsen og Ludvigsen. Juba Juba (2011)
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt (2011)
Stig Sæterbakken: De Press. Block To Block (2011)
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)

Bøker om fotballspelarar, eller idrettsutøvarar generelt, er oftast traurige greier. Det er ein sjanger det er lett å le av, og det er sjeldan det dukkar opp bøker utanom det vanlege. Dette er ei slik bok, men så er jo òg Zlatan ein fotballspelar utanom det vanlege.

Han har uvanleg god teknikk, uvanleg god balanse, og uvanleg stor vinnarvilje. Han har sterke meiningar og eit heftig temperamant, som ofte kjem på kant med trenarar eller andre med makt. Det er ikkje tilfeldig at han har spelt i fem europeiske toppklubbar, og at han berre ved eit høve har spelt tre sesongar for det same laget. Men det er heller ikkje tilfeldig at han har vunne ligagull åtte sesongar på rad, i tre ulike land.

I boka verkar han nesten like frittalande som elles. Boka er skriven i ein munnleg og personleg stil, der han ofte vender seg direkte til lesaren med setningar som "eg lovar", eller stiller oss spørsmål. Han skriv ofte nedsetjande om folk han ikkje likar. Hasse Borg, direktør i Malmø FF då Zlatan spelte der, går til dømes frå å vera ein kjernekar til å vera ein drittsekk, då det omsider går opp for Zlatan at Borg tenkjer meir på klubben enn på Zlatan. Pep Guardiola, trenar i Barcelona, får heller ikkje rosande omtale.

Nokre fotballspelarbiografiar skriv ofte altfor detaljert om altfor mange kampar. Slik er det ikkje her. Dei gongene han skriv om kampar, er det dei viktige, dei avgjerande kampane han nemner. Han skriv mykje meir om personar i dei ulike klubbane, og om personar han møter utanfor fotballen. Mest skriv han sjølvsagt om seg sjølv, og om korleis han lærer og utviklar seg heile tida. Han framstår som rimeleg arrogant, og er klar over det.

Boka opnar med svært gode skildringar frå oppveksten i Rosengård, ein fattig bydel i Malmø. Han var berre to år då foreldra skilde lag, og han veks opp dels hjå mora, dels hjå faren. Ingen av stadene er det noko velstand å snakka om. Faren drikk for mykje, og slit òg med krigen i Jugoslavia - faren er bosnisk, mora er kroat. Han er småkriminell, og sjølv om han i dag er ekstremt velståande, strekar han ofte under at han ikkje har gløymt røtene sine. Han gjennomfører ei slags klassereise, men ho er ikkje heilt gjennomført. Han møter dei rikaste av dei rike, men oppfører seg framleis som om han var blant sine eigne i Rosengård.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

1. januar 2012

Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)

Jon Krakauer vart tidleg hekta på klatring. Han hangla seg gjennom universitetet, arbeidde litt på og mest av som snikkar, og brukte det meste av tida si til fjells. Etter kvart la han vekk snikkarverktyet, og prøvde med hell å verta frilansskribent. Han skreiv mellom anna ofte for bladet Outside, og har etter kvart gjeve ut fleire bøker.

Denne boka er ei samling artiklar, der dei fleste stod i Outside. Det er ei finfin bok. Emna varierer, her finst eigne turrapportar, her finst portrett av fargerike klatrarar, her er ein artikkel om canyonar i ørkenen i det sørvestlege USA, og her er litt til. Dei aller fleste artiklane er gode, unntaket må vera ein altfor lang artikkel om korleis det er å liggja verfast i eit telt i dagevis.

Det er ikkje berre språk og emne som er bra hjå Krakauer. Han byggjer òg opp artiklane sine på ein glimrande måte. Han kan opna med det dramatiske høgdepunktet, eller han kan opna med reine fakta om staden han skriv om. Han skriv fleire gonger om turar og område i Alaska, der han sjølv fann ei ny rute til fjellet Devils Thumb, og der han snudde på veg opp til Denali (eller Mount McKinley), det høgste fjellet i Nord-Amerika. Her skriv han òg ein fantastisk artikkel om dei rivaliserande pilotane som flyg klatrarar inn på breen under Denali.

Så det er stas å vera i naturen med Krakauer. Og etter ei jol som denne, der veret var trist omtrent heile tida, så vert lysta til å reisa til fjells endå større, etter å ha lese denne boka.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Lauritzen og Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eidslott og Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the Wall (2015)