30. november 2010

Peter Storey: True Storey (2010)

Peter Storey spelte på Arsenal på den tida det vart favorittlaget mitt. Det var ei anna tid, både for spelarar og publikum. Her til lands var det kanskje råd å sjå tre-fire Arsenal-kampar i løpet av ein sesong, men det var alt. Spelet var heilt annleis, det var mykje hardare kroppskontakt, spesielt om vinteren var det langt dårlegare banar, sunt kosthald og slikt var ikkje aktuelt, og spelarane tente langt mindre.

Eg kan ikkje hugsa at eg såg kampar der Storey var med, sjølv om eg sikkert gjorde. Eg hugsar at eg las om han i ulike blad, og visste korleis han såg ut. Saman med Peter Simpson hadde han dei mest perfekte Playmobil-sveisane på heile laget.

Storey var ikkje i verdsklasse på fotballbanen, men var likevel ein viktig spelar for laget. Han skriv i boka at han var"more disgraceful than graceful", jobben hans var å vinna ballen, og å takla motspelarar så hardt at dei kvidde seg for å prøva igjen. Han fekk 500 kampar for Arsenal, og vann mellom anna The Double i 1970/71.

Det er ikkje før i den siste tredelen boka skil seg frå vanlege fotballbiografiar. Gjorde nokon noko urett mot Storey då han spelte fotball, var det alltid dei andre si feil, skriv han. Andre får òg skulda for alt som skjedde etter at han la opp. Då sleit han litt med å få eit stabilt liv. At han akkurat no er inne i det fjerde ekteskapet er éin ting, ein annan ting er at han ei tid nærmast gjekk inn og ut av fengsel. Brotsverka var varierte - han var med på eit bilheleri, han var med på falskmynteri, han dreiv eit lite horehus, og han smugla porno frå Frankrike til England. Slik han legg det fram, vart han lurt av andre omtrent heile vegen - det einaste han vedgår skuld i var horehuset og pornoen.

Han har sjølvsagt ein medforfattar her. Boka er ikkje spesielt godt skriven, men som pauselitteratur innimellom heimeeksamen fungerte det heile greitt.

Guffen tilrår.

Meir Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

The Cocoanuts (1929)

Det siste året har eg lese åtte bøker om Marx-brørne. Det slo meg at det er lenge sidan eg har sett filmane, og då kan eg jo like godt køyra gjennom dei, i kronologisk rekkjefølgje, i alle fall dei eg har liggjande.

Dette er altså debutfilmen deira. Marx-brørne slo for alvor gjennom i 1924, då framsyninga I'll Say She Is gjorde furore på Broadway. Denne filmen er basert på det andre Broadway-stykket deira, som hadde premiere i 1925. Dei spelte inn filmen på dagtid i 1929, på kveldstid var dei attende på Broadway og framførte Animal Crackers. Det kan forklara at filmen ser ut som eit hastverksarbeid, det er ikkje mykje meir enn eit filma scenestykke.

Det er òg ein tidleg lydfilm, han hadde premiere berre eit og eit halvt år etter den aller fyrste lydfilmen, og det er tydeleg at filmbransjen ikkje hadde full kontroll over dette nye mediet. Eit par gonger i filmen brettar Groucho ut eit kart. Det skapte problem for lydfolka, papiret knitra så mykje at all dialog forsvann. Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis dei løyste dette problemet - kartet er kliss vått.

Diverre er det ikkje så mykje anna å le av her. Eller - her er ein del bra, men det er svært mykje som dreg nivået ned. Her er fleire songar, her er tre-fire dansenummer, og både Harpo og Chico har dei obligatoriske soloane sine, på høvesvis harpe og piano. Bortsett frå pianospelinga til Chico er dette traurige greier. Rundt ein fjerdedel av filmen går med til dette, slik at det vert for lite Marx-brør. Og når dei er på skjermene, er dei ikkje Marx nok. Det kjem langt betre filmar seinare.

Filmen etablerer likevel eit mønster for korleis dei skal vera på film. Groucho snakkar fort og mykje, har ein fin jobb han ikkje passar i, og han prøver å få napp hjå Margaret Dumont. Harpo snakkar ikkje i det heile, men har heile tida små påfunn som er meir eller mindre vellukka. Chico har ein sterk italiensk dialekt, og spelar ein enkel person som kan snakka seg ut av alle situasjonar. Zeppo er med på kjøt og flesk.

Handlinga er lagt til Florida, der Groucho er direktør for eit hotell som går dårleg. Han har kjøpt opp eit landområde ved hotellet, der han vil leggja ut tomter, men han slit med å finna kjøparar. Margaret Dumont vert fråstole eit verdifullt halsband frå hotellrommet sitt, og Harpo og Chico hjelper til med å oppklara det tjuveriet. Og så er her ei romantisk historie som berre går i vegen for komedien, slik det har lett for å verta i Marx-filmar.

Høgdepunkt? Samtalen mellom Groucho og Chico, der sistnemnde tolkar viaduct som Why a duck?.

Guffen er lunken.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

29. november 2010

Fuglane (1968)

Det er vel ingen grunn til å leggja skjul på at Fuglane er ei av favorittbøkene mine. Eg las ho fyrste gong på gymnaset, og viss det er éi bok som viste meg at god litteratur kan vera noko meir, noko som kan gje meg som lesar andre og sterke opplevingar, er det denne. Eg har lese ho fleire gonger, og har alltid noko att for det.

Det kan ikkje vera lett å filmatisera Vesaas. Mykje av handlinga i bøkene hans skjer inne i hovuda til personane han skriv om, og det er vanskeleg å overføra det til film. Fleire har prøvd, men dei filmane eg har sett har vore langt unna niåvet i bøkene. Med unntak av denne.

Filmen er laga av den polske regissøren Zywot Mateusza. Han er ikkje heilt trufast mot boka, men det treng han heller ikkje vera. Han har sjølvsagt kutta ein del, og det er greitt. Det som er verre er slutten på filmen. I boka er slutten meir open, der er ikkje Mattis medviten om at han kjem til å drukna. I filmen, derimot, verkar det som om Mattis heilt medvite tek livet sitt, han trør hol i båten sin. Fleire av dei fabelaktige aforismane i boka manglar òg, her er til dømes ingen flate steinar til å sitja på.

Det er likevel ein svært flott film. Det heile går i svart/kvitt, og det er ein svært open film, viss det er det rette ordet. Det er god plass her, det er romslege bilete, landskapet er heilt ulikt det landskapet eg trudde Mattis budde i. På lydsida er her òg god plass. Det er lite musikk, som oftast er fuglesong det einaste som akkompagnerer handlinga. Hovudrolla vert spelt av Franciszek Pieczka, og gradvis vert han Mattis.

Filmatiseringa gjev ikkje like stor klump i halsen som boka gjer, men likevel. Det ror og ror.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

28. november 2010

Jonathan Franzen: Freedom (2010)


Franzen er ein forfattar eg har høyrd mykje om, men ikkje lese noko av før. Denne boka kom tidlegare i år, og fekk stort sett skryt, ho vart jamleg omtala som den beste amerikanske romanen etter tusenårsskiftet, eller noko slikt. Det kan godt henda at det stemmer.

Walter og Patty Berglund er gifte. Frå utsida verkar det som om alt står bra til, men det ulmar på innsida, av ulike grunnar. Etter at han får lesa ein sjølvbiografisk tekst ho har skrive for terapeuten hennar, der ho mellom anna fortel om at ho har ahtt eit forhold til Richard, den beste venen til Walter, kastar han henne ut, og dei er frå kvarandre i seks år, før dei kjem saman igjen mot slutten av boka.

Alle kapitla i boka har eigne hovudpersonar, i tillegg til Walter og Patty handlar det om Joey, son deira, og Richard. Dette grepet fungerer godt, men det beste er måten Franzen fortel historia på. Alt kjem ikkje kronologisk, der er mange tilbakeblikk. Både i opningskapitlet og i dei to sjølvbiografiske Patty-tekstane ser me kva som har skjedd tidlegare. Men det er òg snedig korleis han ofte ventar med å fortelja kvifor det han skriv om skjer. Eit Walter-kapittel handlar til dømes om korleis han og sekretæren/kjærasten hans, Lalitha, feirar eit eller anna, men det kjem ikkje fram før seinare kva dei feirar.

Eg mislikar sterkt uttrykket "politisk korrekt", men dreg det likevel fram her: Walter er nærmast ein karikatur på ein politisk korrekt person. Han støttar alle gode saker, han forureinar ikkje, han er aldeles fiksert på likestilling, og vert så oppteken av dette at han misser evna til å sjå klart. Han vert meir og meir oppteken av at amerikanske småfuglar må ha det så bra som råd, og mot slutten av boka tek han han heilt ut, og erklærer nærmast krig mot kattane i nabolaget, sidan dei tek livet av småfuglar på eigedomen hans.

Franzen skriv glimrande. Det er kanskje litt feil uttrykk når ein snakkar om ei bok på 560 sider, men han seier mykje med få ord. Smak til dømes på "The young man was blond and body-built, his wife or girlfriend svelte in a childless big-sty way".

Fridom står sentralt gjennom heile boka. Alle personane vil vera frie, samstundes som dei alle kjempar for å gjera det godt økonomisk, og å ha eit godt familieliv. Unntaket er Richard, og han er den som verkar mest fri. Fridom er òg eit sentralt amerikansk omgrep, sjølvsagt. For mange amerikanarar handlar det om fridom å leva slik dei vil, og kvar dei vil. Då Walter kjempar mot nabokattane mot slutten av boka, er der ein samtale med ei konservativ nabokone som mellom anna får høyra at kattane hennar er importerte, og at sidan småfuglane var her fyrst, har ikkje kattane hennar rett til å kødda med dei. Parallellen til korleis amerikanarar handterte indianarane, og til korleis dei tek seg til rette i andre land, er openberr.

Guffen tilrår.

Meir Franzen på kulturguffebloggen
The Corrections (2001)

27. november 2010

Andrew T. Smith: Marx & Re-Marx (2009)

Det finst framleis Marx-relaterte emne som kan rettferdiggjera ei bok. Eg kunne gjerne tenkte meg ein betre Chico-biografi. Susan Marx (som var gift med Harpo) skreiv eit utkast til ein sjølvbiografi, men var ikkje nøgd, og la det vekk. Eg koste meg òg såpass med boka om Duck Soup at eg godt kan lesa likande bøker om andre filmar. Men viss det skal koma fleire bøker, må dei ha noko nytt å koma med.

Denne boka kjem med noko nytt, men det er såpass perifert at entusiasmen fort forsvinn. I 1932 hadde Groucho og Chico hovudrollene i radioserien "Flywheel, Shyster and Flywheel". På den tida arkiverte ein ikkje opptak av radioprogram, slik at serien lenge vart rekna som tapt. Mot slutten av 80-åra vart manus til 25 av dei 26 episodane funne, og dei vart gjevne ut i bokform. Her var mange godbitar, og det var spesielt interessant å sjå korleis dei henta inn små episodar og vitsar frå filmar dei alt hadde laga, og korleis episodar og vitsar frå radioserien vart henta fram att til filmar dei lagde seinare. Radioserien er såleis viktig, og det hadde vore gjevt å høyra originalopptaka.

Smith kjem med ein kort biografi av Marx-brørne, før han skriv litt om "Flywheel ...", korleis det vart til, kven som var med, osb. Deretter skriv han minst like mykje om korleis BBC spelte serien inn på nytt rundt 1990. For meg var det middels interessant, for å seia det høfleg. Dei får mykje ros, rett nok, men det var ikkje difor eg kjøpte denne boka. Originalmanusa var laga til episodar på tjue minutt. BBC ville ha episodane ti minutt lengre, så dei skøytte saman nokre episodar, og skreiv nytt materiale. Smith skriv at det var vellukka, og eg vil gjerne tru han, men samstundes er han så gjennomgåande positiv til alt BBC gjorde at det nesten verkar som om han er ute av stand til å vera negativ.

Det tek seg litt opp mot slutten av boka. På merkeleg vis dukka det opp nokre få originalopptak, to utdrag frå episode 24, litt av episode 25, og heile epsiode 26. Han har skrive av dialogen frå desse opptaka, og her er det mykje bra, sjølvsagt. Eg reknar likevel ikkje med at der er større endringar i høve til manuskripta, og dei er altså gitt ut før.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

26. november 2010

The Straight Story (1999)

Det er ekstremt mykje positivt å seia om denne filmen. Det er ein flott historie, glimrande skodespel og fin filming. At handlinga er lagt til den amerikanske Midtvesten gjer heller ingenting. Dei fire-fem siste gongene eg har vore i USA har eg køyrd langs liknande vegar, og det er stas. Det er heilt flatt, det er altså eit landskap som er heilt ulikt det eg bur i, men det gjer ingenting. Eg saknar ikkje fjella, i alle fall ikkje når eg berre er på gjennomreise. Det er heller omvendt - når eg ser ein film som denne får eg endå meir lyst til å reisa attende.

Det mest overraskande med denne filmen er at han er laga av David Lynch. Det er noko u-Lynchsk over ein film som er så harmonisk, der det ikkje er noko uhygge, og der den grunnleggjande handlinga er at ein må ta vare på familien sin.

Alvin Straight, ein gamal og sta mann i ein liten by vest i Iowa, får høyra at bror hans, Lyle, har hatt eit slag. Dei har ikkje snakka saman på ti år, men Alvin kjenner at han må vitja Lyle no. Han ser ikkje godt nok til å køyra bil, og sidan han vil reisa åleine, vert løysinga at han hektar ein tilhengar bak plenklipparen sin, og bruker fem-seks veker på å køyra tvers over Iowa og inn i Wisconsin, der broren bur. Filmen sluttar med at han kjem fram, me får ikkje vita kva dei snakkar om (eller korleis han kjem seg tilbake til heimbyen), men me ser at begge to er glade for å sjå den andre.

Det går sjølvsagt seint å køyra plenklippar på langtur, og heile filmen går i eit svært bedageleg og behageleg tempo. Det er ikkje uvanleg i filmar at kameraet vert retta mot vegen, og at dei gule midtstripene susar forbi. I denne filmen går det så seint at det ei stund ser ut til å vera heiltrekt midtlinje. Folk snakkar seint, Alvin bevegar seg seint, men det er slik det skal vera. Det er slik det er i Midtvesten, det er småbyar med éi gate, der det ser ut til å vera ei overvekt av eldre folk. Det er noko Fargosk over det heile, språket er heilt ulikt det du finn i amerikanske storbyar. Det er ein god film, det er ein varm film, det er ein film å verta glad av.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
Mulholland Drive (2001)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

25. november 2010

Robert Dwan: As Long As They're Laughing (2000)

Eg tinga denne boka frå Amazon. I utlandet skuar dei ikkje hunden på håra, dei seier at you shan't judge a book by its cover, men sidan eg ikkje er utanlandsk, gjorde eg akkurat det. Eg likte dårleg det eg såg.

To ting gjorde meg skeptisk - det eine var at det var tydeleg at boka var gitt ut på eit ikkje altfor profesjonelt forlag. Det treng ikkje vera feil, men i tilfellet Groucho er det slik. Det er så stor interesse for bøker om Marx-brørne, at bøker som ikkje kjem ut på store forlag truleg ikkje har mykje å by på. Det andre eg reagerte på var at dei på baksida, med store bokstavar, skreiv "Finally, a funny book about Groucho Marx!". Eg har dei fleste bøker som er skrivne om Groucho og dei andre, og fleire av dei er løgne. Mellom anna den boka Hector Arce skreiv om "You Bet Your Life", fjernsynsshowet som også denne boka handla om.

Historia om "You Bet Your Life" er ein suksesshistorie. Programmet starta på radio i 1947, vart òg sendt på fjernsyn frå 1950, og levde heilt til 1960. Programmet var spesiallaga for Groucho, og hadde element som minna om eit vanleg quiz-show. Dei spørsmåla stod likevel berre i vegen for smalltalken mellom Groucho og deltakarane. Groucho hadde taket på improvisering, og ein av grunnane til at programmet vart teke opp to dagar før det vart sendt, var at dei skulle ha tid til å redigera vekk det som ikkje passa seg på amerikansk fjernsyn i 50-åra. Dwan hevdar at ein av dei mest legendariske Groucho-kommentarane skal ha vorte redigert vekk - ei kvinne som var gjest på programmet fekk spørsmål om kvifor ho hadde så mange born. Ho svara at ho elska mannen sin. Groucho svara at sjølv om han elska sigaren sin, tok han sigaren ut av og til. Ingenting tyder på at dette faktisk vart sagt.

Dawn skriv ikkje spesielt godt. Han var regissør for programmet, og fortel mykje om stort og smått, men det vert berre småpludring, det tek absolutt ikkje av. Han går i ring, og kjem fleire gonger attende til ting han har fortalt om i eit anna kapittel. Det tener heller ikkje til boka sin fordel at forlaget har gjort ein dårleg jobb. Groucho inviterte Dwan med seg på ein ferie tur til Europa, og sidan Groucho hadde med seg dotter si, tok Dwan med seg si dotter. På ei side er ho 17 år, på biletteksten på neste side er ho 16. I alle fall trur eg det, biletteksten stoppar midt i ei setning.

Alt i alt er dette altså ei bok som har minimal interesse, også for oss som på liv og død skal lesa alt som er skrive om Marx-brørne. Viss ein fyrst skal finna ut noko om You Bet Your Life, er altså boka til Arce langt betre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

18. november 2010

American (2010)

For eit par år sidan var eg på skuleturné saman med Runar. Han hadde nokre opptak av to amerikanske komikarar, Mitch Hedberg og Bill Hicks, og meinte at dette ville passa for meg.

Eg var skeptisk, men lot det stå til. Svært få komikarar får meg til å le, men eg vart positivt overraska, i alle fall over han eine. I humoren til Hedberg står leik med ord sentralt. Hjå Hicks er det hersing med det amerikanske samfunnet som får mest plass. Eg lo svært godt av Hedberg, medan eg ikkje fann så mykje å le av hjå Hicks.

Runar gjev ikkje opp så lett, og under ein ny skuleturné denne veka lånte han meg denne filmen. Filmen gjev eit godt bilete av livet og karriera til Hicks, og er elegant laga. Åtte-ti personar som stod Hicks nær fortel om korleis han var, og her er mange klipp som viser korleis han var på scena.

Hicks ville verta komikar alt frå han var liten. Han står fyrst på nokre lokale scener i Houston, der han etter kvart vert ein av dei største. Han vil likevel lengre, og flyttar til Los Angeles. Så langt i livet har han omtrent ikkje rørt alkohol, men i LA drikk han meir og meir, og showa hans endrar seg. Han drikk mykje også på scena, før han ein dag finn ut at han må slutta med drikkinga. Han flyttar til New York, der han ikkje kjenner mange, og etter ei stund utan alkohol der skriv han nytt materiale, og vert ei av dei heilt store komikarstjernene. Han vert stor i England, han vert stor i USA, før han ein dag før beskjed om at han har kreft i magen, og han døyr kort tid etter.

Historia vert fortalt på ein fin måte, og venene hans er udelt positive til det han har gjort, og til korleis han førte inn noko nytt og meir aggressivt i standupen. Eg har altså eit problem med at eg ikkje ser det store i humoren hans, mange stader minner det om halvgode punkrocktekstar utan musikk (og utan rim og rytme). Han er ekstremt samfunnskritisk, og det er lett å vera samd i det han seier, men spesielt morosamt er det altså ikkje. Det er likevel ein fin film.

Guffen tilrår.

17. november 2010

Frå arkivet: The Go-Betweens: Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)

Sommaren 1989 budde eg saman med Dina i København, i husveret til bror min. Ingen av oss hadde jobb, og ingen av oss hadde pengar, slik at me var mykje heime. Me høyrde sjølvsagt mykje på musikk, og denne plata var ein gjengangar. Om og om igjen, like bra heile tida.

For dette er ei av dei aller, aller beste platene som er gitt ut. Det er pop slik pop skal vera. Fire medlemmer i bandet, to gitarar, bass og trommer. Ti songar på plata, dei fleste av desse er rundt tre og eit halvt minutt. Gitarane dominerer, slik det skal vera, men med passelege mellomrom dukkar det opp nokre strykarar og tangentar.

Dei to som var The Go-Betweens var dei to gitarist-vokalistane Robert Forster og Grant McLennan. At McLennan vart musikar kan ikkje vera overraskande, etternamnet hans luktar jo McCartney/Lennon lang veg. Og det er altså pop det handlar om, glad og melankolsk pop.

Plata opnar med den ekstremt fengande "Spring Rain". Denne songen har, som alle andre songar på plata, ein flott og visuell tekst. Eg trur det er Forster som syng her, og han syng om noko som minner om eit slektstreff. Han passar i alle fall ikkje inn: "these people are excited / by their cars". Songen har eit todelt vers - i den fyrste halvdelen vekslar dei mellom to akkordar, i den siste halvdelen er det nok med éin. Så kjem det eit aldeles fortreffeleg refreng.

Med ei slik opning må nivået gå litt ned på dei følgjande songane. Det gjer det òg, men det er framleis klasse over det som vert servert. Den neste toppen kjem tidleg på side 2, songen "Head Full of Steam". Her er det ringlande gitarar overalt. Eg-personen fortel om ei jente han aldri vart godt nok kjend med, og igjen er teksten full av glimrande tekstliner. Smak til dømes på "Her father works / Her mother works in imports / but that's of no importance at all" eller "She plays hard to get / along with 'she might drop by' / She's never had a nickname / But then, nor have I".

Innimellom desse to meisterverka, som i USA vart gitt ut som A- og B-sida på ein singel, kjem det altså ei rekkje andre flotte, flotte songar. Plata vert avslutta med "Apology Accepted", som eg ikkje likte spesielt godt i gamle dagar, men som veks og veks og veks. Nokre tangentar ligg og lurer, songen er flott oppbygd, og også her er det minneverdige tekstliner. "Such a simple question / I pretented I was sleeping". Plater som sluttar slik får du lyst til å høyra om att. Og om att.

Kva skjedde etterpå: Gruppa vart opplyst rundt 1990. Eg såg dei i New York i 1989. I 1991 la McLennan og Forster ut på turne som duo, og etter eit langt opphald der dei gav ut plater kvar på sin kant kom dei saman att i 2000, med ny bassist og ny trommeslagar. Eg såg dei i i Oslo i 1991 og 2003. Dei er det einaste utanlandske bandet eg har sett i tre ulike tiår, og den siste konsterten, i 2003, var uvanleg solid. Dei var svært sikre på kven dei var, dei visste at dei hadde gode songar, og då Forster drog opningsriffet til "German Farmhouse" er det den mest komiske gitarspelinga eg har sett.

Dei kom med nye plater, og i 2005 kom eit nytt meisterverk, Oceans Apart, med den usannsynleg flotte "Finding You". Det er uvanleg at eit band kan gje ut to så gode plater med nitten års mellomrom, men dei som venta på endå meir flott musikk fekk ikkje meir herfrå: I 2006 døydde McLennan brått. Eg fekk klump i halsen då eg las den vesle notisen i Aftenposten, og slik er det framleis. Nokre folk skulle ikkje døy.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
avid Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)

16. november 2010

Gudmund Skjeldal: Den siste langrennaren (2005)

Biografiar om idrettsutøvarar går det ofte fort å lesa, og det går like fort å gløyma dei. Denne er annleis. Det er ei fin bok, der den biograferte utøvaren, Kristen Skjeldal, nærmast spelar ei birolle. Me får høyra mykje om han, men broren Gudmund bruker dette biografiske risset mest som eit utgangspunkt for det han eigentleg vil seia: Langrennssporten har ikkje teke godt nok vare på si eiga sjel.

Eg kjenner ikkje Kristen Skjeldal. Me er begge frå Voss, og det er berre to år mellom oss, men me budde på heilt ulike kantar av bygda. Eg kjenner han altså berre frå media, og der framstår han som ein heilt uvanleg utøvar. Han kunne visa ekte glede over andre sine prestasjonar, og var òg i stand til å måla eigne prestasjonar opp mot det han sjølv hadde gjort før. I OL 2002 kom han i mål som nummer fire på tremila, og vart etter løpet spurt av NRK om det ikkje var surt å vera så tett på ei medalje. Han svara noko slikt som at han var kjempenøgd, fjerdeplass var det beste individuelle OL-resultatet hans. Etter dopingkontrollen rykte han opp på tredjeplass, men det endrar ingenting - han framstod som særs sympatisk.

Sympatisk er òg den hendinga Gudmund bruker som utgangspunkt for denne boka. Under ei femmil i Holmenkollen vart Kristen teken igjen av Frode Estil. På ein drikkestasjon misser Estil flaska si før han får i seg drikke, og Kristen spurtar opp på sida hans, og seier at han kan få drikka hans. Kva slags toppidrettsutøvar gjer noko slikt? Me får ikkje noko bastant svar på dette spørsmåla, og heller ikkje på dei mange andre spørsmåla Gudmund stiller seg, anna enn at Kristen dreiv toppidrett med heilt andre verdiar enn dei andre.

Det handlar mykje om femmil i denne boka. For begge Skjeldalane er det dette som er den gjevaste øvinga, og i alle fall for Gudmund er det femmila i Holmenkollen som er det heilt store. Han skriv fint om korleis det var då femmila gjekk i to lange rundar, i staden for tre litt kortare, slik det er no. Han vil ha ein langrennsidrett utan fellesstartar, ein langrennsidrett der utøvarane kjempar mot seg sjølv, der dei lenge er usynlege for publikum, før dei langt om lenge kjem ut av skogen. Han skriv godt om korleis dette truleg skuldast den tida me lever i, der ingen lenger har tolmod til noko slikt, no skal det vera fellesstart, og fjernsynskamera skal dekkja kvar einaste meter av løpet. Noko manglar i dette bilete, noko er fjerna frå idretten han likte så godt, og sjølv om han er realist nok til å sjå at det ikkje er råd å gjera noko med det, vil han gjerne prøva.

Og han skriv godt om kor kjekt det er med snø. Kor kjekt det var å leika i snøen som liten gut, og kor kjekt det er med snø når han er vaksen. Han skal alltid greia å finna snø sjølv, men han er uroleg for dei ungane som ikkje får veksa opp med lange, snørike vintrar. Dei går glipp av noko, meiner han, og det er ikkje vanskeleg å vera samd i det. Dette er ei fin bok, som altså er noko så uvanleg som ein idrettsbiografi med meining.

Guffen tilrår.

13. november 2010

Paul Auster: Sunset Park (2010)

Nokre av avsnitta i denne boka er heilt rette. Det verkar som om alt er som det skal vera, og det er ikkje så rart når dei er skrivne av ein så god forfattar som Paul Auster. Han skriv gode setningar og alt det der, men eg er likevel ikkje altfor nøgd med denne boka.

Eg har lese alle romanane hans. Eg opna med New York-trilogien ein gong tidleg i nittiåra, og suste gjennom dei neste romanane hans. Eg sette bøkene hans svært høgt, men vart skuffa over Mr. Vertigo (1994), og også den neste boka hans, Timbuktu (1999) var ein nedtur. Etter tusenårsskiftet har han av og til glimta til, men Sunset Park er ei bok heilt på det jamne.

At han skriv om tilhøva mellom fedre og søner er heilt greitt, det har han gjort ofte. At han skriv om folk som ikkje greier å forsona seg med at nokon som stod dei nær ikkje lever meir er òg heilt greitt, det har han gjort ofte. At han skriv om ting som har gått gale i det amerikanske samfunnet, og at fleire av personane i romanen er eller drøymer om å verta forfattar er òg heilt greitt, det har han gjort ofte. At han tidt og ofte refererer til baseball er òg heilt greitt, det har han gjort ofte. Det som manglar her er den heilt gode historia, det som gjer at han går eitt steg lengre. Sunset Park verkar nesten som noko han kunne skrive på autopilot.

Den sentrale personen i romanen er Miles Heller. Sju år tidlegare var han skuld i at halvbroren miste livet, og etter det har han ikkje hatt kontakt med foreldra sine, som begge er gift på nytt. Han bur i Florida, men må koma seg vekk, og då Bing Nathan, den einaste gamle venen han framleis har kontakt med, tilbyr han eit rom i eit okkupert hus i Sunset Park i Brooklyn, flyttar han dit. Der bur han saman med tre andre, og tek opp att kontakten med begge foreldra. Ting går ikkje heilt etter planen, og boka sluttar med at han er på veg til Florida igjen.

Det manglar noko overraskande. Eg las boka ut på nokre timar, og kjeda meg ikkje, men det er liksom noko uforløyst over det heile. Ei av husokkupantane jobbar deltid for PEN, og Auster bruker eit par sider på å forklara kva PEN er for noko, og kvifor det er ein viktig organisasjon. Den teksten hadde passa betre i ein brosjyre for PEN, her verkar det svært malplassert. Derimot er det imponerande at den saka ho jobbar mest med for PEN er ein kampanje for å frigjera Liu Xiaobo. Her kan det ikkje vera snakk om å kasta seg på ei Jagland-bølgje, boka kom ut under ein månad etter at fredspristildelinga vart gjort kjent, og då må Auster forlengst ha levert frå seg manus.

Guffen er lunken.

Meir Auster på kulturguffebloggen
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Invisible (2009)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee; Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)

11. november 2010

Hector Arce: Groucho (1979)

Groucho Marx var ein av dei største humoristane verda har sett. Han var òg ein av dei fyrste, kanskje den aller fyrste, komikaren som gjorde det godt både i vaudeville, på film, på radio og på fjernsyn. Humoren hans var i hovudsak verbal, han var flink til å improvisera, og mot slutten av livet var han ei levande legende og vel så det.

Slutten av livet får svært stor plass i denne boka. Det er både forståeleg og uforståeleg. Han var 87 år gamal då han døydde i 1977, og dei siste fem-seks åra var han så redusert at både Arce og andre biografar burde ha skrive minst mogleg om desse åra. At Arce bruker mange sider på å skriva om det som skjedde desse siste åra, kjem dels av at han var augevitne til alt som skjedde, og dels av at det var noko som prega filmverda på den tida. Kort fortalt handla det om at Erin Fleming, ein ung skodespelar frå Canada, fekk så mykje makt over Groucho at han miste kontakten med dei tre ungane sine og med mange andre vener, medan ho gjorde sitt beste for å sko seg på heile affæra. Fleire av dei som heldt til i huset dei siste leveåra til Groucho har skrive bøker om det, og dei er mykje krassare mot Fleming enn Arce er.

Arce er grundig, og har funne fram avisklipp ingen andre biografar har brukt. Dette er tredje boka han skreiv om eller med Groucho, og han hadde så stor tillit at han vart spurt om å skriva ein autorisert biografi. Han spurde Groucho kva han skulle gjera med alt smusset han fann, og Groucho svara at han stod fritt til å trykkja det han ville. Det gjer han òg, og her kjem nokre detaljar og spekulasjonar om livet til Groucho som vert litt for nærgåande. Arce er likevel fleire gonger for forsiktig, han gøymer seg bak andre sine meiningar, og siterer heller meldingar av filmar eller radioprogram, enn å koma med si eiga meining.

Historia om Marx-brørne er flott, og er eit stjerneeksempel på folk som realiserer den amerikanske draumen. Dei veks opp i knallhard fattigdom i New York, har ei vaudeville-karriere som går opp og ned, før dei etter ti-femten år får eit gjennombrot med revyen I'll say she is! i 1924. Det kom teaterstykke, det kom filmar, dei flytta til Hollywood og levde godt der. Framdrifta deira var ei blanding av leik og alvor, og der er ei rekkje fabelaktige anekdotar knytt til dei. Nokre av desse er oppdikta, men dei fleste er sanne. Etter at dei slutta å laga filmar, greidde dei seg heller bra, kvar for seg, og det gjekk best med Groucho, som utover i 1950- og 60-åra hadde suksess både på radio og fjernsyn.

Arce fortel denne historia godt. Han prøver seg ikkje som komikar sjølv, men skriv godt og nøkternt om Groucho og dei andre. Han får overtydande fram korleis Groucho var usikker heilt frå barndommen, korleis han fekk seg ein psykisk knekk under børskrakket i 1929, korleis han sleit med å sjå kvinner som likeverdige, og korleis han heile livet bar på ein draum om å verta anerkjent som forfattar.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

10. november 2010

To Kill A Mockingbird (1962)

I prologen til The Secret History, debutboka til den amerikanske forfattaren Donna Tartt, fortel eg-personen det som skjer i fyrste halvdel av boka. Prologen sluttar med avsnittet "I suppose at one time in my life I might have had any number of stories, but now there is no other. This is the only story I will ever be able to tell".

"Den einaste forteljinga eg får fortalt". Slik var det òg med Harper Lee, som gav ut To Kill A Mockingbird i 1960, og det er (så langt) den einaste boka hennar. For min del kunne ho gjerne skrive meir, det er ei flott bok. Og det er òg ein flott film. Eg las boka for rundt femten år sidan, så det er store sjansar for at minnet skrantar, men dette er ei filmatisering som legg seg fint inntil boka.

For nokre månader sidan las eg Philip Dray si grundige bok om lynsjing i Amerika. Ein av dei viktigaste hypotesane hans var at svært mange negrar vart lynsja av di dei hadde eit seksuelt forhold til kvite damer. Det er ein slik episode som ligg bak ei av dei to grunnhandlingane i filmen. Advokaten Atticus Finch (spelt av Gregory Peck) prøver å få frikjent Tom Robinson, ein neger som er dømt for å ha valdteke ei kvit dame. Han greier å stoppa ei lynsjing, og han greier å få fram poenga sine i rettsaka, men juryen meiner likevel at Robinson er skuldig. Robinson vert drepen av ein politibetjent same kvelden, etter at han prøvde å stikka av.

Den andre handlinga i filmen er den dominerande. Dei to ungane til Finch, Jem og Scout, utforskar nabolaget, og er spesielt fascinerte av det mystiske huset der Boo Radley held til. I fantasiverda deira er Radley eit monster, og sjølv om dei ein gong vågar seg heilt inn til Radley-huset, er dei livredde for denne personen dei aldri har sett.

Dei to handlinga møter kvarandre heilt til slutt. Bob Ewell, far til jenta som vart valdteken, fylgjer etter Jem og Scott ein myrk kveld, bankar opp Jem. Før han får gjort noko med Scout, dukkar Boo Radley opp, og tek livet av Ewell. Den lokale sheriffen, som heile tida har vore overtydd om at Robinson var uskuldig, veit kva som har skjedd, men konkluderer likevel med at Ewell tok sitt eige liv, ved eit uhell.

Det er ein fin film. Sekvensane der det berre er ungar med, og der dei leikar i sitt eige nabolag, er veldig gode, og får godt fram kva ungar med god fantasi kan fundera seg fram til. Filmen går i eit godt og roleg tempo, scenene i rettsalen går akkurat fort nok, og også når det er meir dramatiske scener, som når fem-seks bilar køyrer fram til fengselet der Robinson sit, og der det ligg ei lynsjing i lufta, skjer det heile i eit passeleg tempo.

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
Go Set a Watchman (2015)

8. november 2010

The Beatles Anthology (1995)

Viss ikkje ein serie som denne er vellukka, skulle dei som laga serien ha gjort mykje rart. Ein ting er at musikken jamt over er glimrande, ein annan ting er at det finst så enorme mengder med filmopptak av Beatles, at dei må ha kutta vekk mange godbitar.

Serien vart laga i 1995. Etter mange år med venting og planlegging vart han endeleg realisert, og det som bind det heile saman er intervju med dei sentrale personane. Dei tre attlevande Beatles-medlemmane kjem mykje til orde, men også nære medhjelparar som produsenten George Martin og altmoglegmannen Neil Aspinall snakkar mykje. Andre av dei som stod rett utanfor den næraste krinsen er likevel ikkje med, til dømes Yoko Ono eller Pete Best, trommeslagaren som vart sparka rett før den fyrste plateinnspelinga deira.

Serien har åtte episodar, og varer i rundt ti timar. Det vil seia at det er rom for mange detaljar, og av og til vert det for detaljert. Her kjem mange scener som viser kor hysteriske folk vart når Beatles var i nabolaget, og dei kunne kanskje ha kutta litt her, men på den andre sida er det jo vanskeleg å få vist kor gale det var på ein annan måte. Verst var det på konsertane, der dei knapt høyrde sin eigen musikk. At dei spelte utan monitorar gjorde det ikkje enklare, ikkje ein gong då dei spelte på Shea Stadium, med eit publikum på rundt 55 000, hadde dei monitorar. Ringo Starr snakkar om korleis han var nøydd til å berre spela ein heilt grunnleggjande rytme, kom han ut av det, var det uråd å ta seg inn.

Her er sjølvsagt mange høgdepunkt. Under alle innspelingane deira var George Martin heilt sentral, og sjølv om han stort sett held seg nøktern, er det nesten rørande å sjå korleis han ikkje greier å halda maska når han spelar det aller, aller fyrste opptaket av "A Day In The Life". Han snakkar om at dette var det sterkaste dei gjorde, men her er alle ord unødvendige - det ligg tjukt utanpå han at dette er stort. Eit anna høgdepunkt er då gruppa spelar "Hey Jude" på eit fjernsynsprogram. Dette er ein annan av dei finaste songane deira, og det er stort når publikum flokkar seg rundt dei fire musikantane og syng med på den lange outroen.

Men det er eit heilt anna opptak eg hugsar best. Dei fyrste åra framstår Beatles som nokre gladgutar, som smiler og ler og vinkar og vitsar heile tida. Dei syng glade songar om glade folk, og alt er berre velstand. Etter kvart snik alvoret seg gradvis inn, og fyrste gong dei ser trøytte og leie ut er, paradoksalt nok, når dei framfører singelen "I Feel Fine" på eit fjernsynsprogram mot slutten av 1964. Det er tydeleg at dei er misnøgde med eit eller anna, og for meg var dette det store vendepunktet. Alt endrar seg her, tekstar, musikk, klede, rusmiddel, osb.

Er der ingenting å trekkja for? Jo, absolutt. Der Harrison og Starr framleis heldt stilen (i 1995), og framstår som sympatiske og reflekterte personar som er ferdig med Beatles, verkar McCartney altfor klar over kva status han har. I dei ferskaste intervjua har han nærmast reindyrka det som gjorde han irriterande alt i filmar frå sekstiåra - altfor tilgjorte glimt i auga, altfor open munn når han tenkjer seg om, og altfor heva augnebryn når han snakkar. Det han seier er oftast greitt nok, men måten han seier det på er ekstremt irriterande. Han er flink til å trekkja fram andre, og verkar som den som hugsar deira eigen historie best, men likevel prøver han å snakka seg vekk frå at han hadde ansvaret for den største blemma dei gjorde, filmen Magical Mystery Tour. Til denne serien vart det laga nokre fellesintervju med McCartney, Harrison og Starr, og ut frå desse korte glimta ser det ut som om litt av uvenskapen frå tida rundt oppbrotet i 1970 sat igjen.

Og ein annan ting å trekkja for er at dei avsluttar heile serien med songen "Free As A Bird", den ikkje eingong middelmådige singelen som kom samstundes med serien. Huff og huff.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del 1 (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)