30. desember 2009

Hans Olav Lahlum: Haakon Lie. Historien, mytene og mennesket (2009)

Eg les mange biografiar. Dei fleste handlar om musikarar, nokre handlar om skodespelarar, nokre handlar om målfolk, og nokre handlar om heilt andre folk. Politiske biografiar har eg lese få av, i farten kjem eg berre på den fine biografien Frank Rossavik skreiv om Einar Førde, Stikk i strid. Om denne Haakon Lie-biografien er starten på ei ny lei, veit eg ikkje, men det er i tilfelle ein grei plass å ta til.

Boka er grundig og informativ, og Lahlum har gjort god bruk av ei rekkje kjelder, munnlege som skriftlege. Han har gjort ei mengd intervju med folk som stod Lie nær, og ei mengd andre folk; han har brukt mange bøker, og har òg hatt tilgang til fleire personarkiv, fyrst og fremst arkivet etter Lie. Lahlum var den fyrste forskaren som fekk tilgang til akkurat dette arkivet.

Haakon Lie var aktiv i norsk arbeidarrørsle frå 1920-åra til han døydde tidlegare i år, godt og vel 103 år gamal. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet i 24 år, frå 1945 til 1969, og var såleis svært sentral i norsk politikk i etterkrigstida. Som partisekretær var han strategen bak dei gode valkampane til partiet, som i denne perioden hadde sterk kontinuitet på leiarsida. Einar Gerhardsen var partiformann 1945-65 og statsminister i den same perioden, med unntak av 1951-55, og nokre veker i 1963; Trygve Bratteli var partinestformann 1945-65; og Konrad Nordahl var formann i LO 1939-65. Også redaktørane i partiavisa Arbeiderbladet sat lenge, mellom 1923 og 1974 hadde avisa berre tre redaktørar. Lie stod såleis sentralt då Noreg gradvis vart ein velferdsstat, og Arbeidarpartiet hadde fleire gonger i denne perioden reint fleirtal på Stortinget.

Sett frå utsida var det altså ei harmonisk og samstemd partileiing. På innsida var motsetnadene større. Lie og Gerhardsen stod på kvar sin fløy i partiet, og gradvis vart det større avgrunn mellom dei. Lie sokna til høgresida i Arbeidarpartiet. Han var ein nær ven av USA og av Israel; og Lahlum sporar begge desse venskapane attende til andre verdskrigen. Då var Lie lenge i USA, og fekk sansen for landet, for å seia det mildt. Han fekk òg sterk sympati for jødane under andre verdskrigen, og den nære venskapen med Israel heng saman med dette. Mot slutten av livet nyanserte han oppfatningane sine av desse to landa. Tidlegare var dette ein av måtane han kategoriserte andre personar på - var dei usamde med han i synet på Israel, var dei ikkje noko å samla på.

Lie hadde ein brysk og lite sympatisk veremåte. Han hadde eit heftig temperament, og brukte ofte ord som ikkje passa i samanhengen. Han var likevel stor nok til å be om orsaking, der det var behov for det, og han kunne òg skifta syn på personar, i alle fall der dei ikkje hadde kritisert han offentleg.

Lahlum har arbeidd lenge med biografien, og har ikkje greidd å styra unna ei felle som er vanleg for biografar. Han får eit litt for nært forhold til personen som vert biografert, og har lett for å forsvara han, der andre kunne drege andre konklusjonar. Han skriv fleire stader at Lie mot slutten av livet vart eit nasjonalt ikon, og det slit eg med å akseptera. Ein slik tittel kan ikkje delast ut i tide og utide, og kan ikkje brukast om ein person som vert ikonifisert av berre delar av landet. For arbeidarrørsla heng Lie høgt, men det er ikkje nok. For dei politisk interesserte - kanskje. For dei generelt interesserte - neppe. Alle dei andre, som jo er i stort fleirtal, anar truleg ikkje kven Haakon Lie var, og veit i alle fall ikkje nok om han til å omtala han som eit nasjonalikon.

Språket i boka er ikkje alltid like godt. Ein ting er at han heile tida omtalar både Lie og Gerhardsen med både førenamn og etternamn, ofte hektar han òg på titlane deira. Ein annan ting er at mange setningar og avsnitt ikkje er gode. Han skriv til dømes "Den 48 år gamle Einar Gerhardsen var oligarkiets mektigste medlem. Trygve Bratteli var med sine 35 år yngst, og Haakon Lie med sine 40 år nest yngst. Med sine 66 år var Martin Tranmæl den klart eldste. De to skulle da også bli sittende lengst." Kven er "de to"? Og han skriv "Var det en realitet eller myte? Bruker man en snever definisjon etter tysk modell, ... er svaret etter alt å dømme nei".

Han bruker òg det han omtalar som totempometoden, der boka har eit annotert notesystem. Det irriterer. At alle reine referansar er plasserte til slutt, er sjølvsagt greitt, men at så mykje viktig informasjon er samla i sluttnotar, er berre tull. Han meiner at allmennlesaren vil finne det ho/han treng i basisteksten, medan ekspertlesaren finn mykje av nytte i dei rundt hundre sidene med notar. Finst det allmennlesarar på ein 780 sider lang biografi, sluttnotane medrekna? Dei som les denne boka, vil heile tida bla fram og attende, for å sjå kva som står i notane, og då hadde det vore betre å ha alt samla. Eventuelt å samla reine referansar til slutt, og å ha informative fotnotar fortløpande gjennom boka. Nokre stader kjem vurderingane til Lahlum i sluttnotane. I basisteksten skriv han at Lie i 1991 fekk Eilert Sundts forskingspris. I ein sluttnote står det "prisutdelingen må ut fra tidligere nevnte innvendinger mot Haakon Lies bøker som forskningsarbeider sies å være høyst diskutabel". Kvifor allmennlesaren skal sparast for denne vurderinga, er ikkje godt å seia.

Guffen tilrår.

22. desember 2009

It's a Wonderful Life (1946)

Det vert kanskje ikkje meir amerikansk enn dette, men er det noko denne bloggen viser, så er det at eg er storforbrukar av amerikansk kultur. Denne filmen er ein av dei store amerikanske filmane, ein alle kjenner, og ein som går på alle fjernsynskanalar i vekene før jol.

Det var slik eg såg han fyrste gong. Eg budde nokre månader i Colorado i 1988, og kona i familien eg budde hjå meinte at eg burde sjå filmen. Han gjorde ikkje større inntrykk då. Filmen var òg ein gjengangar på desemberprogrammet til Bergen Filmklubb, men eg såg han aldri der.

No, godt og vel tjue år etter at eg såg han fyrste gong, likte eg han betre. Viktigaste grunnen til at filmen vart sett opp på joleprogrammet i den lokale filmklubben for at ho eg bur saman med skulle få ein god dose jolefilm. Etter ein time meinte ho at det var litt for lite jol, og sovna like godt. Ho gjekk glipp av det mest sentimentale i heile filmen, og omtrent alt som hadde med jol å gjera.

James Stewart spelar hovudrolla, som George Bailey, ein mann som aldri kom seg ut frå heimbyen, og som er komen opp i ei lei økonomisk beine. 8000 dollar har forsvunne frå kassa til firmaet han driv, og rekneskapsføraren lurer på kvar desse pengane har teke vegen. Me som ser filmen veit at herr Potter, den mektigaste mannen i byen, ved eit hendeleg uhell har fått tak i desse pengane, men Bailey veit ikkje det. Han har levd eit ærleg liv, og no vert skamma så stor at han vurderer å ta livet av seg. Skytsengelen hans dukkar opp, og viser han at han har levd eit godt liv, ved å ta han med gjennom byen slik byen ville ha vore viss Bailey ikkje hadde levd. Bailey droppar planane om å ta livet av seg, reiser heim, og filmen får ein av dei happyaste endingane nokon gong. Alle kjem med pengegåver til han, dotter hans er frisk igjen, og det strøymer på med musikk og smil og alt som er stas, og alt er klart for ei god jol i ein god amerikansk familie.

Det vert litt i meste laget, men berre litt. Det er omtrent slik det skal vera, i ein Hollywood-film der det er heilt tydeleg at alle utandørsscenene er filma i studio. James Stewart er som vanleg glimrande, og filmen er vel verdt å sjå. Kanskje ikkje kvar jol, men i alle fall av og til.

Guffen tilrår.

21. desember 2009

Kjetil A. Brottveit: Nattradioen (2003)

Kjetil Brottveit kan skriva. Fyrste gong eg merka meg namnet, var då han skreiv i Studvest i Bergen midt i 90-åra; han har mellom anna òg skrive for Dag og Tid. Dette er så langt den einaste boka han har gitt ut; for tida er han redaktør for Forskerforum.

Norske boklesarar ville fått meir å le av viss han i staden skreiv fleire bøker. Eg lo høgt fleire gonger av denne boka, og det er mest språket eg ler av. Sjølve historia er ikkje så altfor original, men der er nok av gode setningar. Mot slutten skal dei to som får kvarandre treffast for fyrste gong, og Kari har fått to billettar til ein D.D.E.-konsert. Vil Roar vera med? "Han håpa han var ein mann i utvikling, men D.D.E.? Han må tenkje fort, men det går ikkje fort nok".

Boka har to hovudpersonar, Kari og Roar. Ho er på veg ut av eit forhold som ikkje fungerer, han er litt på leit etter ein kjærast. Alt ligg såleis godt til rette for at dei skal finna kvarandre. Roar finn seg rett nok ei anna midt i boka, men det går fort over, og til slutt går det altså etter planen.

Roar er frå Setesdal, og er stolt av koma frå landsbygda. Han har studert litt i Trondheim, og med litt velvilje kan ein kalla boka ein slektning av Bondestudentar og Sveve over vatna, som begge handlar om bygdestudentar, i høvesvis Oslo og Bergen. Det meste av sympatien i boka ligg på landet, men det er visst stas å bu i byen òg. Brottveit er fullt klar over at ting vert gjort annleis i by og bygd, i alle fall dei fleste på bygdene: "Mora vil gjerne ha slike lange frokostar med akevitt til som folk i byane har, pluss kanskje kultureliten i Vest-Telemark og Hallingdal."

Fram til det siste kapitlet vekslar boka mellom Roar og Kari. Han som skriv viser seg av og til, for å koma med korte observasjonar eller forklaringar. "Eg som skriv dette, vel vinkel fritt, og eg kunne svevande ha sett tårnet frå utsida òg, med det raude ljoset heilt i toppen av spiret, eit raudt ljos for fare, for sending?" Det er eit godt grep, det vert ikkje brukt for ofte, slik at ein velviljug lesar dreg litt på låtten når det skjer.

Språket i boka er godt, og det gjeld og ordutvalet. Brottveit verkar som ein medviten forfattar, som veit kva ord som høver. Må han henta eit ord frå bokmål, orsakar han seg med å seia at der finst ikkje noko godt ord for dette på nynorsk. I boka høyrer dei mykje på musikk, og ei rekkje gode songar og artistar vert nemnde. Når handlinga er lagt til Trondheim, er det som det skal vera at Motorpsycho vert nemnt nokre gonger, og det gjev jo nokre plusspoeng. Så får me heller leva med at bassist og vokalist Bent Sæther vert heimfesta til Grong.

Guffen tilrår.

19. desember 2009

Paul Auster: Invisible (2009)

Ei ny Paul Auster-bok? Den kjøper eg. Slik har det vore sidan eg tidleg i 90-åra las The New York Trilogy, dei tre korte romanane han gav ut midt i 80-åra. Eg greidde ikkje å leggja frå meg den boka, og sjølv om dei tre romanane på sett og vis handla om det same, var det ei stor lesaroppleving. Eg las meg vidare gjennom bibliografien hans, og det er få feilskjær i dei tidlegaste bøkene hans. Både Leviathan og Moon Palace heng framleis høgt.

Etter Leviathan gjekk det nedover. Korkje Mr. Vertigo eller Timbuktu gjorde noko sterkt inntrykk, det einaste som redda denne perioden var manuset til filmane Smoke og Blue in the Face. Eg var på nippet til å gje opp, men frå The Book of Illusions, som eg las ein fredagskveld same hausten boka kom ut (2002), har det vore fleire høgdepunkt. Der har òg vore nokre nedturar, men nivået er rimeleg høgt framleis. Så kjem det ei ny Auster-bok, kjøper eg ho.

Bøkene til Auster har fleire kjennemerke. Mange av dei handlar om tilhøvet mellom son og far, gjerne ein far som ikkje er der, og han viser òg kor tilfeldig livet er. Han skriv òg knakande gode opningssetningar, og opninga av City of Glass, den fyrste romanen i New York-trilogien, flettar òg inn det tilfeldige: "It was a wrong number that started it." Ei anna god opning er "Everyone thought he was dead" (The Book of Illusions). Interessa vert vekt med ein gong, lesaren vert dregen inn i boka med ein gong.

Opninga av Invisible er sånn på det jamne. "I shook his hand for the first time in the spring of 1967". Adam Walker, den fyrste av fleire eg-personar i boka møter ein mann, Rudolf Born, som ser ut til å vera ein god hjelpar, men som viser seg å vera noko heilt anna. Born lovar han pengar nok til å starta eit eige blad, men det skjer seg då Walker vert vitne til at Born tek livet av ein som prøver å rana dei. Sjølvforsvar, ja visst, men den unge guten som vart drept kunne ha overlevd, viss ikkje Born hadde stukke han med kniven ti-tolv gonger til.

Walker ligg på det siste, og skriv ein sjølvbiografisk roman basert på det han opplevde i 1967. Han sender det fyrste av tre kapittel til ein gamal studiekamerat, James Freeman ,som no er ein etablert forfattar. I det kapitlet fortel han om hendingane fram til Born tok livet av den unge ranaren. Det neste kapitlet er endå meir problematisk for Walker, der fortel han om at han same sommaren hadde ei incestuøst forhold til syster si, før han reiste til Frankrike. Det tredje kapitlet, som Walker berre fekk ferdig i stikkordsform, handla om den korte tida han var der. Der oppsøkte han igjen Born, som var fransk, og prøvde å skipla ekteskapsplanane hans. Det gjekk ikkje heilt.

Problemet til James Freeman, som tek over som forteljar, er at han ikkje veit kor mykje av det Walker skriv som er sant. Han oppsøkjer syster hans, som nektar for at det var noko seksuelt mellom henne og broren, og han dreg til Paris, der han treffer dotter til ho Born var trulova med. Ho viser han ei dagbok ho skreiv frå ein tur ho hadde til ei latin-amerikansk øy der Born budde etter at han var i Frankrike, og der Born hintar om at han tok livet av far hennar, då dei begge arbeidde i dei hemmelege tenestene i Frankrike.

Me får ikkje noko svar på kva som er sant, og det er heller ikkje poenget. Eit sentralt spørsmål i boka er korleis me kan stola på andre folk, eit anna er korleis me kan stola på romanar som gjev seg ut for å vera sjølvbiografiske. Er det viktig? For oss som lesarar vert bøkene like gode, ein eg-person er ikkje identisk med forfattaren. Slik treng det heller ikkje vera i sjølvbiografiar.

Gjennom heile forfattarskapen sin har Auster brukt personar som har gjort det same som han har gjort. Studert ved Columbia-universitetet i New York, prøvd seg som diktar og omsetjar, vore ei tid i Frankrike. Det er sjølvsagt ikkje det same som at bøkene handlar om han. Han bruker nok element frå seg sjølv, ja, men romanar er romanar.

Eg likte boka. Grepet med å bruka tre ulike forteljarar fungerer godt, og der er mange elegante og gode setningar. Når Auster er på sitt beste, skriv han bøker det er vanskeleg å leggja frå seg, og slik er det òg med denne.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee; Here and Now (2013)
Auster: Report from the Interior (2013)

16. desember 2009

Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)

Eg har sikkert ein halvmeter med bøker om Marx Brothers. Eg kjøper framleis alle bøker eg kjem over, og manglar ei eller to av dei som er verdt å ha, men det vert etter kvart mykje repetisjon.

Eg har ledd godt av Marx Brothers sidan eg fyrste gong såg ein av filmane deira. Det var A Day at the Races, som høyrer med blant dei habile filmane deira. Ikkje heilt i toppsjiktet, men mange og gode nok vitsar til at det var ei gladstund. Det var på Koglen, i 1987, dagen etter ein fest der det ikkje vart tid til å sjå film.

Sidan har eg sett alle tretten filmane deira, fleire dokumentarar om dei, og altså lese ein haug med bøker. Dei beste bøkene er like gode som filmane, aller høgast heng sjølvbiografien til Harpo, som eg må ha lese ein åtte-ti gonger. For ein mann.

Denne boka kjem eg ikkje til å lesa fleire gonger. Boka er basert på ei avhandling, og handlar om korleis vitsane i filmane deira er samfunnskritiske. Breaking news, indeed. Dei sparkar i mange retningar, men heile tida oppover. Dei ler svært sjeldan av vanlege folk, det er dei velståande og folk med lange titlar som får stikka. Det er heller opplagt, slik at det ikkje akkurat er noko nytt i denne boka. Det kunne vore noko nytt for dei som ikkje kjenner filmane spesielt godt, men dei ville ikkje fått mykje ut av denne boka, som ikkje er spesielt godt skriven heller.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

15. desember 2009

Joel McIver: To Live is to Die (2009)

Hm ... dette vert jo reine Metallica-sida. Denne boka avsluttar ein fin trilogi - tidlegare i haust las eg ein Metallica-biografi, og følgde opp med å sjå ein dokumentar om bandet. Det vert heller travelt, med tanke på at eg berre har to plater med dei.

McIver skreiv òg Metallica-biografien eg las, og har her konsentrert seg om Cliff Burton, den legendariske bassisten som døydde i ei bussulukke i Sverige i september 1986. Det vert litt feil å kalla det ein biografi - hagiografi er truleg eit rettare ord. Det er ikkje måte på kor mykje skryt Burton får, og eg tvilar på om boka ville hatt same forma dersom Burton framleis hadde vore i live. Sjølv om han var djupt original, både musikalsk og på andre område, sit eg med ei kjensle av at han, på lik line med andre som har døydd i ung alder, vert gjort endå større enn han var.

Burton har snakka med ei rekkje personar som kjende Burton godt, og alle er rause med godorda. Burton tok musikken svært seriøst, og hadde ein mykje breiare smak enn dei andre i Metallica. For dei var det berre metall som var verdt å høyra på; Burton høyde gjerne på annan musikk, som t.d. R.E.M., eller musikk av Bach. Han tok med seg element frå den klassiske musikken inn i Metallica, og lærde dei andre mykje om musikkteori. Han vert òg fleire gonger omtalt som ein intellektuell, men eg er ikkje overtydd om at det er rett ordet å bruka. Ein vert ikkje automatisk intellektuell sjølv om les mange bøker.

Sjølv om ein må ta litt av det som står her med nokre klyper salt, sit ein att med eit godt bilete av Burton. Han var sjølvsikker nok til å gjera som han ville, og skilde seg nok ut frå dei tre andre på mange måtar. Det er uråd å seia noko om kva musikalsk veg Metallica ville lagt ut på dersom Burton hadde levd lenger, men han hadde heilt sikkert påverka musikken meir enn etterfølgjaren, Jason Newsted. Og ein ville i alle fall kunne høyra bassen på den fyrste LP-en dei gav ut etter at Burton var død, " ... and Justice for All". Og det kunne godt vore han som hadde overlevd bussulukka - han og gitaristen Kirk Hammett trekte lodd om kven som skulle få den beste senga. Burton vann, og vart kasta frå senga og ut gjennom vindauga, før bussen landa oppå han. Hadde det same skjedd med Hammett, ville bandet mist ein fin sologitarist, men ein som ville vore enklare å erstatta, og ein som neppe ville fått sin eigen biografi 23 år seinare.

Guffen tilrår.

Meir Metallica på kulturguffebloggen
Some Kind of Monster (film, 2004)
Joel McIver: Justice for All. The Truth about Metallica (2009)

14. desember 2009

Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)

Helge Ingstad er ein mann ein skal ha respekt for. Han følgde draumane sine, gjorde det han ville, var mykje på reisefot, men fekk likevel tid til å skriva fleire svært gode bøker, og til å skriva om historia.

Han levde gjennom heile 1900-talet. Han var fødd 30. desember 1899, og døydde i mars 2001. Han kom frå ein møblert heim i Bergen, utdanna seg til jurist, og arbeidde nokre år i Levanger før han fann ut at nok var nok. Han pakka sekken og drog til Kanada, der han livnærte seg som pelsjegar i fire år. Boka Pelsjegerliv vart ein storseljar, og det kom bøker etter dei andre ekspedisjonane hans. Han var innom Grønland, der han var norsk sysselmann under den norske okkupasjonen. Han var innom Svalbard, der han fungerte som sysselmann, men ikkje fekk fast jobb då stillinga vart lyst ut. Han var ein snartur til Arizona, der han prøvde å finna dei få attlevande frie indianarane. Han fann dei ikkje, men dei fann truleg han.

Omtrent der sluttar band 1 av denne biografien. Boka er skriven av dotter til Ingstad, Benedicte, og sjølv om det ikkje treng vera noko minus at nokon med så god tilgang til Ingstad skriv biografi om han, er det heller ikkje nokon udelt pluss. Om ho utelet noko for å ikkje setja faren i eit dårleg lys, anar eg ikkje, men ein vil alltid lesa slike biografiar med ein liten skepsis.

Ho skriv ikkje like godt som faren, men det er det ikkje alle som gjer, så det skal eg ikkje bruka mot ho. Det som er verre, er at ho ikkje gjer stort anna enn å referera det som har skjedd. Ho nyttar mange kjelder - brev, aviser, bøker, samtalar (både med Ingstad og andre), men eg saknar meir analysar og forklaringar. Det heile er òg lagt opp strengt kronologisk.

Det mest interessante i livet til Ingstad kjem i neste band, som etter planen kjem i 2010. Her får me høyra om utgravingane i L'ance aux Meadows på Newfoundland. Det vil eg gjerne vita meir om, så det er slettes ikkje utenkjeleg at eg kjøper den boka ein gong. Sjølv om band ein var litt skuffande.

Guffen tilrår, under tvil.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Klondyke Bill (1941)
Landet under Leidarstjernen (1959)
Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

7. desember 2009

Howard Zinn: You Can't Be Neutral on a Moving Train (2002)

Før eg las denne boka visste eg lite om Zinn. Eg har lese éi bok av han, den innsiktsfulle og nyttige A People's History of the United States. Etter å ha lese denne boka sit eg att med ei djup kjensle av respekt. Zinn har ikkje berre skrive amerikansk historie vinkla frå livet til vanlege folk; dei siste femti åra har han òg vore sentral i kampen for å få til eit betre USA.

Han legg mykje av skulda på andre verdskrigen. Han var med i luftkrigen over Europa, men ein annan soldat fekk han til å fundera på kva som var meininga med krigen. Han kjem (ikkje uventa) fram til at det ikkje handlar om å fri verda for nazismen, det handlar like mykje om at USA skal få meir makt. Samtalen med denne soldaten gjer at Zinn vert meir interessert i politikk, og etter kvart òg meir politisk aktiv.

Den andre verdskrigen var òg viktig for Zinn på anna vis. Etter at krigen var over, fekk alle soldatar tilbod om å få ei betalt utdanning. For Zinn vart dette starten på ei akademisk karriere, han arbeidde ved Spelman College i Georgia frå 1956 til 1963, og deretter ved Boston University til han pensjonerte seg i 1988. Alle studentane ved Spelman var negrar, og Zinn var med på mange demonstrasjonar for større rettferd i USA. Etter at han vart tilsett i Boston heldt han fram, og var talar på mange store demonstrasjonar, var med på endå fleire, og var ein av dei heilt sentrale på venstresida i USA. Han oppmoda studentane sine om å tenkja sjølv, og å vera med på demonstrasjonar for det dei trudde på, og det var heilt som det skulle vera at han avbraut den aller siste førelesinga si ein halv time for tidleg, av di han skulle nå ein demonstrasjon. Rundt hundre av elevane hans slo fylgje.

Utgangspunktet for denne korte sjølvbiografien er eit spørsmål han fekk etter å ha halde eit kritisk foredrag. Ei jente blant publikum spør kvifor han bur i USA, viss han mislikar landet så sterkt? Gjennom boka viser han at sjølv om han ikkje er nøgd med tilhøva, er der heile tida von om betring, han er ikkje åleine om å arbeida for eit betre samfunn.

Boka er inspirerande, står det på omslaget, og det er rett. Til og med ein apatikar som meg får lyst til å gå eit demonstrasjonstog. Det vert sikkert med lysta, men likevel.

Guffen tilrår.

Meir Zinn på kulturguffebloggen
Zinn, Konopacki, Buhle: A People's History of American Empire (2008)

5. desember 2009

Vinterkyss (2005)

Ein uventa kort film, denne var over på fem kvarter. Historia vert fortalt på ein fin måte - utgangspunktet er at ein svensk lækjar nett har flytta til ei bygd på den norske sida av grensa, og derfrå går historia både framover og bakover.

Ein ung gut vert funnen i ein brøytekant, og brøytebilsjåføren vert mistenkt for å ha praktisert grov uforstand i tenesta. Guten budde på eit flyktningemottak, og gradvis viser det seg at han lengta til heimlandet, at han sleit med å finna seg til rette i vinterlandet, og at han truleg har teke livet av seg, slik at han truleg alt var død då brøytebilen kasta han inn i brøytekanten.

Parallelt med at denne historia vert rulla opp, får me vita meir om grunnen til at lækjaren har flytta til Noreg. Son hennar døydde kort tid før ho flytta, og det viser seg at ho ikkje berre har vist grov uforstand i tenesta som mor - som lækjar burde ho ha kjent att sjukdomsteikna hjå sonen, og ho burde heller ikkje ha tvinga han til å driva med aktivitetar han helst ikkje ville driva med.

Det er altså godt fortalt. Gjennom filmen dukkar det opp mange spørsmål, og mange av desse får svar seinare i filmen. Men ikkje alle. Og det er heller ikkje noko utprega happy ending, i alle fall ikkje for lækjaren. Litt meir stas er det for brøytebilsjåføren, som eg reknar med får att førarkortet sitt, men heller ikkje han har det heilt bra - han hadde vona at lækjaren skulle flytta inn hjå han.

Ein raud tråd gjennom heile filmen er tilhøvet mellom foreldre og born. Lækjaren har mist son sin, dels som eit resultat av eigne handlingar; den skilte brøytebilsjåføren ser berre dotter si av og til, dels som eit resultat av eigne handlingar; og foreldra til han i brøytekanten har mist son sin og draumen om eit nytt liv i Noreg, dels som eit resultat av eigne handlingar.

Guffen tilrår.

Meir Johnsen på kulturguffebloggen
Han vet om noe hun kan prøve (bok, 2004)
Upperdog (film, 2009)