28. april 2011

The Hudsucker Proxy (1994)

Me er i USA, mot slutten av dei glade og optimistiske 50-åra. Direktøren for Hudsucker Industries har teke livet sitt, og i sjølvmordsbrevet, som er stila til nestleiaren i verksemda, oppmodar han om at den nye sjefen må få prøva og feila. Sjølv om ein ikkje får suksess umiddelbart, kan ein få det på lengre sikt.

Parallellane til Coen-karriera er openberre, sjølv om dei truleg ikkje er tilsikta. Dette er den femte filmen deira, og det er ein av dei to-tre veikaste. Dei prøver, dei viser at dei har mange idear, og nokre av ideane er òg gode, dei viser at dei er i stand til å leika med filmmediet, og at dei kan overraska sjåarane, men det vert ikkje godt nok. Dei prøver, og dei feilar.

Direktøren har altså teke livet av seg, omtrent i månadsskiftet november-desember. Han hadde aksjemajoriteten i selskapet, og sidan han ikkje hadde arvingar, og sidan styret trur at han ikkje har skrive testamente, kan aksjane hans frå årsskiftet kjøpast av kven som helst. Styret kan altså risikera at selskapet kjem på heilt andre hender, og dei kokar saman ein veldig snedig plan: Viss dei tilset ein ny direktør som er så hjelpelaus at det går nedover med aksjekursen, vil truleg ingen andre enn dei ha interesse av å kjøpa aksjene, og dei kan òg kjøpa dei for ein rimeleg penge. Norville Barnes, spelt av Tim Robbins, vert ny direktør, og han oppfyller alle krava styret stiller - han er dum, hjelpelaus, og alt ser ut til å gå etter planen. Heilt til han får frie hender til å laga og marknadsføra ein ide han har, rockeringar, og det vert ein braksuksess.

Historia er ikkje god nok, ho vert i alle fall ikkje godt nok fortalt. Filmen er eit sjeldant døme på at det går an å kjeda seg under ein Coen-film. Her er altfor mykje overspeling, og Tim Robbins er absolutt ikkje imponerande i hovudrolla.

Her er òg gode ting - kulissane er flotte, og filmen har òg ei av dei heilt store Coen-scenene. Ein butikkeigar som ikkje får selt rockeringar kastar dei, og den eine trillar og trillar og trillar heilt til han stoppar på fortauet, like ved ein gjut i sju-åtteårsalderen. Han ser på ringen, og skjønar med ein gong korleis han skal bruka han. Scenene der han viser kva han kan, både med og utan andre ungar som tilskodarar, er god stil. Men den eine scena kan ikkje redda heile filmen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

When You're Strange (2009)

Våren 1988 var eg på konsert med Echo and the Bunnymen i Los Angeles. Det var ein sånn middels konsert, også for dei som var lengre inne i Bunnymusikk enn eg var, og slik eg hugsar det var det berre èin gong jubelen verkeleg stod i taket: Då Ray Manzarek tusla inn på scena for å spela keyboard på eit par songar. Eg jubla sikkert ein skvett, eg òg, men mest for å vera snill. Eg hadde ikkje noko nært forhold til musikken til The Doors då, og har det framleis ikkje. Dei har fleire gode songar, men har endå fleire songar som er midt på treet. Eg har ingen plater med dei.

Den same våren, altså 1988, las eg No One Here Gets Out Alive, ein biografi om Jim Morrison. Denne filmen handlar òg mest om Morrison. Han vert presentert som ein film om The Doors, men det er Morrison som er sentral heile vegen. Me får høyra om bakgrunnen hans, om familien hans, om drikkinga hans, om dopet hans, om damene hans, om diktinga hans, og om problema hans. Dei andre i bandet vert berre bakgrunnsfigurar, det skulle ikkje undra meg om folk ser denne filmen utan å få med seg namna på dei andre i bandet.

Det er ein dokumentarfilm. Gjennom det meste av filmen har dei sett saman lyd og bilete frå ulike kjelder - ser me ein konsertfilm, kan me godt høyra ein heilt annan song enn den dei spelar, gjerne med studiolyd. Det fungerer overraskande greitt. Historia til bandet vert greitt fortalt, det er passeleg med musikk. I den mest kontroversielle Morrison-episoden, då han vart dømt for å ha blotta seg på ein konsert, tek ikkje filmskaparane side. Det vert berre nemnt at der ikkje fanst bevis, men det vert ikkje, slik tilfellet var i Morrison-biografien, slege fast at det berre var visvas.

Filmen fyrer derimot litt, men berre litt, opp under eventyret om at Morrison arrangerte sin eigen død, for å verta i stand til å leva eit meir anonymt liv. Gjennom heile filmen er der scener frå ein biltur Morrison hadde, han køyrer rundt i California, og under ein av desse bilscenene høyrer han på radioen at han skal vera funnen død. Desse scenene har rett nok eit visst draumepreg over seg, og bortsett frå scena der han høyrer bilradio vert det ikkje spekulert i om han faktisk kan vera i live. Det er heilt utenkjeleg, ein ting er at han brann ljoset sitt i alle endane han fann, ein annan ting er at han var så lett attkjenneleg at han ikkje kunne ha gøymt seg lenge.

Guffen tilrår.

Meir The Doors på kulturguffebloggen
The Doors (1991)
Ray Manzarek: Light My Fire (1998)

John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

Thomas Pynchon: Slow Learner (1984)

Thomas Pynchon er stor. Dei fleste romanane hans er verdt å lesa - dei er krevjande, og det er slettes ikkje alltid at eg greier å hengja med på det han skriv, men likevel: Det er ikkje mange bøker eg har kost meg like mykje med.

Han har det ikkje travelt. Det kan godt gå nokre år mellom kvar bok, og etter meisterverket Gravity's Rainbow, som kom i 1972, tok det mange år før det kom noko nytt. Kanskje var det ein av grunnane til at denne boka kom då ho kom. Her er fem tidlege Pynchon-historier, fire av dei vart publiserte før Pynchon debuterte i bokform i 1963. Pynchon har ikkje endra noko i desse historiene, men har skrive eit godt og informativt føreord. Pynchon snakkar aldri med journalistar, og vert forbanna dersom nokon prøver å fotografera eller filma han, slik at dette føreordet er ein av dei få stadene han seier noko om eigne tekstar.

Han er rimeleg kritisk til dei fleste. Etter at han plukka "Low-lands" frå kvarandre, skriv han: "Disagreeable as I find 'Low-lands' now, it's nothing compared to my bleakness of heart when I look at 'Entropy'." Han peikar på ei rekkje feil unge og upubliserte skrivarar gjer, spesielt irriterer han seg over at han bruker mange ord han ikkje visste tydinga av. Han mislikar òg dialogane, historiene er dårleg oppbygde, karakterane oppfører seg heilt feil, osb.

Eg synest han er altfor kritisk. Historiene kan ikkje lesast som noko anna enn det dei er - tidlege tekstar av ein lovande forfattar. Visst er her manglar, men her er òg nok av ting å gle seg over. Mange av kjennemerka hans er alt til stades - historier som ikkje umiddelbart er heilt oversiktlege, organisasjonar med fiffige akronym, songtekstar som dukkar opp midt i teksten, og lett surrealistiske element. Her er derimot mindre humor enn det ein kunne venta, kanskje han konsar for mykje på språket. Nokre av personane har gode namn, og nokre av desse dukkar opp i seinare bøker - det gjeld i alle fall Pig Bodine, kanskje òg Slothrop? Ikkje heilt sikker.

Den historien som fungerer best, og det vil kanskje sei den historien som har færrast manglar, er den siste, "The Secret Integration". Denne vart fyrste gong trykt i 1964, og er den av dei fem historiene med mest å le av. Det er samtidig den minst pynchonske, det minner meir om Inherent Vice enn Gravity's Rainbow.

Dei som ikkje har lese Pynchon før bør heller prøva ein av romanane hans, men for Pynchon-kjennarar er denne verdt å lesa. Sjølv om det går litt opp og ned.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
The Crying of Lot 49 (1965)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)

Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på guds jord (2009)

Ein stad i denne boka seier Jon Fosse noko slikt som at ein forfattar skal vurderast etter det beste han har gjort. Viss det er rett, er det fort gjort å slå fast at Jon Fosse er ein strålande forfattar. Morgon og kveld er ei av dei finaste leseopplevingane eg har hatt - sjølv om eg på førehand visste kva boka handla om og kva som venta meg, var der avsnitt og setningar i den boka som gav meg ein massiv klump i halsen. Eg har ikkje lese alt han har skrive, men eg har likt andre av romanane hans, og har òg likt dei tre-fire stykka eg har sett framførte.

Eg har òg høyrt han snakka om forfattarskapen sin ved to høve. Då verka han så nervøs, så lite komfortabel med å snakka om seg sjølv, at eg aldri kunne tenkt meg at han ville gått med på eit slikt prosjekt som denne boka er. Cecilie Seiness har snakka med han ei rekkje gonger, har reist saman med han til utlandet, og har fått han til å snakka om det meste. Han har grenser for kva han vil snakka om, og ho har òg grenser for kva ho vil ha med i boka, men han opna seg likevel godt. Det heng sikkert saman med at han treng litt tid på å tina opp, på å stola nok på nye personar til å snakka med dei.

Fosse framstår som kunnskapsrik. Som kunstnar. Som lettare eksentrisk. Som målmann. Som vestlending. Som familiemann. Han er svært trygg på at han skriv gode bøker, og har òg gode tankar om kva som gjer bøker gode. Seiness nyttar òg eldre intervju med han, eller artiklar han skreiv for mange år sidan, og sjølv om det oftast er slik at Fosse strekar under at han ville ikkje sagt det på same måten no, er desse tidlegare tekstane med på å forsterka biletet av ein forfattar som lever i litteraturen, ein som har tenkt mykje på kva bøker og tekstar gjer med oss.

Den lengste delen av boka handlar om korleis Fosse litt tilfeldig vart ein dramatikar, og korleis han, også litt tilfeldig vart eit internasjonalt fenomen. Nokre land, som Tyskland og Frankrike, tok godt mot stykka hans, andre, som Storbritannia, var meir lunkne. Seiness har snakka med mange av dei gode hjelparane hans, og to av dei viktigaste regissørane vert intervjua i eigne kapittel i boka. Fosse ser mange av stykka sine i utlandet, men synest at reising er noko herk, og har ein del rutinar for å takla det oppstyret slike reiser fører med seg. Han vil ha rom i ein av dei nedste etasjane på hotella, han vil helst reisa midt på dagen, skal han lesa opp vil han ikkje lesa lenger enn femten minutt, og skal han lesa opp på han ha drukke litt fyrst, og helst ha ein pris snus i munnen.

Det er lett å le litt av dette, og det er lett å parodiera stykka og skrivestilen hans. Men etter ei bok som dette er det lettare å få endå meir respekt for han, både som forfattar og privatperson.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

26. april 2011

All About Eve (1950)

Platekompaniet køyrde ein kampanje med tilbod på tidlegare Oscar-vinnarar, og eg beit på denne. Filmen hadde lenge rekorden på flest Oscar-nominasjonar, så her burde vel vera eit eller anna av verdi, tenkte eg. Etter å ha sett filmen er eg meir i tvil.

Filmen handlar om Eve, ei ung jente med skodespelarambisjonar. Ho kjem etter kvart på godfot med Margo, ei av dei leiande skodespelarane i teatermiljøet i New York. Eve er ikkje utan skodespelartalent, men er minst like flink til å planleggja korleis ho skal verta ei stjerne. Det greier ho, og filmen sluttar med at ei ung jente lurer seg inn i hotellsuiten hennar, truleg for å få kontaktar som kan føra henne inn i skodespelarverda.

Margo er rundt tjue år eldre enn Eve. Ho likar dårleg at det vert skrivne roller for yngre skodespelarar, ho ser at det å vera den største stjerna er ein vandrepokal, og at ho snart er så gamal at yngre kvinner skal få større status. Dette er sentralt i filmen, og at den yngre jenta lurer seg inn til Eve er berre ein måte å gjera det heile endå tydelegare på. Stort djupare vert det ikkje, og filmen engasjerer heller ikkje noko større. Det er langdrygt, og det heile vert heller kjedelege greier.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

25. april 2011

Terje Torkildsen: Marki Marco (2008)

Av og til les ein tretti-førti sider av ei bok, tenkjer at dette går ikkje, og ein legg boka vekk. Marki Marco er eit godt døme på at det er ein dårleg framgangsmåte. Boka opnar heilt på det jamne og vel så det, men tek seg stort opp. Historia tek mange nok uventa vriar til det.

Marco nyttar sommarferien til å snika seg inn i ein slottshage for å fotografera fuglar. Han vert kjend med dotter til markien som bur der, dei vert kjærastar, og alt ser bra ut heilt til dei ein kveld høyrer ein eksplosjon. Det viser seg at det var huset til mora som eksploderte, og derfrå skjer det altså mykje. Stikkorda er Srebrenica, ei ornitologisk nettside med ei populær adresse, ein gal skogvaktar, underbuksene til presten, sniking på toget, domstolen i Haag, eit militært fengsel, osb.

Eg er ikkje den som les flest ungdomsbøker, og tidvis irriterer eg meg over at alt vert forklart, og at Torkildsen ikkje stiller litt større krav til lesarane. Andre gonger ser eg at han finn gode løysingar, og det er ikkje utenkjeleg at irritasjonen kjem mest av at eg ikkje er midt i målgruppa. Boka passar nok godt for meir ungdommelege lesarar - historia er i alle fall god nok til det.

Guffen tilrår.

24. april 2011

Erlend Kaasa: Thunder Road (2009)

Mattis går i åttande klasse. Han anar at han er på veg inn i vaksenlivet, men veit lite om kva som ventar han der. Fleire av skulekameratane hans skryter på seg at dei har prøvd litt av kvart, og litt sant er det i det, men Mattis er fersk på dei fleste områda. Han veit lite om damer, han veit lite om røyking og drikking, han veit lite om musikk, og han er framleis for ung til at foreldra fortel sanninga om dei myrkaste kapitla frå familiehistoria.

Utover i boka får han meir innsikt på dei fleste av desse områda. Han vert god ven med Åsne, ei ny og attraktiv jente i klassen, men er for naiv til å sjå at ho har mange andre gode vener, og at ho saman med dei gjer heilt andre og vaksnare ting. Han prøver så vidt å drikka og røykja, men går alltid heim frå festar før festane tek til. Han er trufast mot AC/DC, opplever det som eit svik at broren høyrer på Springsteen, og sjølv om han ser at Nirvana står for noko nytt, knyter han den plata for mykje saman med Åsne, og vil ikkje høyra på ho.

Boka er ikkje utan gode sider, men historia vert for lite original, og ho vert òg for omstendeleg fortalt. Det burde vore stramma inn, og her burde vore noko som verkeleg overraska. No vert det berre ei sånn heilt grei bok, som ikkje stikk seg altfor mykje ut. Og det burde ho gjera - når Kaasa, som er frå Vinje, kallar hovudpersonen sin Mattis, og let boka slutta med at Mattis går ut i eit vatn, samstundes som ein svart fugl sirklar over hovudet hans, verkar det som om han prøver å visa slektskap til ein som er altfor stor for han. I alle fall førebels.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. april 2011

Ragnar Hovland: Kunsten å komme heim (2011)

Eg har ikkje lese alt Ragnar Hovland har skrive, men det trur eg ikkje det er mange som har gjort. Han har skrive meir enn 40 bøker, har omsett minst like mange, og har i tillegg skrive for aviser og tidsskrift. Tekstane i denne boka er henta frå fleire stader. Han skriv i føreordet at han har omarbeidd tekstane etter at dei vart trykte for fyrste gong, og at han har prøvd å kutta banda til fyrste gong dei vart trykte. Viss det er grunnen til at det ikkje står noko om kvar tekstane har stått tidlegare, er det eit argument eg ikkje skjønar mykje av. Det er alltid greitt å vita slikt.

Her er 38 essay i denne boka. Dei fleste av desse handlar om bøker og forfattarar Hovland set høgt, resten handlar dels om andre ting. Her er litt barndomsminne, her er litt vaksenminne, men også i desse tekstane handlar det mykje om bøker og litteratur. Boka gjev såleis eit bilete av Hovland både som lesande og skrivande menneske.

Mange av forfattarane han skriv om er godt kjende for meg, som Pynchon, Twain eller Hovland, andre er heilt nye, som Queneau, Bichsel eller Vian. Han skriv varmt om dei fleste, sjølvsagt, det er jo favorittane hans, men at han skriv varmt om dei er likevel ikkje det same som at eg får lyst til å lesa noko av alle saman. Han har gjerne med nokre tekstutdrag frå favorittbøkene sine, og nokre gonger ser eg ikkje det heilt store i det han skriv om. Andre gonger går det andre vegen, og eg noterte meg eit par namn på forfattarar det kan vera bryet verdt å prøva seg på. Han er fleire gonger inne på at nokre bøker og forfattarar passar best til ulike tider i livet, bøker ein ikkje likte som ung lesar kan vera noko heilt anna når ein vert eldre, og omvendt.

Hovland er sjølvsagt meir sakleg i desse essaya enn i romanane sine. Det viser òg att i språket, der han ikkje sprudlar like mykje som elles. Av og til vert han svært enkel, som når han karakteriserer Tom Sawyer som "ein utruleg god roman". Men alt to setningar seinare kjem noko heilt anna - der vert romanen omtalt som "ein Johannes Døyparen-roman", eit uttrykk ikkje spesielt mange andre kunne ha kome opp med.

Eit tema som går att i fleire av romanane til Hovland er reising. Dei han skriv om er svært ofte på farten ein eller annan stad, og dei kan godt vera heller heimlause. I boka er her essay om begge desse emna. I reiseessayet skriv han mellom anna om korleis han ofte var plaga av spysjuke i barndommen. I gamle dagar hadde visst bussane si eiga lukt, og denne fekk alltid Hovland til å spy. "Før eller seinare skulle spyposen fram, og den tradisjonsrike lukta av oppkast skulle fylle bussen og kanskje inspirere andre til å prøve det same". Hadde ein ikkje spyposar, måtte ein spy andre stader: "Og i ein brøkdel av eit sekund må eg ha tenkt: No spyr eg. Kven skal eg spy på? Mor eller buss-sjåføren? Valet var truleg ganske lett. Ein kan finne på mangt gale i livet, men ein spyr iallfall ikkje på mor si".

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

21. april 2011

Jørgen Norheim: Ingen er så trygg i fare (2002)

For denne boka vart Jørgen Norheim nominert til Nordisk råds litteraturpris. Før nominasjonen var han heller ukjend, og dei aller fleste avisene fekk det travelt med å melda denne boka. Eg hadde heller ikkje lese noko av han, men las denne boka hausten ho kom ho ut. Eg likte ho godt, og henta ho like godt fram att no. Boka held seg framleis godt.

Norheim flettar suverent saman fleire historier. Hovudpersonen er Kapo, som på eige initiativ har teke over foreldreansvaret til åtte år gamle Kain. Kapo har aldri møtt far sin, og med god hjelp, god fantasi og stor innsikt finn han til slutt far sin på eit stevne for gamle krigsheltar i Novgorod. Parallelt med det dette møter me mellom anna Dagleg Leiar, ein fallert pengeryttar, og den lovande politikaren Karl E. Hagen, og desse står for heilt andre verdiar enn Kapo og omgangskrinsen hans. Hagen får makta i Noreg, og det ser ikkje direkte lovande ut for landet.

Det viktigaste i boka er likevel skildringane av far og son. Norheim skriv fint om å vera far, om å ha far, og om å mangla far. Aller best er han i opningskapitlet, ei fabelaktig skildring av korleis Kapo tek Kain med seg til ei koie i Femundsmarka. Det er tilfeldigvis jolekvelden, og det er tilfeldigvis myrkt, slik at dei må navigera etter stjernene. Dei to bur stort sett i denne koia, og skildringane av korleis dei har det der står i kontrast til skildringane av bylivet.

Jørgen Norheim framstår som svært kunnskapsrik. Han briljerer med kunnskap om norsk og tysk historie, til liks med i debutboka dukkar det av og til opp verseliner frå nynorske klassikarar, og han har eit uvanleg godt og rikt språk. Det er ei sann glede å lesa slike bøker.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Mars (1998)
Adjutanten (2008)
Aldri redd for mørkets makt (2016)

18. april 2011

Frode Grytten: Flytande bjørn (2005)

Nja, kan me kalla dette ein film noir-roman? Handlinga er (sjølvsagt) lagt til Odda, og hovudpersonen, Robert, er journalist i BT. Ein ung gut køyrer i elva, og bygdesnakket konkluderer fort med at han vart drepen, truleg av nokre innvandrarar han hadde krangla med tidlegare på kvelden. Det renn inn med journalistar frå heile landet, og alle kjempar om å få den beste saka. Robert kjenner Odda-samfunnet frå innsida, men BT sender likevel ein annan journalist inn for å dekkja saka.

Grunnen er at Robert slit med litt for mange ting. Han har eit av/på-forhold til svigerinna si, han drikk litt for mykje, og han har lett for å nedprioritera arbeidet. Han heng ikkje med i utviklinga dei fyrste dagane av saka, det er heile tida andre som fører saka vidare. BT tek han av saka, og litt tilfeldig snublar han over det som truleg er forklaringa. Han får ein videokassett i posten, og han vert kjend med ein innvandrargut, og med utgangspunkt i det dei fortel, saman med opplysningar frå nokre andre, skriv han ei sak som verkar heilt truverdig. Men, truleg av di han ikkje har noko truverde sjølv, han sender ikkje saka inn til BT. Han berre slettar ho.

Me får altså inga oppklaring på drapet. Det er heller ikkje naudsynt. Boka kan sikkert lesast som ein kriminalroman, men det er uråd å lesa boka utan å festa seg ved kritikken til korleis media arbeider, og kritikken av korleis storsamfunnet ikkje har gjort noko for å halda aktiviteten i Odda oppe etter at smelteverket vart nedlagt. Ein av personanen i boka seier noko sånt som at det er fint i Odda, men det er ikkje akkurat nokon plass han kan tenkja seg å bu, og det er òg kjensla ein sit att med etter å ha lese romanen.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Bikubegang (2005)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

16. april 2011

Ikke til hjemlån (2008)

Ikke til hjemlån var ei fanzine i Bergen, og kom med tretten nummer i 2006-07. Det fekk eg ikkje med meg då, eg var relativt ferdig både med Bergen og fanziner. Men eg har høyrt mykje bra om denne boka, som vel kan omtalast som greatest hits frå fanzina.

Det er ikkje dei lange skriftstykka som dominerer her. Her er nokre heilsides teikneseriar, men elles er det stort sett éin illustrasjon på kvar side. Desse illustrasjonane er anten teikningar eller foto, med handskriven eller utklipt tekst. Det handlar mykje om å gje bileta ny tekst. Det er ikkje noko nytt grep, sjølv om løysinga med å også klippa ut tekst frå aviser eller blad er hakket meir original. Endå meir gledeleg er det at alt fungerer veldig godt. Her er svært mykje å le av på dei 60-70 sidene.

Humoren til dei fire som laga fanzina, Agnes Ravatn, Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset, tek ofte uventa vendingar. Dei nyttar gjerne kjende personar, eventuelt personar som heiter det same som kjende personar. Frå fotballverda dukkar såleis både Åge Hareide og han som alle av ein eller annan grunn kallar Gamsten opp, frå den intellektuelle verda møter me mellom anna Barthes og Adorno, me møter Ronald Bye, og me møter Guri Vesaas. Det sprikar altså i alle retningar, og det er midt i blinken. Den einaste gjennomgåande figuren er hesten til Peer Gynt, som det vert snakka om ved fleire høve, men før me møter han vert han diverre slakta.

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Purkene snudde seg (2009)
Håpet og festen (2015)
Eit praktisk menneske (2020)

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

14. april 2011

Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)

Dag og Tid er ei solid avis. Ei av styrkane deira er, slik eg har nemnt før, at dei får nokre av dei beste skribentane i landet til å skriva seriar i bladet. Frilansaren Morten Strøksnes har til dømes hatt eit par svært vellukka slike så langt, mellom anna frå ei reise til USA. Også mykje av det andre stoffet i bladet er glimrande. (Så får me heller tola det paradoksale at ein serie der dei vurderer arkitekturen i tettstader og byer har ein ekstremt rotete layout.)

Agnes Ravatn er fast tilsett i avisa, og har hatt fleire gode seriar så langt. Artiklane frå den fyrste, der ho oppsøkte stader der ingenting skjer, vart samla i boka Stillstand, og i denne boka kjem lett oppdaterte versjonar av artiklane frå ein serie om norske velstand. Det var stas å lesa dei då dei stod i avisa, det er like stas no.

Ho tek for seg fjorten ulike grupper med vekeblad, og er stort sett misnøgd med det ho les. Her er mykje lystig klaging, i føreordet omtalar ho dei tilsette i vekeblada som "idiotar"; i ein artikkel om treningsblad skriv ho at gler seg "over at livet trass i alt er ganske kort, det er nesten så eg ikkje kan vente til det er ferdig". Artiklane er skrivne med eit stort språkleg overskot, og eg ler og humrar heile vegen. Det er ikkje berre det Ravatn skriv som får meg på låtten, også mykje av utdraga ho hentar frå vekeblada får meg til å le, om enn på ein litt annan måte. Ein vekebladskeptikar som meg får ikkje akkurat lyst til å endra lesevanane mine - eg les gjerne meir av Ravatn, men står gjerne over vekeblada.

Det er uråd å ikkje ta med nokre blinkskot. Om interiørtipsa i dei traustaste vekeblada skriv ho: "Hjemmet satsar òg på pledd som den endelege løysinga på interiørproblemet: Dersom du til dømes har ein stige ståande midt i stova, eller noko anna skrot, kan du enkelt og greitt hengje eit pledd over stigen. Vips er problemet borte." I babyblada saknar ho "andre typar stoff, til dømes 'Kva gjer du dersom det viser seg at ungen din er teit?'". Når det nye bladet Mönster omtalar seg sjølv som "nytt magasin for bevisste kvinner", meiner Ravatn at det fyller eit hol i bladhylla - blad for ubevisste kvinner er det meir enn nok av. Om interiørblada, som kanskje er den sjangeren Ravatn likar aller minst, skriv ho "Ting, ting, ting? Er det meininga at folk faktisk skal kjøpe dette? Meiner Bolig-Drøm at eg bør bruke 480 kroner på eit litermål?" Ho omtalar borddekorering som det "mest perverse grunntrekket ved vår sivilisasjon", det er omtrent like gale som scrapbooking.

Ho sparkar av og til nedover, og er klar over det sjølv. Ho finn ut at ho skal prøva nokre av oppskriftene ho finn i matblad, og har vore på handletur på ICA. "I kassa betraktar eg varene mine på samlebandet med ei hoverande mine: asparges, chévre, bjørnebær, mynte, spekeskinke, fiken ... For ein fantastisk person eg må vere, tenkjer eg, medan jenta bak meg kjøper ein pose pommes frites og ein lovbiff. 'Jaså, du er kanskje ikkje kulturpersonlegdom, du?' klukkler eg inni meg og startar på heimvegen. Kor forbløffande lite som skal til for kjenne seg vellykka!"

Kor forbløffande lite Ravatn som skal til for å gje oss ei vellukka leseoppleving.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

13. april 2011

Kjartan Fløgstad, Sverre Tusvik og Jorunn Veiteberg (red.): Skriftfest. Einar Økland 70 (2010)

Eg er klar over at det er litt uklare grenser her, men for meg er privatpersonen Økland meir interessant enn forfattaren. Han er ein samlar, og det kjem godt fram i fleire av bidraga i dette festskriftet. Han samlar på det meste, men det er ikkje det som gjer samlaren Økland interessant. Det er nok av dei som samlar på ting, men Økland gjer noko meir: Ikkje berre søkjer han opp all kunnskap som finst om det han samlar på, men han skriv òg om mykje av det. Og han auser ut av kunnskapen sin når nokon spør om hjelp.

Eg har kanskje lese for lite av Økland, men eg har liksom ikkje kome i gang. Viktigaste grunnen til det er at det eg har lese ikkje har fenga noko større. I tillegg er det òg vanskeleg å koma seg inn i ein så omfattande forfattarskap, det er nesten vanskeleg å vita kvar ein skal ta til.

Men eg ser at han lenge har vore viktig. Det er òg gjennomgangstonen i dette festskriftet, som går frå hylling til hylling via hylling. Her tjuefire artiklar, og sjølv om ikkje alle held like høgt nivå, var det vel berre ein to-tre eg ikkje kom gjennom. Det vert sjølvsagt mykje skryt, slik det har lett for å verta i festskrift, ein sit att med ei kjensle av at hovudpersonen, i dette tilfellet Økland, er ein supermann som omtrent ikkje har trødd feil heile livet. Her er altså mykje bra, best likte eg bidraga til Jan Landro, Jon Østbø, Agnes Ravatn (sjølvsagt) og Ragnar Hovland (like sjølvsagt).

Guffen tilrår.

11. april 2011

Guess Who's Coming to Dinner (1967)

Det er ikkje kvar dag ein ser ein film der det er så opplagt kva som kjem til å skje. Joey, ei ung kvit dame frå ein velståande familie forlovar seg på Hawaii med John, ein litt eldre svart mann. Dei tek ein snartur innom foreldra hennar i San Francisco, og sjølv om dei reknar seg som liberale, har dei litt problem med dette. John står på farten til Europa, og foreldra hans tek like godt turen opp frå Los Angeles for å helsa på kjærasten hans. Dei er like skeptiske, men det heile løyser seg sjølvsagt. Noko heilt ville vore heilt utenkjeleg i 1967.

Begge foreldrepara er i utgangspunktet skeptiske. Gradvis vert mødrene meir positive, men dei greier ikkje å få fedrane til å skifta meining. I alle fall ikkje før mor til John, i ein samtale med far til Joey, seier at einaste grunnen til at han ikkje likar dette er at han for gamal. Det vert den forløysande kommentaren, og filmen sluttar med ein lang monolog av far til Joey, der han fortel kva som har skjedd denne dagen (han refererer altså handlinga i filmen), og der det sluttar med at han meiner at dei bør gifta seg, sjølv om samfunnet ikkje er klare for dette enno.

Her er mange samtalar, og det aller meste av filmen skjer heime hjå foreldra til Joey. Då eg såg filmen tenkte eg at dette var eit filma teaterstykke, men det var det visst ikkje likevel. Men det kunne ha vore det. Filmen må ha teke opp eit aktuelt og vanskeleg tema då han kom, og monologen mot slutten vert for insisterande, det vert for tydeleg at dette er eit innlegg i debatten. Bortsett frå det, og bortsett frå nokre vitsar som slettes ikkje er morosame, er det ein heilt grei film.

Guffen tilrår.

10. april 2011

Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)

It does exactly what it says on the tin. Bortsett frå at Lennon har eit heller dårleg minne, og rotar ganske mykje med detaljane. Kva var namnet på den plata? Kom Revolver før eller etter Rubber Soul? osb.

Jann Wenner var redaktør for Rolling Stone. Heile boka er i intervjuform, og eg saknar litt info om intervjusituasjonen. Kor mange intervju var det? Kor mykje av dette vart trykt? Kvar fann intervjua stad?

Her er altså nokre manglar, men i det store og heile er det ei god bok. Lennon er i bra form, og strør om seg med både ros og ris. Han er open om det meste, og svarar fritt på omtrent alt Wenner spør om. Intervjua er gjort kort tid etter at Beatles vart oppløyst, og den prosessen får, ikkje uventa, mykje rom. Og dei snakkar mykje om Beatles. Dei er òg innom krig og fred og religion og sånt, men dei kjem heile tida tilbake til Beatles.

Paul McCartney er òg eit tema dei stadig vender tilbake til. Her er Lennon svært delt - han verkar rimeleg forbanna på måten McCartney oppførte seg på den siste tida i Beatles, men han får òg ros for mykje.

Yoko Ono er til stades heile tida, sjølvsagt. Ho smett inn nokre setningar av og til, utan at det hevar leseopplevinga noko større.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

8. april 2011

Red West, Sonny West, Dave Hebler: Elvis: What Happened? (1977)

Eit stykke ute i denne boka står dette avsnittet om forholdet mellom Elvis og Priscilla, før dei gifta seg: "Both Red and Sonny believe that to some degree Presley was keeping Priscilla off balance so she would get acclimatized to the treatment when they got married. There is no doubt in either man's mind that Presley intended right along to get married, although, like most men in his situation, he was in no great hurry".

Most men in his situation? Er det noko denne boka viser, er det at det ikkje fanst andre menn som hadde det som Elvis. Skal me sjå: Han vassa i pengar, han vassa i damer, han vassa i ja-menn, han vassa i dop - han vassa omtrent i alt. Han hadde frikort på alle område - han kunne på kort tid få til eit privat møte med president Nixon. Frå omtrent før han vart vaksen var han ei så stor stjerne at han ikkje kunne visa seg offentleg. Han var ein stor vokalist, og ein minst like stor showmann. Han samla på skytevåpen og pistolar, og fyrte dei gjerne av innandørs. Han trudde at han var tilnærma guddommeleg, han trudde at han, viss han konsentrerte seg, kunne få skyer på himmelen til å flytta seg, og han trudde at han kunne kurera all slags lidingar ved handspålegging.

Han hadde altså eit hoff av ja-menn. Tre av desse fekk sparken i 1976, og i denne boka fortel dei om tida si med Elvis. Red West hadde arbeidd for Elvis heilt frå dei fyrste konsertane, og var truleg den av ja-mennene som kjende han best. Sonny West hadde òg vore med lenge, medan Hebler berre hadde vore med nokre få år. At boka var skriven av tre som nett hadde fått sparken av Elvis, gjorde ikkje uventa mange av lesarane skeptiske til det dei las. Boka kom ut medan Elvis levde, og ingen hadde tidlegare skrive så ope om stoffmisbruket hans, og om dei andre områda der han tok seg til rette. I dag er dette allment kjent, og mange av dei mest kontroversielle episodane i boka er stadfesta i andre, meir seriøse bøker. Denne boka har ingen andre kjelder enn samtalar med dei tre ja-mennene, og dei legg all vekt på livsstilen til Elvis. Her står så godt som ingenting om musikken, og det er altså ingen full biografi, det er meir ein biografi som viser mykje av det Elvis gjorde galt.

Og her er altså ein del episodar som Elvis prøvde å halda skjult. Som den om at han bad eit par av ja-mennene om å skaffa ein leigemordar som kunne ta livet av den nye kjærasten til eks-kona til Elvis. Som den om at han ein gong kasta ein biljardkø rett i brystet på ei ung jente, utan nokon spesielt god grunn. Som den om at han var så fascinert av døde kroppar at han rett som det var tok med seg folk på nattlege visittar til likhus. Eller alle historiane om dop.

Dei tre framstår som enkle og ærlege personar. Dei legg ikkje skjul på at dei ofte burde oppført seg annleis, at dei ofte burde stått opp mot Elvis, men dei forsvarar seg med at dei var altfor glade i han, og at han hadde mykje makt over dei. Dei skreiv boka for å få Elvis til å sjå kva veg det bar, og hadde altså ei von om at boka ville få Elvis inn på betre vegar. Slik gjekk det ikkje. Det er ikkje kjent kva Elvis meinte om boka, og det er heller ikkje sikkert at han las heile boka - han døydde nokre veker etter at ho kom ut.

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)
Priscilla (2023)

7. april 2011

Midnight Cowboy (1969)

Endå ein god, gamal amerikansk film. Her vert den amerikanske draumen snudd på hovudet. Den ideelle reisa gjennom det amerikanske samfunnet gjekk heile tida vestover. Her reiser hovudpersonen, som like godt kler seg som ein cowboy, austover, og det går frå vondt til verre.

Cowboyen vert spelt av Jon Voight. I Texas arbeider han som oppvaskar, men han reknar med at han, som er rimeleg attraktiv, kan tena langt betre som gigolo i New York. Det gjer han ikkje, for å seia det mildt. Det er langt mellom kundane, og endå lengre mellom dei som faktisk betalar han. Han vert kasta ut av hotellet sitt, og flyttar inn hjå ein italiensk-amerikanar, spelt av Dustin Hoffman. Han er halt, utan pengar, og bur i ein kondemnert bygard.

Dei lever frå hand til munn. Cowboyen er rimeleg enkel, og reknar med at alt skal ordna seg berre han får ein fot innom hjå dei rike damene. Italienaren slit med feber, vert dårlegare og dårlegare, og då cowboyen ranar ein mannleg kunde, får dei endeleg nok pengar til reisa. Dei tek buss til Florida, men italienaren vert dårlegare og dårlegare, og til slutt døyr han på bussen, med blikket vendt mot det Florida han lenge hadde lengta etter.

Det meste av filmen går føre seg i New York. Det er ein by der ingen bryr seg om andre - ingen snakkar med cowboyen, ingen tek seg av folk som har kollapsa på gata, og ein kan ikkje stola på nokon av dei ein møter. Det heile kan godt vera meint som ein kommentar til korleis det amerikanske samfunnet hadde vorte. Her er det kvar mann for seg, det er eit samfunn der det ikkje lenger er rom for cowboyar. Ikkje uventa er det glimrande skodespel i begge dei to hovudrollene, spesielt Voight er bra, der han av og til er sterk og sjølvsikker, medan han andre gonger har det tristaste blikket ein kan tenkja seg.

Guffen tilrår.

6. april 2011

Giles Smith: Lost in Music (1995)

Gitaristen Knut Schreiner skriv av og til om musikk i Morgenbladet, og for nokre veker sidan skreiv han varmt om det engelske bandet Cleaners from Venus. Dei var på topp midt i 80-åra, var inspirerte av Revolver-Beatles, og var så skeptiske til alt som minte av kapitalisme at dei spelte inn songane heime hjå Martin Newell, som lenge var den einaste faste medlemmen i CFV. Dei gav ut all musikken sin på kassettar, som dei sende til kontaktar i fleire land, med beskjed om at dei kunne kopiera, selja, og senda delar av inntektene tilbake til bandet.

Dette var gamalt nytt for meg. Cleaners from Venus var eitt av banda eg høyrde mest på i andre halvdel av 80-åra. Eg likte både musikken og haldningane deira så godt at eg like godt intervjua Newell (pr. brev) for ei Oslo-fanzine, og musikken deira held seg framleis relativt godt.

Kvifor har dette relevans akkurat her? To grunnar. Giles Smith var med i CFV i nokre år. Og noko av det han skriv om er at det ikkje berre er viktig kva musikk du høyrer på, ofte får du òg plusspoeng for å ha høyrt lenge på platene til eit band.

Boka er ein slags musikalsk sjølvbiografi, der Smith fortel om forholdet sitt til musikk, frå han er ein liten gut til han er ein godt etablert mann på rundt 33 år. Han skriv innsiktsfullt og underhaldande om korleis musikk har dominert heile livet hans. Han er fødd i 1962, og frå rundt 1970 er musikk den einaste store interessa hans. Det var ei heilt anna tid enn i dag, sjølvsagt, det var før MTV og Internett og all slags digitale format, og det var langt vanskelegare å få høyra om og å få tak i musikk du likte. Han spelar òg i band sjølv, og kvir seg ikkje for å fortelja om alle popstjernedraumane det ikkje vart noko av.

Me har ikkje overlappande musikksmak, men det er ikkje så nøye. Når han skriv om korleis han jakta på absolutt alt som XTC gav ut, ser eg klare parallellar til korleis eg var på leit etter plater med favorittane mine. Og då var ikkje alltid den tekniske kvaliteten det viktige, her kunne det gjerne vera uoffisielle konsertopptak med høgst tvilsam lydkvalitet. Han skriv om eit XTC-opptak frå 1980 at lyden var forferdeleg. "Somewhere at the heart of its storm of hiss was a barely audible throb, as if the concert had been recorded by someone pressing a cheap dictaphone up against the venue's outside wall. I'm not sure I even made it as far as disc two. I was, needless to say, delighted with it. " Been there, done that.

Det er altså ei fin bok, som viser kor viktig popmusikk kan vera for mange av oss.

Guffen tilrår.

5. april 2011

The Searchers (1956)

Monument Valley, eit område sørvest i USA, har eit fantastisk landskap. Det var eitt av favorittområda til Everest Ruess, og det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor. Opp frå den flate ørkenen stikk det høge steinformasjonar, som oftast er tilnærma loddrette i den øvste delen.

Området gjer seg godt på film, og det er den største attraksjonen i denne filmen. Historia er høgst tradisjonell, og skodespelet er prega av dette overspelet som var vanleg i femtiåra. John Wayne, som har eit heller avgrensa repertoar som skodespelar, har hovudrolla.

Dette skjer: Nokre comanchar går til angrep på ein kvit familie, og tek dei to jentene som får leva til fangar. Slekt og vener prøver å ta att indianarane, men dei fleste gjev opp. Berre tre av dei held fram, Wayne, ein ung mann som er kvart cherokee, og som var adoptert av den angripne familien (spelt av Jeffrey Hunter), og ein mann som var kjærast med den eldste av jentene. Då dei finn liket av den eldste jenta, går han til eit meiningslaust einmannsangrep på indianarane, og dei to andre leiter vidare utan han. Etter fem år får dei høyra kvar den yngste jenta er, og etter litt skyting greier dei å frigjera ho.

Filmen er fri for overraskingar. Alt i opningsscena er Wayne skeptisk til Hunter, og då er det opplagt at Hunter kjem til å spela ei viktig rolle i leiteaksjonen, og at Wayne kjem til å få eit betre inntrykk av han. Dotter på nabogarden har eit godt auge til Hunter, og når han og Wayne etter mange år kjem attende til garden akkurat i det ho skal gifta seg med ein annan, er det opplagt at han kjem til å få stoppa det bryllaupet. Når nokon slåst, endar det omtrent alltid med at nokre skrøpelege møblar vert øydelagde. Sjølv om det er ein del skyting og litt skalpering, ser me omtrent ikkje ein dråpe blod.

Så det er ikkje så mykje positivt å seia om denne filmen. Bortsett frå filminga, som verkeleg gjer at ein får lyst til å reisa attende til Monument Valley. For eit landskap.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Ford på kulturguffebloggen
The Grapes of Wrath (1940)
The Man who shot Liberty Valance (1962)

4. april 2011

Heimegutar (2009)

For ordens skuld: Eg er kanskje ikkje den rette til å skriva om denne filmen. Ein ting er at eg er rimeleg blank på rap. Ein annan ting er at eg kjenner Runar G/Sjef R sånn nokolunde godt, i alle fall godt nok til at me nokre veker i året reiser rundt og snakkar med skuleelevar om språk. Slik er det òg denne veka.

Filmen handlar om rapgruppa Side Brok. Det har gått litt opp og ned for dei, dei gjorde det stort med debut-CDen Høge brelle, men deretter gjekk det nedover. Det ulmar litt då dei spelar inn oppfølgjaren, og etter at den plata kom ut var responsen sånn middels. Få spelejobbar, færre selde CDar - Skatebård omtalar det heile som ei "katastrofe". Denne nedturen set sine spor. På filmen er der garderobescener etter tidlege konsertar, og liknande scener frå konsertar etter den andre plata, og det er enorm skilnad på stemninga. Etter den andre plata minner det nesten om eit gravøl.

Etter ei tid kjem dei saman igjen, og lagar det som for meg er den beste av platene deira. Dei har halde på med ulike ting, dei andre i bandet var ikkje like lystne som Runar på å halda fram. Etter telefonsamtalen mellom Runar og Oddgeir, der dei vert samde om å laga ei plate til, vert Oddgeir litt hyper, og seier noko slikt som at "Ei plate til med det bandet der? Skal me ikkje verta vaksne snart?" Ut frå tekstane på tredjeplata var det akkurat det som skjedde - det handlar ikkje lenger om oppvekst i Ørsta, men meir om livet som vaksen rappar. Historia i filmen sluttar før den plata kom, men den vart ikkje den oppturen dei vona på. (Eg var tilfeldigvis på skuleturné med Runar den veka i 2009 då den plata kom, og det var ikkje akkurat lystig stemning i leigebilen då NRK P2 melde plata.)

Filmen er finfin. Dei har det moro, og omtrent til andreplata kjem ut er det smil og latter og glede overalt. Her er mykje å le av. Eitt av høgdepunkta er då dei skal spela på Husnesrock, og berre Skatebård møter presis. Dei andre er litt forseinka etter ein sein fest kvelden før, og det er fine scener både når Skatebård diktar opp eit problem med bilen når han snakkar med arrangøren. Det er opplagt for oss som ser filmen at han ikkje snakkar sant, og eg er ikkje heilt sikker på om arrangørdama eigentleg trur på han. I alle fall tek han seg ein liten symjetur i etterkant, og det er òg rimeleg delikate scener.

Guffen tilrår.

Meir Side Brok på kulturguffebloggen
Kjell Andreas Oddekalv: Side Brok. Høge Brelle (2022)
Eg har ord (2023)

3. april 2011

Jan Roar Leikvoll: Fiolinane (2010)

Dette er ikkje akkurat noko gladbok. Eg-personen, ein gut rundt 13-14 år, bur saman med familien sin på ei enorm søppelfylling. Dei er ikkje åleine der, der bur mange andre, og alle kjempar for å overleva. Det kjem ikkje fram kvifor dei er busette der, men ingen har greidd å koma seg vekk frå fyllinga. Der bur folk utanfor fyllinga, og dei organiserer av og til flydropp, men annan kontakt har dei ikkje.

Sjølv om det heile tida er glovarmt, er det eit kaldt samfunn. Og fyllinga er jo menneskeskapt, men det er ikkje akkurat eit menneskeleg samfunn. Ein kan ikkje stola på mange andre, dei heilagaste alliansane går mellom menn som er i slekt. Kvinner er mindre verdt, romanen opnar med at eg-personen, saman med far sin, gravlegg syster si. Ein mann som kjem forbi viser dei ei fascinerande kule, som sender ut lys og fargar i alle retningar, og det skal ikkje mykje til før faren byter til seg den kula, mot at den andre mannen får nokre minutt åleine med den nakne jenta før dei gravlegg ho. Faren kvir seg heller ikkje for å skifta ut mor til eg-personen; han rådfører seg litt med bestefaren, og dei finn ut at mora ikkje kan gje faren fleire ungar. Faren og eg-personen bankar ho opp, stengjer ho inne i eit skur, og finn ei ny til faren.

Det einaste lyspunktet for hovudpersonen er samtalane med bestefaren. Han bur litt for seg sjølv, og kjem med mange visdomsord, han fortel om korleis det var før, og han spelar litt fiolin.

Det er altså ikkje så veldig lysteleg lesnad. Alt dei gjer på handlar altså om å overleva, og det er ingen grenser for kva dei kan gjera. Her finst nekrofili, incest, valdtekt og grov vald, og dei som sikrar seg kasser frå flydroppet deler absolutt ikkje med andre. Men sjølv om det heile er dystert, er det noko vakkert i måten Leikvoll skriv om det på.

Guffen tilrår.

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Bovara (2012)
Songfuglen (2013)
Forkynnaren (2015)
Heimatt (2019)