28. juli 2011

The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford (2007)

Visuelt er denne filmen aldeles glimrande. Han er filma av Roger Deakins, som er den faste kameramannen til Coen-brørne, og han briljerer. Det er flotte naturbilete, det er like fine interiørbilete, og han bruker lys og fargar på ein makelaus måte.

Handlinga i filmen er kort fortalt. Robert Ford, ein tjue år gamal mann, har dyrka Jesse James heile livet. Han les alt han får tak i om James, han samlar på utklipp, og han snakkar seg inn i banden til James, der broren alt er med. Ford vert med på det siste ranet James-banden gjer. I etterkant er James redd at nokon av dei andre skal ta livet av han, eller senda sheriffen etter han, så han tek like godt livet av nokre av dei andre. Ford og broren vert invitert med på eit nytt ran, men dei stolar ikkje på James, og rett før ranet tek Robert livet av den store helten sin, han skyt James bakfrå. Han trur han vert ein stor helt, men folk ser på han som ein feiging, og til slutt vert han skoten, han òg.

Brad Pitt er solid i rolla som James, han viser oss ein James som var heller ustabil, og som ville ha total kontroll på alle rundt seg. For dei andre handlar det stort sett om å vera redde. Men det eg fyrst og fremst kjem til å hugsa frå denne filmen er bileta. Og musikken, for så vidt, som passar filmen perfekt.

Guffen tilrår.

25. juli 2011

Bob Mould / Michael Azerrad: See A Little Light (2011)

Ein gong tidleg i åttiåra tinga Håvard den amerikanske fanzina Maximumrocknroll, og vart overraska over at det var eit amerikansk punkband som heitte Hüsker Dü. Eg trur det tok nokre år før eg høyrde noko av musikken deira. Det var sånn passeleg fengande, det var ein god kombinasjon av energi og melodi, men eg trur likevel ikkje det gjekk så langt at eg kjøpte nokre av platene deira. For litt sidan las eg Our Band Could Be Your Life, der Hüsker Dü var ei av gruppene Michael Azerrad skreiv om. Historien deira hadde nokre fascinerande innslag, og då denne boka, som er sjølvbiografien til Mould, fekk gode meldingar histen og pisten, slo eg like godt til. Boka er skrive saman med Azerrad.

Boka følgjer to liner i livet til Mould. Den eine handlar om musikaren Mould, den andre handlar om mannen Mould. Som musikar har han vore innom fleire sjangrar, han går ei stund lei av å vera i band, lei av høge gitarar. Han held nokre solokonsertar, eksperimenterer med andre instrumenteringar, før han går attende til bandformatet, med musikk som igjen er dominert av rungande og nesten like sinte gitarar. Han ser seg sjeldan tilbake, og sjølv om han synest det er stas at mange set Hüsker Dü høgt, vil han helst at dei skal høyra om den ferskaste av platene han har vore med på. Av banda han skriv om er det likevel Hüsker Dü han skriv mest om, og det er òg det bandet det er mest interessant å lesa om. Det er der dei slit mest, det er der dei jobbar hardast for å nå ut. Men aller best er det å lesa om tida rett etter at  Hüsker Dü vart oppløyst. Saman med kjærasten har han kjøpt ein liten farm nord for Minneapolis, og der sit han åleine dagen lang utan heilt å vita kva han skal driva med.

Innimellom kapitla om plater og konsertar og medmusikantar fortel han ei anna historie. Han voks opp i ein liten by nord i New York, i ein ikkje heilt stabil familie. Han vert tidleg klar over at han er homo, og veit godt at det ikkje er det enklaste å vera langt ute på landet. Han flyttar til Minneapolis for å studera. Der er det lettare å vera homo, men det tek likevel lang tid før han kjem ut av skåpet, og det tek lang tid før han verkeleg oppsøkjer og utforskar miljø og klubbar der han kan treffa andre homoar. Det er ikkje før han er langt oppe i førtiåra at han finn seg sjølv, og vert trygg på kven han er.

Slik er det òg, i alle fall til ei viss grad, med musikken hans. Slik han skildrar det, er han langt meir sjølvsikker som musikar no enn det han var i åttiåra. Dei to sidene ved livet heng altså saman, det vert ein høna og egget-situasjon, der han gradvis vert tryggare på seg sjølv, på alle område. Han framstår som ærleg, og det er ei overtydande bok om å verta kjend med seg sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Azerrad på kulturguffebloggen
Our Band could be Your Life (2001)

20. juli 2011

John Wesley Powell: The Exploration of the Colorado River and Its Canyons (1895)

Eg var i Grand Canyon for litt over tjue år sidan, og overnatta nede ved elva. Ein gong skal eg tilbake. Det er ein fantastisk plass, fargane og lyset og variasjonen var imponerande nok, men det som gjorde mest inntrykk var kort stort det var, altså kor langt det var over til andre sida. Eg kom sørfrå, og husgar godt korleis det var dei siste metrane framover mot kanten. Det var tydeleg at det snart dukka opp eit stort hol, men det var uråd å vera budd på kor stort det faktisk var.

Denne boka gav meg litt den same kjensla. Saman med ni menn reiste John Wesley Powell nedover Green River og vidare nedover Colorado i 1869. Det tok 98 dagar, og skildringa av denne turen er det mest interessante i boka. Boka har tre delar, og denne reiseskildringa er midtdelen. Den fyrste delen er seig, der skriv Powell detaljert om landskapet i det sørvestlege USA, og som lesar sit eg berre og ventar på at turen nedover elva skal ta til. Den tredje delen handlar om då Powell to år seinare var attende i området rundt Crand Canyon.

Boka er meir interessant enn velskriven. Powell har ein heller nøktern skrivestil. Han hevar ikkje stemma der det skjer noko dramatisk, alle hendingar vert skildra på same måten. Dette var fyrste gongen nokon padla nedover elva, og med bratte canyonveggar på begge sider av elva var det ikkje alltid råd å koma seg ut, dersom noko skulle skje med båtane, eller dei kom til ein foss dei ikkje kunne passera. Ein av dei andre trekte seg ut relativt tidleg, tre av dei andre valde å gå vidare til fots då dei møtte nokre store stryk mot slutten av reisa. Dei seks resterande kom seg uventa lett ned stryka; dei tre som heldt fram til fots vart drepne av indianarar nokre dagar seinare.

Powell likte å nytta pausane til å kliva oppover dalsidene, der det let seg gjera. Dei turane var heller ikkje utan dramatikk, ved minst to høve gjekk han seg fast. Den eine gongen vart han redda av at turkameraten tok av seg dei lange underbuksene sine, og heldt dei slik at Powell kunne ta tak i dei og klatra vidare. Det kan ikkje ha vore lett - Powell hadde mist den eine armen i den amerikanske borgarkrigen.

Så der er litt dramatikk og gode episodar, men det verkar ikkje slik når Powell fortel det. Berre ein sjeldan gong kjem det livlege passasjar, oftast når han skildrar naturen. Det vert altså litt tungt å lesa dette, og det er synd, for det er ein legendarisk båttur, som hadde fortent ein lang betre presentasjon. Boka har ei rekkje samtidige illustrasjonar. Desse gjer nok naturen, slik det ofte var i naturbøker frå den tida, meir dramatisk enn han er, men bileta er gode, og sjølv når ein trekkjer frå litt ser ein at det er eit fantastisk område.

Guffen er lunken.

Meir Grand Canyon på kulturguffebloggen:
Ghiglieri og Myers. Over the Edge. Death in Grand Canyon (2001)

14. juli 2011

Johan Harstad: Ambulanse (2002)

Endå ei solid bok av Johan Harstad. Dette er den andre boka hans, ei samling noveller. Dei elleve historiene er godt samanvevde - eit openbert fellestrekk er at det dukkar opp ein ambulanse i kvar av dei. I ei av novellene er hovudpersonen ambulansesjåfør; ein annan hovudpersonen er pasient i ein ambulanse, osb.

Novellene heng likevel saman på ein meir intrikat og langt meir imponerande måte. Ein biperson i ei novelle kan verta hovudperson ein annan stad, og omvendt, slik at fleire av historiene faktisk heng saman, og skjer samtidig. Eg tippar at viss eg hadde lese boka ein gong til med det same, hadde eg sett fleire slike koplingar. Det kan altså minna ein smule om Bikubesong, sjølv om koplingane i den boka, som altså er ein roman, var langt mindre tydelege enn her.

Personane Harstad skriv om har det ikkje alltid så godt. Dei er ofte einsame, dei slit med at dei lever eit falskt liv, dei vil noko heilt anna, men greier ikkje å gjera det. Mange av dei har det vondt, mange saknar noko trygt rundt seg. Fleire av dei verkar heller ustabile. Og alle er glimrande portretterte av Harstad. Han skriv nok om dei, nok til at me fattar interesse for dei og vert glade i dei. Han nyttar lange setningar, med mange komma, og det er i det heile eit svært sikkert språk han fører.

Eg veit ikkje om eg greier å setja fingeren på kvifor, men det er noko med fleire av novellene som minner om Radiohead. Det kan vera småting, og det treng ikkje vera tenkt slik frå Harstad si side, men likevel. Det er noko med stemninga, og det er noko med ordbruken. Eg får mellom anna assosiasjonar til songen "Fake Plastic Trees", og til nokre tekstliner frå songen "The Bends".

Dette er ei av dei finaste norske novellesamlingane eg har lese. Og - dette er nesten det mest imponerande - Harstad var berre 23 år då boka kom ut.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

12. juli 2011

Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)

Nick Drake må vera den musikaren eg har høyrt mest og lengst på. Eg las ein artikkel om han i Nye Takter midt i 80-åra, og forstod fort at dette var noko for meg. I 1986 fann eg samlekassetten Heaven In A Wild Flower på sal i London, og nokre år seinare fann eg samleboksen Pink Moon i ein platebutikk i Wisconsin - eg trur eg jubla då eg såg han. Då eg ti år seinare omsider kjøpte meg CD-spelar, vart Drake raskt den einaste eg hadde komplett både på LP og CD.

Han fekk ikkje noko lang karriere. Han døydde i 1974, 26 år gamal, og hadde då gitt ut tre LP-ar. I alt spelte han inn rundt 40 songar. Dei fleste av desse er aldeles fortreffelege. Han er ein suveren gitarist, og skreiv òg flotte, flotte tekstar. Det går mykje i moll, og det er ikkje spesielt lystige tekstar - han verkar rimeleg ærleg, og skriv til dømes om korleis han slit med å ha kontakt med andre menneske - "if songs were lines in a conversation / the situation would be fine". Han var sterkt deprimert mot slutten av livet, og døydde av ein overdose anti-depressiva. Ingen veit om det var sjølvmord eller ikkje. Dei som stod han nærmast meiner at det må ha vore eit uhell, sidan han var i betre humør enn på lenge.

Jason Creed gav ut Nick Drake-fanzina Pink Moon frå 1994, det kom i alt nitten nummer. Eg hugsar at eg såg lysingar for denne i engelske musikkblad, og det undrar meg litt at eg ikkje skreiv og tinga nokre nummer. Det hadde vore likt meg, eg har gjort det ved andre høve, når eg har sett fanziner om andre eg har sett høgt. I denne boka har han samla ei rekkje artiklar frå fanzina, og det er eit godt plaster på såret. Han har samla artiklane i fleire bolkar - plater, bøker, personlege minne, film og fjernsyn, psykologi, innspelingar, hyllingskonsertar, og Tanworth-in-Arden. Det siste var heimbyen hans, og heimen hans var lenge ein valfartsstad for Drake-fans. Foreldra hans sette merkeleg nok pris på dette, dei besøkande vart inviterte inn, fekk ein kopp te, fekk kopiar av sjeldne Drake-opptak, og fekk sjå rommet der han døydde.

Artiklane er skrivne av mange forfattarar, så det vert ein del repetering, og av og til ulike versjonar av den same hendinga. Det gjer ikkje så mykje, det vert meir personleg og ekte slik det er no. Creed skriv korte innleiingar til kvar bolk, og det som står der er truleg det korrekte. Ein av Drake-mytane seier at trass i glimrande platemeldingar selde han omtrent ingen plater medan han levde. Det er sant at han selde svært lite, men platemeldingane var ikkje spesielt glimrande. Meldinga av debutplata Five Leaves Left i Melody Maker var til dømes kort og grei - "All smokers will recognize the meaning of the title - it refers to the five leaves near the endof a packet of cigarette papers. It sounds poetic and so does composer, singer and guitarist Nick Drake. His debut album for Island is interesting".

I fanzina tok Creed med artiklar frå andre publikasjonar, og mange av desse er òg med her, mellom anna det einaste intervjuet Drake gjorde. Det var kort, og journalisten får ros frå den presseansvarlege ved platekompaniet - han meinte at det var sterkt å få så mykje ut av ein halvtime der Drake berre sa to einstavingsord.

Det er ei flott bok, som utfyller dei andre bøkene som er skrivne om Drake. Og innimellom alt det andre vert det òg fortalt at familien vil gje ut ein Drake-biografi seinare i år. Det kan verta ein litt for autorisert biografi, men sidan dei stort sett ikkje har late seg intervjua av dei andre biografane, kan det koma fram noko nytt der òg. Eg gler meg.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)
Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

9. juli 2011

X (1986)

Oslo, midt i 80-åra. Det meste er trist og grått - det aular av nedlagde fabrikkar, alle i filmen bur i kalde leilegheitar, alle er kledde i svart, og på festar er det berre lov til å sjå så trist som råd ut. Til og med veret er trist.

Jon Gabriel, ein fotograf i 20-åra, er på veg heim ein kveld då Flora, ei jente rundt 13-14 år, kjem opp til han og spør om han har ein plass å bu. Ho flyttar inn hjå han, og dei vert ein slags kjærastar. Fotografen har aldri hatt kjærast før, og synest det er stas; for Flora er det truleg noko ho gjer for å ha ein plass å bu gjennom vinteren. Når dei gjer ting i lag er det tydeleg at dei ikkje passar saman. Han vert likevel med heim til foreldra hennar ein gong. Han prøver å få ferdig bilete til ei utstilling, han slit med å konsentrera seg om det, men får det ferdig. Då spør han Flora om dei skal gifta seg, og ho takkar nei.

Filmen er tidvis visuelt fin. Kamera har god tid, og scenene kan godt vara lenge. Me ser fleire band som spelar, to av dei er heller pinlege, medan Holy Toy, som òg har laga filmmusikken, er suverene.

Her er altså ein del ting som er bra, men mykje er òg forferdeleg. Fotografen vert spelt av Jørn Christensen, ein av dei leiande rockegitaristane på den tida, og han verkar heilt hjelpelaus. Han er stiv, han slappar aldri av, og til liks med Bettina Banoun, som spelar Flora, snakkar han heilt feil. Dialogen er dårleg, og vert dårleg framført. Viss det er noko å le av i denne filmen, er det dialogane.

Guffen er lunken.

4. juli 2011

Brynjulv Jung Tjønn: Lyden av noen som dør (2008)

Brynjulv Jung Tjønn skriv godt. Dette er den andre romanen hans, og både språk og handling gjer det til ei bok det er vanskeleg å leggja frå seg. Han bruker langt fleire komma enn punktum, og dette skapar eit godt driv i teksten.

Eg-personen har nett mist mor mi. Han bur saman med far sin, som slit med at mora er borte, og greier korkje å eta eller drikka. Eg-personen får ei dagbok faren skreiv i ungdomen, og sidan der er mange ledige sider, legg han til noko frå sitt eige liv. Der har det skjedd litt av kvart, det vert hinta om eller fortald ope om incest, overgrep mot mindreårige, drap på kjæledyr, familievald og mord.

Kor mykje av dette som faktisk er sant er uklart, men det er kanskje ikkje så viktig. Tjønn fortel det på ein fin måte, utan store fakter og store ord. Kanskje eg-personen blandar saman hendingar frå sitt eige liv, kanskje han fører hendingar frå andre sitt liv inn i sitt eige, kanskje han i denne skrivinga nyttar sjansen til å ta ein slags hemn over folk han ikkje har likt, kanskje han berre likar å dikta. Boka sluttar med at tanta hans, som har fått lesa det han skriv, spør om kor mykje som er sant, og han svarar "eg veit ikkje". I den same samtalen vert det hinta om at han har vore i fengsel, så noko kan ha vore sant. Kanskje.

Guffen tilrår.

Meir Tjønn på kulturguffebloggen
Eg kom for å elske (2002)
Så vakker du er (2013)
Kvar dag skal vi vere så modige (2021)

Snøhulemannen (2010)

Sverre Nøkling lever ikkje heilt som alle andre. Han har ikkje nokon fast heim, han fartar mellom snøholer og andre krypinn i høgfjellet. Denne dokumentarfilmen følgjer han gjennom ein vinter, der han er innom fleire av holene, som ser ut til å liggja i fjellområda sør for Hardangervidda. Han er òg innom i ei leilegheit han har arva etter mor si, og er òg innom i sivilisasjonen av og til, men stort sett er han til fjells.

Det verkar som eit godt liv, der han er sin eigen herre. Han lever mykje av det han finn, både av mat og utstyr, men han er òg uføretrygda, slik at han har litt pengar å rutta med. Han driv ikkje med jakt eller fiske, i alle fall ikkje i filmen.

Det er eit spesielt liv, men det er ikkje det same som at det er ein god film. For meg vart dette heller kjedeleg og repeterande, det er grenser for kor mange gonger det er interessant å sjå at han kokar kaffi i ei snøhole. Det vert mykje skigåing, der han har ein uventa dårleg teknikk, det vert mange naturbilete, det vert mange scener der han syng litt, og det vert mange scener der han prøver å forklara kvifor han lever som han gjer. Han er, ikkje uventa, lettare samfunnskritisk, men når han prøver seg på djupare analyser er det ingenting som tyder på at han er spesielt reflektert. Han seier at han ikkje har svar på alle spørsmål, og det trur eg stemmer, men han snakkar likevel som om han skulle ha det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Thin Red Line (1998)

Ein krigsfilm? Nja, det er vel ikkje akkurat favorittsjangeren. Men når filmen er regissert av Terence Malick, rekna eg med at det var bryet verdt. Og det var det absolutt.

To amerikanske soldatar har stukke av frå bataljonen sin, og har det fint på ei øy i Stillehavet. Dei vert henta attende til dei andre soldatane, og vert med på angrepet på Cuadalcanal, ei øy der Japan har ei flystripe. Der går det etter planen, med store tap greier dei å ta kontroll over ein japansk bunker. Under den vidare framstøyten på øya vert den eine av dei to amerikanske soldatane, Robert Witt, drepen.

Sjølve historia er ikkje altfor original. Det er andre ting som gjer sterkt inntrykk. Filminga er svært smakfull, både under slagscenene og elles. Det sterkaste er likevel måten soldatane er skildra på. Dei fleste av dei er vitskremde, det verkar som om så godt som alle helst ville vore ein heilt annan stad. Og det er ikkje så rart. Det grunnleggjande inntrykket ein får frå denne filmen er at krig er noko herk. Soldatane, og fyrst og fremst Witt, spør seg òg kvifor dei er med på dette - kva sit dei sjølve att med? Ein annan soldat, kaptein Staros, slit òg med å godta at livet til ein soldat er noko som kan ofrast. Obersten forstår ikkje desse innvendingane, det er altså eit stort sprik i menneskesyna til dei på toppen og dei lengre nede.

Guffen tilrår.

Meir Malick på kulturguffebloggen
Badlands (1973)
The Tree of Life (2011)
The Hidden Life (2019)

3. juli 2011

Tomas Espedal: Imot kunsten (2009)

Eg har (sjølvsagt) høyrt og lese mykje om Espedal, men eg har ikkje lese noko av han før. Han snakka godt på Litteratursymposiet i Odda for to år sidan, men eg kom aldri så langt at eg kjøpte noko av han. Det burde eg ha gjort, denne boka gav absolutt meirsmak.

Det er ei fin og språksikker bok. Det er ikkje noka tjukk bok, her er berre godt og vel 160 sider, men Espedal seier likevel mykje og viktige ting om mange og viktige ting. Det handlar mykje om å høyra til, om å finna seg ein plass der ein er trygg. Det handlar òg om ein lengt etter å verta forfattar. Det handlar mykje om kontakt mellom generasjonane, og korleis dei som manglar kan vera like viktige som dei som er der.

I den fyrste delen av boka skriv Espedal mykje om tre generasjonar menn. Han vekslar mellom desse, av og til glir han over til ein annan av dei utan at ein merkar det, og får med det godt fram korleis eigenskapar går i arv, og korleis eg-personen er farga av dei nærmaste mennene i stamtreet sitt.

Eg-personen er ein forfattarar, oppvaksen i Bergen. Eg veit omtrent ingenting om livet til Espedal, men under lesinga er det lett å tru at dette er basert på han sjølv. Og då er det vanskeleg å ikkje dra samanlikningar til det svære romanprosjektet til Karl Ove Knausgård. Eg burde kanskje ikkje gjera det, sidan eg ikkje kom spesielt langt i Min kamp 1 før eg la boka frå meg, men i denne boka er språket så konsentrert at kvar setning verkar viktig. Eg greidde berre 40-50 sider av Min kamp 1 før eg la ho frå meg, det verka berre som endelaus pludring, og fleire tusen sider med pludring freista lite. Teksten til Espedal er langt meir fengande. Dette er sårt, dette er vakkert, dette er gripande, og det verkar ærleg.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)
Elsken (2018)
Lyst (2022)