29. april 2010

En ganske snill mann (2010)

Når ein ser ein film som på plakaten vert omtala som "tidenes beste norske komedie", og som då han vart vist i Berlin vart omtala som ei latterbombe, eller noko slikt, reknar ein med at ein finn noko å le av. Eller at, viss ein er ein surdeig sjølv, nokon andre i salen ler. Slik var det ikkje, med eitt einaste unntak. Det var rett nok relativt få til stades i salen, men likevel.

Filmen handlar om ein kriminell som kjem ut av fengsel etter tolv år, og som prøver å finna ut av livet utanfor murane. Han har, litt motviljug, ei høne å plukka med tystaren som sende han i fengsel, og har lyst til å få kontakt med son sin, men bortsett frå det verkar han nærmast apatisk. Han går i søvne gjennom livet, har litt sex her og der, slår ned eksmannen til ei han arbeider saman med, og tek til slutt livet av ein annan enn det planen var.

Filmen er meint som ein komedie, men alle vitsane fell på steingrunn. Sjølve historia er heller ikkje spesielt original, og fleire av grepa er velbrukte. I bandittgjengen er det til dømes ein kar som heile tida får beskjed om å halda kjeft, og å setja seg ein annan stad enn dei andre. Dei har henta fram den gamle, gamle vitsen der ein person snakkar eit framand språk, med nokre norske ord histen og pisten. Av og til var det pinleg, som oftast var det kjedeleg. Hadde filmen gått på fjernsyn, hadde eg ikkje sett han ferdig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

24. april 2010

William Golding: Lord of the Flies (1954)

Eg veit ikkje heilt kva som skjedde her. Kanskje det var av di romanen er sett opp som teaterstykke i Oslo akkurat no, kanskje det var av di eg las noko om denne boka, men det slo meg i alle fall at denne boka burde eg lesa. Boka vert omtala som ein moderne klassikar, Golding fekk nobelprisen i litteratur, og eg tenkte at det kunne vera bryet verdt. Det var det ikkje.

Eg hadde ikkje lese mange sidene før det slo meg at eg må ha lese denne boka før. Ho kan ikkje ha gjort stort inntrykk, det eg hugsa var at det var nokre gutar som var stranda på ei tropisk øy, og at dei etter kvart delte seg i to gjengar. Stort meir er det heller ikkje ved denne boka. Den eine gjengen omtalar seg som jegerar, og gjer sitt beste for å drepa nokre villsvin ved hjelp av trespyd. Den andre gjengen er meir kultivert, og vil heller bruka tida på å byggja gode hytter, og å passa på at bålet på det høgste punktet på øya aldri sloknar, slik at dei kan verta redda.

Stemninga mellom dei to gruppene vert dårlegare og dårlegare, og etter at to av dei kultiverte er drepne, prøver jegerane å få tak i leiaren av den andre gruppa. Dei tenner på jungelen der han har gøymt seg, og røyken frå denne brannen vert sett av folk i ein båt på veg forbi øya, slik at gutane vert redda.

Boka kom ut kort tid etter andre verdskrigen, og er kanskje meint som ei bok som viser at det ligg noko vondt i oss alle. Det vonde kan veksa fram i alle samanhengar, også der det er så få samla at dei opplagt burde stå sterkare om dei var samla. Dei som ropar høgast får viljen sin, sjølv om dei andre har betre argument. Og viss ein ikkje når fram verbalt, kan ein ty til vald. Boka sparkar altså beina under det gamle munnhellet om at pennen er sterkare enn sverdet. Boka er fort lesen, og fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. april 2010

Crazy Heart (2009)

I Crazy Heart spelar Jeff Bridges ein litt for rutinert countryartist, Bad Blake. Han nærmar seg dei seksti, og lever eit monotont og relativt keisamt turnéliv: Han opptrer på små klubbar, der han kvar kveld vert backa av eit lokalt band, der publikum ikkje er spesielt mange, og der han plukkar med seg ei dame frå publikum kvar kveld.

Blake har vore omtalt som ein slektning av The Dude i The Big Lebowski. Dei er kanskje fjerne slektningar, men det er meir som skil dei enn som bind dei saman. Det dei har til felles er ein hyppig bruk av rusmiddel, for Blake sin del er det stort sett whisky. The Dude er godt nøgd med det han har, Blake er misnøgd, og går òg til noko så lite dudesk som å slutta å drikka. Likevel - også filmskaparane må ha vore klar over denne likskapen. Filmen opnar like godt med at Blake skal ha konsert i ein bowlinghall.

Det som endrar livet til Blake er ein journalist han møter. Dei likar kvarandre godt, og held kontakten, og etter ei tid tek ho med seg den fire år gamle sonen sin på eit helgebesøk til Blake. Der skjer det seg; Blake skal passa sonen nokre timar, men medan han nett er ein liten tur innom ein bar for å få seg eit glas, forsvinn guten. Han dukkar opp att, men mora kan ikkje stola meir på Blake. Han legg vekk flaska, og bruker i staden tida på å skriva nokre nye songar, slik ei ung countrystjerne har bede han om. Akkurat her burde filmen ha fått ein heilt open slutt, men det kjem i staden ein kort epilog. Seksten månader seinare er Blake a) velståande, av di ein av dei nyskrivne songane hans har vorte ein slager for den unge countrystjerna, b) edru, og c) igjen på talefot med journalisten. Sjølv om ho har funne seg ein ny, vert denne happy endinga litt for happy, og bryt for mykje med tonen i filmen.

Historia er ikkje altfor original, men Bridges bergar filmen. Han er solid gjennom heile filmen, og det ser til og med ut som om han syng og spelar gitar sjølv. Handlinga er lagt til dei sørvestlege statane i USA, slik at det vert mange passeleg fine naturbilete. Ein fin film, sjølv om dei som ventar seg ein ny Lebowski altså vert skuffa. Eg trur ikkje eg lo ein einaste gong.

Guffen tilrår.

21. april 2010

Twin Peaks (fyrste episode, 1990)

Det stod nyleg noko i eitt blad eller på ei nettside om at det var tjue år sidan den fyrste episoden av Twin Peaks vart vist i USA. Hausten 1990 kom serien på NRK, og eg fylgde sånn nokolunde med på han då. Opningsepisoden såg eg saman med Kjartan og Arnfinn, og eg hugsar at etter at episoden var slutt, sa Arnfinn noko slikt som "fy fan kor bra det var", utan ironi i røysta.

Serien var laga av David Lynch og Mark Frost, og det vart laga rundt 30 episodar. Eg budde i Bergen då serien var vist, og hadde ikkje fjernsyn. Det var ein av grunnane til at eg ikkje fekk sett alt, ein annan grunn var at eg var ein god månad i USA rundt nyttår, og der var serien komen mykje lenger. I ei amerikansk avis slumpa eg til å lesa kven som var mordaren, og då var det spenningsmomentet vekke. I tillegg vart serien gradvis dårlegare, etter at David Lynch trekte seg ut, og eg såg ingen av dei siste episodane. For nokre år sidan såg me heile serien på DVD, og inntrykket var det same som i 1990. Det heile opnar svært bra, og dei 14-15 fyrste episodane held mål. Deretter går det feil veg.

Etter at eg las om jubileet til serien nyleg, fann eg fram DVD-en, og såg pilotepisoden på nytt. Det er ei flott opning på serien. Det opnar med at liket av Laura Palmer vert funne på ei strand i byen Twin Peaks, innpakka i plastikk. Den lokale sheriffen får assistanse av ein FBI-agent. Me vert, ikkje uventa, presenterte for mange av innbyggjarane i byen, og det er fascinerande korleis dei aller, aller fleste anten har noko å skjula, eller har ein større eller mindre fysisk eller psykisk skavank. Her er folk som driv med narkotika, her er folk som er utru, her er folk med berre éin arm, her er ei dame som heile tida ber på ein vedkubbe, her er kvinner med valdelege sambuarar, osb. FBI-agenten passar såleis godt inn, han kan koma med raske og kloke innsiktar, som gjer at sheriffen kjenner seg som Dr. Watson, men han kan òg utan varsel reflektera over heilt andre ting.

Etter denne episoden er det uråd å vita kven som har drepe Laura Palmer. Men det vert sjølvsagt hinta om ein tre-fire som kunne hatt grunn til å gjera det, og det vert hinta om fleire som er svært valdelege. Det er godt laga, det er spanande, samstundes som det er nok å le av. Og bakom syng skogane - av og til kjem det nokre sekund med svære tre som bøyer seg i vinden, og dei er med på å skapa ei kjensle av uhygge. Ein eller annan stad, kanskje ute i skogen, gøymer det seg ein eller fleire mordarar. Og serien har òg ein musikk som byggjer opp under denne stemninga.

Eg kjem ikkje til å sjå heile serien igjen, ikkje enno i alle fall. Men det var stas å henta fram denne episoden.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

19. april 2010

Jan Inge Sørbø: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009)

Samlaget skal ha mykje ros for satsinga på biografiar dei siste åra. Dei er ikkje åleine om det, det kjem ut mange biografiar kvart år, men fleire av biografiane Samlaget har gitt ut handlar om tidlege nynorskforfattar. Me har til dømes fått svært gode biografiar om Sivle og Blix, og litt mindre gode, men likevel informative og viktige biografiar om Sande, Vaage og Moren Vesaas. Alt er ikkje fryd og gaman, biografien om Løland kunne godt ha vore kutta ned til det halve.

Denne biografien om Olav Aukrust burde ikkje vore kortare. Sørbø presenterer livet til Aukrust, så godt det let seg gjera, og han går òg inn i dei viktigaste av dikta hans. Kortversjonen av livet hans er at han voks opp i Lom, arbeidde nokre år ved folkehøgskular, gav ut to diktsamlingar, og var ein religiøs grublar som døydde 46 år gamal. Sørbø skriv at han ikkje veit alt om Aukrust, det er til dømes uklart kvar han fekk inntekter nok. Truleg var antikvitetar den viktigaste inntektskjelda - han kjøpte og selde mange gamle ting. Ei stor samling vart kjøpt av Lom kommune, og den danna grunnlag for det som i dag er Lom bygdemuseum. Ei anna samling vart kjøpt av Jørgine Bloomer, som utvandra frå Bøverdalen og slo seg stort opp i USA. Det er kjent kva Aukrust fekk for å selja desse samlingane, men han må ha betalt litt for dei òg, og det kjem ikkje klart fram kor mykje han tente. Men han tente nok til å byggja eit eige hus på farsgarden, og til å (stort sett) leva av diktinga i 1920-åra.

Aukrust var ikkje av dei mest produktive diktarane. Det kom berre ut to samlingar medan han levde, Himmelvarden i 1916, og Hamar i Hellom i 1926. Det er mykje religion i dikta hans, og eg dett litt av i skildringa av dei ulike truene han vekslar mellom. Han skriv òg mykje om eige liv, der det mest dramatiske er at han heile det vaksne livet sitt vert dregen mellom to kvinner, som like godt er systre.

Sørbø har nytta kjeldene godt. Det har vore skrive godt om Aukrust tidlegare òg, og han bruker sjølvsagt desse bøkene, men han har hatt like mykje nytte av fleire samlingar med brev frå Aukrust. Boka fekk meg til å finna fram Dikt i samling, og det er alltid eit godt teikn. Eg skjønar ikkje alt Aukrust skriv om, langt derifrå, men eg vert riven med av språket hans, som er sterkt og godt.

Guffen tilrår.

Meir Sørbø på kulturguffebloggen
Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Fargo (1997)


Eg heldt på med hovudfag då denne filmen kom, i 1997, og skreiv ei oppgåve om Norsk Høstfest i Minot, Nord-Dakota. Alle hovudfagsstudentar måtte halda to obligatoriske innlegg, og i det fyrste presenterte eg empirien eg la til grunn for oppgåva. Eg snakka mellom anna om korleis andre amerikanarar såg på norskamerikanarar, og at dei vart sett på som trege, enkle og jordnære menneske som oftare stakk fingeren i jorda enn i bokhylla. Etter innlegget var det ein god runde med spørsmål og kommentarar. Etter tre kvarter dabba det heile av, og eg var på nippet til å seia at det var fint at ingen spurde om eg hadde sett Fargo, sidan det var eit spørsmål mange andre hadde stilt meg. Før eg fekk opna munnen, stakk Birger opp handa og spurde om eg hadde sett Fargo.

Spørsmålet var ikkje uventa. Filmen handlar om ei kidnapping som går heilt galt, der er nok av skyting og vald, mot slutten kjem det ei rimeleg sterk scene der det sprutar mykje blod, men trass i alt dette ser eg på filmen nesten som ein feelgood-film. Coen-brørne har teikna eit fint og sympatisk portrett av den norskamerikanske kulturen, ein kultur dei kjenner godt. Dei voks sjølve opp i Minnesota, ein av statane der det er mange norskamerikanarar. Det er vanlege folk som bur der, gode, vanlege folk. I filmen kjem dette best fram i ekteskapet mellom Marge og Norman Gunderson, ho er sheriff, han målar andebilete. Det går ikkje an å vera meir normal enn Norm, som kanskje snakkar aller tregast av alle i heile filmen.

Dei innfødde går seint, snakkar seint, og dei bruker få ord når dei snakkar. Filmen har det same rolege tempoet, i alle fall når scenane handlar om dei lokale. Dei bruker òg den flate prærien godt, der er mange flotte scener der bilar køyrer gjennom eit flatt, snødekt landskap.

Som i Raizing Arizona er dei gode elementa på plass. Gode replikkar, uventa vendingar i historia, valdsmenn som ikkje skyr noko, personar med altfor lite i hovudet, god humor, og store enkeltscener. Forskjellen er at i denne filmen er dei utlærte, og filmen er ein av dei aller, aller beste filmane dei har laga.

Som vanleg i ein god Coen-film har ein person laga ein plan som går til pisis. I denne filmen er det Jerry Lundegaard, ein bilseljar med litt for dårleg økonomi, og litt for rik svigerfar. Han får nokre kriminelle til å kidnappa kona hans, og planen er at svigerfaren skal betala løysepengar. Han har tenkt å ta det meste av løysepengane sjølv, for å koma i økonomisk balanse.

Planen er god, men det heile går sjølvsagt galt. I alt vert sju personar drepne, dei fleste av desse vert drepne av di dei var på feil stad til feil tid. Både kona og svigerfar til Lundegaard vert drepne, det same vert ein av dei to kidnapparane. Den andre kidnapparen vert sett i fengsel, og det same vert Lundegaard. Det meste av pengane vert gravd ned i snøen på prærien i Minnesota.

Filmen opnar med ei melding om at dette er basert på ein sann historie. Det er sjølvsagt berre tull, men folk trur det dei les. Det kan føra til litt av kvart. På DVD-en er det to finfine filmar om Fargo, og i den eine av desse vert det fortalt om ei kvinne frå Japan som miste livet etter ei veke i Minnesota. Ho vart mellom anna sett gåande langs ein hovudveg på grensa til Nord-Dakota, og då politiet spurde kva ho dreiv med, svara ho at ho leitte etter kofferten med pengane frå filmen. Ei tid etter at filmen hadde hatt premiere skreiv ei avis at filmen slettes ikkje var basert på ein sann historie. Coen-brørne sende inn eit lesarbrev der dei sa at dei skulle gjera det dei kunne for å finna den skuldige, at dei skulle finna ut korleis dette kunne skje, og at slike ting ikkje ville skje igjen.

Filmen er full av godt skodespel. William Macy er best, han er glimrande som den smånervøse bilseljaren, og har eit fjes som er skapt for denne rolla. Dialogane i filmen er òg framifrå, det handlar ikkje berre om dei norskamerikanske talemåtane, det handlar òg om dei gode formuleringane. Det er ein flott film, på alle måtar, som eg gjerne ser endå fleire gonger.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 2 (2015)

Raising Arizona (1987)

Dette er den andre spelefilmen Coen-brørne laga. Dei er ikkje heilt utlærte enno, det er ikkje heilt slik det vert seinare, men mange av dei gode elementa deira er på plass. Gode replikkar, uventa vendingar i historia, valdsmenn som ikkje skyr noko, personar med altfor lite i hovudet, god humor, og store enkeltscener. To skodespelarar dei bruker ofte, Frances McDormand og John Goodman, er med; Goodman for fyrste gong, McDormand for andre.

Filmen handlar om den notoriske banditten Hi, som ranar bensinstasjonar, og går inn og ut av fengsel. Han vert kjend med fengelsassistenten Ed. Dei gifter seg, han får seg jobb, men då det viser seg at dei ikkje kan få ungar, vert dei samde om at dei skal stela ein av femlingane til ein rik møbelseljar i nabolaget. Dei stel ungen, og etter ein runde med komplikasjonar, der to bandittar Hi kjende frå fengselet, og ein motorsyklist frå Helvete begge har ungen ei kort stund, leverer dei filmen tilbake.

Filmen verkar litt uforløyst. Det er altså mykje bra, her er mykje å smila og le av, men det tek aldri heilt av. Scena då dei to bandittane bryt seg ut av fengselet er stor, og det same gjeld dei fleste scenene med han på motorsykkelen. Likevel vert det samla sett ikkje noko meir enn ein heilt grei film. I alle fall sett opp mot andre Coen-filmar.

Holly Hunter er strålande i rolla som Ed. Nicholas Cage er fin som Hi. Og tekstinga på DVD-en er skrekkeleg dårleg.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

16. april 2010

Beautiful Dreamer: Brian Wilson and the Story of 'Smile' (2004)

På denne DVD-en er det nokre ekstraspor, og eitt av dei seier eigentleg alt. Plata Smile vart urframført i London i februar 2004, og ein del tilfeldige publikummarar vert intervjua på veg ut frå konserten. Fleire av dei ser ut som om dei knapt kan tru det dei har sett, og omtalar dette som den beste kvelden dei har opplevd.

Det er nærliggjande å dra parallellar til kristendommen, eller til andre religionar. Plata Smile stod opp frå dei døde, og det er denne reisa denne filmen fortel om. Det er ein fantastisk film.

Beach Boys var eitt av dei mest populære banda i 1960-åra. Dei gav ut ei lang rekkje med hitsinglar, men for Brian Wilson, komponisten og den musikalske hjernen i bandet, var ikkje dette nok. Han ville vidare, han måtte vidare. Etter kvart turnerte dei andre utan han, medan han var i studio for å laga musikk, og for å spela han inn.

Saman med The Beatles førte han popmusikken inn på nye vegar. Frå kvar si side av Atlanteren prøvde dei å finna nye lydar, nye måtar å spela inn musikk på. Beach Boys gav ut Pet Sounds i mai 1966; The Beatles gav ut Revolver tre månader seinare. Då var Wilson alt i gang med Smile, og alle som snakkar om den innspelinga på denne filmen er samstemde: Han var i ferd med å toppa sjølvaste Pet Sounds. Slik gjekk det ikkje. Han var ustabil, psykisk sett, og då Beach Boys kom attende frå ein turné i Storbritannia og fekk høyra det han hadde spelt inn, var Mike Love, ein av gruppemedlemmane så kritisk at Wilson mista piffen. "He hated it", seier Wilson i filmen. Ein annan grunn var at under innspelinga av "Mrs. O'Leary's Cow", ein song om ei ku som skal ha starta den store bybrannen i Chicago i 1871, brann eit hus i nabolaget ned. Wilson, som vart gradvis meir ustabil, var overtydd om at det var songen hans som var skuld i den brannen. Nokre av songane dei spelte inn vart brukt på andre plater, men Smile-prosjektet vart lagt på is. Ein annan ting som bremsa entusiasmen hans var at han høyrde "Strawberry Fields Forever" på radio, og innsåg at Beatles hadde slått han.

Wilson braut etter kvart med Beach Boys, og trekte seg langt vekk frå rampeljoset. Smile var på god veg til å verta den beste plata som aldri hadde vorte utgitt. I 2003, omtrent, framførte Wilson ein av Smile-songane (Heroes and Villains?) på ein konsert til ære for seg sjølv, og fekk ein ekstrem respons frå salen. Uventa nok gjekk han i ettertid med på å framføra plata på nokre konsertar i London, og øvingane fram mot denne konserten står sentralt i den andre delen av filmen.

Darian Sahanaja (frå The Wondermints) skal ha mykje av æra for at Wilson kom i mål. Han arbeidde mykje med Wilson, både på tomannshand og saman med fleire. Den tredje av dei mest sentrale var tekstforfattaren Dyke Van Parks, som kjem inn igjen i prosjektet av di Wilson ikkje greier å hugsa alle tekstane.

Øvingane er flott filma, og viser korleis Wilson kjem gradvis attende til musikken. Dei fyrste øvingane er heime hjå han, og med unntak av eit lite keyboard er det berre vokale øvingar. Wilson sit berre og ser på dei andre, av og til ser han ut som om han har sovna, men etter nokre dagar nynnar han litt med, før han tek steget heilt ut. Stemma hans er ikkje som den var, men han syng greitt nok.

Før den fyrste konserten i London er Wilson, ikkje uventa, meir nervøs enn nokon gong før. Men konserten vert ein triumf, publikum er i ekstase, og dei får ti minutt ståande applaus. Sahanaja seier at det var endå meir applaus dagen etter.

Det er altså dette filmen handlar om - den avbrotne innspelinga av Smile i 1967, og korleis plata endeleg vart utgitt i 2004. Ei rekkje musikarar og vener av Wilson snakkar på filmen, og Wilson fortel sjølv om korleis han opplevde 60-åra, og den nye innspelinga. Han verkar redusert, men verkar veldig open, det ser ut som om han seier ting slik han opplevde. Ingen andre av medlemmane i Beach Boys er med. Der er ei rekkje store scenar i filmen. I eit fjernsynsprogram frå omtrent 1966 snakkar Leonard Bernstein om kvalitetane i popmusikken, og der spelar Wilson "Surf's Up" åleine, på piano. Fabelaktig. Scenene frå øvingane er gode, og du skal vera bra turr om hjarta viss du ikkje får klump i halsen då Van Dyke Parks kjem opp på scena etter den fyrste konserten, for å ta mot litt applaus saman med Wilson.

Wilson turnerte seinare med Smile, og spelte i Oslo sommaren 2004. Eg var der, med større og større klump i halsen. Dei avslutta med "Good Vibrations", og den framføringa gjekk rett inn på topp fem-lista over ting eg har høyrd frå ei scene. Wilson sat der og dingla med føtene, og koste seg som ein liten unge. For ein mann. For ein song. For ei plate. Og for ein film.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)

12. april 2010

Bill Bryson: The Lost Continent (1989)

Å skriva om reisene sine er litt for vanleg. Mange av dei som skriv greier ikkje å gjera det godt nok, det vert for keisamt og uinteressant. Difor er det forfriskande med forfattarar som Bill Bryson, som skriv gode og underhaldande reisebøker. Den generelle handlinga hans til folk og stadar er glimrande, og det er ikkje akkurat noko minus at språket òg er godt.

Viss han møter noko skvip, eller viss han møter folk som ikkje er noko å samla på, skriv han det rett ut. Det kjem òg rett som det er uventa vendingar, som dette avsnittet om ein gong han er innom ein kyrkjegard i Vermont: "Such a sad place! I stood there in the mild October sunshine, feeling so sorry for all these luckless people and their lost lives, reflecting bleakly on mortality and my own dear, cherished family so far away in England, and I thought, 'Well, fuck this', and walked back down the hill to the car."

Bryson er amerikansk, frå Des Moines, Iowa. Boka er delt i to, han reiser fyrst gjennom statane aust for Iowa, før han eit halvt år seinare reiser gjennom statane i vest. Utgangspunktet hans er at han vil reisa i sine eigne fotspor, han vil sjå om det han opplevde som fascinerande som liten gut framleis har same statusen. Boka opnar med at han skildrar korleis familieferiane var på 1950-talet, og far hans kjem ikkje spesielt godt ut av desse skildringane. Faren får stort sett gjennomgå gjennom heile boka, før han heilt mot slutten, nesten på ein angrande måte, fortel at faren var sportsreporter, og hadde eit stort namn i slike krinsar.

Grunnen til at han deler landet i to, er truleg at han då boka vart skriven budde i England, og at han tok ein pause i reisinga for å vera hjå familien sin der. Skildringa av turane gjennom aust-statane er best; her møter han fleire folk, og fleire folk han ikkje likar. Han irriterer seg over dårlege kelnerar, han irriterer seg over dårlege og lite informative attraksjonar, han irriterer seg generelt ofte. Han er gjerrig, og gler seg dei gongene servicen er så dårleg at han slepp å gje tips.

At han vitjar heimlandet sitt etter fleire år i England, gjer at han ser det heile både frå innsida og utsida. Han er skuffa over mykje av det han ser, og er ikkje akkurat nøgd med alt han ser. Han vitjar ein kollega ved eit universitet i Iowa, og dei drøftar nivået på studentane. Dei er samde om at det er gale nok at folk ikkje kan skriva eller lesa, eller at dei ikkje les bøker i det heile, men det verste av alt er at studentane ikkje røyker hasj meir. I gamle dagar var det annleis: "On any list of going to the University of Iowa, smoking dope took up at least two of the first five places. "Then what are they here for?" "They're getting an education. Can you believe that?"

Omtrent på kvar side finst det setningar som får meg til å smila. Boka er lettlesen, og då eg for mange år sidan las ho for fyrste gong, las eg fleire Bryson-bøker i same slengen. Det gjer eg ikkje denne gongen, men mange av dei andre bøkene er òg verdt å lesa. Alt han skriv er nok ikkje sant, korkje i reisebøker eller i andre bøker, men det kan ikkje vera så viktig.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
Notes from a Small Island (1995)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)

11. april 2010

James W. Loewen: Sundown Towns (2005)

Ei einaste gong har det vore sleppt sprengstoff frå fly mot mål på det amerikanske kontinentet. Det var i 1921, då kvitingar gjekk til angrep på dei svarte bydelane i Tulsa, Oklahoma, og sleppte dynamitt ned frå fly. Kvifor? Dei ville ha ein by der berre kvite kunne bu. Det gjekk ikkje, Tulsa var ein altfor stor by.

Andre stader fekk dei det til. Byar vart reinsa for negrar, og det vart oftast sett opp skilt ved vegar som førte inn til byen. Desse skilta åtvara negrar - kom dei inn i byen, måtte dei vera ute igjen ved solnedgang. Desse skilta gav namn til slike byar, som vart kalla Sundown Towns. Denne boka er den fyrste omfattande studien av slike byar.

Den amerikanske borgarkrigen, 1861-65, braut ut grunna usemje om retten til å ha slavar. Nordstatane vann, og i tida fram til 1890 kunne negrar busetja seg omtrent kvar dei ville. I dei femti åra fram til andre verdskrigen, derimot, var negrar omtrent fritt vilt. Dei vart jaga ut av mange byar, over store delar av USA.

Færrast Sundown-byar var det i Sørstatane. Loewen har ikkje undersøkt alle byar overalt. Han bruker folketeljingar som hovudkjelde, og det seier seg sjølv at det ville vore for tidkrevjande å gå gjennom folketeljingane for alle byar i USA. Dette er likevel ikkje nok, det kan vera andre grunnar enn rasisme til at det berre bur kvitingar i ein by.

Måtane byane vart reinska på var forferdelege. Ein vanleg modell var at ein neger vart skulda for eit brotsverk, gjerne ein valdtekt. Gjerningsmannen sjølv vart lynsja, ofte saman med andre negrar, og alle andre vart drivne ut av byen. Det var ikkje uvanleg at dei måtte ut på timen, men det hende òg at dei fekk nokre dagars varsel.

Ein av byane Loewen stadig kjem attende til, er Anna, Illinois. Måten dei vart Sundown på er typisk. I 1909 vart Anna Pelley, ei 24 år gamal kvit kvinne, drepen i Cairo, ein by 45 km sør for Anna. Politiet fanga ein neger, som fekk status som mistenkt, basert på at ein blodhund sniffa seg fram til huset hans. Ei folkemengd samla seg utanfor fengselet, og kravde å få den mistenkte utlevert. Politiet nekta, dei sa at det langt frå var sikkert at han var skuldig. Stemninga i byen vart verande dårleg, og nokre dagar seinare tok politiet han med seg på eit tog nordover i Illinois, der stemninga var betre. Problemet var at toget gjekk gjennom Anna, der lynsjestemninga var endå verre. Dei gjekk difor av toget langt utanfor Anna, og det oppstod ein absurd situasjon: To politimenn og ein mistenkt kar lurte seg fram gjennom skogen, redde for ei folkemengd som ville lynsja ein mann som godt kan ha vore uskuldig. Det gjekk som det måtte gå - negeren vart funnen, og ført attende til Cairo. Der hengde dei han, før tilskodarane skaut rundt 500 kuler inn i liket. Det vart deretter drege gjennom gatene til staden der Pelley vart drepen. Der vart liket brunne opp. Same kveld vart alle negrar drive ut av Anna. Der er framleis eit monument i Anna til minne om Pelley. Då Loewen vitja Anna i arbeidet med boka, fekk han stadfesta at folk i området trur at Anna står for "Ain't No Niggers Allowed".

Med unntak av pasientar på eit psykiatrisk sjukehus bur det framleis ingen negrar i Anna. Det var det som overraska meg mest med boka - der finst framleis hundrevis, kanskje tusenvis, av Sundown-byar. Dei fleste av desse er småe, slik dømet med Tulsa viste, er det vanskeleg å reinska større byar. Der løyste dei det annleis - i nokre bydelar var det berre kvitingar som fekk kjøpa hus. Der gater går direkte frå ein Sundown-bydel til ein bydel for svarte, kan det gjerne vera sperringar tvers over vegen.

Korleis fekk negrar vita at dei ikkje burde besøka ein by? Det stod altså skilt ved vegar inn til byen, slike skilt kan ha stått såpass nyleg som i 1990-åra. Tekstane kunne variera, ein mykje brukt variant var "Nigger: Read and run. If you can't read, run anyway". For dei som ikkje kunne lesa var det vanleg å måla eit svart esel ved vegane; Loewen veit om to slike som framleis finst. Nokre stader var det ei sirene som signaliserte at negrar måtte koma seg ut. I Villa Grove, Illinois, vart denne sirena fjerna i 1999, og grunnen var slett ikkje at det var ein ufin skikk. Kvitingane i nabolaget klaga på den høge lyden.

Det er ei grundig bok, som drøftar emnet frå alle moglege vinklar. Han skriv mellom anna om korleis kvitingar som veks opp i Sundown-byar sjølvsagt vert påverka av at der berre er kvitingar i byen. Dei vert redde for alle andre. Ein av dei tinga som ikkje overraskar i boka, er at både George W. Bush og Dick Cheney gjekk på ein Sundown-highschool. Eller at Bush no er busett i ein Sundown-by.

Det er ei tung bok å koma gjennom. Ikkje berre av di ho er tjukk, og skriven i eit tidvis litt for akademisk språk, men av di det er ei bok som gjer meg forbanna og trist. Eg måtte bryta opp lesinga med bøker som var litt lettare (på alle måtar). Eg undra meg òg over kvifor eg ikkje har høyrt om dette før? Områda med flest Sundown-byar i dag er i Midtvesten og i det nord-austlege USA, og dette er område eg har vore mykje i. Fleire av byane som er omtalte i boka har eg vore i; eg kjenner folk som bur i andre. Likevel har dette aldri vore nemnt.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Lies Across America (1999)
Lies my Teacher told Me (2007)

4. april 2010

Farvel Falkenberg (2006)

Me budde nokre år i Volda, og eitt av dei kulturelle høgdepunkta der var Dokumentarfilmfestivalen. For ein sleik og ingenting fekk du sjå så mange dokumentarfilmar du greidde, og spesielt dei tidlegaste åra var der mange sjarmerande godbitar. Eitt år viste dei ein svensk film som, så vidt eg hugsar, fekk både juryprisen og publikumsprisen. Eg hugsar korkje tittel eller regissør, men filmen handla om fire unge menn i ein liten by i Sverige.

Farvel Falkenberg vart på omslaget omtalt på ein liknande måte, og ei stund funderte eg på om dette var ein langfilm, basert på dokfilmen frå nokre år sidan. Filmen leikar at han er ein dokumentarfilm, men me var skeptiske heilt frå starten. Etter kvart vart det tydeleg at dette er ein spelefilm. Han handlar om fem unge menn i byen Falkenberg. Ingen av desse har altfor store ambisjonar, dei vil stort sett berre rusa seg, bada, eta, og ha det kjekt. Dei har planar som det ikkje vert noko av, og dei er svært usikre på om dei nokon gong kjem seg vekk. Eller om dei har lyst vekk.

Både filmen og hovudpersonane er rimeleg laidback. Det heile endrar seg midtveges i filmen, når ein av dei fem tek livet av seg. Då vert det meir alvor, melankolien som har lege som ein undertone gjennom heile filmen vert meir dominerande. Her er fine portrett, og fleire fine sekvensar, men eg vert litt likegyldig til det heile. Det kan henda at dette skuldast at DVD-spelaren i heimen ikkje greidde å spela av heile plata, slik at me såg siste del av filmen på ein liten PC-skjerm, men likevel. Det vert aldri meir enn sånn passeleg interessant.

Guffen er lunken.