30. mai 2011

Mulholland Drive (2001)

Diane Selwyn, ei ung kvinne med skodespelarambisjonar har relativt nyleg vorte dumpa av kjærasten sin, Camilla Rhodes. Camilla er langt meir talentfull, og har hatt langt meir suksess, i alle fall målt etter Hollywood-kriterie. Ho skal gifta seg med ein stjerneregissør, medan Diane bur i ei enkel leilegheit. Diane taklar ikkje at Camilla skal gifta seg med regissøren, og betalar ein leigemordar for å ta livet av eksen. Filmen sluttar med at nokon bankar og bankar på døra hennar, og sidan ho alt har fått høyra at politiet ser etter ho, reknar ho med at dei veit kva ho har gjort, og ho tek livet sitt.

Dette er handlinga i filmen. I alle fall trur eg det er handlinga i filmen. Det er David Lynch, dette, og då er det ikkje alltid lett å få med seg kva som skjer. Dei to fyrste tredelane av filmen handlar om noko heilt anna, det er dei same personane som er med, men dei har andre namn, og kjenner kvarandre frå andre samanhengar. Denne delen av filmen vert avslutta av at Diane vaknar i senga si, og heile filmen opnar med at nokon sovnar i den same senga, eller i alle fall ei seng med dei same sengkleda. Det er difor nærliggjande å sjå det meste av filmen som ein draumesekvens, der livet til Diane (som rett nok heiter Betty i draumen) er langt betre og langt meir harmonisk. I den delen vert det ofte referert til draumar, Betty seier til dømes at "now I'm in this dreamplace". Draumedelen handlar òg om skodespelardraumane til Betty, og Betty er visst ein betre skodespelar enn Diane.

Det heile fungerer godt, og det er ein solid film. Her er heile tida ei kjensle av uhygge, ein veit aldri kva som ventar rundt neste sving. Lydsporet er med på å byggja opp denne uhygga, her er ofte ei buring som ligg og buldrar, og som skapar ei kjensle av at ting er ute av balanse.

Det er stas med Lynch, men samstundes er her òg ei kjensle av at han repeterer seg sjølv. Fleire av scenene minner om ting han har gjort før, og sjølv om musikken er framifrå, minner også den om tidlegare Lynch-filmar.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

29. mai 2011

Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)

Endå ei bok eg truleg ikkje ville kjøpt til full pris, men som eg plukka opp på Mammut. Eg har ikkje lese kvart ord i boka, og eg har vore litt til og frå, men det trur eg ikkje gjer noko. Boka er eit oppslagsverk over folk som på ulike område viste veg til fjellheimen. Desse vert presenterte omtrent som i eit leksikon, pluss at der er med ei rekkje utdrag frå tekstar som er skrivne av dei omtalte personane.

Det er eit godt utgangspunkt for ei bok, men innvendingane står diverre i kø. Det er greitt at dei har delt boka inn tematisk, der alle artiklar om jegrar og fiskarar kjem for seg, men det er til dels uforståeleg at dei innanfor kvart område alfabetiserer etter førenamn. Der dei har med tekstutdrag er det ofte dei mest openberre, når dei skriv om Wergeland tek dei med verselina "Se hvor det griner bak Fanaraaktind", når dei skriv om Vinje tek dei med noko frå pantebrevet frå kjøpet av Eidsbugarden. Der briskar dei seg med at dette er eit kjent dikt, men hevdar like godt at linene dei siterer er opninga på heile diktet, og det er det jo slettes ikkje. Slikt gjer ein jo skeptisk - når forfattarane gjer enkle feil i artiklar om dei eg kjenner best er det jo fare for at der aular av feil andre stader òg.

Det ser ut til at dei to forfattarane har skrive alt sjølv. Det står ingenting om kva kjelder dei har brukt. Det står heller ingenting om eventuelle konsulentar - det kan vera av di dei ikkje har brukt nokon, men det burde dei ha gjort. Dei framstår ikkje som altfor kompetente på vurderinga av tekstar og biletkunst, men fører ukritisk vidare gamle sanningar. Nokre av tekstutdraga er lange, av og til er det greitt, av og til er det uforståelege. Eg er klar over at mange ser på Peter Wessel Zappfe som den suverent mest humoristiske som har skrive om norske fjell, men eg har til gode å smila av noko han har skrive, og det lange utdraget dei har med her er også fritt for humor. Den lystigaste boka eg har lese om norske fjell, Tre i Norge ved to av dem, har dei derimot berre eit kort sitat frå, og det er heller ikkje spesielt godt, så det kan henda at dei rett og slett ikkje greier å plukka løgne sitat. Og medan eg er i gang med klaginga - språket er til tider noko av det stivaste eg har lese. Det er heldigvis lenge mellom kvar gong eg les ord som "sendrektighet".

Men noko positivt er her òg. Artiklane som opnar kvar bolk er gode. Her er òg ei rekkje gode bilete, slik ein kan venta. Og forfattarane skal ha ros for at dei skriv mykje om dei som tok mot besøkande i fjellet. Dei artiklane seier mykje om korleis den tidlege fjellturismen var, det var byfolk som vitja bygdefolk. I desse artiklane er det påfallande kor lite ein eigentleg veit om personane, mange av dei manglar fødsels- og/eller dødsår. Forfattarane held til ei viss grad oppe denne haldninga, om ein fjellklatrar heiter det at han er "født på landet". Presist og greitt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Eidslott og Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the Wall (2015)

27. mai 2011

The Last King of Scotland (2006)

I eit intervju om filmen Smoke sa Paul Auster mellom anna at han vart så glad då han høyrde at Forest Whitaker hadde takka ja til ei av rollene i filmen. Han var eit ukjend namn for meg, men det var lett å skjøna kvifor Auster var nøgd. Det er endå lettare å skjøna etter denne filmen.

Her spelar han Idi Amin, som var president i Uganda det meste av 70-åra. Han var rimeleg ustabil, og det får Whitaker glimrande fram. Han er sjarmerande, han er farleg, han er omsynslaus, han er ein god ven og ein god fiende på ein gong. Det er uråd å ikkje tru på han.

Hovudpersonen i filmen er likevel Nicholas Carrigan, ein nyutdanna dokter frå Skottland. Han vil oppleva noko spanande før han slår seg ned, og reiser tilfeldigvis til Uganda. Der vert han endå meir tilfeldig livlegen til Amin. Carrigan skjønar ikkje altfor mykje av politikk, og ser ikkje at Amin er gal. Han trur på det Amin fortel han, og vert så blinda av all luksusen og tilliten han får at han ikkje ser kva som skjer med Uganda. Andre britar prøver å snakka med han, men han berre avfeier dei. Ting går likevel gradvis opp for Carrigan, men han får ikkje lov til å reisa frå landet. Og det vert verre - han kjem i skade for å gjera ei av konene til Amin gravid, og då han, for å få eit britisk naudpass, prøver å ta livet av Amin, utan å greia det, er det slutt for han. Det burde i alle fall vore det, men nye tilfeldigheiter gjer at han kjem seg ut av landet.

Carrigan kjem til Uganda akkurat då Amin tek makta. Den fyrste bussturen hans i Uganda er tilnærma idyllisk, det er rolege, stemningsfulle bilete av landskapet i Uganda, og det er tilsvarande bilete av folket. Men så møter bussen ei militærkolonne, og resten av filmen er steminga langt meir klaustrofobisk. Carrigan kjenner seg meir og meir innestengt i dette landet, og der er noko uroleg og truande over det heile. Heile tida.

James McAvoy spelar den unge skotten, og det gjer han godt, men han kjem altså heilt i skuggen av Forest Whitaker. Han dominerer alle scenene han er med i. Han er grunn god nok til å sjå denne filmen, men det er òg ei god historie, det er godt skodespel over heile lina, det er i det heile ein stor film.

Guffen tilrår.

Svein Hovet: Dei gjekk sine eigne vegar (1967)

Det er lett å smila av ei bok som denne. Her er 22 korte portrett av menn Hovet sette høgt. Han pløyer ikkje spesielt djupt i nokre av desse, han pirkar berre litt i overflata. Me skjønar at dette er menn han sette høgt, men grunngjevingane hans er ikkje altfor oppklarande. Det er noko andershovdensk over det, han nyttar til dømes ordet "ofra" svært ofte, det er ikkje måte på kor mange av desse som har ofra seg for eit eller anna.

Samstundes er det ei bok det er lett å ta på alvor. Det er noko ekte over det heile, og eg er ikkje i tvil om at det var viktig for Hovet å skriva ei slik bok. Sjangeren er jo fascinerande, og me får vita nok om dei han skriv om til at me kan vurdera om her er folk me vil vita meir om. For nokre av desse er det råd å oppdriva grundigare litteratur. Eg veit ingenting om Hovet, men ut frå utvalet av personar reknar eg med at han er frå Setesdal, at han anten er journalist eller lærar, og at han har dei klassiske vestlandslærar-verdiane.

Det er altså menn han skriv om. Eg kjende godt til nokre av desse, nokre var heilt ukjende, medan resten var slike eg hadde perifer kjennskap til. I artiklar om dei eg kjenner best har han gjerne lagt vekt på noko heilt anna enn det eg synest er viktig - om Jørund Telnes skriv han ingenting om at Telnes var ein av dei tidlegaste målmennene i Seljord, eller at han var i kraftig opposisjon til den lite folkelege måten folkehøgskulen der vart driven på, han skriv omtrent berre om diktinga hans. Det er hans val, sjølvsagt, men for meg er det ei rar prioritering.

Språkføringa er eit kapittel for seg. Det beste han kan seia om ein person er at han alltid var tru mot dei verdiane han fekk med seg frå ungdomen. Ein skal i prinsippet ikkje vera open for nye ting etter at ein er vaksen. Dei mest merkelege påstandar vert applauderte, når Torgeir Bjørnaraa seier om seg sjølv at "kjenner eg ein dag at eg ikkje har vakse åndeleg, så set eg ein kross i almanakka, og gjev meg sjøl ein dunk i skallen til vekkjing", er det aldeles glimrande for Hovet. Leksikonredaktørar gjer galne val - "Slår ein opp i eit moderne leksikon, finn ein ikkje namnet Jon Flatabø, medan ein boksar som har skamslått så og så mange menneske er komen inn med både tekst og bilete". Og skildringa av korleis Knut Aakre kjøpte og rydda seg ein gard er det uråd å lesa utan å smila: "På Rysstad kjøpte han ein halv gard, full av stein og kaldvæte, osb". Her tok den lange arbeidsdagen til, han brukte kvart ledig sekund resten av livet på å grøfta og plukka stein og gjera denne utmarka til ein av dei beste gardane i universet. Omtrent.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

24. mai 2011

Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Aasmund Olavsson Vinje heng høgt. Han var original og opposisjonell, han var fri og frekk, han var sprek og sjuk. Han treivst godt i store forsamlingar, der han gjerne tok ordet både titt og ofte, og han treivst godt til fjells, der han like gjerne tok ordet både titt og ofte. Og han var ein framifrå skribent, som gav ut Dølen, den fyrste nynorske avisa. Språkleg stod han for noko heilt nytt, og ikkje berre på grunn av språket. Tekstane er fulle av språklege og andre innfall, der aular av ironi, og det er ikkje mange tekstar frå midten av 1800-talet som står seg like godt i dag, og som verkar like levande.

Skal ein skriva om Vinje, er det lurt, slik Vesaas gjer her, å ikkje prøva å kopiera skrivestilen hans. Andre har gjort det når dei skriv om Vinje, eller når dei prøver å gå opp Ferdaminni-ruta 150 år etterpå, og det fungerer sjeldan bra. Vesaas skriv i sitt vanlege språk, det sprudlar ikkje altfor mykje, men det fungerer godt. Han tek oss med gjennom heile livet til Vinje, frå oppveksten i Telemark, via mange år i Oslo, til han døyr på Hadeland, 52 år gamal. Han levde stort sett av skrivinga, han var Christiania-korrespondent for Drammens Tidende i ei årrekkje, før han i 1858 tok til med å gje ut Dølen. Det kom åtte årgangar dei neste tolv åra, innimellom gav han ut nokre bøker, og var mykje på reis, både innan- og utanlands. I 1860-åra fekk han smaken på fotturar, og var fleire veker i Jotunheimen kvar sommar dei siste fem-seks leveåra. Han kan ha vore på veg mot Jotunheimen då han døydde, men store fotturar kan han ikkje ha planlagt, han hadde magekreft og var fullt klar over at han ikkje hadde lenge igjen.

Vesaas voks opp i same bygda som Vinje, og skriv sjølv at han har hatt han med seg heile livet. Akkurat det, altså å skriva biografiar om nokon han har kjent heile livet, er Vesaas etter kvart godt van med, men han taklar det godt her. Han har, ikkje uventa, lettare for å vera kritisk til Vinje enn til foreldra sine, som han altså òg har skrive gode biografiar om. Vesaas meiner at Vinje burde arbeidd meir med mange av dikta sine. Han er òg noko kritisk til taktikaren Vinje, som ofte knyter gode og viktige kontaktar, før han går over til å kritisera desse personane så sterkt at dei ikkje berre bryt kontakten med han, men òg vert djupt skeptiske til han.

Guffen tilrår.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)

Meir Olav Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Tarjei i Tale (1997)

22. mai 2011

Grand Canyon (1991)

Tittelen på denne filmen lyg litt. To-tre minutt av filmen går føre seg i Grand Canyon, resten skjer i Los Angeles. Og skal ein tru på denne filmen, er LA den verste byen i verda, det er ikkje måte på kor mykje drit som skjer der. Ran, vald, skyting, folk bur på gata, jordskjelv, og ein legg att babyar i tett buskas og spring vekk. Folk har ikkje respekt for kvarandre, det er kaldt, farleg og fiendtleg. Det er alle mot alle. Eg var nokre veker i byen nokre år før filmen kom ut, og etter å ha sett denne filmen er eg glad eg overlevde.

Tittelen på filmen lyg likevel ikkje så mykje. Grand Canyon spelar ikkje berre på den enorme og fantastiske kløfta elva Colorado har gravd ut, det spelar meir på dei store klasseskilja i LA. Tonen vert sett alt under opningstekstane. Me ser nokre ungdommar som spelar korgball i halvmørket, før me går over til ein NBA-kamp. Skilja er enorme - svart/kvit, fattig/rik, ute/inne. Det er enkelt, men effektivt, og det er ein film som vil noko.

Diverre vert det litt for enkelt, det vert litt for mange replikkar som kunne vore henta frå ein såpeopera. Nokre av karakterane har ein tendens til å ausa ut livsvisdom, og då vert det lett luftige klisjear og mykje svada. Filmen har òg ein tendens til å gjera poeng altfor tydelege, heilt mot slutten av filmen seier rollefiguren til Steve Martin at det i USA er ein stor avgrunn mellom folk som har og folk som ikkje har, og ut frå denne avgrunnen kjem det eit raseri som ikkje kan temjast. Han finn det altså for godt å repetera kva filmen har handla om, i tilfelle nokon ikkje har fått det med seg. Filmen tek opp viktige tema, men han hadde tent på dempa forklaringslysta litt.

Guffen er lunken.

20. mai 2011

Room Service (1938)

Hm. Ein ting er at det rakna heilt med Marx-gjennomgangen tidleg i februar, ein annan ting er at det rakna med kronologien. Og ein tredje ting er at dette er ein av dei aller skralaste Marx-filmane.

Vanlegvis hadde dei originalmanus til filmane sine. Denne gongen kjøpte Zeppo, som hadde ei kort karriere som agent for brørne sine, rettane til å filmatisera Room Service, eit stykke som hadde gjort det rimeleg bra på Broadway. Kor mange endringar som kom til i overgangen frå teater til film veit eg ikkje, men spesielt vellukka er det i alle fall ikkje.

Groucho spelar ein teaterprodusent, som har drege på seg ei altfor stor hotellgjeld. Hotellet vil kasta han ut, men han gjer det han kan for å få bu der ein dag til, sidan han har ein avtale med ein sponsor dagen etter. Det møtet går nesten etter planen, sponsoren gjev frå seg ein sjekk, men skriv aldri under sjølve avtalen, slik at dei ikkje får heva sjekken. Hotelleigaren finn ut kva som skjer rett før stykket har premiere, men forfattaren som har skrive stykket spelar daud, slik at alle vert ekstremt forvirra. Stykket vert ein suksess.

Tynn historie, altså, men det har aldri vore noko problem for Marx-brørne. Det som sviktar her er komedien rundt sjølve historia. Her er ingen verbal briljanse, her er ingen ordspel, her er ingen gode scener med Harpo, her er ingenting. Eg smilte vel eit par gonger, men det var òg alt. To tredelar av filmen går føre seg på eit stort hotellrom, der det er ein enorm trafikk, og der telefonen ringjer heile tida. Det er travelt, og det skjer noko heile tida, men ikkje noko å le av. Som vanleg resirkulerer dei nokre visuelle vitsar, og som vanleg var ikkje desse vitsane altfor gode i utgangspunktet. Det er så dårleg at ein nesten saknar dei musikalske innslaga, slik at ein kan spola litt i filmen. Det er smått utruleg at denne filmen vart laga året etter den heller vellukka A Day at the Races.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

15. mai 2011

Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Hm. Endå ein Dag og Tid-serie som er samla i bokform. Eg var ikkje altfor imponert over desse essaya då dei stod i avisa, men fleire har rosa dei, så eg tenkte det kunne vera bryet verdt.

Langeland vitjar ei rekkje stader i Noreg, og skriv om stadene og folka han møter. Nokre av dei er viktige, andre er tilfeldige personar han treffer på. Han reiser fyrst og fremst rundt for å forstå heilskapen, for å forstå det norske samfunnet. I kvart av essaya er han innom viktige tema, og i løpet av boka er han innom emne som politikk, religion, pengar, verdiar, sosialdemokratiet, forbruk, 17. mai, språk, aust/vest, sentrum/periferi, innvandring, og sikkert endå meir. Svært ofte jamfører han med korleis ting er eller korleis ting vert gjort i Oslo.

Han er til dømes med på landsmøtet til Arbeidarpartiet. Martin Kolberg står på talarstolen, og snakkar om at alle skal med. For Langeland er dette litt rart, han kjenner det som om han står utanfor den innbilte fellesskapen som vert presentert der. Slik er det andre stader, i Hallingdal vert han teken med på køyretur til eitt av dei nye hyttefelta, i ein annan artikkel vert han med på ein grillfest på Bygdøy, og det er heile tida tydeleg at dette er noko dei andre driv med. Langeland kjenner seg ikkje heilt heime i desse fellesskapa, og det er tydeleg at han slit med å sjå det som verkeleg sameinar det norske folket.

Han er kunnskapsrik, og har eit godt og variert språk. Han vert av og til litt for flink, fleire gonger fortel han om samtalar med mannen i gata, der han fyrst kjem med ei eiga utsegn, før han fortel at personen han snakkar med ikkje skjønar kva han seier. Han snakkar òg med og om meir kjende personar, og nokre av dei han snakkar om har vorte langt meir kjende i ettertid. Han som køyrer Langeland rundt til hyttefelt i Hallingdal er "journalisten og hallingpatrioten Stein Bjella". Og i Stavanger snakkar han med Trond Birkedal, som på spørsmål om kva han ser som dei viktigaste sakene svarar "oppvekst og omsorg". Au.

Her er mykje bra, men likevel: Det vert noko som manglar. Det vert noko halvferdig over det heile, eg kunne tenkt meg noko som engasjerte meg meir. Kanskje det vert for alvorleg, tekstane er heilt frie for humor, slik at Langeland ikkje framstår som ein ein kunne tenkt seg å faktisk vore på reise med. Og kanskje det rett og slett burde vore nokre oppsummerande ord til slutt.

Guffen er lunken.

Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)

14. mai 2011

William Faulkner: The Sound and the Fury (1929)

Gode bøker kan lesast fleire gonger. Dette er ei god bok, og ho kan godt lesast fleire gonger. For å få fullt utbyte av kor godt oppbygd ho er, bør ein truleg lesa ho to gonger rett etter kvarandre.

Det har ikkje eg gjort. Det er omtrent tjue år sidan eg las boka fyrste gong, og eg henta ho altså fram att no. Boka er litt tung å koma inn i, men når ein fyrst kjem i gang, har ein gilde lesestunder i vente. Boka har fire delar, og dei tre fyrste vert fortalde av ulike eg-personar, dei tre brørne i Compson-familien. Dei er ulike, for å seia det mildt.

Den fyrste delen vert fortalt av Ben. Han er mentalt tilbakeståande, og det pregar forteljinga hans. Han hoppar i tid og stad, han fortel ikkje alt om det han ser, me anar berre konturane av det han snakkar om.

Neste bror ut er Quentin. Denne delen skil seg frå dei andre på to måtar, handlinga er lagt til området ved Harvard i 1910. Dei andre delane går føre seg i Sørstatane, der familien har eit stort gods. Quentin fortel mykje om familien sin, som nok er ein av grunnane til at dette er siste dagen i livet hans. Han tek livet sitt, etter at kapitlet er over, og noko av det som slår ein når ein les denne andre delen er korleis han er totalt fiksert på tid og klokker. Han veit at han ikkje har så mange timane igjen.

Den tredje broren, Jason, bur heime. Han har ansvar for familien, og det taklar han ikkje så godt. Han er bitter, han er falsk, han stiller langt større krav til andre enn han gjer til seg sjølv. Han slit med tenarane, han slit med mora, han slit med jobben, han slit med samfunnet, han slit med at aksjeverdiane hans er på veg med, han slit eigentleg med alt. Mest av alt slit han truleg med Quentin, som han er onkel til.

Den fjerde ungen i Compson-familien, Caddy, er den dei tre brørne snakkar mest om, og tenkjer mest på. Ho gifta seg medan ho var gravid, men sidan ektemannen hennar ikkje var far til ungen, vart ekteskapet oppløyst, og Caddy får heller ikkje koma tilbake til godset der ho vaks opp. Dotter hennar, som altså er oppkalla etter onkelen sin, veks derimot opp der, og ho lever eit like utsvevande liv som mora gjorde. Det uroar Jason, som har ansvar for ho. Ben saknar Caddy, nemner nokon namnet hennar set han i gang med å hyla, men samstundes likar han at folk brukar det namnet - det kjekkaste han veit er å stå utanfor golfbana og høyra spelarane ropa på caddien sin.

Det har gått heilt gale med familien, utan at det kjem heilt klart fram kvar det skjedde. Dei bur i eit stort gods, og må ha vore velståande ein gong, men det er dei ikkje no. Dette fallet kan sjølvsagt òg vera ein grunn til at alle har det tungt. Eller det kan vera omvendt, at fallet kom av di alle har det tungt. Det er i alle fall lett å vera samd med Quentin, som seier at "there's a curse on us".

Heile historia er glimrande fortalt, der meir og meir vert avdekt etter kvart. Det er ikkje lett å følgja med på alt. Når forteljaren i dei to fyrste delane hoppar i tid, vert avsnittet som regel kursivert, men ikkje alltid, slik at det er lett å detta av. I del to er Quentin opprørt og forstyrra, og nokre av sidene her, der det ikkje er teiknsetjing i det heile, er òg lette å gå seg vill i. Så det er ein roman som krev litt av lesaren, men eg fekk i alle fall mykje igjen for innsatsen. Så får me sjå kor lenge det vert til eg les ho igjen.

Guffen tilrår.

5. mai 2011

Cool Hand Luke (1967)

Eg vart positivt overraska over denne filmen. Eg har høyrt om han, og veit at det er ein film mange likar, men likevel: Ein fengselsfilm er likevel ikkje det eg ventar meg mest av.

Grovt sett er ikkje forteljinga altfor original. Luke Jackson, spelt av Paul Newman, vert sendt til ein fangeleir. Der er det klare reglar, både mellom fangar og vaktarar, og mellom fangane. Han kjem fort i opposisjon til alle, men vert gradvis godteken av dei andre fangane, og kjem etter kvart på godfot med Dragline, den uoffisielle fangesjefen. Luke rømmer, men vert fanga. Han rømmer igjen, men vert fanga igjen. Han rømmer ei tredje gong, denne gongen saman med Dragline, men dei vert fanga også denne gongen. Sluttscena minner litt om Butch Cassidy og Sundance Kid (som kom seinare). I den filmen spring Newman og Redford ut av eit hus som er omringa av politi, og vert skotne. Her er Luke og Dragline omringa i ei kyrkje. Luke opnar vindauga, og ropar ut ein setning han fekk høyra då han fyrste gong vart sendt tilbake til fangane: What we have here is a failure of communicate. Han vert skoten - han overlever, men døyr høgst truleg i politibilen etterpå.

Ikkje altfor originalt, altså, men her er mykje å gle seg over. Paul Newman er solid, og her er også mange andre glimrande skodespelarar, i mindre roller, mellom anna Dennis Hopper og Harry Dean Stanton. George Kennedy er finfin som Dragline. Bileta i filmen er òg fine, og det same kan seiast om dialogane. Filmen handlar mykje om fellesskapet blant fangane, og får fint fram korleis Luke, som helst vil greia seg sjølv, som helst vil vera for seg sjølv, gradvis får innpass i dette miljøet. Alt i alt var det altså uventa bra.

Guffen tilrår.

4. mai 2011

The King of Comedy (1982)

Eg er igjen på farten med Runar. I går snakka me mykje om standup-komikarar, og seinare på kvelden fekk han òg med seg ein komikar som var ekstremt dårleg. Det passa såleis godt å sjå denne filmen i kveld.

Robert De Niro spelar Rupert Pupkin, ein lettare forstyrra mann som meiner at han har ei framtid som komikar. Den viktigaste grunnen er at han vil verta kjent, han vil koma på fjernsyn. Han ser ingen grunn til å gå den vanlege komikar-ruta, der han fyrst skapar seg eit namn ved å opptre på klubbar - han vil i staden debutera på fjernsynet. Det går sjølvsagt ikkje, same kor mykje han plagar talkshow-verten Jerry Langford. Den einaste utvegen er å kidnappa Langford, og å ikkje sleppa han fri før Pupkin har vore på fjernsyn. Slik går det òg,og sjølv om vitsane til Pupkin knapt nok er middelmådige, ler publikum, og når det dagen etter vert kjent at han kidnappa Langford for å koma på fjernsyn, er han kjendis. Filmen sluttar med at han etter nokre år kjem ut frå fengsel, lanserer sjølvbiografien sin, og får sitt eige fjernsynsshow.

Her ligg mykje samfunnskritikk i filmen. Han viser kor langt folk vil gå for å koma på fjernsyn, og kor mykje folk vil gjera for å verta kjende. Han viser òg at stjernelivet kan vera krevjande, og han viser at det er ikkje alle som passar som komikarar. Det meste av dette er minst like aktuelt i dag, og det siste punktet er kanskje det flest folk burde merka seg.

Robert De Niro er som vanleg strålande, og han gjev eit flott portrett av ein rimeleg talentlaus og forstyrra person. Ingen likar han, ikkje eingong mora, som han bur saman med, men det uroar han ikkje i det heile. Han vil verta kjent - i fyrste halvdel av filmen er der fleire sekvensar der han drøymer om stjernelivet, der han drøymer om korleis alle vil dyrka han, berre han fyrst vert kjent. Han bruker meir tid på denne drøyminga enn på å arbeida for å verta kjent. Han avsluttar fjernsynsmonologen sin med "it's better to be a king for a night than a schmuck for a lifetime".

Guffen tilrår.

3. mai 2011

East of Eden (1955)

For nokre år sidan låg eg i telt i Leirdalen i Jotunheimen. Av ein eller annan grunn kom eg til å tenkja på James Dean, og korleis han berre hadde spelt i tre filmar. Eg kom på to av dei, Rebel without a Cause og Giant, men greidde ikkje å koma på kva den siste heitte. Det er noko av det mest irriterande eg har vore med på i livet, eg hadde både sett filmen, og lese den fine romanen av John Steinbeck filmen er basert på. Eg visste kvar boka stod i bokhylla heime, men det var aldeles uråd å koma på namnet.

East of Eden er ein fin film. Filmen er laust basert på den bibelske forteljinga om Kain og Abel. Dei to brørne Cal og Aron har ulik status hjå faren - Aron er ein helt, medan faren er meir skeptisk til Cal, som vert spelt av James Dean. Faren har hevda at mor deira er død, men Cal finn ut at ho driv eit horehus i nabobyen. Cal har fundert seg fram til at han og mora er bad, medan Aron og faren er good. Ved inngangen til filmen er Cal på god fot med Aron, medan han har eit meir anstrengt forhold til faren og til Abra, kjærasten til Aron, og han kjenner ikkje mora. Undervegs i filmen endrar alt seg - han vert kjent med mora, han vert betre kjent med Abra, etter litt opp og ned vert han akseptert av faren, medan forholdet til broren vert verre og verre. Handlinga er lagt til 1917, og etter at Cal har teke Aron med seg til mora, drikk Aron seg full, og tek toget til ein annan naboby for å verva seg til krigen.

Her er flust med referansar til Bibelen. Til og med eg ser tidleg slektskapen til Kain og Abel, og det verkar difor unødvendig at faren heiter Adam, og når sheriffen, etter at Aron har reist frå byen, og etter at faren har hatt eit slag, les nokre bibelvers for Cal. Desse bibelversa forklarar tittelen på filmen, dei handlar om Kain og Abel, og sluttar med at Kain, etter å ha drepe bror sin, dreg til ein by som ligg aust for Eden. Alt treng ikkje forteljast eller forklarast.

Sjølv om Cal ser seg sjølv som bad, er det ikkje slik me opplever han i filmen. Han er kanskje litt enkel, han ser kanskje ikkje at det er problematisk å vera krigsprofitør, men han gjer ikkje noko gale med vilje. Broren, som Cal altså ser på som good, er derimot full av dårlege eigenskapar. Han er sur, han er misunneleg, han er sjalu og fantasilaus, og vil ikkje dela faren eller Abra med broren.

Det er altså ein fin film. Dean er med heile tida, og sjølv om han ikkje er nokon stor skodespelar, er han likevel stor nok til at han ber hovudrolla greitt. Rollefiguren hans er ikkje ulik den i Rebel ..., der spelar han òg ein ung mann som slit litt med å passa inn.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Travels With Charley (1962)
Of  Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

2. mai 2011

Orions belte (1986)

Nja, kanskje det er lurt å opna med det positive? Naturen på Svalbard er fin.

Eg hugsar godt at filmen fekk mykje ros då han kom, og eg har òg eit inntrykk av at eg likte filmen då. No er manglane mykje tydelegare, og dei vert så mange at det vert plagsamt. Her er eit rimeleg avgrensa repertoar over heile fjøla. Replikkane er altfor teatralske. Skodespelet er lite truverdig. Geir Bøhren og Bent Åserud pøser på med polar musikk. Nokre av replikkane er ufriviljug komiske, som "dette er et sjakkspill, og du er ikke engang en brikke på brettet". Helge Jordal står for ein av dei undervurderte prestasjonane i norsk polarhistorie, då han, med ein stygg skade i ryggen, går gjennom audemarka på Svalbard. Han er dårleg kledd, han går utan vottar og med dongeribukse, han har ikkje mat, han har ikkje drikke, og han vert teken av ei breelv slik at alle kleda vert klissvåte. Ni liv, here I come.

Dei tre luringane Jordal, Sverre Anker Ousdal og Hans Ola Sørlie tener pengar på litt ymse vis. På veg frå Svalbard til Tromsø skal dei slumpa til å missa ein bulldozer i sjøen, men reiser like godt til Grønland for å selja han der. På vegen attende kjem dei over ein sovjetisk peilestasjon, og i forbifarten tek dei like godt livet av ein sovjetisk soldat. Dei prøver å koma seg unna, men greier ikkje å gøyma seg for eit sovjetisk helikopter, som skyt båten deira i senk. Jordal er i land akkurat då, og legg altså ut på ein langtur i naturen. Han vert frakta til Oslo, der han rømmer frå politiet, men dei finn han att, og tek livet av han.

Historia er ikkje heilt tapt bak ei vogn, og det kan godt henda at det kan vera noko å vinna på å laga ein ny versjon av filmen, slik det gjekk rykte om for litt sidan. Filmen har i alle fall stort forbetringspotensiale.

Guffen kan ikkje tilrå dette.